Viser innlegg med etiketten Pion design. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pion design. Vis alle innlegg

fredag 24. februar 2017

Ryggsekk

No nærma vi oss slutten på Februar, er litt godt å vite at vi går mot lysare tider :) Men jammen kom snøen og... Eg er egentlig veldig glad i snø, men skal innrømme at akkurat no var eg begynt å forberede meg til våren eg ;)

Her om dagen fekk eg bestilling på eit kort til ein som liker å vere ute i naturen og spille gitar. Lurte lenge på ka eg skulle finne på. Til slutt tenkte eg at ein ryggsekk måtte jo passe til han. Oppi sekken ligger sjølve kortet. Inspirasjon fant eg hos papirdesign der Mette hadde laga denne flotte sekken. Eg har brukt kartong som lokk, ikkje sjølve posen. Og kortet blei eit slikt twist pop up kort, og eg har kosa meg heile veien. Aldri laga hverken sekk eller pop up kort, kjekt å prøve seg på noko nytt:) Malen til pop-up kortet fant eg på denne videoen.


På sekken har eg brukt:
Kartong: Kraft
Mønseterark: Pion: Misters Toms Treasure-Toms motorcycle
Stempel: Kaboks
Annet: Hemper-Tim Holtz, trepynt, splittbinders, band
Papirpose


Sekk har målene ca 20 x 12,2 cm, med lokk er lengden ca 26 cm. Kantane er sverta med Distress Ink- gathered twigs

På kort har eg brukt:
Kartong: Bazzill- Stonehenge og Cinder
Mønsterark: Papirdesign: Muligheter-Drivved
Echo park paper- Suave
Stempel: Kort & Godt
Dies: Spellbinders
Bål: Joy
Annet: Blomster, Charms, trepynt


Denne bretteteknikken vil eg nok prøve igjen, var heller ikkje vanskelig.


Ein liten overraskelse når ein opnar kortet
Håper mottaker blir fornøyd og. Inni har eg brukt nokre gamle bilder av han. Og bål og noter måtte jo og vere med, passer godt til ein som er glad i å vere i naturen og spille gitar:)

Blei litt dårlige bilder, men måtte ta dei i full fart for plutselig kom svigerfar for å hente kortet. Og han er ikkje av den tålmodige typen, hihi..
Ha ein finfin dag, og tusen takk for titten :)

søndag 11. desember 2016

Jul hos papirplaneten

No nærma jula seg med stormskritt synst eg, idag er det tredje advent og eg begynne å føle på alt som eg burde ha gjort og ikkje minst vere ferdig med. Men trøsta er at jula kjem uansett om eg er ferdig eller ikkje :) Idag er det eg som skal komme med litt inspirasjon til juletemaet som er papirplaneten sin utfordring no i desember. Idag har eg pynta ei after eight eske. Har berre kledd den vanlige eska.  Sidan vi nærma oss jul er det alltid kjekt å ha litt smågaver liggende.


På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-  Java
Mønsterark: Pion- Greetings from the North Pole
Annet: Diverse blomstrer, charms, halverer
Stempel: God jul, storyteller-sluttet å spise sjokolade


Sjokoladegaven blir plutselig litt meir for seg gjort og personlig med litt scrappekjærlighet ;)


Det var det eg hadde for idag. Ha ei fortsatt fin førjulstid og takk for titten :)

torsdag 20. oktober 2016

Knask eller knep ;)

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til utfordringa vi har i Papirlosjen. Denne gangen er temaet høst/høstfarger.

Eg lika høsten veldig godt, så mange flotte farger. Og mange fine fjelltura. Elles så betyr jo høsten og oktober Halloween for nokre. Eg fekk mi første opplevelse med Halloween når eg hadde eit år i USA. Før det hadde eg no ikkje hørt om dette fenomenet. Men etter nokre år kom det jamme hit til Norge og...

Eg har laga ein gavepose som er Halloweeninspirert.


På posen har eg brukt:
Kartong: Bazzil-svart og lilla
Mønsterark: Pion: The Witching Hour-Haunted house
Digistempel: All dressed up: Magical day 
Dies: Quickutz: Flaggermus, Alfabet huska deg ikkje kor er ifrå
Kort & Godt: Raktangel med søm
Annet: Charms, Dotta-Papirdesign




Har og laga ei PL side om ein flott fjelltur eg hadde her i forrige veke. Beklager dårlig bilde av PL...


Her har eg brukt:
Kartong: Bazzil-kraft
Kort: Kaisercraft-Captured moments
Dotta: Papirdesign og Staz
Alfabet: Tim Holtz og Jillibean
Tekst: Papirdesign
Dies: Kort & Godt: Sirkler med søm
Digistempel: All dressed up: Magical woodland

Det var det eg hadde idag, blir veldig glad om du legger igjen en liten kommentar. Ønsker deg en flott kveldd og tusen takk for titten.

søndag 25. september 2016

Bursdagsinpirasjon Papirlosjen

No er det jammen blitt søndag og frihelga er snart over. Men idag er det og min tur til å komme med litt inspirasjon for Papirlosjen. Denne gangen er temaet Bursdag

Idag har eg brukt eit herlig stempel frå Bildmålarna og sommerfuglen er frå wycinanka.

Framsida

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Vanilje og Blossom
Mønsterark: Pion design: Paris Flea Market-blue fabric
Dies: Spellbinders: Ovals Majesty, Standard circle L, Stately circles
Scrapmagasinet: Gratulerer
Stempel: Bildmålarna: Seven deadly sins-Envy
Kort & Godt: Hipp hipp hurra...
Annet: Wycinanka: Sommerfugl
Motiv og sommerfugl er fargelagt med Promarkers

Innsida

Det var det eg hadde for idag :) Ønsker alle ein fortsatt fin søndag og takker så masse for titten :)


søndag 3. juli 2016

Maritim utfordring

Her om dagen fekk eg ei bestilling på eit herrekort. Fekk litt knapp tid, så kortet blei laga i ein fei... Men sidan eg fekk vite litt om hans interesser, gjekk det greit. Han lika å fiske han her herremannen, så då passa det jo fint med eit maritimt kort. Og sidan eg det var min tur til ha inspirasjonsbidrag til Papirlosjen idag, passa det jo heilt perfekt ;)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft og Typhoon
Mønsterark: Pion Design: Shoreline Treasures-Bottom of the sea,
Seashells, Iris sibirica, Memory notes (bilde i koauge)
Dies: Spellbinders: Classic ovals large og Lacey ovals
Marianne Design: Koauge og Nautic
Kort & Godt: Fisker
Alfabet: Nellie Snellen
Stempel: Kort & Godt-M-175 og M-321
Papirdesign: Gratulerer sirkel
Annet: Fiskenett, charms, halvperler, magnet


Etter er tok bilde limte eg på ei måse som fyker over fiskaren. Glømte heilt å ta bilde... Men måsa er en dies frå Sizzix-Coastal set
Innsida, i midten er det ein pengelomme

Baksida
Det personlige stempelet er frå ei stempelplate frå Kort & Godt, falt heilt for mange av dei som var på plate. Så då blei den med meg heim...

Så satt eg og kosa meg seint igår med ein LO, den blei no litt maritim den og :) Eg burde visst prioritert å lage albumsider, for hjelpes kor mange bilder som venter på å bli scrappa ;)


På LO'en har eg brukt:
Mønsterark: Pion Design:Shoreline Treasures-Knots
Alfabet: QuicKutz-Abigail (Praha) og Lollipop
Annet: Blomstra-WOC, skjell, charms og hamp


Det var det eg hadde idag. Ønsker deg ein flott dag og tusen takk for at du tok deg ein tur innom bloggen min :)

fredag 10. juni 2016

Eksplosjonsboks bryllup

Idag har eg laga inspirasjonsbidrag til Papirplaneten. Håper mange blir med på utfordringa vi har no, med tema bryllup.

Eksplosjonsboks
På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og pomegranate
Mønsterark: To my Valentine-Love is in the air og Valentine`s roses
Stempel: Kort & Godt-Kjærlighet. Når to hjerter-Kaboks
Annet: Blomstra, charms, hjerteperler, perleband
Dies: Spellbinders-Marvelous squares
Alfabet: Nellie Snellen
Boksen open

Inni boksen har eg laga ei firkanta bryllupskake, som ein kan ta av kaka og legge pengegave nedi boksen. Då bestiller sa at dei ønskte seg penger, fant eg ut at det var ingen  dum ide. Malen på firkanta kake fant eg hos denne dama :)

Burde visst fått meg kurs i blomsterdekorasjon..
Kaka inni boksen

Kaka kan man løfte av og legge penger i boksen

På toppen lagde eg eit blomsterhjerte og ein charm.

Idag er eg og Snuppa i Ålesund og gleda oss masse til treffet på Flisnes. Endelig kjem vi oss dit, eit halvt år for seint ;) Sist gang kom uværet Tor og satte ein stoppar for turen... 
Ønsker alle ein flott dag og tusen takk for titten :)

torsdag 5. mai 2016

Ny utfordring hos Papirlosjen-Bryllup

Idag starter Papirlosjen ny utfordring, denne gangen er temaet Bryllup.

Eg har laga eit enkelt bryllupskort. Eg har ikkje brukt noko pynt denne gangen, men ville ikkje ødelegge det nydelige mønsterarket. Vi i design teamet har blitt sponsa av All dressed up, med flotte digistempel som vi har fått utfordra oss med.


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og pomegranate
Mønsterark: Pion. To my Valentine-Love is in the air

No skal eg gå og legge meg etter nattevakt. Godt det snart eg helg :) Ha ein flott dag og tusen takk for titten :)


lørdag 8. august 2015

Gjestedesigner for Papirlosjen

Eg var så heldig at eg fekk lov å lage kort med kortkitet til Scrapomania. Eg har virkelig kosa meg med kitet. Eg lurte ein periode på ka i alle dager eg hadde begitt meg utpå, eg har ikkje scrappa så masse i det siste og lurte på om kreativiteten var heilt dø. Men når eg fekk studert det nydelig kitet for juli, kom kreativiteten løpande til meg ;) Her kan dokke ta ein titt på alt det fine scrapomania har :)
Kortkit fra Scrapomania for juli

Framsida




Arka som var i kit passa meg ypperlig, eg er veldig glad i Maja og Pion
Gatefold kort



Kjærlighetskort ;)


I kitet fekk eg ei nydelig lita blokk, med dei skjønnaste ark. Eg måtte lage eit lite kort med dette skjønne bilde
Innlegget kan du lese her.
Takk for titten og ha ein flott dag og helg.

 



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...