Viser innlegg med etiketten Søndagsdill. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Søndagsdill. Vis alle innlegg

mandag, august 02, 2010

Koselege Patina...

...var eg og min kjære på besøk hjå på søndag.
Me reiste innover mot Hardanger etter jobb og litt pakking på laurdag,
og kom til Voss på kvelden der me overnatta.
*
Søndag etter frukost på hotellet,
så satte me nasen mot Evanger for å finne Patina.
***
Evanger må vere Noregs koslegaste småstad,
med idylliske hus og verdens finaste kunstkafè.
Bak disken sto desse 2 søte damene, Torill og Hilde.
Nede er det kafè og butikk, og på loftet er det enda meir butikk.
Eg fann meg nokre fine ting som eg har gløymt å ta bilete av,
men det får komme ein annan gong.
*
Når me hadde reist så langt så me gjorde
så måtte me jo ha litt mat.
Nydeleg brød baka på Patina med spekepølse fra Evanger
og spanande ost.
Delikat tillaga på tallerken,
og ikkje forgløyma den herlege hylleblomsafta
servert i barndommens sennepsglas.
*
Eg måtte ha meg fleire rundar rundt i lokala og kikke.
***
Her er det meste for sal,
også bord og stolar i kafèen.
*
Før me etter eit par timar burde tenke på heimveg
så måtte me smake på kakene dei serverte.
Eg ville smake scoones med heimelaga sitronsmørkrem,
som smaka himmelsk, og caffe latte.
**
Min kjære spiste ikkje mindre god brownies og cappucino.
Gode og mette i magen, vende me nasen,
noko motviljug, heimover.
Tusen takk, Hilde og Torill,
me kjende oss heime hjå dåke.
(Takk også til mannen til Hilde for omvisning i campingvogna)
***
Er du på den kanten, sving inn
til Evanger og Patina.
Der får du ei kafèoppleving litt utanom det vanlege.








onsdag, juni 17, 2009

Søndagstur

Søndag reiste heile familien på biltur til Holdhus i Eikjelandsosen,
der me skulle besøke søskenbarnet til svigermor.
Holdhus må vere ein av jordas mest fredelege plassar,
og skuldrene senka seg med ein gong eg gjekk ut av bilen.
*
Huset til Aud ligg på ein høgde ovanfor kyrkja,
i ein nydeleg gamal overgrodd hage.
Akkurat slik eg elskar, og gjerne skulle hatt sjølv.
Det gjorde godt for både kropp og sjel
å tilbringe nokre timar i, og utanfor dette huset.
*
"glede finner du i
hverdagens små
øyeblikk"


mandag, mars 17, 2008

Ein solskinnsøndag.

I går, søndag, var den herlegaste dagen som har vore her på lange tider.
Eg sto opp til sol fra skyfri himmel, og sat på terrassen og drakk kaffien min,
før kjærasten sto opp.
Etter at frukosten var inntatt, drog me på biltur innover mot Sandeid, Vikedal og Imsland.
Me havna i Imsland nede ved sjøen, og det var ein fantastisk flott liten plass.
Her kunne eg tenkt meg eit lite gamalt sommarhus og ikkje forgløyma naust:)

Er det ikkje nydeleg og idyllisk her?

Eit eldorado for meg som er steingal......


Rett ovanfor her ligg kyrkja, og den gløymde eg å ta bilete av.
Eg er veldig glad i sjøen og kunne ikkje tenke meg å ha hytte på fjellet, men ved sjøen derimot.
Godt at det er lov å drøyme.
Det verste av alt er jo at me skal til fjells i påsken, og det er min første påskehyttetur, ever:)
Og eg gler meg faktisk også,hehe.
Mine tre barn, to kjærestar og ei venninnen skal vere med meg og min kjære.
Så det blir nok så triveleg atte:)
Eg satte berre eit krav før eg sa ja til å vere med,
og det er at ingen skal tvinge meg til å gå på ski....
Eg er med som kokke og selskapsdame,hehe:)
Så sånn er det!


Etter ein fantastisk start på dagen med sol, så enda den med snø og kuldegrader.
I dag ligg eit tynt snødekke over marka, men sola er her igjen så den forsvinn nok snart.
Ha ei strålande fin veke alle saman:)






søndag, juni 03, 2007

Solskinnsøndag

Mi kjære mamma døydde for 17 år siden, men hadde ho levd hadde ho blitt 72 år i dag.
På bildet er ho 18 år, og det er eit nydeleg bilde av henne, synest eg.


I dag har me hatt besøk av bror min, svigerinna mi, dottera deira, og sonen hennar, William.
Han er skrekkeleg glad i Rasmus pusen vår, og det er gjensidig til ei viss grad....Rasmus er ikkje så van med å bli boren rundt, men finn seg i det ei lita stund.Tilslutt går han lei og gøymer seg vekk:o)

Svigerinna mi hadde med ein flott bukett med blomar fra hagen. Det var syriner som dufta nydeleg, og rhododendronblomar.


Det har vore så nydeleg ver her i dag at det er ei fryd. Me har sete på terrassen i heile dag, og berre kost oss. Eller eg har kost meg, medan min kjære har vore litt redusert etter 40 års dagen me var i, går kveld. Det var skikkeleg kjekt, med god mat, flotte talar og sangar, og kjempetrivelege mennesker. Me var ute under open himmel, og det var varmt og flott heile kvelden, og natta med.



Ein skulle ha vore katt, tenkjer eg, når eg ser på dette bildet av Rasmus. Han må vere med der eg er, og legg seg til å sove midt oppi det eg held på med. Sovehjarta har han ivertfall, gopusen min:o)