Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg

søndag 13. mars 2011

Litt nytt om mangt:)

Av og til er det ekstra kjekt å opne postkassa. I går vart det brått slik! Eg hadde ikkje venta å få noko anna enn avisa og kanskje ei rekning... Men så var det ein pakke der! AnitaK har ei flink turnjente, og for nokre veker sidan var dei her i bygda på turnkonkurranse. Det gjorde at lokalavisa fekk noko meir å skrive om:) Og sidan det var eit bilete av AnitaK si jente, sende eg avisa til henne. Eg syns vel at det var ei stor takkegåve for ei avis eg hadde lese ferdig, men eg har sjølvsagt ingenting imot garn som eg ikkje har sett før;) Nydeleg farge! Tusen takk, Anita!
Og så kan du kanskje sjå på det eine biletet i montasjen at eg viser fram lange negler? Eg har aldri hatt pålimte negler før, og syns det var gøy å prøve. Men dei varte ikkje heile kvelden, eg klipte dei ein god del kortare etterkvart.... Framleis er dei lange nok til å vere litt jålete!
Eg gjer, som så mange andre, stadig impulskjøp av garn;) Dette garnet vart med heim etter ein tur til Florø. Det er Incawool frå Hjertegarn, tjukt og mjukt.
Kjerstrikk hadde ei oppskrift på tova vottar, og den fungerte fint til Incawool. Men garnet tova fryktelig lett, så sjølv om eg tenkte at eg skulle ta det forsiktig, tova vottane litt i overkant... Det er ikkje så smart at eg har ny vaskemaskin heller, så eg har ikkje heilt kontroll over korleis den tovar. Vottane er stort sett passe til minstemor, så ho er glad:)
I natt har vi hatt ei ekstra jente på overnattingsbesøk. Det var stor stas, og dei har kosa seg. Etter mange timar med ds-speling vart det heldigvis fleirtal for ein tur ut. Dei gjekk litt på ski, og leika i snøen ei stund. Eg vurderte om eg skulle legge inn biletet av knall og fall, men fann ut at det var greitt med eit bilete der alle tre står på beina;) Vottane flaug like etter dette biletet vart knipsa, og ei av jentene måtte ha hjelp til å stable seg på beina igjen.....



Posted by Picasa

fredag 16. april 2010

Katteseng....

Eg har strikka noko rart igjen:) Denne gongen var det litt tilfeldig, men eg såg meg lei på kattehår overalt, og brått slo mange restar av diverse ullgarn seg saman til eit nytt prosjekt!
Pus har godkjent den, i alle fall no. Det kan vere fordi den ligg strategisk plassert framfor omnen, enda nærare varmen enn teppet han brukar å dekke med hår... Men det kan også ha ein effekt at eg spraya med catnip-spray. Eg veit ikkje:)

Det ser jo litt deilig ut å vere katt!

Og det skadar ikkje at det no er litt mindre restegarn i korga mi!

søndag 4. april 2010

Påske er noko av det beste eg veit!

Det er mange aktivitetar i løpet av nokre dagar i påskeferiemodus. I år var det ikkje nok snø til å grave snøhole, men vi løyste problemet ved å grave snøhole til Barbiedokkene. Prinsessa jobba iherdig, og med mamma sine vottar som siteunderlag, hadde Ariel og Barbie det ganske fint. Det er ikkje så smart å gå ut i vinteren med så tynne kjolar. Heldigvis hadde Ariel ein strikkakjole med seg i kofferten, så ho hadde i alle fall litt varme der kjolen dekte. Men bare skuldrar, det tek seg faktisk ikkje ut i snøholer! Kanskje vi må legge inn ei bestilling på vinterklede før neste vinter...


På hyttetur er det godt å ha varme tøfler. Så denne gongen vart det to par nye tøfler. No skal eg straks innrømme at svigerfar er ivrig med fyringa i omnen, så det er gjerne for varmt utpå kvelden. Men då er det jo greitt å sparke av seg tøflene!

Barnetøfler kan ha mange fargar, dei vaksne har berre ein hovudfarge pluss kanting.


Vi har altså hatt ei flott veke på Lesjaskog. Svigerforeldra mine var der saman med oss dei fyrste dagane, men dei reiste heim fredag medan vi vart til i dag, søndag.

Vi har gått litt på ski, nokre har gått ganske mykje, og Prinsessa har vore i barnetrekket på Bjorli 4 dagar på rad. Dette var kjempegøy då ho fyrst fekk inn teknikken, og no kunne ho sikkert vore der leeeenge!

Det er sjarmerande å vere på hytta, men jammen er det godt å kome heim til vaskemaskin, dusj, oppvaskmaskin og tilgang til trådlaust nettverk;)

No vert det sikkert ikkje fleire bål i snøen før fram mot jul!


onsdag 17. mars 2010

Tøffesøte tøfler



Eg har strikka tøfler:) Det gjekk fort, og det var ei enkel oppskrift, henta frå ei bok eg lånte på biblioteket. Den heitte omtrent Rask strikk på tykke pinner, eller noko slikt... Eg kopierte sida, og noterte ikkje namnet på boka. Fy!

Artic garn, pinnar nr 7. Kjapt og greitt:)


Eg måtte tove dei to gongar, og sjølvsagt var dei fyrst altfor store, og så brått altfor små.... Men det fine med slike tova ting er at det går an å bearbeide dei. Så dei passar fint til meg no!

tirsdag 29. desember 2009

Nye vottar til Prinsessa


Nye vottar, utan oppskrift, også kalla "I haudet mitt-oppskrift". Garnkorga mi har framleis ein del restar av Rauma Finull, og det må eg jo gjere noko med! Desse vottane strikka eg ca slik at dei passa til meg, og så tova eg dei ganske hardt for å få dei passe til ei Prinsesse på snart 7 år... Dei vart ikkje så verst;)

torsdag 10. desember 2009

Verdens beste vottar?


Vottane mine er ferdige, og enn så lenge er dei det beste votteparet verda har sett. I alle fall svært lokalt... Oppskrifta er frå Strikk og tov 8, eit hefte frå Rauma/pt-design. Garnet er mørk turkis Rauma Finull. Eg var lydig mot oppskrifta, og måtte tove vottane 3 gongar før dei vart små nok til meg. Utgangspunktet var kjempestort! Eg var usikker på om dei ville vere moglege å tove nok til å passe til meg. Men to omgongar på 40 grader og ein omgang på 50 grader, kvar gong saman med andre klede, gjorde susen.

Vottane er gode og varme, har god passform og vil varme anten mine eller andre sine hender:) Eg er ikkje sikker på kvar dei endar enno...

onsdag 25. november 2009

Vottar i mange fargar, takk!

Sist helg var vi på hytta, og der var det litt kaldt. Og mor hadde klart å legge att vottane heime. Då var det fint å stikke innom Lunt på Bjorli og kjøpe eit par lekre vottar! Dei var tova, i Finull, og veldig gode. Dessverre var dei kjedelege i fargen, etter minstemor si oppfatning. Eg hadde alt tenkt å strikke og tove eit par vottar, og sette igang i helga... Desse er ikkje kjedelege i fargen, vettø:)
Dei er mjuke, deilige, varme og gode, og eg skal nok ha eit par i færre fargar og litt større størrelse. Straks!


For ein gong skuld skreiv eg ned nokre elementære punkt.

Garn: Rauma Finull
Pinnar: 4,5

Legg opp 32 masker. Strikk 5 omg. vrangbord, 1 rett, 1 vrang.
20 omg. rett.
Auke til tommel:
på fyrste pinne:
Strikk 1 r, auk 1 maske, str 1 r, auk 1 m. Resten av omg. rett.
Neste omgong rett heile omg.
Strikk 1 r, auk 1 m, 3 r, auk 1. Resten av omg. rett.
Ein omgong rett.
Str. 1 r, auk 1, 5 r. auk 1. Resten av omg rett.
Ein omg. rett.
Sett dei 7 maskene "tommelmaskene" på ein tråd. Legg opp 1 maske som erstatning.
Strikk 20 omg rett.
Felling: strikk 2 sm, 3 rett heile omg.
To omg. rett.
Deretter 2 sm, 2 r.
To omg. rett.
2 sm, 1 rett.
1 omgong rett
2 sm heile omgongen, trekk tråden gjennom maskene.

Tommel:
Ta opp dei 7 maskene og plukk opp 5 rundt sidene og bak.
Strikk 12 omgongar. Strikk to saman heile vegen, og dra tråden gjennom dei siste maskene.

Tada! Ferdig med den eine. Ein igjen:) Hugs å legge tommelen til slutten av omgongen på den andre votten, da!
Toving: 40 grader kort vask, med eit par handdukar i maskina.

lørdag 14. mars 2009

Åååååååååå, så irriterende!

No skulle eg hatt nokre saftige gloser å slenge rundt, men eg skal opptre sivilisert. Skal i alle fall prøve. Men når gullungen har hatt på seg alpakkavesten sin, har ho følt seg så fin! Og no har den vore ei runde i vaskemaskina.... Det var jo for så vidt meininga, men den skulle ikkje vere med saman med den vasken. Den berre sneik seg inn! Her kan du sjå korleis den såg ut for nokså nøyaktig 2 mnd sidan. Og slik ser den ut no:
Ny kjole til dokka.

Det var den utilsikta tovinga. Vi har også hatt ei lita runde med planlagt toving. Det vart tre ballar, til bruk av pus eller småjenter, alt ettersom. Ballane inneheld stort sett restar av diverse garn, og har brukt lang tid på å vekse seg store:)

Pus likte dei! Han går nok inn for å ta livet av dei ganske fort.... Vi får lage fleire etterkvart:)

Det er snart bursdag i heimen, og eg har laga to bløtkakebotnar i dag. Det er så greitt å lage botnane, fylle dei og smøre litt krem på utsida, og så putte dei i frysaren. Når det er på tide å ete dei, er det berre å ha på litt meir krem, eller marsipan, og pynte. Det funkar veldig bra! Og etter at svigerfar fekk cøliaki har eg blitt nødt til å lage litt meir kaker som er tilpassa han. Det er eigentleg ikkje noko problem, men ein må lage kakene, ikkje berre stikke innom bakaren og velge ei...

tirsdag 3. mars 2009

Siste på strikkefronten

Eg startar med å skryte litt av Prinsessa, som var på innskriving på skulen i dag. Stor jente, og mamma er veldig stolt!

Dette siteunderlaget har eg vel ikkje vist fram skikkeleg før, berre samanrulla før toving. Slik vart det altså etter toving. Det er framleis plass til to jenter saman, eller ei mamma og ei jente ved sida av kvarandre.

Store prinsesser treng også tjukkelestar. Desse er strikka av ein tråd svart og ein tråd sjølvstripande sokkegarn. Dei vart passe:)

tirsdag 24. februar 2009

Siste nytt frå vaskemaskin og strikkepinnar

Her er mine fyrste sokkar strikka i Big Fabel. Det verkar som eit godt garn, eg skal lage eit par mindre også. Desse er store nok til meg, og har laaaange skaft. Dei skal få vere med på hytta om eit par dagar.
Berre sjå kor lange dei er:)

Dei siste dagane har eg strikka to par tøfler som har fått krympe seg ein smule i vaskemaskina. Begge para har blitt vaska fleire gongar, og no er eg fornøgd med tovinga. Det eine er til meg, det andre er til husbonden. Det gamle paret hans har gått i søpla, det var hol under på begge to...


Det har visst vore fastelavenssøndag også, då laga vi bollar! Jentene er ivrige, men mest ivrige til å ete deiga:) Det vart likevel ein del bollar, og hjerte! Vi kjevla ut og stakk ut hjerte av ein del, og det vart veldig søtt!


Ekstra: Etterlysningar etter oppskrift funkar sjeldan her i heimen, for eg strikkar veldig ofte diverse småplagg utan oppskrift. Men desse tøflene har eg ein gong sett oppskrifta på. Den eg brukte no, vart omtrent slik:
Pinnar 8, Fritidsgarn.
Legg opp 60 masker, strikk 20 riller. (40 omgongar)
Fell inn 10 masker i starten og slutten av pinnen. Fortsett med riller over dei midterste 40 maskene. Strikk 15 riller, fell av til tå: Strikk 2 rett, 2 sammen annakvar omgang, berre rett utan felling dei andre omgangane.
Sy saman bak på tøflene, dvs oppleggskanten, og frå fellinga og framover til tåa.
Sleng i vaskemaskina, 40 grader er ein god start.

NB! Desse tøflene vart ganske store, så eg tova dei fleire gongar før dei vart små nok til størrelse 39-40. Men det er lett å gjere dei mindre i oppskrifta også!

søndag 22. februar 2009

Nye tøfler til mannen i mitt liv

No er tøflene til gubben i vaskemaskina. Eg trur nok at dei vil krympe ein smule i løpet av prosessen. Slik såg dei ut før dei gjekk i vask:)

Sidan dette er eit bidrag til konkurransen om regional strikking i hobbyboden, må eg dokumentere kva vekta er også...


Det er ikkje berre tid til strikking i heimen, eigentleg altfor lite tid til strikking... I går laga vi blant anna sjokoladekake til barnebursdagsselskap om nokre dagar.


Her er gårsdagens ovnsvott ferdig tova. Den er litt vid, men eg trur den funkar. Om eg rekk det, strikkar eg ein ny, litt smalare:) Mottakaren er på hyttetur, så eg har litt ekstra tid før overrekkinga.

Gullungen syns dette var ein stilig vott, men bittelitt stor;)

lørdag 17. januar 2009

Rosa tøfler til korps-entusiastar?

Eg har prøvd ut det relativt nye garnet til Gjestal, Rosendahl. Det er mjukt og deilig, og det einaste eg har opplevd som litt negativt er at det slitnar lett når eg skal sy med det. Det er ikkje noko særleg problematisk, da....
Tøflene er strikka etter hovudet, og vart omtrent sånn som eg hadde tenkt dei:)

Denne gongen opplevde eg at det tova meir enn eg hadde venta, så eg måtte strekke og jobbe litt før dei vart passe. Eg sydde på ein knapp også, så dei har ein litt søtare fasong enn "vanlege" tova tøfler.

Eg syns dei er søte:) Og kvifor er det tøfler til korps-entusiastar? Jau, dei har fått gamle knappar frå ei skulekorpsuniform!

Berre sjå kor nydelig:)

søndag 7. desember 2008

Snakk om god match?

Dette er vel noko av det mest passende eg har opplevd på lenge. Berre høyr her:

I går strikka eg ferdig eit par vottar til minstemor, med utgangspunkt i blånisseoppskrifta. Vottane er strikka i Vamsegarn. I går kveld vart det ikkje til at eg sette på maskina for å tove dei. Det kunne vente til i dag.

Og i dag vart det pynt på dei!

For i adventskalenderen i dag fann eg ull til å nålefilte!!

Eg som aldri har hatt nål til dette, men no hadde både eit prosjekt som var klart til toving, ny nål og splitterny ull i lekre fargar... Det kan vel ikkje bli betre?

Einaste ulempa no var at minstemor måtte bruke gamle vottar fordi desse var våte etter tovinga enno. Ho hadde SÅ lyst til å bruke dei med ein gong!

mandag 1. desember 2008

Fyrste kalenderpakken er opna!

No har eg venta ilag med jentene i huset. "Når er det lov å opne fyrste pakken??" I dag var det endeleg på tide å finne fram pakke nummer 1. Eg er så heldig at eg har ein eigen kalender berre til meg:) Det er mange år sidan sist! Men i år er eg med på eit kalenderbytte gjennom Hobbyboden. Då fekk vi utdelt ein kalenderbyttevenn, så eg har sendt kalender til Annie og fått ein tilbake frå henne.

Her er den fyrste pakken! Eit par søte knappar, med eit tips eller to til kva dei kan brukast til. Eg veit ikkje kva prosjekt dei skal få vere med på, men dei får ein god heim i knappeglaset mitt så lenge! Tusen takk, Annie!


Elles har eg strikka eit par vottar. Oppskrifta er ca blånisse, men eg brukte garn frå korgene mine. Dette er Vamsegarn. Dei store er til meg, dei små er passe til prinsessa på 5 år. Eg trur dei skal i bruk i morgon, då skal barnehagen på skogsfest. Det er ein fin tradisjon! Alle born, foreldre og tilsette er i skogen ein times tid, etter at det har blitt mørkt. Spennende for dei små! Det brukar å vere bra med faklar og eit bål, så vi har litt lys. Og så kjem nissen og deler ut posar med barneproduserte julekaker;) Kjempekjekt! Og litt kaldt. Så det er bra å ha tova vottar....