Viser innlegg med etiketten glede i juli. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten glede i juli. Vis alle innlegg

fredag, juli 18, 2008

God helg...

....til deg som har fri.
Eg skulle gjerne hatt beina i sanden på ei strand i dag,
men eg må nok på jobb.
Noko av det mest avslappande eg veit
er å sitte med føttene ned i solvarm sand,
og la sanden gli mellom tærne.
Herleg.

onsdag, juli 16, 2008

Shabby rekved.....

....kan eg vel kalle dette.
***
Noko av rekveden eg fann for nokre veker siden har fått nytt liv....

... som skilt med teksten "Me er i hagen"....

....eller som nummerert knaggrekke....


....eller med ferdig spikra knaggar.


Rust er flott.
Naturens eigen patina.
***
Ha ein god kveld alle saman,
nattevakta kallar på meg.






tirsdag, juli 15, 2008

Polkadots...

Litt nye stoff med prikkar i søte fargar....

...har saman med nye og gamle stoff blitt til små vesker
med plass til litt penger, kort og leppestift:)

Maling av nokre bilete har det også blitt tid til innimellom...


.....jobbing til alle døgnets tider.
Eg skal på nattevakt to netter nå,
og då har eg dagane fri,
så kanskje det kjem meir fra mine sy og maleprosjekt.

Eg er berre heime og sover, og går igjen, til tider.
Men nå er det berre ut denne - og to veker til,
så er det ferie på meg også:)
Veret er ikkje det beste, med regn i strie straumar,
men eit solglimt innimellom gjer dagen fin.
***
Ha ein fin dag alle som kikkar innom.






onsdag, juli 09, 2008

mandag, juli 07, 2008

Søstrene søt og sur....

.....heiter ein liten sommarcafè i Skudeneshavn.
Den er det to søte, og slett ikkje sure,
jenter som driv om sommaren.

Cafè`n er ei vidunderleg blanding av retro og shabby chic
inne og ute.
Utforbi sit du på gamle kjøkkenstolar og krakkar med broderte puter
og med m.a. strykebord som bord.


Kaffe og heimelaga kanelboller, som smelta i munnen,
vart servert på blomstrande plastserveringsbrett.

Her sat eg saman med søsterBerit, Tone og lille søte Joakim,
og kosa oss i strålande sol.

Inne i cafè`n var alt mala kvitt.
Tak, vegger, møbler og nips.

Det vart ei spesiell stemning inni alt det kvite dunkle lyset.



I andre etasje var det utsal av 60-70 tals
saker og ting.



Eit skattkammer for ein skrotnisse som meg:)


Det var ei saleg blanding av alt du kan huske fra dei glade
barndomsåra. (for dei som huske den tida da)




Ein slik picknic boks ønskjer eg meg.
Prikkar er sommar for meg:)



Eg kjøpte meg eit stettefat fra Figgjo, på Fretex,
på veg utover til Skudeneshavn.
****
Det var godt med ein dilledag der eg berre kosa meg
med å sjå på fine gamle hus, kunstutstillingar, og god mat.









tirsdag, juli 01, 2008

Ting å gle seg over...

....er mange for meg.
Juli månad skal eg vise ting som eg gler meg over.
*
I dag er det ei bunke med nye stoff eg gler meg over.

Prikkar og sommarfargar kan ei rett og slett bli glad av.

Små toalettvesker ligger klar til applikering
med brodertråd og knappholsting for hand.


Raud og kvit stripete pung med blå stjerne under arbeid.




Ein boks med broderitråd i all verdens fargar.

Det er ikkje så mykje som skal til for å få ein fin dag.
Eg kosar meg med å ha tid til å sy.






torsdag, juli 06, 2006

Snart helg, og blues i skånevik.


Jippi, i mårå e det helg,og me skal til Skånevik og ha det kjekt på bluesen,og kanskje bli litt småløgne utpå kvelden. Me skal ligge i telt,eg og Bent.*romantisk*
Idag har eg og Marie vore på Amanda senteret og shoppa litt. Eg fant meg faktisk litt kler og det var jo kjekt. Alltid kjekt med nåke nytt. Marie fant seg og, og det var endå kjekkare.

Bilde ovanfor er eitt av ein serie på tre, og det er morosamt å eksperimentere litt . Eg male litt innimjødlo, for det synest eg er ei grei avveksling til syinga. Kjekt å halde på med litt forskjelligt.

HURRA FOR:

- sol sol og sol
-varmt
-bade i sjøen
-nye buksa
-2 nye toppar
-nytt undertøy....
-makrell til middag
-helg i mårå
-komentarar på bloggen
-nå skal eg legge meg..zzzzz