Det er alltid herleg å stå opp til soloppgang. Det er veldig deilig å ha sola heile dagen i motsetning til der vi budde før:) Storebror har lagt hos morfar inatt, dei var tidleg oppe på jakt, og i dag vart det uttelling. I tillegg går det 6 svaner på jordet!! Til i dag har eg ikkje angra på flytting ein dag!! Synest kvardagane er meir spennande her, det skjer noko heile tida.

Her i sofakroken er det deilig å sitte å kose seg medan ungane ser barne-tv. Her har eg som de kanskje ser mykje godt lesestoff: Velkommen heim frå Slettvoll, Hennie Interiør som eg fekk av min mann og Norges vakreste fjellhytter som eg var så heldig å vinne i gavedryss hos Villa von Krogh.

Fredag var eg i Førde. Var innom Atle Naustdal som er Slettvoll forhandlar. Eg hadde den store lykta frå før, men kjøpte to små. Dei e så flotte med lys i, stemningsfulle! Kulene er frå Skeidar. Det trearma fatet på forje bilete er og frå Slettvoll.

Morgonstemning på sitt aller beste:) Kva gjere du for å kose deg tidleg ein søndagsmorgon?
Desverre er vi ikkje komen så mykje med lenger med gangen, mannen er sjuk:( Ha ein fin dag alle saman:)