Viser innlegg med etiketten Kvardagsdill og dall. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagsdill og dall. Vis alle innlegg

onsdag, april 15, 2009

Saken er i boks...

....eller rettare sagt, i eske.
når det innimellom er litt stille i butikken
så kosar eg meg på bakrommet,
enten med symaskinen, eller med papirarbeid.
i dag vart det litt papirarbeid som klipp og lim.
pappesker er dekorerte med div bilete, band og blonder.
*
eskene er i 3 forskjellige størrelsar,
og fine som gåveeske,
eller til å ha småting i.
*
nostalgiske bilete, stempel og litt band.
meir skal det ikkje til.
*
ripsband og hamptau rundt lokket.
*
hamptau er fint å bruke til det meste.
*
ei større eske med 9 små rom til te.
dekorert på samme måte som dei små.
"a little bit of this and a little bit of that.."
*
har også fått inn nye såpe fra nesti dante
med duft av rose og peon.
*
ha ein fin dag du som kikkar innom.






onsdag, april 23, 2008

Snart voksen....

...er denne jenta, men først er det konfirmasjon neste søndag.
Tida har gått fort siden ho var ei lita tulle med bustete hale på toppen av hovudet.

Minstejenta mi som er blitt stor.

På tur i skogen ein sommardag med blomekrans som mammo har fletta.

Eitt år, og på full fart opp trappa.
Eg blir så sentimental av å sjå på bilete av ongane når dei var små.
Kor i all verden er åra blitt av???
Kanskje derfor eg prøver å halde minstejento liten lengst mogeleg....


På skulen har me jobba litt med foto og stilleben.
Dette er eit av mange eg har tatt oppstilt inne.
Lakkskoa til Marie har eg brukt i ei anna oppgåve også.

På stranda er det også motiv og fotografere.
Bileta er redigert litt i Picasa.




I litt over ei veke har det vore fantastisk flott ver her på vestlandet.
Eg har kosa meg på terassen i varmt og flott solskin,
og har tilogmed fått litt farge:)
Det som ikkje var fullt så kjekt i dette flotte veret var at eg vart sjuk.
Så dei siste dagane har eg helst lege under eit teppe og syntes litt synd på meg sjølv.
Typisk når eg har masse å gjere at eg vert liggande sjuk, men i kveld er eg betre,
så nå er det nok på retur, heldigvis.
Eg er også blitt ferdig med bringeduken og belte til bunaden til Marie.
Så nå er det berre sjølve bunaden me ventar på, skjorta og forkle
er det ei stund siden me fekk i hus.
Sko er innkjøpt, men sølvet kjøper me når me henter bunaden.
Så får me håpe at jenta vert fornøgd:)
Eg har ikkje heilt kontroll på alt som skal gjerast til neste søndag enno,
men det ordnar seg alltid.
Eg må berre få bomullen utav hovudet først.....


Slik har fjord og himmel vore dei siste dagane, og dette kan me like!!!!
*
Eg har ikkje vore så aktiv på bloggefronten den siste tida,
men eg kikkar innom dåke avogtil,
sjølv om eg ikkje er så flink til å legge igjen spor.
*
Nå er det visst på tida å krype under dyna for meg.
Ha ei god natt, og ei nydeleg resten av denne veka:)
Klem til alle kjekke bloggvenner.








mandag, januar 21, 2008

Pakke i posten...

...og den var fra min hemmelege venn, JulieK,
som ikkje var så hemmeleg lenger,hehe.

Inni pakken var det så masse fint, og godt,mmm.
Tenk alt dette til meg på ein heilt vanleg mandag:)
Sjokolade med marsipan (favoritt)
og sjokoladekuler med hasselnøtt som skal gøymast til helga.
Nydelege glansbilete fra Kremmerhuset fekk eg også, og dei skal gøymast til jul:)

Sjå dei lekre glas hjartene og stjernene til å henge opp.
Dette er definitivt ikkje julepynt, men vinterpynt,
som skal få henge ei stund framover.

Oppi pakken var det ei lita gåve, i form av ei mus ,til Rasmuspusen.
Inni den er det kattemynte trur eg, og luktar godt av mynte.
Eg har lese at kattar reagerer på denne urta, og det gjorde ivertfall Rasmus.


Det er ikkje så lett å ta bilete av ein katt i fart,
men her får de eit inntrykk av korleis han herja rundt med musa,
etter først å ha strøket seg noko voldsomt mot den først.
Han elskar den!!!!
Tusen,tusen takk for den nydelege gåva JulieK.
"Den som venter på noko godt, er jammen meg heldige"



Dette er det eg held på med på handarbeidsfonten for tida.
Eg broderer beltet og bringeduken til bunaden til Marie.
Ho skal konfirmerast 4 mai, og får då Sunnhordlandsbunad.
Så eg føler eit visst tidspress, men det går nok bra denne gangen også:)
Før helga fekk eg eit ufrivillig opphald fra pc`n.
Tastaturet tok kvelden, og siden me har passord på, kom eg ikkje inn i det heile tatt.
Min kjære syntes det var heilt greit siden eg då holdt han med selskap foran tv`n i helga....
På ein måte var det litt godt å vere uten tilgang også,
men gurimalla så herleg når eg i ettermiddag kunne kikke inn på bloggen min,
og så masse koselege kommentarar låg og venta på meg:)
Eg må innrømma at eg er blitt litt (mykje) avhengig av bloggen,
eller det er meir kontakten med alle dåke som kikkar innom,
som eg synest er så utruleg koseleg.
*
Tusen, tusen takk for at akkurat du tar deg tid til å skrive ein kommentar til meg:)
Nå skal eg kikke innom til dåke og sjå kva som har skjedd dei siste dagane.
Ha ein fin kveld alle saman:)




lørdag, april 21, 2007

Litt shopping...

Her er litt av det eg handla i dag på byturen. Det er ikkje så ofte eg er ute på dill, men det er jo ganske kjekt:) Room 4 more er ein koseleg butikk her i nærleiken, der er alt dill og dall ein kan tenke seg. Eg kjøpte meg desse søte små trehjertene, lita mugge og ei såpe fra Lene Bjerre som duftar heilt nydeleg.


På ein annan butikk fann eg desse søte boksane til å ha litt småtteri i. Eg er forferdeleg glad i boksar og skrin med lokk på:)

Fine band til vesker. Eg skal sy vesker i svart fløyel, og då passar desse bra.


Litt meir garn til lubber måtte eg også ha.



Fargerik lunch på meg i dag:)