Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg
fredag 18. mai 2012
Varmepunkter i mai
Vi ventar på varmen. Enno har eg ikkje sett den. Men det går jo an å varme seg på litt strikk;)
Her er ei ny lue til gubben, og eit par tjukkesokkar til minstemor. Kjekt å ha.
Må vel bli litt varmare i lufta snart, men vi skal klare oss utan varme sommardagar også... Kanskje.
I dag pakkar vi bilen og reiser ein liten helgetur, litt tilfeldig endar vi i Jølster. Håper det blir ei fin helg, målet er berre å få luftforandring... Jentene gler seg til å bade på hotellet, og vi reknar med å leite opp ein isbre. Elles ingen planar:)
lørdag 14. april 2012
Mamma, eg vil ha slike!
Minstemora drog meg bort til hylla til ei anna jente i barnehagen i forgårs. Mamma, eg vil ha slike pulsvarmarar, sa ho. Og ho fann sjølv fram garn i korgene her, slik at alt skulle ligge til rette for rask produksjon. Då er det berre å strikke i veg, sjølvsagt:)
Det er ikkje akkurat tidkrevande heller, og eg fekk brukt litt restegarn som eg har liggande for mykje av...
Pulsvarmarane er superenkle, med hol til tommel som den einaste "utfordringa" i heile prosessen. Og dei vart ferdige i løpet av ei lita kveldsøkt, så dei låg klar på stovebordet til minstemor stod opp i dag:) Ho godkjende dei!
I tillegg har eg strikka eit par sokkar i eit sokkegarn frå Nille. Heilt ok garn, og eg reknar med at sokkane vert gode å ha etterkvart. I dag har det vore sol, såpass at vi kan tru at våren er her. Men det er berre før vi går ut;) Jentene tok på seg varmedress då dei gjekk ut på ettermiddagen. Då hadde dei vore ute før, og oppdaga at det var kaldare enn det såg ut til!
Elles har eg brukt ein god del pengar i dag... Ikkje på garnhandel, men på bryllupsgåve, sko og strømper, ny bh og denslags. Det er berre ei veke att til Det Store Bryllupet, minstesystra mi skal gifte seg!! Det blir nok ein fantastisk dag:)

lørdag 4. februar 2012
Eg har nye sokkar:)
torsdag 29. september 2011
Sjå, ho strikkar;)
Det er ikkje all verdens tid til å strikke når ein er på Londontur. Men på flyet, og litt på flyplassen, og kanskje ei halv runde medan ein ventar på andre... I alle fall har eg laga ein hals. Oppskrifta fann eg på nett, her er ei Ravelry-lenke. Eg brukte Drops Extra Fine Merino, og må innrømme at eg la opp litt færre masker enn oppskrifta. Men eg tenker at halsen vert stor nok, eg! Den går to gongar rundt halsen min, men då er den litt vel tettsitande. Etterkvart finn eg nok ein eigar som vil ha den:)

Før Londonturen strikka eg uven-sokkar. Ikkje at sokkane er så uvenlege, men garnet er ei gåve frå ein hemmeleg uven. Og det er litt hat over dette raggegarnet. Det klør i augene når eg strikkar med det! Godt gjort, ikkje sant?
Men no er sokkane ferdige, og eg trur dei er gode å ha på seg. Eg lurer på om eg skal gje dei vekk til Musikanten. Han treng sikkert fleire varme sokkar til vinteren. Dersom eg sender med ei karamell eller to, vert han sikkert glad.
Sist eg sende ein pakke, fekk eg denne tilbakemeldinga på facebook:
Ditt vesen er som fløyel blant gråstein, som silke mellom staur og kongeørn blant småspurv. Din kropp er som ei antilope mellom nashorn. Di oppfinnsomheit som Petter Smart blant Noregs Klodrikforeining. Dine Noregspakkar er som lys i mørkret - og relativt problematiske i forhold til eit sunt kosthald. "Kor fager du er, min hugnad - det fins ikkje lyte hjå deg." -Høgsongen
Skal eg nemne at pakken då inneheldt ein IPad2, ein haug notar og store mengder sjokolade, kjeks og anna kos? Måtte fylle ut all ledig plass i Noregspakken, må vite;)

tirsdag 26. juli 2011
Prematurstrikk igjen
Det var ikkje store strikkeprosjekt på ferieturen, men bittesmå prosjekt er fint av og til. På dagtid var det for varmt og klamt til å strikke, men på kveldstid, derimot, då var det kjekt å strikke litt.
På altanen kunne eg få sol på beina medan resten av meg var i skuggen, og det passa flott:)
Det vart eit skråstrikka babyteppe, og eit par bittesmå sokkar, og ei lue av restegarn. No er både desse tinga og luene frå tidlegare vaska og klare til å sendast til prematuravdelinga i Ålesund.
fredag 24. juni 2011
Småproduksjon:)
Det er kos med småprosjekt, for dei blir fort ferdige:) Her er eit par nye sokkar til Prinsessa på 8 år, ho vart så forelska i garnet at ho MÅTTE ha slike. Så då fekk ho sjølvsagt det. Resten vart ein kjole til ei lita dokke, som har vore naken i altfor mange år. Etter at eg tok dette bildet har dokka også fått tøfler, så no har ho det ganske supert!
Såpekoking er ein fin mogleg hobby. No har vi heimelaga såper ved vasken både oppe og nede. Eg har ergra meg over at desse såpene er så glatte at dei glir ned i vasken, og ikkje vert liggande på kanten. Det er sjølvsagt berre eit problem når såpene er våte, men det er dei jo ganske ofte:)
Såpekopp har eg ikkje, for lenge har vi berre brukt såpedispenserar og tilhøyrande flytande såpe. Men no har eg testa noko nytt. Såpekoppklut. Enkelt og greitt!
Slik ser den ut i bruk. Såpa vert liggande i ro, og eg reknar med at eg lett kan vri opp kluten ved behov og skylle såpa ut av kluten. Dessutan tek denne minimalt med plass i vaskemaskina.... Eg lurer på om eg skal lage eit par til, det gjekk 10 gram tynt bomullsgarn til desse to.
fredag 11. mars 2011
Eg- eit luksusdyr:)
Eg kan vel ikkje akkurat skryte av å vere eit luksusdyr sånn til vanleg... Men sidan det ikkje skjer så ofte, kjennes det som god luksus å få ei natt på hotell av og til! Eg er litt engasjert i FO, Fellesorganisasjonen. I går var det årsmøte og i dag årsmøteseminar, og då fekk eg vere litt luksusdyr:) Jaja, det var ikkje noko slaraffenliv, faktisk var det lite ledig tid i løpet av opphaldet. Men det gjer ikkje noko! Eg har aldri før budd på Rica Seilet i Molde, og det var ei hyggeleg oppleving.
Dei er veldig stolte av Bjørnstjerne Bjørnson, det var massevis av bilete av han overalt;)
Men sjekk "pausematen" i øvste venstre hjørne! Det var sjølvsagt stor tilgang til frukt og kaffi/te i alle pauser, men eg har aldri sett denne løysinga før: Store Norgesglas med ulike lekre ting, som potetgull, tortilla-chips, nøtter og rosiner, kjeks av ulike typer. Enkelt, dekorativt, snadder:) Under snadderet har eg bilete av utsikta frå romet mitt!
Elles har eg strikka eit par sokkar, og eg trur kanskje at kvite sokkar kan kallast litt luksus også.... I alle fall er det vel ikkje smart dersom ein skal sleppe å vaske dei kvar dag! Men sokkar var eit krav i alongen Topp til tå, så då strikka eg eit par til meg sjølv.
søndag 19. desember 2010
Jammen er eg heldig!
Eg trur eg er inne i ei heldig periode. Kanskje:) Eg vann ikkje det store gratislotteriet til butikkane i dag, med gåver verdt ca 7500 kr. Men eg fekk ein flott pakke i postkassa mi! Akkurat perfekt til meg. Eigentleg var det sikkert mykje eg ikkje hadde bruk for i den andre gevinsten, men denne pakken får eg bruk for:)
Soline hadde ei jubileumstrekning i bloggen sin, og eg vart trekt ut som ein av to vinnarar. I dag auka garnlageret mitt kraftig! Fem nøster Eskimo, tre nøster Ullteppegarn, to nøster Merino, eit nøste Tynn alpakka. Dette blir mykje deilig, det er garantert! Tusen takk, Soline!
Elles vart eg ferdig med nokre julegåver i dag. Desse to para er til ei svigerinne og ein svoger. Det største paret er til mannen, det er strikka av RaggeYarn frå Schachenmayr. Det andre paret skal passe til dama i huset og er strikka i pt5. Eg er spent på om dei passar... Mannen vil ha korte sokkar, eg syns desse er ganske korte?
mandag 4. oktober 2010
Eit par trauste sokkar.
Det er ikkje så avansert, men det varmar... Sokkar kan vere så mangt, og eg vert skikkeleg imponert over nokre av dei eg ser rundt i bloggverda. Men hovudpoenget er å vere varm på beina... Eit anna hovudpoeng er at prosjektet kan bu i veska og bidra til sinnets munterhet på ymse stadar der ein må vente på eit eller anna. Då er det ypperleg med enkle, trauste sokkar. Ingen kast, vridde masker, to saman eller felling. Berre på hælfellinga:)
tirsdag 10. august 2010
Eg har møtt ei levande strikkemaskin
Eg strikkar jamt og trutt, men ikkje i racerfart. Det gjer mor til svigerinna mi! Hjelpe og trøyste, ho har strikka over 20 par sokkar dei siste 4 vekene. Ho har vore på ferie på Sunnmøre, og då vert det strikka ein god del.... Eg tok bilete av haugen som var att etter at ho hadde gitt vekk sokkar til både barnebarn og andres barn, både store og små fekk sokkar. Nokre er strikka rett fram, utan mønster. Men mange er med selburoser, og andre har senjaruter? I alle fall forstod eg det som at det eine mønsteret var frå Senja.
Musikanten og minstemor fekk kvar sine sokkar. Litt forskjell på storleiken;)
søndag 8. august 2010
Søndag på fjellet
I dag gjekk vi ein tur mot Melshornet, men vi hadde ikkje planar om å nå toppen. Då må minstemor vere att heime... I dag var ho nok litt redusert etter at ho var sjuk i forgårs, men ho gjekk jo ein del. Innimellom er det godt å ha pappa sine skuldrer å ri på.
Det var nesten for varmt i dag, ca 20 grader og totalt vindstille. Det er greitt med ein svalande bris på veg opp! På heimveg vart Prinsessa brått sliten og hadde vondt i hovudet. Det er ikkje vanleg! Ho måtte site på ryggen til mamma eit stykke nedover. I kveldinga fekk ho feber, truleg smitta av veslesystra.
Dei siste dagane har eg strikka eit par GRØNE sokkar, stort sett veskestrikk;) Godt å ha i bilen! Svigerinna mi fekk desse, sidan eg oppdaga at ho måtte stele mannen sine:) Desse er strikka i Viking Sportsragg.
tirsdag 22. juni 2010
Sikker vinnar: Nye sokkar
Neimen, Ludde, det vart vel litt feil? Sokkane skal ikkje varme ansiktet!

Nye sokkar er ein fin ting, og desse er strikka av Austermann Step, eit nydeleg garn. Minstemor er glad i alt eg strikkar, og ville straks at eg skulle kjøpe meir garn og strikke slike sokkar til henne også. Men eg har jo meir:) 100 grams nøste er nok til sokkar til både mor og dotter! Etterkvart, i alle fall. No må eg visst strikke kjolar!

tirsdag 6. april 2010
Påskeferiesokkar:)
Sterk er eit herleg garn! Lenge lurte eg på om eg hadde "råd til" å bruke det til sokkar, men samtidig er det jo reklamert med at det egnar seg til sokkar. Så eg måtte prøve. 
Dette er sokkar strikka etter innfallsmetoden, men resultatet vart bra! Akkurat passe til meg, og eg har endeleg lekre sokkar:)

Varme, mjuke, deilige. Lillafargen kjem ikkje til sin rett på bileta, men den er ganske fin:)

torsdag 18. februar 2010
Nokre små gåver:)
Sidan eg jobbar med born som er nye i landet, og dei av og til må vere med på leirskule etc, har eg av og til ein mottakar til alt det eg strikkar:) Praktisk!
No kunne eg sikkert gitt vekk mykje meir, men det er i alle fall greitt å donere litt til dei som skal på leirskule i kanskje 30 minus, for det krev litt ekstra utstyr!

Både sokkar og skjerf er godt å ha! Resteskjerf av Puno, veldig mjukt og deilig.
Sokkane er strikka av ærleg og redeleg raggegarn;)

søndag 31. januar 2010
Sløv søndag
Musikanten min har hatt ei travel helg igjen. Som om det var noko nytt? Denne helga har han vore med på arrangere ei øvingshelg, og då måtte mora vere brannvakt frå 01.00 til 04.00 i natt. Ikkje så ille å ha den vakta, eigentleg... Ungdomane hadde knapt lagt seg då eg var ferdig og kunne gå heim;) Men eg rakk å strikke ferdig eit par sokkar til minstemor. Dei tok ho i bruk straks eg fekk festa trådane i dag. Sidan eg var relativt seint i seng, fekk eg sove lenge i dag. Då vert eg liksom litt ute av rute resten av dagen.... Men det er jo kjekt også!
I går var det Ungdommens Kulturmønstring, og Musikanten var ein av dommarane. I tillegg fekk han det kommunen her kallar "Ungdommens kulturpris" for 2009, som inkluderer 10.000 kroner! Stas:)

Dei nye sokkane er friske i fargane:)
I dag har vi hatt verden beste søndagsmiddag: sosakjøt! Enkelt å lage, men festmat her i heimen. Minstemor vil gjerne ha mjukt kjøt, og då er sosakjøt perfekt etter 3 timar i gryta;)

søndag 29. november 2009
1 søndag i advent
Det kunne vel ikkje passe betre, i dag er det snø ute! Det var lyst og fint å stå opp, og det var ikkje berre fordi det var langt på dag... Men det hadde sikkert litt å bety;)
Vi har fått på plass adventstjerna, den sjuarma lysestaken og julegardinene. Elles er det lys i den bittelille julegrana vår:) Det vil ta nokre år før den er like stor som meg! No er den på linje med minstemor, omtrent. Greitt å ha lys i den, det skal ikkje så mange lys til før det ser bra ut!

Elles har gubben hatt med seg jentene ut i akebakken i dag. Med nye sokkar på beina. Desse er strikka i Fortissima Socka, men eg skal innrømme at eg juksa litt. Gubben har slite ut eit par sokkar i Sisu, og eg er ikkje veldig glad i å strikke vrangbord på pinnar 2,5... Så eg brukte opp att vrangborden frå dei gamle sokkane! God gjenbruk:) Sokkane er veldig gode, seier gubben.

fredag 23. oktober 2009
Endeleg fredag
Det er godt med fredagar. Litt sliten etter veka, eller veldig sliten, kanskje? Ser fram til to dagar fri til å gjere det vi vil. Ingen store dugnadsprosjekt denne helga. Konsert med Musikanten som solist saman med Ålesund Symfoniorkester søndag. Roleg og fredeleg i heimen. Gubben vaska på loftet tidlegare i kveld, og har no somna på sofaen oppe. Musikanten har besøk av kjæresten, og dei kosar seg i sofaen nede. Prinsessene søv godt, og eg veit at utpå natta kjem ei eller to av dei krypande opp i senga til mamma og pappa. Det blir av og til litt trangt, men det gjer ingenting! Det er så deilig å ha ein liten kropp som kjem for å hente litt varme:)
Før vi anar kva som skjedde, er dei store.
Av og til høyrer eg diskusjon om kva ein skal gjere for å få senga for seg sjølv om natta. No har eg godt sovehjerte, så eg søv uansett. Men eg veit at dei sluttar å kome ein eller annan gong. Musikanten kjem i alle fall aldri krypende opp i senga til oss lenger.... Og vi har ikkje gjort noko for at han skal slutte! Det er nok berre å nyte det så lenge dei kjem;)
Minstemor fekk eit par nye sokkar her ein dag. Det var att litt garn etter at pappaen fekk sine sokkar, men no er det berre 15 cm tråd att!
På onsdag og torsdag var eg i Molde på tillitsvaltsamling. Det var kjekt, eg likar å bu på hotell og ete god mat! Sidan vi berre har ein bil for tida, måtte eg ta buss. Då vart det litt strikketid der også, og eg laga eit enkelt skjerf. Eg la opp ei masse masker, til det var slutt på den korte trådenden. Etterkvart talde eg at det var 167 masker;) Så strikka eg riller fram og tilbake, altså på langs av skjerfet. For å vere litt sær, brukte eg eit nøste lilla tynn alpakka og eit nøste lilla finull. Annakvar rille i kvart garn. Det er litt fargeforskjell, men ikkje nok til at eg klarer å få det til å vise på noko bilete. Faktisk har eg streva med å vise den rette fargen i det heile. Stripene viser i dagslys:)Medan eg felte av, slapp eg ned nokre masker her og der. Det gir litt gittereffekt, men ikkje symmetrisk. Eg følte ikkje for å vere symmetrisk i går...

Fargen er nok mest lik den mørkaste her, men ikkje heilt så mørk heller. Dagslys er vanskelege greier, og blitsen min har framleis streik.

Abonner på:
Innlegg (Atom)