Viser innlegg med etiketten kattunger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kattunger. Vis alle innlegg

torsdag, juli 29, 2010

Pusekattane våre..

..er 8 veker i dag,
og er verdens skjønnaste:)
***
Vesle Sofiepusen er einaste jenta i flokken,
og det dreg ho nytte av.
Heilt bedårande er ho.
Sofiejenta har ein familie ho skal flytte til.
**
Tigergutten som er heilt lik mammaen sin.
Han hoppar og sprett, og er overalt.
Han skal kanskje få ny familie,
men det er ikkje heilt bestemt.
***
Baldergutten er den største,
og er skrekkeleg glad i mat.
Han er den første oppi maten og den siste som går.
her har han tilogmed sovna i matskåla.....
Veldig kosen, og maler høgt når me løfter han opp.
Balder er også lovd bort.
***
Vesle Otto er den mest sjarmerande vesle pus du kan tenke deg.
Han tuslar rundt, og leikar med alt som rører på seg,
og halen til Tinnihund er veldig kjekk.
***

Otto kjem kvar kveld og legg seg ved siden av meg.
Kosepusen min:)))
Han har ikkje fått nokon familien å bu hjå,
så om du vil ha ein liten venn så er han klar
om nokre veker.






torsdag, juli 08, 2010

Kattevask

Fridapusen er ei omsorgsfull pusemamma,

og dei søte små blir vaska enten dei vil eller ikkje.

mandag, juli 05, 2010

Søte saker og harde tak.

Nye, søte og tøffe boksar fra Blafre Design ankom i dag.
Eg diggar desse boksane,
og blir i godt humør av å sjå på dei.
*Pip pip, traktor, ugle og ekorn i herlege fargar.
Termosar og nye drikkeflasker kjem om nokre veker.
*

Fra laurdag til søndag var me på hyttebesøk hjå eit vennepar på Bømlo.
Der koste me oss 4 store og 5 mindre med båttur, bading, grillmat,
kaker, luftgeværskyting, fotballkamp, lesing, soling, kortspel,
kunnskapskonkurranse smil og latter, og nattaerobic....
*
For min del så var ikkje luftgeværskyting noko for meg
siden eg ikkje klart å sikte,
og heller ikkje halde geværet på rett måte......
og kunnskapskonkurransen enda i tidenes vondaste blåmerke på låret.
Det går hardt føre seg når ein har skrekkeleg lyst til å vinne,
og nokon ikkje klarer å bestemme seg for om ein skulle rope namnet sitt
eller reise seg opp når ein skulle svare.
Vant gjore me heller ikkje.....
*
Heime er det desse søtnosane som regjerer for tida.
Nå er dei 1 mnd og er begynt å ete sjølv,
leikar og bit kvarandre, og oss.
Dei er stadig på oppdagarferd,
og syns alt utforbi soverommet er kjempeskummelt.
To er korthåra og to er langhåra,
og den med mest kvitt på kroppen er litt mindre enn dei andre.
Alle er skrekkeleg nysgjerrige,
og kjem springane mot oss når me kjem inn på rommet.
Kose likar me alle saman.
2 av kattungane er lovde bort,
men det er 2 igjen om du vil ha ein liten venn:)




torsdag, juni 24, 2010

Pusekattar

Våre 4 søte små pusekattar er 3 veker i dag.
Prøvde meg på ein liten fotoseanse i går,
og det var jammen meg ikkje lett
nå når dei er begynt å bevege seg rundt.

mandag, juni 14, 2010

Søt, søtere, søtest

Pusekattane veks, og er nå over ei veke.
Eg vil helst kose med dei heile tida,
men då kjem jammen meg pusemammen og hentar dei. Ho likar ikkje at eg tek dei inn i stova,
eller utav kassen for mykje.
Nå har alle 4 fått auger og dei er blitt dobbelt så store.
Dei er nokre gode og runde nøster som er til å ete opp....

" Av alle Guds skapninger
er det bare en som ikke
kan gjøres til slave under pisken.
Det er katten.
Hvis man kunne krysse
mennesket med katt,
ville det forbedre mennesket,
men forringe katten."
Mark Twain


tirsdag, juni 08, 2010

Nyfødt

"A home without a cat is just a house"
*
Torsdag formiddag fekk Fridapusen 4 søte små nøster.
Ho er ei omsorgsfull mamma som nesten ikkje er utav eska,
men ligger og maler, vaskar og holder rundt dei søte små.
*
Det vert mykje pusekosing for tida
for eg klarer ikkje å sjå meg mett på dei.
Dei er verdens søtaste og mjukaste,
og så luktar dei så vidunderleg godt.
*
Takk for at du kikkar innom,
og ha ein strålande dag !!!