Eg har litt rolegare dagar på butikken nå, enn før jul,
og har nå tid innimellom, til å sy.
Desse tre putene er sydd på bestilling til ein kunde.
*
Dei andre er fra mitt rikhaldige stofflager.
Enkle puter med samansydde rektanglar og
brunt velurband til pynt over saumane.
Bakstykke er eit av stoffa fra framsida,
og isydd glidelås for enkelt kunne ta trekket av.
*
Tusen takk for alle gode ord og lukkeønskingar
Eg prøver ut denne enklare varianten
før eg bestemmer meg for å opne
ein meir avansert nettbutikk.
Eg vert glad om du vil gje meg
ei tilbakemelding på kva du synest om dette.
Legg igjen ein kommentar eller send meg ein mail.
Eg set pris på både ros og ris.
*
Eg ser av tellaren min at den snart rundar
60 000 besøkande !!!!
Legg igjen ein kommentar under dette innlegget
så er du med i trekninga av dette Carpe Diem
klistremerket, og ei overrasking.
Eg trekker ut ein vinnar søndagskvelden.
*
Ha ein finfin dag du som kikkar innom
Vinnar er trekt ut kl 21.30 søndagskveld,
innlegg kjem:)