Viser innlegg med etiketten vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vottar. Vis alle innlegg

mandag 25. juni 2018

Sjølv om det er litt langt mellom bloggane, er pinnane stadig i bruk. Ikkje alt kjem eg på å ta bilde av, og ikkje alt er noko å vise fram heller. Det siste eg har strikka er ny bol og nye armar på ein genser til mannen. Denne genseren blogga eg om i august 2014, og den har vore flittig brukt.

Den gang brukte eg Kauni i armane og bolen, bærestykket og monteringa vart det brukt Hillesvåg Ask på. Dette var eit garnryddeprosjekt, der det var om å gjera å få brukt garn frå eige "lager". I bruk viste det seg at Kauni er eit lite slitesterkt garn, no var alle brota frynsete, det var hol på albogane og Kaunigarnet var generelt godt brukt. Så det var berre å dela opp genseren.

Heldigvis fekk eg kjøpt Ask i same farge som eg har brukt på 8-bladsrosene hos Spøt as, Amfi Flåten. Synest genseren vart nesten "god som ny".


Å rydde i restegarnet ligg tankane stadig vekk, her har eg strikka 2 par barnevottar og eit par damelabbar. Labbane er strikka i Arwetta, dei er mjuke og gode, slitesterke skal dei og vera. Kjekt å ha litt småstrikk på lur til hausten kjem.

Desse vottane har eg strikka som gevinst til basaren i Os Husflidslag, det er blitt ein tradisjon med herrevottar til den basaren.

Vil ønskje alle som ser innom bloggen god sommar, godt vær, kjekke opplevingar og god tid til strikketøyet 🤣🌞🌼

lørdag 21. april 2018

Restestrikk i ferien

Å pakke strikkeveska til ferien, og då snakķar eg om 4 veker eller meir, blir gjort med litt planlegging og litt på impuls hos meg. Må tilstå at det er betydeleg omfang på veska, sydd etter mål for å kunne plasserast under eit sete i bobilen der det var egna plass for ho. Det ho oftast inneheld er:
  • strikkepinnar som eg trur eg får bruk for saman med anna nødvendig strikkeutstyr 
  • garn til planlagde prosjekt, det vil seie to genserar til meg sjøl. Dei skal eg komma tilbake til i ein seinare blogg. 
  • litt restegarn som eg kunne tenkt meg å nytta. 
  • litt garn frå kjøp eg angrar på får og vera med. 
  • gjerne noko garn som eg har kjøpt fordi det berre lokka på meg, ekstra lekker kvalitet eller farge. 
 No har vi vore vekke i vel fire veker, temperaturane og veret har skifta, så utelivet har vore litt begrensa. For meg, som må ha noko i fingrane, vart det mykje tid til strikking.


Av garn som eg synest er nydelig har eg strikka eit sjal. Var i utgangspunktet tenkt å strikke trekantsjal, men det vart eit langt i rillestrikk. Garnet er handfarga merino, Zitron Blickfang, eit garn som kom til sin rett i rillestrikking på pinne nr 6. Dette er eit garn eg har kjøpt i Kappeln, Tyskland for fleire år sidan og godt å få brukt.


Restar nok til eit par vottar, Dale Falk, var oppi ein liten pose. Mønsteret er eit gratismønster frå Sandnes. Eigentleg er mønsteret til kjærastevottar, men hos meg vart det ein liten damevott.


I ein pose var det fire restar med Rauma PT 5, det rakk akkuret til vottar str 3 år og to par labbar skostørrelse 29 og 36.


Eit liten rest med tynt labbegarn vart til eit par barnelabbar str 24. Her har eg notert meg ned både masketal og mål, slike restar er det alltid godt å nytta. Dette er garn med 420 m /100 gr, så det er gode labbar oppi små sko.


I haust var eg på fabrikkutsalet til Solberg spinneri. Der fall eg for fristelsen til å kjøpe Schchenmayr Bambino bomullsgarn. Det gjer eg nok ikkje igjen, synest garnet delte seg lett og var veldig statisk. No er eg fornøyd med neg sjølv, garnet er strikka opp i klutar og er komme til nytte.


Og til slutt eit bilde for korleis eg håpar neste ferie blir, det er vel dette som er draumen, kunne sitje ute i sola med strikketøyet. Håpar vi alle får mange slike dagar framover! 😊



onsdag 28. september 2016

Votte og labbestrikk denne ferien og!

Så er vel ferielivet over for i år, men kan vel ikkje klage. 5 veker har vi vore på tur, mannen og eg, og vi nyt livet i bubilen. Denne gangen vart det både solferie i Kroatia, østerriske fjell og byar i Tyskland, for ikkje å gløyme sykkelturar i København. Her eit bilde frå Grossglockner, eit fjellpass i Østerike på 2504 moh.
Som alltid når vi er på tur, er strikketøyet med. Eg strikkar gjerne når vi køyrer, men og når vi har slått oss til ro. Denne ferien har eg i hovudsak strikka vottar og labbar, for hausten og vinteren kjem nok i år og.
Først å fremst var det dei yngste barnebarna som fekk vottar då vi kom heim. Mønstera er henta frå Votteboka til Jorid Linvik. Dei fleste er strikka i PT5 frå Rauma, men ekornvottane er strikka i restegarn frå Sjølingstad Uldvarefabrik.
Dette restegarnet var og nok til Nettvotten når eg sløyfa stripene på bråtet. Dette er ein damestørrelse, designer Wenche Roald/vottelauget.
I votteboka til Jorid Linvik er det og mønster til desse vottane, eg har strikka dei i Rauma PT5.
Har inntrykk av at heimestrikka labbar er populære åregevinstar på basarer. Desse para går nok til ei såk eg bryr meg om. Dei grønne er strikka i Rauma PT5 og dei med striper i Sisu frå Sandnes.
Det eg kosa meg mest med å strikke var nok denne jakken. Den er designa av Pinneguri og heiter Barnejakka Eivor, mønster finn du her på Ravelry. Synest den vart fin til den vesle prinsessa vår. Jakken er strikka i Drops Alpakkasilke.
Til slutt eit bilde av den koselege campingen vi budde på ei god veke. Dette er på Okrug utanfor Trogir i Kroatia. No er det haust og det vert kanskje meir tid til håndarbeid og til blogging.

søndag 27. mars 2016

Trekantsjal og litt småstrikk

Jammen blir det lenge mellom bloggane for tida, sjølv om eg stadig held på med mine handarbeid. Men til tider skjer det mykje anna i livet, og bloggen kjem då langt ned på prioriteringslista. I vår har eg vore 3 veker på rehabilitering på LHL - Nærland. Eit godt og lærerikt kurs som eg absolutt påverkar livet mitt framover på ein positiv måte. Vakkert er det og på Jæren, men ganske så flatt.
Har mange gonger tenkte på mi kjære mormor som flytta frå flate Jæren og til ein dal mellom bratte fjell på Sunnmøre, det må ha vore ei stor forandring.
I godt selskap vart det kaffi og lefse på Hå Gamle Prestegard, det smakte fortreffelig!

Utsikten var heller ikkje å forakte med Obrestad fyr i bakgrunnen.

Men med tre veker på tur vart det og strikka litt. Ikkje alt hugsa eg å ta bilde av før det vart
gjeve bort eller seldt. Noko vart no med heim og, blant anna strikka eg eit trekantsjal
til mamma. Ho hadde fødselsdag då eg var borte, og eg fekk lyst til å overraske henne med
dette sjalet strikka i Zitron-filisilk. Eit tynt garn i silke/merinoblanding og 600 meter på 100 gr.

Den andre helga eg var på Nærbø var eg invitert til Hjelmeland til ei venninne. Her hadde eg
ei herlig helg med handarbeid i fokus, god oppvartning er det alltid hos Wenche. I så godt
selskap kom eg godt i gang med dette sjalet, og eg vart ferdig før eg reiste heim.
Mønsteret er eit gratismønster frå Ravelry og kan finast her
På bildet under er det eit detaljbilde av mønstert.
Elles har eg fortsatt med garnryddinga mi. Og då er det særskilt enkle nøster og restar som
eg gjerne vil nytte. Har strikka tovevottar i restar av Hoefeldt_Lund 2-trådet spelsaugarn.
Dette er berre smårestar etter mange par einsfarga vottar, men litt for godt garn å ikkje nytta.
Datter våre ville gjerne ha dei, og dei er alt tatt i bruk.
Skilnaden i størrelsen på tova og utova vottar er ganske stor.
 Oppskrifta på desse har eg laga sjølv. Den er nedskriven i stikkordsform på Ravelry, du finn den her.

Labbar er og lett å ty til for meg, har veldig ofte nokre på pinnane. Magic loop er ein grei måte å strikke labbar på, det å få begge ferdig samstundes likar eg.
Labbane under strikka eg til ei vennine som hadde fødselsdag. Dei er strikka i Sandnes Sisu etter dette mønsteret. Litt greit å strikke etter engelske mønster innimellom. Eg treng halde "strikkeengelsken" ved like.
Då eg var på Nærland vart eg invitert med på litt shopping første helga. Fredag var vi til Klepp og laurdag var det fabrikkutsalet til Sandnes garn som stod for tur. Ja og så ein stoffbutikk som hadde salg på metervarer. Blei nokre meter med bomullstoff med heim, hadde eg berre visst kva eg skal sy av dei. Har no litt planar og det skal dåke få sjå med tid og stunder.
Må tilstå at det er kjedeleg å ha så full koffert og reisa med tog og buss at ein må velge garn med 
hard hand. Men Sisu til halv pris fekk vera med i posen, og då kom desse labbane på pinnane. 
dei er alt overlevert ein nabo som ønska seg tynne heimestrikka labbar.
Veldig kjekt med dei som ser innom bloggen min! Det set eg pris på.

onsdag 3. februar 2016

Meir restestrikk og nye datautfordringar

På tide med ein liten blogg om kva som opptar meg på handarbeidsfronten. Ja, og kva eg no 
har funne ut eg må prøva meg på av nye datautfordringar.

1. januar heiv eg meg på eit samstrikkeprosjekt, å strikke vottar saman med andre strikkarar over 
store deler av verda. Dette var eit prosjekt på Ravelry, og det var ønskelig at vi var aktive der 
under samstrikkinga. Men det var og ei gruppe på FB vi kunne følge med på. Medlem på Ravelry var eg frå før, men eg er ikkje nokon aktiv brukar. Har lyst å tilføye at eg har igrunnen fått augene opp for Ravelry og at det har mykje meir å tilby enn sal av mønster. Men seier ein A må ein også seie B. Så no er prosjektet mitt behørig dokumentert på dette forumet.


Vottemønsteret fekk vi i fem deler, med ein del kvar feredag. Det er sjelden eg brukar 4 veker 
på eit vottepar. Likevel var eg like ivrig kvar gong det kom ein ny del av mønsteret. 
Då vert alle andre handarbeid lagt til side og neste del strikka. Mønsteret til vottane kan du kjøpa HER. Dei er designa av Wenche Roald og er eit flott resteprosjekt. Å sjå desse vottane i 
alle dei  forskjellige fargesamansetningane var eit eventyr, og nokre fanga merksemda mi meir 
enn andre.

Undervegs var det og ønskelig at vi la ut bilder på Instagram, så no er eg jammen der og. 
Men dette vert nok ein stad for berre handarbeidsbilder, trur eg..... 

Det datt og inn ei melding om at det kunne vera mange fine idear og råd på Pinterest. Nyskjerrig som eg er, var det berre å opprette brukarkonto der og. Her skal eg nok kose meg mange stunder. Berre synd tida flyr så fort når eg sette meg ned med pc'en.


Basaren til Os Husflidslag er ei viktig inntektskilde for laget. Eg pleier å strikka nokre 
gevinster til den basaren, og i år vert det to par selbuvottar.


Mønsteret heiter Tormod og finnes i Boka Varmekilder av Grete Letting. Boka er frå 2006 
og kanskje ei eg fekk i ein bokklubb med hobbybøker. Vottane er strikka i 
Embla, Hifa 3 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.


I dette garnet har eg og strikka desse vottane i damestørrelse. Mønsteret er henta frå boka
"Frå topp til tå" av Gro Sandvik. Mønsteret er eit ganske tradisjonelt selbumønster som ein
finn mange stader med berre små variasjonar. 

Ellers har eg fortsett med restegarnryddinga, eller det som Pinneguri kallar "Restefest 2016". 
  Ho inviterte til fellesstrikking av "Hverdagsjakka" på gruppa si. Eg var kjapp å nytta høve til 
å strikke den jakka med garnrestar etter 2 trøyer eg har strikka før. Mønsteret kan du finna HER (Ravelry)


Kanskje fargane ikkje er akkurat dei eg ville kjøpt inn, men som resteprosjekt trur eg det skal 
bli bra. Og så føles det godt å få redusert lageret med slike restar. Jakka er strikka ovenfrå og 
ned, dette gir god oversikt og kontroll over garnmengden. Spent på korleis resultatet blir er 
eg sjølvsagt. Du skal få sjå når eg vert ferdig om ei stund.

Tusen takk for at du kikkar innom, ekstra takk til deg som legg att ein kommentar. Ønskjer deg ein fin vintermånad. Håper det vert få ruskeværsdagar!

torsdag 21. januar 2016

Restestrikk og garnrydding

No har eg nett kosa meg med to bloggar frå ei god venninne, slikt inspirerer til å prøve meg på ein blogg etter gammalt. Det nye året starta med litt rydding i restegarn og oddenøster. Det å få redusert på slike nøster og få laga noko nyttig av dei er inspirerande.
Eg starta med å strikke 3 slike huer, alle tatt i bruk av mottakarane. Litt baggihuer strikka på pinne 3,5 mm med ein tråd tynn alpakka, Inka, frå Rauma og ein tråd silk-mohair frå Drops. Mjuke og gode og ganske kledelege til dei tre unge damene som fekk dei.
Den eine huo fekk følge av eit par vottar strikka i Rauma Inka, eit tynt alpakkagarn. Dette vart gåve til ei niese som fyller 30 år snart. Mønsteret på desse uglevottane er henta frå VOTTEBOKA til Jorid Lindvik.
Eg hadde og vel ei hespe norsk pelsullgarn frå Hillesvåg ullvarefabrikk Liggande. Dette rakk akkurat til eit par vottar og to panneband. Kjekt å legge opp i kassen der eg samlar ferdige ting uten planlagt mottakar. Plutselig dukkar det opp nokon som kan tenke seg nett dette,
Elles er eg i gang med ei jakke til meg sjølv. Dette er eit litt større prosjekt, men eg er litt utolmodig etter å få den ferdig. Eg strikkar den i Wollmeise merino DK i farge mørk kirsebær. Garnet har eg hatt liggande med tanke på ei jakke til meg sjølv. Den skulle vera med fletter, slik adventurous er. Mønsteret fann eg på Ravelry.

Ja så må eg tilstå eg har latt meg freiste til å vera med på ein vottealong igjen. Denne gangen er det "Vottelauget og eventyrvottene" som inviterte. Dei har ei gruppe på FB og Ravelry. Synest slike alongar er kjempespennande. Rart å tenke på at det sitte strikkarar rundt om i mange land og strikkar det same som eg gjer. Å velja fargar og starta prosjektet uten å veta korleis det skal verta når det er ferdig? Spenning i handarbeidskvardagen det. På bildet over er tre av fem mønsterdeler gjort ferdig. Og når ein ser på alle dei andre prosjekta som er like ferdige og dei forskjellige fargesamansetningane er det virkelig eit votteeventyr!

Tusen takk til deg som har sett på det eg har strikka oglest mine tankar om det eg held på med. Ønskjer deg ei riktig fin helg!





onsdag 4. november 2015

Strikka boblehuer og tovevottar

Ei venninne i husflidslaget introduserte meg for huer i boblestrikk. Denne teknikken synest eg såg festlig ut og måtte prøvast. Har oppdaga at det finnes mønster på både engelsk og norsk til desse huene. Det norske kan du finna her, det er MALSEN OG MOR som raust deler dette mønsteret. Den engelske versjonen kan kjøpast på Ravelry, sjå her.

Mi første boblehue strikka eg i 2 fargar. Det vil seia at 1. og 6. omgang vart strikka i kontrastfarge. Eg brukte PT 5 Sport på pinne 3 og 3,5 mm. Eg måtte ta oppatt litt og gløymde auke ut andre gongen, 
huo vart dermed litt liten og passar nok ei lita tulle på ca 1 år.

Fann ut at eg og skulle strikke huo i einsfarga garn i voksen størrelse. Her brukte eg 
Sandnes Alpakka på pinne 3 og 3,5 mm. La opp 112 masker som eg auka ut til 120. Størrelsen er god så eg håper eg finn nokon som kan tenke seg å bruke denne huo. 
Boblestrikk er kjekt å strikka men eg trur at det egnar seg best i fargar som det er lett å sjå maskene og telja omgangane på. Kjem nok gjerne til å strikka fleire slike huer.
Tovevottar er tingen for kalde fingrar. Dette stod klart på ønskelista for familiens femåring. Dei måtte vera blå, for det er tøffast. Bestemor bestemte at nokre striper gjer at dei er lettare å kjenna igjen og halde saman som par. Første forsøket passa storebroren på 9 år perfekt, til stor sorg for minstemann.
Då er det berre ein ting for bestemor å gjera, hiva seg på strikkepinnane å laga eit par til som er litt mindre. Dei vart slik dei skulle! Vottane er strikka i Ask - Hifa 2 på pinne nr 5 etter eie mønster. Dei er tova på 40 grader saman med ei dongeribukse.

Til slutt må eg visa fram ei gåve eg fekk frå ei venninne. Ei SYPIKE, noko som er eit nytt bekjentskap for meg. Flott nålepute på toppen og feste til å skru fast på eit bord. Tenker a denne skal bli flott feste for både brikkevevinga og sokkebandknyttinga som eg held på med.

Tusen takk for rosande ord på bloggen, kjekt med ei tilbakemelding. Takk til deg som kikkar innom uten å leggja igjen noko, du er like verdsatt du og! 

Ønskjer alle ein fin handarbeidsmånad i november. Rart å tenkja på at det går raskt mot jul og advent. Eit år går så fort!

torsdag 21. august 2014

Vottar etter dårleg mønster!

Eg heng framleis litt igjen i ferien, eg. Garnpakkinga gjekk litt fort for seg, men eg hadde med litt garn som eg hadde tenkt å strikke vottar av. Eit mønsterhefte tok eg og med, synest vottane i heftet såg fine ut! Skulle bruke heftet til noko anna og, så då skulle det bli litt mindre å dra på.
Men etter å starta på dei første vottane angra eg sterkt på at eg ikkje hadde tatt med andre vottemønstre og! For dette var ikkje mønster av ein slik kvalitet som eg pleier bruke. Utydeleg kor dei tenkte tommelen skulle vera. Dette var ikkje avmerka på rutemønsteret. Teksten sa" når du er ferdig å auke til tommel". Det var for kort! så eg måtte strikke nokre omgangar til. Det var heller ikkje sagt noko om kva mønster som skulle vera på innsida av tommelen. Heldigvis er eg ein rutinert vottestrikkar, så vottane vart ikkje så verst når dei vart ferdig.
Desse vottane skal vera til ein nabo som ser litt etter eigedomen når vi fer å fartar i mange veker. Dei er strikka i Embla - Hifa 3 frå Hillesvåg på p 3,5 mm. Eg la opp til damestørrelse og det vart ein medium herrestørrelse. Mønsteret heiter Hakadal
Desse barnevottane er og strikka etter eit mønster i same heftet. Størrelsen var oppgitt som barn - uten nærare informasjon. Dei skulle strikkast på p 3 i Sisu. Eg har strikka desse på p 3 og Hjerte superwashgarn frå Hillesvåg. Størrelsen er vel ca 4 år. Litt tullete at det ikkje er meir nøyaktig informasjon i eit mønster. Det er jo tross alt stor skilnad på hendene til ein 2 åring og ei på 10 år? Avstanden frå brotet til tommel var og kort på desse, så eg måtte strikke nokre ekstra omg der.
Alonger er kjekt, og "Styrbord og babord" var ein kjekk along der vi strikka flotte maritime strikkelabbar. Bakdelen var at eg kjøpte inn 4 nøster sisu, og hadde ganske mykje garn igjen. Denne posen putta eg opp i strikkekorga. No er eg kvitt det garnet og i staden har eg eit par grøne barnelabbar og eit par damelabbar str 37. Tilsaman veg dei 108 gr og garnrestane var redusert til ca 2,5 meter som gjekk i bosset.

I dag er det torsdag og snart helg igjen. Ønskjer dåke so ser innom ei riktig god helg!


torsdag 26. juni 2014

Litt rydding i garnlageret

Beste måten å rydde i garnlageret er for meg å strikke opp nøster som har lagt ei stund. No har eg fått brukt garn som eg har hatt planar for, men som likevel har blitt liggande. Eg ,må tilstå eg har strikka meir enn eg har blogga, så dette vert nok eit lite oppsamlingsheat før ferien. Ikkje alt rekk å bli tatt bilde av, noko forsvinn og raskt ut gjennom dørene.  Men under er no ein god del av det eg har laga avbilda.
Tidlegare i vår strikka eg ei lita barnekåpe med fletter til barnebarnet vårt. Denne vart godt motteke i tillegg var ho også veldig kjekk å strikka. Eg oppdaga at eg skulle ha akkurat nok tråd til ei lita kåpe til, og då vart det ei barselsgåve til ei etterlengta og kjærkomen lita jente. Ho må nok venta littt med å ta kåpa i bruk, men slike jenter veks fort.
Så strikka eg ein genser str 9 år i eit blandingsgarn av mohair og dralon. Garnet fann eg i ei korg i Livigno i Italia for to år sidan, på salg og kjempebillig. Den gang strikka eg ei hettejakke til barnebarnet, men garnet var drygt og det var ein del att. Desse 5 nøsta er no blitt ein rillegenser som skal vera gevinst på basaren til Os Husflidslag til hausten.
Nokre små restar er blitt til ei hue og ein liten hatt til yngste barnebarnet. Sjølv om det er sommar kan det vera godt å beskytte hovudet litt mot sol og vind. Denne stripete hua er restar etter gensarar med rundfelling som eg strikka til jentene i vinter.
Denne vesle hatten hekla eg av bomullsgarn frå Hillesvåg. Luxor har kabeltvinn og veldig finn glans. Kan vera passe tjukk ein "blåsbortdag" som Ole Brumm seier.
2 nøster med Malsens Tweed berre venta på å bli forvandla til vottar, Mønsteret er Bittas Mittens, eit design av Bitta Mikkelborg og Margot Viste. Mønsteret har eg strikka ein gong før, og det har fantastisk god passform. Skal nok verta ei gåve ein gong i framtida. Eller kanskje det vert ein gevinst dette og?
3 nøster Gjestal sport bommullsgarn kom i pakke i posten i fjor. Eg starta på ein liten babykjole, men fann ut den vart litt hard til gullet vårt. No er desse nøsta vorte klutar etter Bittami sine mønster, må veta. Bittami kjem med flotte mønster i klutealongen ho lagar til for oss. Nesten så  fine er desse klutane at dei ikkje kan brukast i oppvasken.
Elles har eg strikka nokre labbar igjen. Ein 100-grams bunt Meilenweit Merino frå Lana Grossa er vorten til to par labbar. Dei vaksne er Merediths Vår frå boka til Bitta Mikkelborg
Det andre paret vart eit par barnelabbar strikka av resten. Det er blitt mykje lettare å strikke opp restane etter at eg gjekk over til å strikke labbane på Magic Loop.
Til slutt vil eg vise fram pakken som kom i posten for ei kort stund sida. Wenche D hadde ein liten konkurranse der vi skulle gitte på kva ho hadde på pinnane. Og eg vart den heldige vinnaren. Og det kan eg fortelja, den dama skriv like nydelig som ho strikkar. Pakken inneheld både garn og litt strikkeutstyrsgodis. Dette er alt pakka i feriestrikkeveska mi. Kva det blir får det kanskje sjå etter kvart.

Nederst på sida vil eg nytta høvet til å ønskja alle ein riktig sommar og ferietid! Håper på godt ver og hyggelige aktivitetar for dåke alle!