Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

mandag 2. september 2013

S A L E



I MORGON 
kjem denne supre leiligheten på Torshov til salgs!
Berre nokre små smakebiter her i dag... :-)

L O V E
a t   f i r s t   s i g h t




torsdag 20. juni 2013

L O U N G E



På fødselsdagsfesten min vart terrassen omgjort til eit loungeområde. 
Mykje puter, pledd, snacks og moro.

Ha ein fine dag!



mandag 17. juni 2013

S U M M E R ♥ F E E L I N G



♥ H A P P Y   
B I R T H D A Y


Bilete frå min fantastiske 40 års dag som blei feira heime i hagen vår!
Hadde ein knallkjekke sommarfest med masse veninner.
Pittelitt bilete, før heile den galne gjengen ramla inn... :-)

Da er HERLIG å bli 40!

HIIIIIIIIHAAAAAA!




torsdag 30. mai 2013

onsdag 29. mai 2013

L I F E




S T I L L  L I F E

Ro og fred i dette bilete.
Full fart i livet mitt.

Endelig tre kontordagar på rad, etter mange dagar ute på oppdrag.
Masse bilete skal redigerast, mange korrekturar skal sendast, ymse skal sendast til trykk
- eg gler meg!

Ha ein god og fredelig dag!




mandag 27. mai 2013

F L U F F Y


Eit fluffy skjørt henger på kontoret mitt,
på mitt fabelaktige kledestativ.

Likar begge delar!

Gode dag frå meg!

:-)

onsdag 20. februar 2013

S T U D I O



Nokre småglimt frå studioet mitt.
Bileta er tatt med IPhone5 og publisert på Instagram (bodilbo).
Er nok svært mykje meir aktiv der enn på min kjære blogg...

:-)

Stolar frå Hay, kjøpt på Ølen Møbel.
Kledestativ frå samme fabelaktige butikk!
Svart stor krukke kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker.
Gammalt bord frå krigen, med kuleskudd i!


H A  E I N  F A B E L A K T I G  D A G


torsdag 4. oktober 2012

M Y * O F F I C E


Velkommen inn til mitt kontor/studio, som fortsatt ikke er ferdig, 
men som absolutt er tatt i bruk!
:-)
Eg 1. ELSKAR stolane mine frå Ølen Møbel
Knallgode å sitja i og ganske så fine...
"About a chair" heiter stolen frå HAY.



Kunsten er ikkje komme opp på veggen. 
2. ELSKAR bilete mitt av den engelske kunstnaren #som eg ikkje hugsar navnet på... :-)
Litografien kjem frå Galleri Giga (eit galleri vel verdt eit besøk!).




Krukker og boksar er alltid kjekt å ha!
Louise Roe krukkene kjem også frå Ølen. 
Stripete boksar kjøpte eg for MANGE år sidan, på Turids Gavebod! 
Boksane er sikkert 25 år og eg 3. ELSKAR dei fortsatt!
:-)


Kalenderen min innkjøpt på Interiør & Boligmessen, på butikken Lobelia.
Fekk ein slik kalender frå snille Trude for snart to år sidan.
Den heng framme i stova. 
Nå var det kontoret som trengte ein slik...
Kan ikkje sei anna enn at eg 4. ELSKAR den! :-)


Ved inngangsdøra heng det fine speilet frå TineK, 
saman med mine to små fuglar.
Kjekt å henge opp små jakker på.
Fugleknaggane hugsar eg ikkje kor eg kjøpte!? 
Trur det var i Oslo for ein del år tilbake. 
Var det Designtorget?
Jaja, dette var rette plassen for dei to... :-) 
5. ELSKAR dei!


6. ELSKAR mitt nye klesstativ frå danske Nomess!
Kjøpt på Ølen Møbel.


Politibilen min er svært populær.
Den 7. ELSKAR alle dei små... :-)


O S L O i morgon!
Det 8. ELSKAR både eg og mellombror, 
som skal på "guttatur" til snille fadderen.
*Så til dykk i hovudstaden som kjenner kongen; Vær så snill å be han vinka eller blinka litt med lyset, slik at navnebroren får sitt etterlengta kongemøte! :-)


Tre damer i lokalavisa i dag!
Hiha!
:-)


mandag 24. september 2012

K I C K


På fredag er det
K I C K
S T A R T
på årets messe,

Messa er open for alle, store og små.
Det er ei messe der du kan shoppa det du vil,
eller kanskje alt du vil (så lenge kapitalen rekk)...

Eg gledar meg!
Gode veninner tek båt til Bergen by,
utan born, men med høghæla sko i veska
og champagnen på innerlomma...
;-)

Me sjåast! 


søndag 23. september 2012

K A V A L K A D E





K A V A L K A D E
av bilete fotografert av meg til bladet

Utrulig mange kjekke minner knytta til bileta.
Kjekke turar, kjekke folk og mykje spennande interiør!

Stylist til nokre av desse bileta er Trude Vaaga,
frontdamo til bolig & interiørmessa i Bergen neste helg!
Ta ein titt i messemagasinet:

Kjeme du?

Eg gler meg!!!
:-)

tirsdag 18. september 2012

G R E S S K A R


G R E S S K A R
er eit koselig "haustteikn" som eg ikkje finn i eigen hage.
Kvite gresskar vart dermed med meg heim etter handel i forrige veke. God holdbarhet på desse yndige og dekorative "kara"! 

Tine K vasar med kvister frå eigen hage blir alltid like fint, synes eg!
Jaja, så er iallefall bordet ryddig (enn så lenge). 
Verre med resten av stova huset!
:-)

Ha ein kjekke haustdag!

*Gresskar kjøpt på Kvist&Kvast, TineK glassvaser kjøpt på Ølen Møbel



onsdag 5. september 2012

N Y T T * R O M


STORE vetle
guten vår

har fått seg nytt rom. Hans gamle og lyseblå rom er overtatt av ein liten broremann, som endeleg søv heeeeeeile natta (bank i bordet) etter rombyte!

Nytt og nytt rom, fru blom, det kan jo diskuterast.
Egentlig har me ikkje gjort meir enn å mala det som var  kvitt 
dvs. lysegult, kvitt enda ein gong. Tapeten er gammal (sikkert 8-10 år), men passa bra til ein litt større og kule gut, som likar lasersverd, Star Wars, musikk, lego og Angry Birds...! ;-)

Bileta er tatt i ettermiddag med minimalt med lys, og telefonen kvilande mellom skulder og øyre. Her er det viktig å få gjort fleire ting på ein gong! :-)
(Som f.eks å henge opp litt kunst på veggen til guten. Litt på kanten å ha eit bilete av Augon Johnsen på veggen til ein 5-åring? Helt på kanten heiter bilete, å må vell derfor passa heilt perfekt! :-)

Forhandlerliste, viss du lurar:
Sengesett By Nord frå Ølen Møbel, Kritt-tavle med klokke osv frå Folk & Røvere, bilete av Augon Johnsen kjøpt på Galleri Giga, Legoboksar og legohovud frå EuroPris, puter i senga frå Kremmerhuset, ransel med skjeletthovud kjøpt i New York, pantoneboksar kjøpt i Oslo av ei veninne på oppdrag frå meg!
:-)


Tøffingen som eige rommet, og som i dag hadde laga ein "låt"...
SMASK