Viser innlegg med etiketten prematur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten prematur. Vis alle innlegg

tirsdag 7. august 2012

Gammalt nytt?

Eg har visst ikkje vist fram sjalet eg strikka til "svigerdotter" Julia. Det er ei stund sidan det var ferdig, og det er ein månad sidan ho fekk det i bursdagspresang. Men her er det:
Ho var på besøk her i pinsa og lånte sjalet mitt. Då Musikanten kommenterte at ho likte det veldig godt, kom eg fram til at eg kunne strikke eit liknande til henne. Fairytale er deilig og mjukt, og sjalet vert varmt og godt!

Elles har eg strikka to kuvøsegensarar, det kan nok bli fleire. Det er lett strikk, sjøl om eg eigentleg syns to rett og to vrang er kjedeleg. Når plagga er små, vert det overkomeleg likevel.

Her fekk ei av dokkene låne gensaren ei lita stund. Og den passar faktisk veldig godt! Oppskrifta er svært enkel, men smart. Eg trur nok at denne gensaren kan passe mange små, i ganske ulike størrelsar.
 
Gensarar med korte ermer er fint til mange sesongar:) Det er ikkje overveldande varmt på Sunnmøre om sommaren, så det er greitt med korterma strikkeplagg. Og til vinteren kan eg vel også bruke den, eventuelt med ein gensar under. Denne er strikka frå toppen og ned, oppskrifta fann eg på Ravelry, men den vart meir fri fantasi etter ermene.
Her kan du sjå korleis den ser ut i originalversjonen. Til denne brukte eg Drops Baby Alpakka Silk.

.

søndag 19. februar 2012

Minisokkar og lue


Det er kos å strikke miniatyrplagg:) Det går fort, og eg har ein ide om at det kan kome godt med for ein eller annan liten prematur baby. Her vart det eit par sokkar og ei lita lue. Og enda er det meir garn igjen, så kanskje blir det meir?

fredag 3. februar 2012

Prematurteppe

Eg har strikka nokre heilt enkle rillestrikka babyteppe. Det eine er litt stort, 50x70 cm, dei to andre er 40x40 cm. Desse skal sendast til prematuravdelinga i Ålesund, saman med nokre små sokkar eg tenkte å strikke.
Garnet er reint ullgarn frå Tyrkiashopping...

tirsdag 26. juli 2011

Prematurstrikk igjen



Det var ikkje store strikkeprosjekt på ferieturen, men bittesmå prosjekt er fint av og til. På dagtid var det for varmt og klamt til å strikke, men på kveldstid, derimot, då var det kjekt å strikke litt.
På altanen kunne eg få sol på beina medan resten av meg var i skuggen, og det passa flott:)

Det vart eit skråstrikka babyteppe, og eit par bittesmå sokkar, og ei lue av restegarn. No er både desse tinga og luene frå tidlegare vaska og klare til å sendast til prematuravdelinga i Ålesund.

tirsdag 28. juni 2011

Prematurstrikk


Eg vart frista igjen:) Fine fristelsar skal ein gje etter for. No var det ei jente her som inviterte til å strikke til prematuravdelinga i Ålesund, og det syns eg var ein knakande god idé. Det er supert å ha noko sånt lite med seg i veska:)

No har det blitt 4 små luer, i varierende storleik. Den minste er passe til den minste babydokka her i huset, den største er passe til den største... Og eg reknar med at også babyane som er fødde for tidleg, har ulik storleik;)

Eg har brukt opp eit nøste baby cashmerino frå Debbie Bliss, og så litt andre merinorestar i tillegg.

Dokka som eg leita fram som prøvedokke, måtte få tøfler. Det syns minstemor var HEILT nødvendig, faktisk. Desse vert ikkje leverte til sjukehuset;)