Viser innlegg med etiketten julepynting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julepynting. Vis alle innlegg

onsdag, desember 14, 2011

Lys i mørket


"Og vi tenner våre lykter når det mørkner
og alle lyder pakkes inn i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si`r go`natt"

torsdag, desember 08, 2011

Pip Pip


Fin julepynt som henger på ei vrihasselgrein i butikken.
Nydeleg glasskongle fra Greengate og søt pip pip fra Lisbeth Dahl.

tirsdag, desember 06, 2011

Hus & Him


Søndag tende me 2 lys og dei står der og skinner for seg sjølv.



 På kjøkkenet har eg snudd litt om på uttrekksenga og bordet,
flytta ut eit skap og hengd opp ei tallerkenhylla i staden for.


På bordet står eit lite grantre i vatn,
 og det er det einaste som har fått litt pynt på seg.


torsdag, desember 01, 2011

Julemånaden

1. desember og julemånaden er i gong.
Adventskalender,
 lys, sviblar, gode dufter,
forventning, glede, undring,
minne og tradisjonar.

torsdag, november 24, 2011

Tida går...

...og det har blitt meir jul i butikken.
Nå er både søte små englar og nissar komne fram fra eskene sine.

Sinkstjerner med tall til adventslysa ligg saman med ei lita nissejente
 og ei fyrstikkeske.
Koselege ting du kan pynte med.

Tøff klokke som kan henge på ein knagg,
og som viser at tida går litt for fort nå fram mot advent og jul.

Kjekt at du kikkar innom,
og nå skal innlegga komme litt oftare.
Eg har hatt problemer med å få publisert innlegga mine,
men i dag fann eg feilen, hurra.

Ha ein finfin dag!

tirsdag, desember 28, 2010

Julekavalkade

Eit lite bileteras fra jula vår, inne og ute.
Sink er ein stor favoritt heile året.
Enkelt og rustikt,
som kan pyntast opp eller ned.
*
Miniugla har flytta oppi pottegrana.
*
Otto måtte både undersøkje og smake på pakkane.
*
Nydelege små bjeller fra Greengate,
med fin ringlelyd.
*
Eg har ikkje våga å tenne på lysa,
men fine er dei uansett.
*

Juletreet har faktisk fått stå nesten i fred av kattepusane,
men av og til er dei bortom og slår til ei bjelle
eller nappar litt i ein fugl.
*
Stjerne i vindauget må eg ha,
og i år vart det to nye i stova.
*
Naturen har pynta seg i sin finaste drakt til jul.
Fjorden er islagd og snøen ligg fin og kvit oppå.
*

Istappane heng flotte, men farlege fra hustaka.
***
Jula har vore roleg og avslappande for vår del.
Me gjekk til dekka bord på julafta,
og elles har me stort sett halde oss heime.
Håpar du også har hatt ei fin julehelg:)








onsdag, november 10, 2010

Jula sniker seg inn...

...i butikken min, litt etter litt.
*
Denne flotte lysestaken i sink er kjempefin i vindauget
om du har smale karmar,
eller du kan ha han på peishylla.
***
Sukkersøte fuglar på rekke og rad.
Pastellfarga julepynt har eg masse av,
men sjølvsagt flott nostalgisk julepynt også.
Kjekt å ha litt for einkvar smak.
***
GOD JUL bokstavar er fine å pynte med både her og der.
Eg har også med LOVE, HOME og FAMILY.
Store flotte kvite trebokstavar som står godt.
*
Eg har fått inn nokre nydelege skjerf som
passar godt til tunikaene eg har.
Dette svarte er heilt tynt med grå broderier,
og langt nok til å legge dobbelt rundt halsen.
***
Dette er i lysgrå tynn strikk og blonder,
også langt nok til å ha dobbelt rundt halsen.
Bilete yter det ikkje full rettferd.
Det er knallfint :-)
***
Det er travle dagar og kveldar med å pakke ut varer,
lage til julebutikk, sy ferdig bestillingar,
og produsere til butikken.
Eg håpar vekene kan gå litt sakte
nå fram mot JUL,
slik at eg får gjort alt eg har lyst til :-)


onsdag, november 03, 2010

Jul i butikken...

...er det ikkje blitt heilt enda,
men på søndag skal eg bruke dagen til å få fram julepynt
og snu litt om inne i butikklokalet.
***
Eg lagar litt av pynten sjølv,
og i dag vart det nostalgisk pynta kremmerhus.
***
Kremmerhusa er i papp,
og så kler eg dei med papir,
limar på eit nostalgisk bilete
og blonder, perler, kors hjerter.mm.
Det er koseleg å ha litt forskjellig julepynt i butikken,
både handlaga og innkjøpt.
Det ser ut som kundane likar dette ivertfall.
***
Ein enkel og grei måte å pynte lys på er
å bruke eit overføringsmerke.
Eg har fleire forskjellige englar, madonna,
adventstall og julebilete.
Desse kostar fra 15 kr og oppover.
****
Eg har mange forskjellige adventstall,
og desse fra Chic Antique i glass, er nydelege.
***
Ugler er koselege heile året,
men denne som kan hengast på juleteet,
er spesielt søt, synes eg.
***
Eg gler meg til å kunne pynte til jul i butikken,
men ventar ei stund til eg byrjar med det heime.
***
Ha ei fine dag du som kikkar innom





tirsdag, november 17, 2009

Engler daler ned i skjul...

...både her og der.
På laurdagens juleverkstad så vart det englar
på både syltetøyglas som vart flotte lykter,
og på kort, fyrstikkesker og andre små esker.
Me storkoste oss både små, ikkje fullt så små
og store i mange timar.
*Kjøkkenbordet mitt var dekka av
utstyr til å lage og dekorere med,
og konsentrasjonen vart på topp.
Som eine venninna mi sa;
"Eg har ikkje vore så kreativ på det eg kan hugse"
Men når ein jobbar hardt så vert ein svolten,
og då var det godt med risengrynsgraut
med mandel i...
*
På butikken er det også englar som gjeld.
Her har eg laga merkelappar med engleglans på,
og dei ligg oppi ei eske med lokk i samme stil.
Englar er fine heile året,
men eg syns dei er ekstra flotte å pynte med til jul.
Nostalgisk julepynt er det eg er mest glad i:)
*
Til helga skal eg vere med på ei julemesse i Haugesund
i Haraldshallen, og eg lagar julepynta ting for harde livet.
*
Siste helga i november skal eg vere med på
"Jul i Rosendal"
og der trur eg vert skikkeleg skikkeleg julestemning.
*
Kanskje eg ser DEG på ein av desse plassane??




mandag, desember 24, 2007

GOD JUL

er treet pynta og gåvene innpakka. Rasmus pusen har undersøkt alle pakkane som er komen i hus dei siste dagane. Han har testa kvaliteten på pakkebanda særleg.

Slik vart årets tre. Det er pynta med kuler i raudt og gull, englar og gullglitter.

Julafta skal me feire her hos oss sjølv ilag med foreldra til mannen, og eine søster hans med mann og dotter. Mine ongar er hos faren denne jula, men kjem heim til oss andre juledag. Eg savne dei allereie, sjølv om Malin og Svein var innom her på kvelds før dei kjørte videre.
Kl halv fire skal me i kyrkja, og då reknar eg med at alt er klart før me går dit. Då skal eg også ha sett "3 nøtter til Askepott" og Disney filmsnuttar.
Me skal spise verdens beste pinnekjøtt som svigerforeldra mine har salta og tørka sjølv, kålrotstappe og poteter til. Desserten er riskrem med jordbærsaus og mandel i.


vil eg ønske alle som kikkar innom ei fin og fredeleg julehelg med kos og hygge:)

HYMNE TIL JOSEF
*
Den unge Maria vandret
engang til Betlehems by
forteller den gamle legende
som alltid er like ny
*
Det var ikke rom i herberget
Men stallen var lun og varm.
Så fødte hun der sin første sønn
støttet av Josefs arm.
*
Stjernesoler og visemenn.
Hyrder og englekor.
Hva tenker den mørke Josef
som aldre mælte et ord?
*
Gjennomstrålet av himmelsk glans
lyste de hellige to.
Hva tenkte den mørke Josef
som bare var trofast og god?
*
Kanhende han svøpte sin kappe
litt bedre om barnet og moren.
Slik vernet han ordløs menneskets drøm
den hellige Josef av jorden.
Inger Hagerup


lørdag, desember 22, 2007

Pitte litla julafta....

...kallar me denne dagen. Og dagen i dag har gått med til å levere ut gåver, vaske, rydde gjesterommet og slappe av.

Nå er det ferdig pynta i heimen, berre julatre som manglar, men det kjem inn i morgon. Det siste eg gjer før eg legg meg på litla julafta er å pynte treet. Så setter eg meg ned og nyter synet medan eg har ei stille stund for meg sjølv.

Sofan har fått nye puter i velour stoff kjøpt på fretex. Dei har enkle applikerte hjerter til pynt.

I gangen har ullnissen min fått plass i lag med eit par lykter. Nissen har eg hatt i mange år, og han er eg veldig glad i:)


Eit par søte englar pyntar opp på kommoden.



På loftstova er det englane som råder. Desse tre er så søte og morosame der dei står.




Dette er den første julepynten eg kjøpte meg. Engelen har porselens hender og hode, og kjole i sateng og blonder. Eg trur eg var rundt 15 år når eg kjøpte den.





I loftsvinduet heng ei lykt til telys og ein engel som er så stygg at han vert fin. Eg likar englar med personleghet, og det har han her mykje av.






Nå skal eg snart sjå " Nå er det jul ....igjen" på tv2. Den er så koseleg, og blant dei filmane eg må sjå når det er jul.
Ha ein koseleg lørdagskveld alle som kikkar innom:)







lørdag, desember 15, 2007

Så har vi vaska golvet.....

men ikkje pynta tre, for det gjere eg ikkje før litla julafta.
I dag har eg og mannen min, gjort grundig reint i heila huset. Det var godt å få det gjort, så nå blenkje det i vindauga, golva skine, og hybelkaninene har flytta ut for jula. Eg har pynta litt, men berre litt enno. Resten tar eg litt kvar dag fram mot helga.

I eine kjøkenglaset har eg sett eit par ministjerner, og lysestakane har fått litt raud julepynt dei også. Over heng ei stjerne og lyser så fint opp mot naboane.


I eine glaset mot aust står ein enkel adventstake i lag med ein sylindervase med mandariner.

Eg kjøpte meg ei tallerkenhylle på Fretex for ei stund sidan, og den er blitt mala, og fekk komme opp på eine kjøkenveggen.
Der har eg sett opp julebøker for liten og stor. Aldri godt å vite kven som kjem på besøk og vil bli lest for.
Eg elskar å lese høgt for både små og store barn. Særleg Astrid Lindgren sine forteljingar:o)


Inni eine stoveglaset fekk eit lyskjegletre stå, saman med eit par englar.



I vindauget ved sofagruppa står Maria, Josef og Jesusbarnet saman med to englar.
Desse er eg veldig glad i.




Over omnen har eg hengt opp ei vrihasselgrein, og den har fått masse brune hjerter, glas hjerter og gullstjerner til pynt. Eg har flytta ut noko av tinga som står framme til dagleg nå når julepynten skal fram, elles så vert det så fullt alle stader.





Gullstjerne som heng på greina.






Glashjarta er i fleire storleikar.








I kveld er eg begynt å pakke inn julegåvene, og det er noko eg likar.
Det er så kjekt å pynte pakkane fint, og lage til-fra lappar som passar til.
Skal ta bilete så eg kan vise mine gåver som skal rundt om til familie og venner.
I morgon har eg og mannen tenkt oss ein tur til by`n. Det skal vere ein støttekonsert til Frelsesarmeen på torget, og der skulle det vere med mange flinke artistar.
Så er det jo kjekt å kikke rundt på den julepynta by`n vår, og kanskje spise middag på ein cafe.
Me får sjå kva me finn på.
Elles skal alle få ein klem for alle dei fine og koselege kommentarane de legg igjen her hos meg.
Det er veldig kjekt å lese, og eg blir glad for kvar og ein:o)
Ha ein fin 3. søndag i advent.