Viser innlegg med etiketten utstyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utstyr. Vis alle innlegg

søndag 27. oktober 2013

Ein draum er realisert!

I mange år har eg drøymd om å kjøpe meg ei ny symaskin, ein overlock. Har høyrt andre skryta over si maskin og vorte nesten, men berre nesten, misunnelig. Ikkje det at eg syr så mykje, men planane er der. Har sydd mykje før i tida, men no er det helst litt bunader når barnebarna treng fornyast.
Men no er draumen komen i hus, eg klarte ikkje venta lenger. Turen gjekk til Tonje brodering på Hatlestad både ein og to gonger, eg hadde litt vanskeleg for å bestemme meg.  Eg trur eg kjem til å verta superfornøyd med valet mitt.

Overlocken er ikkje av dei mest avanserte eller av dei dyraste, men den kjem heilt sikkert til å dekke mine behov. For eg må tilstå at eg er flinkare til å leggja planar for kva eg vil sy enn å gjennomføre dei. Håpet er at dette skal snu no. Kanskje nokre av dei stoffa eg har kan verta brukande plagg i staden for skapfyll?

Må tilstå det er litt kjekkare å sy når vranga får eit meir profesjonelt utsjåande med reine fine saumar utan frynser. Utsida har alltid vorte bra, men å klippe frynser og sikksakke er ikkje blant favoritoperasjonane.

På arbeidsbordet låg det ein halvferdig kjole, der hadde den lagt sidan i februar. Men no har eg klart å gjera den ferdig. Og må tilstå eg er veldig fornøyd med den. Sitter bra og er behageleg på. Pynta den opp med litt store knappar for å feste lommene til kjolen i staden for ein stikning. Og fargen, ja den vart jo sjølvsagt lilla.

fredag 28. desember 2012

Vevd sjal i hundetannmønster!

I haust vov eg eit sjal på ein monicavev vi har i husflidslaget si vevegruppe. Å skulle bruke hendene til å betjene skafta er ei vanesak, synes nok at det er lettare med trøer på ein vev med kontramarsj. Men resultatet er eg fornøyd med.
Sjalet er vevd i Ask Hifa 2 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Mønster tok vi frå eit pleddmønster i "Den store vevboka" og tilpassa det bredda vi ønska på sjalet. Det skulle tovast lett så eg vov det godt og langt ca 285 uten frynser då det kom ut av veven.
Ut av veven skulle det gjerast klart for toving , men då måtte frynsene tvinnast først! Og det var ekstra spennande denne gangen. Eg hadde nettopp fått pakke i posten frå Amerika. Batteridrevet frynsetvinnar eller Fringetwister som det heiter over dere, kjøpt på Ebay. Her ser det denn i bruk.

Eg tvinna då 2 frynser om gangen. Tvinninga vart gjerne i meste laget, så dei tova ikkje særleg. Men det gjer ikkje så mykje så lenge dei vart nokonlunde like. No er sjalet blitt gåve, og eg er byrja tenke på å veva fleire sjal!

mandag 29. oktober 2012

Oppbevaring av magebelter

Å veta kva garn er laga av og kva det er brukt til er viktig. Dei fleste garn har på seg magebelte eller lapp der det står om garnet. Her finn ein og korleis eit plagg skal stellast, strikkefastleik, kva det inneheld, antall meter mm.

Som regel heng eg med eit slikt magebelte på eit plagg når eg gjev det bort for å sikre at mottakar får denne informasjonen. Men sjølvsagt hender det at både dei og eg lurer på korleis plagget skal stellast? Å stole på at eg skal hugse slikt har efg funne ut er "toppen av optimisme".

 
No har eg funne mi løysing på dette. Eg har kjøpt meg eit fotoalbum på europris med plastlommer. Her skriv eg inn litt informasjon, gjerne kor mykje garn eg har brukt, om eg likte garnet, kor det er kjøpt ol.
 
 
Så no vonar eg og trur eg skal klare å halda betre oversikt. Men det er det vel berre tida som vil vise?