Viser innlegg med etiketten hjarte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjarte. Vis alle innlegg

lørdag 26. november 2011

Julegata i Molovegen

I morgon tek eg turen til Ålesund og skal vere med på Julegata i Molovegen. Eg var der i fjor også, og det var ein utruleg fin opplevelse! God stemning og mykje folk :)

Håper veret ikkje gjer at folk held seg heime.. I fjor var det –10 og nydeleg vinterver, det står berre igjen å sjå kva side veret viser seg frå i morgon.. Uansett vil det bli god stemning inne på fiskerimuseet, det kjenner eg meg trygg på!

Her er litt av det eg kjem til å ta med meg:

2011-11-23 aust_2011eksporterte_bilder

God helg alle saman ♥

onsdag 24. februar 2010

Ventetid...


















Det vert laga lite her for tida.
Min kjære held på å lage meg eit
midlertidig arbeidsrom. Det
fungerer dårleg å ha arbeidsrom
på spisebordet med ein nyfiken
1,5 åring i hus.. I det heile tatt so
fungerer det dårleg når vi er seks
som skal ha plass rundt bordet også!

So no ligg alt litt på vent her.
Men kjenner at det kriblar i fingrane.

Gledar meg til bedre tider :)