Viser innlegg med etiketten bilkjøring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bilkjøring. Vis alle innlegg

søndag, april 15, 2007

Hybel livet igjen:)



I går kveld såg me denne herlege filmen. Den handlar om ein mann som motvillig tar med ei jente som vil sitte på i bilen,og når dei er blitt kjende med kvarandre så kjører brøytebilen på bilen dei sit i, og jenta vert drept. Ho er på veg til mor si som er autist, og han føler at han må reise til henne og forklare. Der blir han verande til over begravelsen. Filmen fekk fram både smil, latter og tårer hos meg. Kan varmt anbefalast.

Nå er eg tilbake på hybelen min i Notodden etter nesten 3 herlege veker heime hos mine kjære. Bent ville at me skulle kjøre bort i dag siden veret var så flott. Det var ikkje meg i mot. Eg er litt lei av å ta bussen att og fram, men det går greit og. Eg kjørte bort siden Bent måtte kjøre heimatt aleine. Turen over fjellet var flott, nydeleg ver og snøen glitra i sola. Me høyrde på Vamp og Di Derre, og sang med av full hals. Godt det berre var oss to i bilen.

Eg likar godt å kjøre bil, men eg har ein lei tendens til å treffe alle hol i vegen. Bent klagar aldri, men når eg tilslutt måtte unnskulde meg litt for all humpinga, og at eg traff hola, så kom det tørt; eg trur nesten at du siktar på dei....

Men ærleg talt, eg kan ikkje for det.

Så nå må eg prøve å vere flink jente og lese til eksamen. Eg skulle vere så flink å lese i påskeferien, men det var alltid noko som var kjekkare. Eg skal ha eksamen i kunst og formkultur 3 mai, så nå MÅ eg lese.Tida går fort framover nå.