Viser innlegg med etiketten 1. søndag i advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1. søndag i advent. Vis alle innlegg

mandag, november 30, 2009

Boller og kakao....

....gjekk det mykje av på fredag og laurdag når eg var i Rosendal.
Varm kakao var godt og varme seg på når gradestokken
ikkje viste så mange plussgradene.
*
Kvar utstillar fekk ei bod som dei hadde tinga sine inni,
og der inni sat eg i 2 dagar.
(eg sov ikkje der inne altså, men på Rosendal Turisthotell)
Heldigvis så hadde eg godt med ullklede på meg,
så eg fraus ikkje, men eg kan ikkje påstå
at det var så skrekkeleg varmt heller,hehe.
*
Slik som dette såg det ut i litt av mi bod.
Det var masse koseleg mennesker,
både utstillarar og besøkande,
og nye og gamle kjende traff eg også.
*
I går var det 1. søndag i advent,
og eg fekk nå leita fram lysestaken
og ei stjerne til å ha i eine kjøkenglaset.
Advent kjem like overraskande pmeg å kvart år,
men det ordne seg alltid :)
*
Eg såg at det var nesten 14 dagar siden sist innlegg,
men dei siste vekene har berre flaksa av garde,
og eg med.
Likevel så har eg optimistisk tenkt å ha adventskalender på bloggen
med eit lite innlegg kvar dag.
Så får me sjå om eg klarer dette,hehe.
***
Ha ei fin og god adventstid
alle som er så snille og kikkar innom meg.


søndag, november 30, 2008

Så tenner vi et lys

Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Inger Hagerup

søndag, desember 02, 2007

1. søndag i advent og..

...eg er ein litt sliten, men umåteleg stolt og fornøyd utstillar. Utstillingen min vart godt motteken av dei som kom for å sjå. Eg har seld masse bilete, veske, smykker og julepynt, og fått fleire bæreposar med skryt:o)


Her står då malerinna sjølv, og ho ser då ganske fornøyd ut???

Fredagskvelden var det vernissage med innbydde gjester, og dei fekk servert gløgg, mozell, lefser med røykt aure og snøfrisk, frukt og sjokolade.





Eg fekk masse fine blomar, og desse nydelege liljene fekk eg av Beritsøster og mannen:o)




Eg hadde sydd mange vesker og dette er to av dei. Marilyn Monroe er ei flott dame som kan vere pynt på ei veske med spreke fargar.





Svart veske med nostalgisk bilete og gull og fløyelsband.







Eine veggen med akrylmalerier, fra kalde rosa og blå fargar til lenger bak der dei varme raude fargane kjem.



Fotografert fra andre enden der dei varme raude maleria hang.







Dette var mitt favoritt bilete, "Love is in the air" 70 * 100 cm, og det var eit av dei første bileta som vart selde i lag med fleire store. Eg vart litt overraska over at det var dei største og dyraste bileta som gjekk først. Eg fekk bestilling på fleire store bilete, men heldigvis så var det berre eitt som skulle vere ferdig før jul....eg har ein del vesker i bestilling også, og eg hartenkt å kose meg med andre ting også før jul:o)


Hjerter i lin med broderi og trykk som heng på ei trollhasselgrein:o)
Det var litt fra utstillingen min. Eg er heilt overvelda over kor mange som ville kjøpe det eg har laga, men det var jo knallkjekt. Det gir meg lyst til å fortsett med dette ivertfall.
Tusen takk for alle fine og koselege kommentarar alle har lagt igjen her hos meg. Det blir eg veldig glad for:o)





tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.