
Å vere ein såpekokar har ikkje vore noko heiderstittel. I alle fall her lokalt er det å vere ein såpekokar ganske negativt lada, det vert gjerne nytta om nokon som ikkje gjer noko fornuftig, eller berre surrar rundt med småting? Andre tolkingar må gjerne meldast inn:)
Men i dag har vi prøvd å vere ekte såpekokarar. Eller såpestøyparar, kanskje. Eg trur eg har fått ein ny hobby, og eg er redd det kan bli heimelaga såper i gåver til mange framover;) Dette var kjempestas, og så enkelt at to stk prinsesser kosa seg og ville assistere. Ei stund, i det minste.... Etterkvart frista leikeplassen ute meir:)
Det var Hareid og Ulstein Venstre som stod bak arrangementet, men to dyktige damer frå Giske Venstre hadde kompetansen og lærte oss korleis såper kan bli til. Og så lærte vi at mange av dei industrielt framstilte såpene er utan glyserin, og at glyserin er viktig fordi det kan halde på fuktigheit. Dermed vert våre såper med glyserin betre for tørre hender.
Eg kjøpte med meg litt såpebase, parfyme og fargestoff, og kjem til å organisere meir såpekoking på heimebane om nokre månader. Vi må nok fyrst bruke litt av alle såpene vi har! Og så må eg investere i silikonformer:) Det fins jo så mange fine kakeformer, og det gjer ingenting å bruke dei til såpe av og til! Men eg vil kanskje anbefale å vaske vekk såpa godt... Eg trur ikkje muffins med sjokoladebitar og såpesmak vil bli ein stor slager.
