Viser innlegg med etiketten 17.mai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 17.mai. Vis alle innlegg

fredag 18. mai 2012

17.mai 2012

Det vart ein våt nasjonaldag i år også. Det er ganske vanleg... Men det var ikkje så mykje regn at vi var HEILT nødt til å bruke paraply medan vi gjekk i toget, berre nesten;)

Eg fekk lov til å vere med ilag med alle 2. og 3.klassingane ved Hareid skule, då dei song nasjonalsongpotpourri både på "friluftsfesten" (som vart flytta innandørs) og på folkefesten i hallen. Dei er så flinke! No har vi øvd ein heil del, det skal vi innrømme.
Og dagens opptreden er nesten som ei generalprøve å rekne, for om ei veke er det kronprinsbesøk her! Då skal alle elevane ved alle barneskulane synge det samme potpourriet. Eg har ikkje fintelt, men eg gjettar at vi snakkar om 400 born. Sjølvsagt er det ikkje alle som stiller på ettermiddagstid, men eg trur det blir bra trøkk likevel:)

Nokre glimt frå dagens tog:
Prinsessa bar fane for klassa eit stykke, og då vi kom til stadion var det leikar for små og litt større. Minstemor måtte ha ein smule hjelp for å gå på stylter, men det vart jo premie uansett:)




Heldigvis kunne vi gå inn i aulaen på ungdomsskulen og kjøpe is, kake, pølse og kaffi. Alt som høyrer med:)
Før vi gjekk ut i dag, såg vi forresten på barnetoget i Oslo, og leita etter Musikanten. Han dirigerer Vinderen Skoles musikkorps i år, så vi hadde ein rimeleg sjanse til å sjå han på veg forbi slottet. Vi klarte ikkje å sjå han, men vi får tru at han var der;)

tirsdag 17. mai 2011

Det er Norge i rødt, hvitt og blått- Nei, vått, var det!

Det er jo fint å feire 17.mai! Dei siste åra har barnetoget gått kl 12, mot kl 10 tidlegare. Det betyr at vi har "fått" god til om morgonen, så her har vi endeleg tid til å ete god frukost før vi dreg på oss bunadane. No er Musikanten i Tigerstaden, så vi har ikkje nokon som skal ut og marsjere her heime. Etter ein god frukost er det heilt greitt å gå ut på tur i fint ver. Dessverre er det ikkje alltid fint ver på Sunnmøre...

I dag var det nokre skikkelege byger, mellom anna før toget starta og under leikane på stadion. Det var litt kjedeleg, jentene vart kalde og hadde sjølvsagt ikkje ein så fin dag som dei kunne hatt. Men is skulle dei ha... Dei stod ute ved stadion og åt is, medan dei skalv av kulde. Heldigvis var programmet ute kortvarig, og etter at Fantetoget hadde kasta store mengder karameller til ivrige born, fekk vi finne varmen på bedehuset. Nydeleg brennsnut varmar godt:)

Og sidan vi var av dei siste gjestane på bedehuset, var det plass til å klatre og leike litt også... Eg har dei søtaste jentene i verda:)

Ettermiddagsbesøk av systra mi med sambo og medbrakt kake og strikketøy, det er ikkje dumt:)

Ein fin dag, rett og slett!

mandag 17. mai 2010

17.mai i år også

17.mai! Den dagen vi vert ekstra stolte over landet vårt, då vi tek på oss finstasen og heng opp flagga. Rolf Just Nilsen syng på radioen, kongefamilien vinkar vakkert frå slottsbalkongen, borna gled seg til is og pølser med brød, og det er lov å blåse og bråke med teite trompetar;)


Toget gjekk på vanleg måte gjennom gatene i bygda, men enda på kunstgrasbana istaden for på stadion, som no er under oppgradering. Kunstgrasbana var flott til leikar, det var mogleg å tene seg mange karameller gjennom erteposekast, sekkeløp, potetløp...
Det var mange som tok fleire runder, for det gjekk fort å tene seg opp ei karamell til! Spikerslåing, trehjulssykkel og pilkast var også morsomme aktivitetar for alle. Dessverre var sola ikkje framme i dag. Det var opplett så lenge vi gjekk i tog, men etter ei stund kom regnet. Ikkje fossregn, men ein vert våt etterkvart likevel...

Når regnet er venta, er det praktisk å ta på seg skautet til Sunnmørsbunaden. Om ein vert våt i håret, vert sveisen litt kjedeleg. Med skaut er håret kamuflert, litt tørrare, og totalt kjedeleg når skautet vert teke av;)

Så etter tog og leikar gjekk vi heim og kosa oss med heimelaga rømmegraut. Deretter fekk bunadane fri. No nyt vi livet med beina på bordet, og i mjuke kjolar istaden for den litt "faste" bunaden.

Håper dagen din vart bra også!

søndag 17. mai 2009

17.mai er vi så glad i


Det er ikkje ofte vi har slikt ver på nasjonaldagen! Eg hadde tenkt at jentene trengde kåper utanpå sommarkjolane, for det er jo normalt kaldt og surt på slike dagar. Men i dag vart det sommarkjolar og små strikkajakker utanpå, og sandalar.
Det er lett å springe i lette klede, og ekstra stas på 17.mai! Her er vi på veg til oppstilling av toget.

Barnetoget enda på stadion, der det var leikar, sal av is, brus og pølser, og mykje folk. Det er ikkje lett å gå på stylter, men når ein pappa kan gje litt balanse, vert det greitt å prøve. Premie til alle som prøver seg:)


Sunnmørsbunad er ein fin ting, syns eg. Her er eg:)

Når bunaden i tillegg er brukt av ei jente på 3,5 år, vert det aldeles knusbedårende! Det er ikkje mi jente, men ei vi kjenner litt. "Svigermora" til Musikanten går i lære for å bli proff bunadsyar, og denne har ho laga. Den er eit lite kunstverk.


To jenter på veg heim, i like kjolar. Dei er ganske søte, også utan bunad.

lørdag 17. mai 2008

17. mai i bilete

Så var dagen straks over.
Det er godt å kome til kvelden 17. mai også! Å kunne sette seg i sofaen uten den altfor trange bunaden, og slappe av framfor tv.

Eg lova i forrige innlegg (frå i dag tidleg) at eg skulle kome tilbake med bilete. Så då får eg vel gjere det! Vi har hatt relativt fint ver på denne kanten av landet. Eg ser og høyrer at det har vore rekordkaldt både her og der i dag, men det var ikkja akkurat sommarvarme her heller. Det var ein bitande kald vind, som sola ikkje klarte å kompensere for.
Likevel har vi gått i tog og vore med på leikane på stadion. Eg har i tillegg vore på to friluftsmøte og sunge med koret "mitt".

Etter nokre timar ute var det godt å kome inn både for liten og stor. Det var visst litt lite soving for gullungen, så ho måtte ha ein ekstra liten høneblund.

Eg er litt stolt av bunaden min, og særleg skautet. Det er mammaen min som har brodert, eg berre la inn ynskje:) Det er ikkje mange som har skaut, men kvart år vert det litt fleire.



Og neste år skal eg ha ullunderskjorta klar, i tilfelle det vert like kaldt som i dag!

Hipp, hipp hurra!!


Gratulerer med dagen!

I dag ser det ut til å bli ein nydelig dag, om enn litt kald. Men vi er jo salige så lenge det ikkje er regn:)
Gullungen bestemte at det var på tide å stå opp i god tid før kl 07.00. Det var eigentleg hyggeleg, for då kunne vi to gå opp til vegen og sjå Musikklaget Melshorn som kvart år har revelje kl. 07.00. Då går dei ei runde og spelar så folket skal vakne. Dei vart ganske fornøgde med å ha publikum ved vegen så tidleg!

Dessverre hadde eg ikkje med kamera, men til gjengjeld har eg teke bilete av flagget på skulen med korpsmusikk til:)


Dokka står klar, mon tru om ho reknar med å få vere med i toget?


Og eg vart ferdig med skautet til prinsessa! Det var eit innfall om kvelden 14.mai, og eg har berre komponert dette sjølv. Eg er spent på om det vert så søtt som eg ser for meg... Modellen har ikkje vakna enno, det er tidleg morgon!


Eg må sikkert kome tilbake med bilete frå dagen!