Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg

tirsdag 7. august 2012

Gammalt nytt?

Eg har visst ikkje vist fram sjalet eg strikka til "svigerdotter" Julia. Det er ei stund sidan det var ferdig, og det er ein månad sidan ho fekk det i bursdagspresang. Men her er det:
Ho var på besøk her i pinsa og lånte sjalet mitt. Då Musikanten kommenterte at ho likte det veldig godt, kom eg fram til at eg kunne strikke eit liknande til henne. Fairytale er deilig og mjukt, og sjalet vert varmt og godt!

Elles har eg strikka to kuvøsegensarar, det kan nok bli fleire. Det er lett strikk, sjøl om eg eigentleg syns to rett og to vrang er kjedeleg. Når plagga er små, vert det overkomeleg likevel.

Her fekk ei av dokkene låne gensaren ei lita stund. Og den passar faktisk veldig godt! Oppskrifta er svært enkel, men smart. Eg trur nok at denne gensaren kan passe mange små, i ganske ulike størrelsar.
 
Gensarar med korte ermer er fint til mange sesongar:) Det er ikkje overveldande varmt på Sunnmøre om sommaren, så det er greitt med korterma strikkeplagg. Og til vinteren kan eg vel også bruke den, eventuelt med ein gensar under. Denne er strikka frå toppen og ned, oppskrifta fann eg på Ravelry, men den vart meir fri fantasi etter ermene.
Her kan du sjå korleis den ser ut i originalversjonen. Til denne brukte eg Drops Baby Alpakka Silk.

.

mandag 6. august 2012

Syklubben Strikkepinnens Hvile;)

Nei, eg har ikkje slutta å strikke... Men det er ikkje så mange innlegg om strikking den siste tida, ser eg! Likevel har eg gjort litt! Eg har no knabba pc-en til Musikanten, for eg må ha ein pc for å få til å blogge med bilete. Det er nokre fordelar med å feriere i Norden. Nei, eg blir ikkje brun, og eg får ikkje lest så mange bøker ved bassengkanten. Men sidan vi må tilbringe nokre timar i bil, blir det tid til å strikke innimellom! Då må det vere enkelt, helst glattstrikk på rundpinne. På den måten kan eg strikke utan å sjå for mykje ned, og då går alt så fint og flott:)

Rett før vi reiste på tur, hadde Trådkråa 20% på alt garn, og det er ei god unnskyldning for å handle! Etter å ha surra rundt i butikken på måfå ganske lenge, konkluderte eg med at eg måtte ha med meg nokre nøste Fin, ei deilig blanding av alpakka og silke, litt blank og veldig mjuk. Det vart både blå til meg og melerte til ei av jentene. Eg strikka ein enkel vest, som minstemor undervegs bestemte at storesøstera skulle få. Det var nemleg verken rett farge eller fasong til sjefen... Jaja, storesøstera tek villig imot:)

Oppskrift har eg ikkje. Her er det berre strikka etter innfallsmetoden, felt nokre masker i sida her og der oppover, og så hekla eg litt øverst, berre fordi eg hadde lyst til det. Kjekt å gjere det slik av og til:) 

Elles rydda vi på romet til Minstemor, det er spennande prosessar. Dersom eg gjer det åleine, er det lett for å miste enkelte ting i søppelposen, utan at nokon oppdagar det. Men denne gongen ville Minstemor hjelpe til, og då vert den effektive ryddeprosessen ødelagt annleis. Vi oppdaga at dokkene ikkje likar å ligge i sengene sine, for dei har ikkje madrasser. Så då strikkar mor kjapt nokre tjukke teppe som kan vere madrasser, og nokre små som kan vere dyner etc. Kjekt å bruke opp litt restar på slikt!


tirsdag 5. juni 2012

Resteskjerf og lue

Ein skulle tru at eg ikkje vart inspirert til å strikke skjerf eller luer om sommaren. Men no er det vel ikkje akkurat sommarver ute... Det har rett nok vore litt opp og ned, men jammen har det vore kaldt og surt i det siste! Så då vart det strikka ei lue, og eit skjerf. Skjerfet er restar av gensaren eg strikka, og kan vere greitt å ha som vedheng, sidan gensaren er veldig open i halsen. Lua er strikka av siste rest av det lilla Plum-garnet, kombinert med noko anna lilla eg hadde liggande... Lua er stor, nesten for stor? Vi får sjå om nokon med behov kjem forbi:

fredag 18. mai 2012

Varmepunkter i mai

Vi ventar på varmen. Enno har eg ikkje sett den. Men det går jo an å varme seg på litt strikk;) Her er ei ny lue til gubben, og eit par tjukkesokkar til minstemor. Kjekt å ha.
Må vel bli litt varmare i lufta snart, men vi skal klare oss utan varme sommardagar også... Kanskje.
I dag pakkar vi bilen og reiser ein liten helgetur, litt tilfeldig endar vi i Jølster. Håper det blir ei fin helg, målet er berre å få luftforandring... Jentene gler seg til å bade på hotellet, og vi reknar med å leite opp ein isbre. Elles ingen planar:)

torsdag 10. mai 2012

Sjal på tjukke pinnar

Det er snart 17.mai, og det er like kaldt som det brukar å vere... Så eg strikka eit supertjukt sjal som kan vere nøytralt nok til å vere over ein bunad, om det skulle bli behov for det.

Garnet er frå Nille, Naturgarn i 100 grams hesper. Eg kjøpte to, og sat att med 5 cm garn til slutt;) Oppskrifta har eg sikkert henta ein eller annan plass, men no har den berre flytta inn i hovudet mitt. Enkelt oppsummert: Pinne 12, start i nakken med 3 masker. Auk med eit kast på starten og slutten av kvar rette omgang, og på sidene av midtmasken. Strikk til du er lei, eller til det er slutt på tråden. Eller til handleddet seier at det er nok for i dag,)

tirsdag 1. mai 2012

Ny gensar til meg sjølv:)

Eg trengde å strikke på litt tjukkare pinnar etter å ha gjort ferdig tunikaen Still Light. Denne passa fint til formålet, med pinne 7 og 8 går det kjapt å strikke ein gensar. Til og med for meg;) Oppskrifta fann eg i pt-design hefte 112, der er den avbilda i kvit og rosa. Men eg fann ikkje rett farge på butikken, så då vart det ganske raskt lilla. No må eg nok strikke noko litt lysare neste gong, trur eg.
Eg gjorde ei kjapp vurdering av lengda på gensaren. Eg drog den på meg før eg sette armane saman med bolen, og kom til at den vart for kort. Så då strikka eg den ca 10 cm lengre enn oppskrifta. Det passa meg ganske bra:) Gensaren er strikka i ein tråd Sumatra og ein tråd Plum.

lørdag 14. april 2012

Mamma, eg vil ha slike!

Minstemora drog meg bort til hylla til ei anna jente i barnehagen i forgårs. Mamma, eg vil ha slike pulsvarmarar, sa ho. Og ho fann sjølv fram garn i korgene her, slik at alt skulle ligge til rette for rask produksjon. Då er det berre å strikke i veg, sjølvsagt:) Det er ikkje akkurat tidkrevande heller, og eg fekk brukt litt restegarn som eg har liggande for mykje av... Pulsvarmarane er superenkle, med hol til tommel som den einaste "utfordringa" i heile prosessen. Og dei vart ferdige i løpet av ei lita kveldsøkt, så dei låg klar på stovebordet til minstemor stod opp i dag:) Ho godkjende dei!

I tillegg har eg strikka eit par sokkar i eit sokkegarn frå Nille. Heilt ok garn, og eg reknar med at sokkane vert gode å ha etterkvart. I dag har det vore sol, såpass at vi kan tru at våren er her. Men det er berre før vi går ut;) Jentene tok på seg varmedress då dei gjekk ut på ettermiddagen. Då hadde dei vore ute før, og oppdaga at det var kaldare enn det såg ut til!

Elles har eg brukt ein god del pengar i dag... Ikkje på garnhandel, men på bryllupsgåve, sko og strømper, ny bh og denslags. Det er berre ei veke att til Det Store Bryllupet, minstesystra mi skal gifte seg!! Det blir nok ein fantastisk dag:)

onsdag 11. april 2012

Still Light! Endeleg ferdig....;)

Det tok litt tid, men no er eg altså ferdig med min første Still Light-tunika. Det kan hende det blir fleire, for eg likar fasongen:) Denne er strikka i min absolutte yndlingsfarge for tida, og garnet er herlige Wollmeise. Tenk om det gjekk an å kjøpe dette garnet i ein vanleg butikk, da... Desse hespene kjøpte eg av ei som hadde klart å få tak i på nettet. Det er ikkje berre enkelt, for det er mange som vil ha, slik at garnet blir røska ut av nettbutikken i løpet av svært kort tid. Ser du at fargen er flott? Og garnet er så fullt av glans, sjøl om det er 100% ull ser det meir ut som ei blanding med bomull og litt anna:)
No er det vel på tide å strikke noko anna:) Hurra, eg har hatt denne liggande leeeenge, og har blitt litt lei av å "måtte" strikke på den.... Det blir stas å starte på noko nytt!

onsdag 4. april 2012

Og der kom det ei lue til...


Javisst, her vart det ei lue til! Eg veit ikkje kven som kan få denne, den er truleg for lita til mange eg kjenner. Kanskje eg burde finne ein litt liten gut som kunne verte varm på hovudet. Problemet er at alle systrene mine berre får jenter!!

Denne er uansett strikka av ein tråd Hverdags og ein tråd Sporty (frå Nille).

tirsdag 27. mars 2012

Islenderlue? Aldri høyrt om slikt;)


Etter at eg strikka ein islender til gubben, vart det litt garn igjen. No vart det ei lue:) Greitt å strikke samme mønster som gensaren, då. Eg har mykje større hovud enn mottakaren, men han var ikkje tilgjengeleg som modell, så då fekk eg heller berre bruke meg sjølv som modell igjen:)

Oppskrift på lua hadde eg ikkje, men eg laga noko som liknar ganske mykje på ein islendar.... Vegen blir til medan ein går, ikkje sant? Det er i stor grad sant når eg strikkar:)

mandag 26. mars 2012

Ok, det er vårleg, men eg strikkar luer likevel;)



Eg held på med ein Still Light-tunika, og den er no for omfangsrik til å bli med i veska. Så då må eg ha noko småtteri på pinnane innimellom. Det har for eksempel blitt ei lue i det relativt nye garnet Hverdags. Eg strikka ein flette"vrangbord" med dobbelt garn, og så gjekk eg over til enkelt garn og auka litt i maskeantal. Eg anar ikkje om nokon kjem til å bruke denne. Foreløbig vert den lagt i reservekassa på soveromet;)

tirsdag 28. februar 2012

Gåveinnpakking kan vere kjekt!


Då mormora til Prinsessa mi kom med bursdagsgåve, vart eg inspirert til å kopiere litt. På bildekollasjen ser du ein pakke med raudt papir og raude tova hjerte. Det var så enkelt og kult at eg måtte prøve!

Eg fann eit nøste tovbart garn i høveleg farge, og så strikka eg riller til det var slutt på garnet. Ei runde i vaskemaskina, og ut kom eit godt tova tøystykke. Så då var det berre å klippe og kose seg!

Det vanskelegaste var faktisk å få det kraftige hampetauet gjennom dei tova hjerta.... Nåla gjekk sjølvsagt greitt gjennom, men tauet ville nødig bli med. Så då eg seinare fann litt tynnare tau var det ei lett avgjerd å kjøpe;)


søndag 19. februar 2012

Minisokkar og lue


Det er kos å strikke miniatyrplagg:) Det går fort, og eg har ein ide om at det kan kome godt med for ein eller annan liten prematur baby. Her vart det eit par sokkar og ei lita lue. Og enda er det meir garn igjen, så kanskje blir det meir?

onsdag 15. februar 2012

Gubben har fått seg ny lue


Eg såg nokon som hadde tenkt å strikke denne lua, og vart frista til å herme. Oppskrifta vert kalla Jacques Cousteau Hat, og du kan finne den på ravelry, for eksempel ved å klikke her!
Enkel og grei, og strikka i kraftig ullgarn blir det varmt og godt. Dette garnet kjem frå Nille, Sporty superwash. Oppbretten er så brei at det ikkje er fare for at den skal "ramle ned".

lørdag 4. februar 2012

Eg har nye sokkar:)

Endeleg har eg klart å strikke meg nye sokkar! Det er rart at det er så kjedeleg å strikke sokkar? Men no trengde eg eit par nye, og garnet har venta på meg lenge. Arwetta Classic, eg har aldri prøvd det før. Men det er eit godt garn! Og så er fargen nydeleg:)

fredag 3. februar 2012

Prematurteppe

Eg har strikka nokre heilt enkle rillestrikka babyteppe. Det eine er litt stort, 50x70 cm, dei to andre er 40x40 cm. Desse skal sendast til prematuravdelinga i Ålesund, saman med nokre små sokkar eg tenkte å strikke.
Garnet er reint ullgarn frå Tyrkiashopping...

lørdag 21. januar 2012

Regnbogekjole

Minstemor er veldig glad i regnbogen. Så då vart eg inspirert til å strikke ein kjole/tunika i regnbogefargar. Fargane er sterke og klare, og står i stil til kvarandre, syns eg, men dei kunne nok ha vore sartare for å gje eit meir "luftig" inntrykk.
Garnet er Rauma Finull, der er det visst over 100 ulike fargar tilgjengeleg. Imponerende!

Oppskrift? Neida;)


lørdag 31. desember 2011

Islendaren er ferdig, hurra:)


Gubben min gjennom 20 år hadde lyst på ein islendar, så då måtte han sjølvsagt få det. Denne er strikka i Mitu, blanding av ull og alpakka. Om du ikkje har prøvd garnet før, er det vel verdt eit forsøk! Eg syns i alle fall at garnet er mjukt og godt, og plagga vert stødige og fine. Tunikaen min har blitt brukt flittig, og den held seg fin.

Årets siste lue, heilt garantert:)


Denne er alt i Oslo, den vart med på lasset ilag med ei av dei kjekke jentene eg er tante til. Den er strikka i riller på tre rette og tre vrange omgongar, og elles berre tilpassa for å bruke alt garnet... Det gjekk fint, eg hadde igjen nokre få cm etter å ha festa tråden.

Easy er eit behageleg garn, og det går jo superfort å strikke ei lue på pinnar 7!

Takk til minstesystra mi for å stille som modell:)

tirsdag 27. desember 2011

Nokre luer igjen!

Eg har strikka litt... No går det på luer, mest fordi eg eigentleg skulle ha gjort ferdig islendaren til gubben. Den må eg montere no i romjula!

Eg har strikka to luer i Alfa. Den eine har tantebarnet mitt fått i julegåve, den andre ligg i kassa og ventar på vidare skjebne.