Viser innlegg med etiketten sjal/skjerf. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjal/skjerf. Vis alle innlegg

tirsdag 5. juni 2012

Resteskjerf og lue

Ein skulle tru at eg ikkje vart inspirert til å strikke skjerf eller luer om sommaren. Men no er det vel ikkje akkurat sommarver ute... Det har rett nok vore litt opp og ned, men jammen har det vore kaldt og surt i det siste! Så då vart det strikka ei lue, og eit skjerf. Skjerfet er restar av gensaren eg strikka, og kan vere greitt å ha som vedheng, sidan gensaren er veldig open i halsen. Lua er strikka av siste rest av det lilla Plum-garnet, kombinert med noko anna lilla eg hadde liggande... Lua er stor, nesten for stor? Vi får sjå om nokon med behov kjem forbi:

torsdag 10. mai 2012

Sjal på tjukke pinnar

Det er snart 17.mai, og det er like kaldt som det brukar å vere... Så eg strikka eit supertjukt sjal som kan vere nøytralt nok til å vere over ein bunad, om det skulle bli behov for det.

Garnet er frå Nille, Naturgarn i 100 grams hesper. Eg kjøpte to, og sat att med 5 cm garn til slutt;) Oppskrifta har eg sikkert henta ein eller annan plass, men no har den berre flytta inn i hovudet mitt. Enkelt oppsummert: Pinne 12, start i nakken med 3 masker. Auk med eit kast på starten og slutten av kvar rette omgang, og på sidene av midtmasken. Strikk til du er lei, eller til det er slutt på tråden. Eller til handleddet seier at det er nok for i dag,)

onsdag 7. desember 2011

Jauda, eg strikkar litt!

Her har eg strikka opp resten av noko lysblå kashmir alpakka, det vart ei deilig og mjuk lue. Eg trur ikkje det vert til jentene mine, men det kan jo hende;)

Og så har eg hatt litt Faerytale liggande. No har eg strikka eit enkelt sjal. Auka ein maske i starten av kvar omgong, og og eit kast på kvar side av midtmasken. Dette er også veldig mjukt, og kjem til å varme meg på kalde dagar. Det var litt mangel på nøytrale sjal/skjerf i kassa mi, det er greitt å ha noko som ikkje krasjar med andre fargar på kleda!

onsdag 18. mai 2011

Restegarns-Multnomah

I mai fekk vi som vankar på Hobbyboden i oppgåve å strikke sjal av ei eller anna type. Eg romsterte i strikkekorga mi og kom over litt restar av Plumet og Kid Silk, trur eg... I alle fall kom eg kjapt til at dette kan bli eit sjal:) På biletet er det verken blokka eller glatta ut på anna vis, men du får eit inntrykk... Så sukkersøtt sjal har eg aldri hatt, og eg ser ikkje for meg at eg kjem til å slite det ut. Men kanskje kan ei av jentene like det? Dei likar vanlegvis rosa!


fredag 8. april 2011

Nytt skjerf:)

Ting tek tid:) Men no er eg i alle fall ferdig med eit Baktus-skjerf i det nydelege Delight-garnet. Eg syns fargane er skikkeleg flotte!

Det var litt spennende mot slutten, for eg hadde planlagt å strikke skjerfet og så hekle ein enkel kant rundt etterpå med det samme garnet. Det gjekk bra, det var att 5 cm garn då eg hadde avslutta! Her brukte eg to nøste, og det vart ganske passe stort. Fordelen med å bruke to nøste til dette, er jo at det er lett å avgjere kva tid ein skal gå over frå å auke kvar 4. omgong til å felle kvar 4. omgong. Enkelt og greitt;)




tirsdag 31. august 2010

Neptunbryllupssjal...

Eg lurer på om eg har bryllupssjal! I alle fall har eg strikka Little Shells av Wollmeise, fargen heiter Neptun. Det passar vel bra med skjell og sjøgudar saman? Og kvifor eg tenker på bryllup kan du vel også få vite: Eg har ny kjole i akkurat denne fargen! Det hadde vore dumt å ikkje ta med seg sjalet, på ein måte....

Men så er det ikkje sikkert at det passar i stilen, så eg må vel vurdere litt til.

Eg har enno 40 gram att av Wollmeisehespa, så eg kan alltids strikke eller hekle noko meir pynt til kjolen. Kanskje eit armband?? Det må eg også vurdere litt til!


Eg har auka kraftig på oppskrifta, det hadde blitt eit bittelite sjal med berre dei repetisjonane som stod i oppskrifta.


lørdag 1. mai 2010

Vintersjal til 1.mai


Kanskje ikkje så treffande, men eg er i alle fall ferdig med eit sjal/skjerf, strikka mest som pausestrikk, eller eit sånt prosjekt som blir med i veska, i bilen etc. Det er greitt å ha eit strikk som ikkje krev allverdens tankeverksemd...
Garnet er rimeleg Østlandsgarn frå Nille, så eg trur det vert eit sjal til meg sjølv. Det er ingenting som klør på meg, men eg trur mange av dei rundt meg vil meine at dette KLØR;)


søndag 21. mars 2010

Wollmeise! Tenk det;)

Eg er kjempeheldig, så eg har no kosa meg med mi aller første hespe Wollmeise-garn. Dette er altså handfarga garn, merinoull, og det er ettertrakta vare. Sidan eg ikkje har hatt nok iver til å stille meg i "kø" ved pc-en på akkurat rette tidspunkt, har eg ikkje hatt dette garnet i hus før eg vann det! Takk for det, Vibeke:)Besøk Vibeke her!

Eg brukte ein del tid på å berre sikle på dei nydelege fargane, og etterkvart kom eg til at eg ville strikke eit sjal. Oppskrifta fann eg på garnstudio sine sider. Oppskrifta er eigentleg meint for lettare, meir pusete garn, men det fungerer fint med denne typen garn også.


Eg kjem nok til å vere stolt når eg brukar dette!


torsdag 18. februar 2010

Nokre små gåver:)

Sidan eg jobbar med born som er nye i landet, og dei av og til må vere med på leirskule etc, har eg av og til ein mottakar til alt det eg strikkar:) Praktisk!

No kunne eg sikkert gitt vekk mykje meir, men det er i alle fall greitt å donere litt til dei som skal på leirskule i kanskje 30 minus, for det krev litt ekstra utstyr!

Både sokkar og skjerf er godt å ha! Resteskjerf av Puno, veldig mjukt og deilig.
Sokkane er strikka av ærleg og redeleg raggegarn;)


søndag 7. februar 2010

Karius er på plass:)

Eg fekk så nydelig garn frå Iris, og eg måtte lage noko som viser litt meir enn sokkar.... Palett har flotte fargar! Eg er ikkje så begeistra for alle fargane sånn heilt åleine, men eg godkjenner den samla pakken her:)

1 stk Karius-skjerf på pinne 4, og det er jo veldig enkelt å strikke! Poenget er å starte med tre masker, og så auke ei maske kvar 4.pinne, og berre i starten av omgangen. Strikk til du anten har brukt halvparten av garnet eller til skjerfet er halvparten så langt som du vil, og så feller du ei maske kvar 4.omgong til du er tilbake til tre masker.

Eg trur eg kjem til å ha på meg dette til den svarte gensaren i morgon!

fredag 23. oktober 2009

Endeleg fredag

Det er godt med fredagar. Litt sliten etter veka, eller veldig sliten, kanskje? Ser fram til to dagar fri til å gjere det vi vil. Ingen store dugnadsprosjekt denne helga. Konsert med Musikanten som solist saman med Ålesund Symfoniorkester søndag. Roleg og fredeleg i heimen. Gubben vaska på loftet tidlegare i kveld, og har no somna på sofaen oppe. Musikanten har besøk av kjæresten, og dei kosar seg i sofaen nede. Prinsessene søv godt, og eg veit at utpå natta kjem ei eller to av dei krypande opp i senga til mamma og pappa. Det blir av og til litt trangt, men det gjer ingenting! Det er så deilig å ha ein liten kropp som kjem for å hente litt varme:)
Før vi anar kva som skjedde, er dei store.

Av og til høyrer eg diskusjon om kva ein skal gjere for å få senga for seg sjølv om natta. No har eg godt sovehjerte, så eg søv uansett. Men eg veit at dei sluttar å kome ein eller annan gong. Musikanten kjem i alle fall aldri krypende opp i senga til oss lenger.... Og vi har ikkje gjort noko for at han skal slutte! Det er nok berre å nyte det så lenge dei kjem;)

Minstemor fekk eit par nye sokkar her ein dag. Det var att litt garn etter at pappaen fekk sine sokkar, men no er det berre 15 cm tråd att!
På onsdag og torsdag var eg i Molde på tillitsvaltsamling. Det var kjekt, eg likar å bu på hotell og ete god mat! Sidan vi berre har ein bil for tida, måtte eg ta buss. Då vart det litt strikketid der også, og eg laga eit enkelt skjerf. Eg la opp ei masse masker, til det var slutt på den korte trådenden. Etterkvart talde eg at det var 167 masker;) Så strikka eg riller fram og tilbake, altså på langs av skjerfet. For å vere litt sær, brukte eg eit nøste lilla tynn alpakka og eit nøste lilla finull. Annakvar rille i kvart garn. Det er litt fargeforskjell, men ikkje nok til at eg klarer å få det til å vise på noko bilete. Faktisk har eg streva med å vise den rette fargen i det heile. Stripene viser i dagslys:)Medan eg felte av, slapp eg ned nokre masker her og der. Det gir litt gittereffekt, men ikkje symmetrisk. Eg følte ikkje for å vere symmetrisk i går...

Fargen er nok mest lik den mørkaste her, men ikkje heilt så mørk heller. Dagslys er vanskelege greier, og blitsen min har framleis streik.

onsdag 24. juni 2009

Sommaren er her!

Eg har ikkje heilt ferie, men nokså nær. Det er deilig å jobbe på skulen etter at elevane har gjort seg ferdige;) I morgon skal eg på sykkeltur saman med nokre av "mine" elevar som ikkje har budd i Noreg så lenge. Jammen ein fin aktivitet i strålande sol!

I går var det siste skuledag for elevane. Lærarstanden ved skulen framførte ein kul rap til 7. klassingane, meir eller mindre utkledde. Det slo an:)
5.klassingane har hatt sløyd i år, og på slutten av året laga dei stylter! Og dei vart mala i dei lekraste fargar, for eksempel mintgrøn og rosa... Kanskje litt femi?

I går var det jonsok, og vi besøkte ein svoger med nedlagt løe. Det er greitt å kunne gå inn, dersom det er kaldt. I fjor var det nesten livsnødvendig å ha løa, men i går var det faktisk fint etterkvart.
Eg kan anbefale grilla loff:
Eg blanda persillesmør og kvitløksmør. Dette smurte eg på begge sider av ei loffskive, og grilla raskt, så dei vart sprø, feite og gode. Nam! Enkelt tilbehør, særleg når eg brukte ferdig oppskoren loff og ferdig kryddersmør. Skivene vart ordna på kjøkenet heime, og så var dei klar etter 15 sekund på grillen.

Jentene kosa seg intenst, dei har nok venta på sola og varmen. Grillmat og utekos, det kan vel ikkje bli stort betre...

Eg har strikka og hekla, men ikkje ting eg treng i dag;) Det vart ei strikka lue og eit hekla skjerf, i tynn alpakka. Dette skal i kassa for eventuelle gåver, eller til eg frys på øyrene sjøl!

mandag 13. april 2009

Bilskjerf


Skjerfet ser ikkje ut som ein bil. Ikkje har eg tenkt at det skal brukast primært i bil. MEN det er strikka i bil, derfor namnet bilskjerf...

Dette er resultatet av eit nøste Bris, eit par strikkepinnar og ein bil på veg til Lesjaskog. Nei, det var ikkje eg som køyrde.
Eg strikka riller til det var slutt på garnet, og så slapp eg ned nokre av maskene før eg felte av. Skjerfet kunne ha vore lenger, men det var rett og slett ikkje meir garn igjen... Dersom eg hadde vore smartare, hadde eg strikka skjerfet smalare, for det vart ein god del breiare då eg lot nokre av maskene sleppe fri.

På heimvegen strikka eg på ein turkis kjole, som eg rekte opp att då eg kom heim. Litt mindre stas. Dessverre vart det feil størrelse, så då måtte eg berre sjå vekk og rekke opp. Æsj...

mandag 29. desember 2008

To varmande nyheiter: Ny micro og nytt skjerf


No sit eg her med fyr i omnen og te i koppen. Teen er varma i julegåva vår: Ein ny microbølgeomn. Den gamle var straks 18 år, og litt ustabil. No har vi fått crisp-funksjon, steamkoking og diverse. Det vert ikkje laga nyttårsmiddag i den, men eg skal nok steike pizza ein dag for å teste!

Eg har fått nytt garn i gåve, og måtte prøve å strikke noko av det! To nøste frå Annie har no blitt eit Baktus-skjerf. Det er mange på Hobbyboden som har strikka desse, i glattstrikk eller riller. Eg starta med glattstrikk, men rekte opp att og strikka riller. Glattstrikk rullar seg sånn saman!

Dette garnet er Bris frå Gjestal, 50% ull og 50% soya. Det høyrest rart ut, men garnet er deilig! Mjukt og godt. Det er relativt tjukt, eg brukte pinnar 6 på dette sjalet. Oppskrift? Det er så lett at det er morsomt:
Legg opp tre masker. Strikk anten riller eller glattstrikk, auk kvar 4 omgang, ei maske i den eine sida. Eg brukte to nøste, så då eg var komen til slutten på det fyrste nøstet, starta eg fellinga. To masker saman, kvar 4. omgang. Vips, så har du eit skjerf;)

I dag har vi vore på Barnas Lekeland. Det var morsomt for borna, og OK for foreldra også. Eg vart litt nervøs då minstemor stakk av i den delen som var meint for dei eldste borna. Ho klarte seg fint, men det var ikkje meininga at 2-åringar skulle herje der...

lørdag 6. desember 2008

5. og 6. desember:)

I går gjekk dagen rett og slett for fort, eg rakk ikkje å legge inn bilde... Men i dag kan eg gjere det! I pakken frå Annie i går fann eg to søte esker som eg kan lime sammen og bruke til små presangar. Yndig dekorert med stempel:) Desse skal eg sette sammen og bruke!

I dag fekk eg to oppskrifter, med ei tydelig oppfordring om å bruke helga til å lage noko godt. Peanøttkaker og daim-is, det er nok godt begge deler:)Kanskje det vert Daim-is i løpet av dagen??


Eg har peparkakedeig i kjøleskapet, og ei påbegynt ostekake på benken, men den skal eg levere på turnen si juleoppvisning i morgon.

I går kveld laga eg nøttetoppar, og har fordelt i to bokser. Så kan eg sjå om eg har nokon å gje vekk etterkvart!


Etter at eg strikka skjerf for nokre dagar sidan, hadde eg litt garn igjen. Og det måtte jo brukast til noko, ikkje sant? Så det vart eit supersmalt skjerf, 8 masker, på pinnar nr 10. Det er faktisk ganske varmt og deilig rundt halsen sjølv om det er smalt. Og Faerytale er ganske lekkert på pinne 10:)

torsdag 4. desember 2008

Å, for ein dag!

Skulle tru det var 24. desember i dag:)

Eg er så strålande fornøgd med alt eg har fått i dag! Frå Annie sin supre kalender fekk eg ei filtenål. Annie har rett i at eg aldri har prøvd nålefilting, men det skal det nok bli ei endring på snart!
Og så fekk eg ein pakke i postkassa mi også. Det var frå nord i landet, og eg hadde eigentleg tenkt å ikkje opne pakken frå min hemmelige venn før julafta, men den var ikkje innpakka. Dermed vart det tjuvstart i dag... Herlig pakke! To store hesper med melert garn, 100 gram kvar. Og i nydelige fargar! I pakken fann eg også ei oppskrift på lue og skjerf, eg kan nok gjerne finne på å strikke lua, kanskje to, til og med! Og som om ikkje dette var nok: Ein Yade-sjokolade som matchar!

Tusen takk, Midnattsol!


Eg har strikka eit skjerf, og hekla litt på endane:) Garnet er deilige Fairytale.

søndag 12. oktober 2008

Haust kan vere vakkert!

Eg har gjort ferdig eit sjal som eg ikkje heilt visste korleis eg ville ha. Men slik vart det:)
Det er stort nok til å kunne brukast over skuldrane, men eg veit ikkje om eg er typen til det. Så vi får sjå kva det vert etterkvart. Eg har vaska sjalet ein gong, i håp om at det skulle bli litt mindre stikkete. Men det er ikkje akkurat det mjukaste eg har vore borti no heller. Slik er det nok med russisk garn;)


Elles har vi hatt ei haustferieheld på Lesjaskog. Det er flott med haust! Det kan vere nydelige fargar, mildt om dagen og kaldt om natta. Det er framleis mogleg å finne litt bær, og hauststormar er perfekte til å fyre i omnen og kose seg inne...


Kva kan vi elles bruke hausten til? Strikke, for eksempel? Lese ei god bok?

Ein tur ut er fint, så kan ein krype opp i sofakroken etterpå.

Vi vart litt rosa på nasetippen denne helga, men ikkje veldig kalde. På Lesjaskog er det stabil og kald vinter, så vi kan alltids kome tilbake i vinter og nyte kulden:)



Det er fint i Norge, ikkje sant?