Viser innlegg med etiketten planar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten planar. Vis alle innlegg

mandag 13. august 2012

Kvardagen melder seg igjen

Det er ikkje til å kome forbi. Sommaren er slutt, i alle fall er alle snart på plass i den vanlege aktiviteten igjen. Skule for nokre, jobb for dei andre. Vi som går på jobb, er jo i gang alt... Men så lenge skulen ikkje har kome i gang, er det litt rolegare enno også for oss vaksne.

Neste veke er det på'an igjen, med fritidsaktivitetar for store og små. Det blir kjekt, men eg veit også at det blir hektisk.

Eg trur jammen eg skal vere flink husmor, i alle fall på enkelte felt, og legge opp til vekesmeny igjen. Det har eg gjort før, og det var godt å ha tenkt ferdig i forkant! Då er det lettare å kome heim og gå igang, heller enn å "måtte" innom butikken og leite på måfå i hyllene, med det evige spørsmålet: Kva skal vi ha til middag?

Ulempa med å ha planlagt i forkant er at det kan skje uforutsette ting, slik at middagen rett og slett ikkje kan gjennomførast etter planen. Men då får vi heller bytte litt om på dagane? Eg trur det må til. Så no vert det tenking ein gong i veka i staden for kvar dag. Rasjonelt!

Kanskje eg kan gjere det slik på andre felt også? All jobbtenking blir lagt til mandag mellom 13 og 15.30. Resten av veka skal det ikkje tenkast ein fornuftig tanke. Dette kan bli gøy! I alle fall interessant;)

søndag 1. januar 2012

Årsoppgjer:)


Eg har sett litt over kva eg har brukt 2011 til. Jaja, eg må vel innrømme at ikkje heile livet mitt blir lagt ut i bloggen.... Men det eg har laga, blir vel presentert her;)
Bileta ligg jo alt i bloggen, så her laga eg ein ørliten kollasj av noko av det eg har strikka. Og så kan eg vel telle over!

Eg startar med det høgaste talet: 17 luer!
2 par vottar, 4 par sokkar, 1 par tøfler, 2 panneband, 4 halsar/kragar, 3 sjal/skjerf.
1 vest, 2 jakker, 2 gensarar, 2 toppar, 3 babyteppe, 4 tunikaer.
Og så litt småplukk, som dokkekjole, gryteunderlag, dokkesovepose, leggvarmarar.
Til saman har eg rapportert inn 52 ulike ting.

I løpet av 2011 har eg strikka opp 7695 gram garn. Det er faktisk rekord sidan eg starta å halde kontroll på slikt. Men det er ikkje så store skilnader på kor mykje eg brukar frå år til år, ser eg.

Målet for 2012 får vere å strikke fleire sokkar og færre luer.... Men samtidig tenkte eg nylig på at det sikkert er behov for fleire prematurluer og sokkar, og kanskje teppe også. Det skal eg også få gjort meir av i løpet av året!

tirsdag 20. september 2011

På tide å sortere planar igjen?

Det er greitt å ha mange planar, men no går det over alle støvleskaft. Eg er overbevist om at det er ein allergisk reaksjon som gjer det...

Eg held nemlig på med eit par ekte raggsokkar, av uvenngarn. Og garnet er skikkeleg uvennlig, eg klør i augene av å strikke med det! Jauda, det vert gode, solide raggsokkar av slikt garn, men eg kjenner at eg har veldig lyst til å strikke alt mogleg anna. Eg prøver å vere flink jente, og ikkje starte på noko anna før den andre sokken er fullført....;)

Ikkje nok med at eg har mykje lekkert garn som eg har lyst til å strikke av, no har eg også massevis av uvennlig garn som eg bør strikke av. Men det kjem eg til å vente med. Raggsokkane er eitt bidrag, det får halde ei stund.

Gubben ventar (trur eg) på islendaren sin. Den skal han nok få før jul. Kanskje.
Han burde også få nye bunadstrømper.
Elles tenkte eg å strikke ein regnbogefarga gensar eller tunika til minstemor, garnet ligg klart til denne også.
Eg har mange nøste med deilig garn som er tenkt til luer og kragar, gjerne med fletter etc. Nokre slike kunne vere julegåver, om eg berre kom i gang....
Stadig flyttar eg rundt på 4 ferdig oppnøsta Wollmeiser som skal bli Still Light med tida.
Og eg oppdagar at eg treng nye sokkar til hausten, men det skal ikkje vere i raggegarn;)

Jaja, det er vel berre å sette i gang!

Etter at eg er ferdig med raggsokkane, ja....

fredag 20. mai 2011

No veks planane snart over haudet på meg!

Eg har stadig nye ting eg vil lage. Og så gløymer eg dei nesten like fort....

Akkurat no har eg til og med garn til fleire prosjekt, så det er jo berre å strikke i vei!

Eg har garn, mønster og klar plan:
Islendar til gubben (Mitu)
Tunika til meg sjølv (Mitu)

Og eg har garn utan heilt å ha konkludert, men eg trur Cotton Light skal verte ein kjole til minstemor igjen... Eller ein tunika.

17.mai kom eg igjen på at eg burde strikka eit stort svart sjal, som kan vere nøytralt nok til å varme utanpå bunaden.
I tillegg burde eg strikke nye bunadstrømper til gubben, for dei han har er faktisk litt store i foten, og dessutan har dei blitt misfarga av bunadskorne. Eg trur nok at det blir å klippe av og strikke ny fot, eg er ikkje såååå glad å strikke i havskum-mønster.

Dessutan har eg tenkt at eg kunne strikke ein genser til yngste tantebarnet, kanskje til bursdagen?
Gubben har forresten aldri funne den "rette" lua, det er alltid noko gale med dei han har.

Men før eg kan gjere noko anna, må eg strikke ferdig ein topp til meg sjølv. No har eg rekt opp att fleire gongar, så eg er eigentleg litt lei av heile prosjektet, men eg skal bli ferdig etterkvart!

tirsdag 25. januar 2011

Hjelp, det veks i prosjektkorga!

Eg var så tøff i trynet då vi gjekk inn i det nye året. Og så tek det tre veker før kaoset er komplett...

No held eg på med ei jakke til meg sjølv, det er ikkje mykje igjen på den, i tillegg har eg eit skjerf på gang, har lova å strikke ei lue til ein kollega, og har starta på ein vest til eldstejenta. Og så vil minstemor at eg skal strikke ein tunika til henne. Og gubben har nettopp kasta eit par sokkar fordi det var hol på dei. Nye snart? Jepp, det er vel slik det skal vere... Eg må snart bli ferdig med noko av dette! For eksempel jakka, den er eg spent på!

Dessutan har eg tenkt at eg burde strikke noko til ei hyggeleg dame eg kjenner. Ho gav meg eit spekekjøtlår, fordi dei hadde fått det, og ikkje er så glade i slikt. Men pengar skulle ho ikkje ha. Så då tenkte eg at kanskje eit eller anna heimelaga kunne vere koseleg. Problemet er berre å kome fram i køen....

mandag 3. januar 2011

Absolutt siste fri før arbeidsdagane tek til igjen:)

Det er utruleg deilig å ha ein ekstra feriedag etter at dei fleste har starta på jobb igjen:)
Det var planleggingsdag på skulane, og sidan eg har redusert stilling, skulle eg ikkje vere med på denne dagen. Heilt fint for meg. Eg burde ha teke bilete av dei 10 brøda eg laga, men det gjorde eg ikkje... Og eg tok heller ikkje bilete av den store bunken med bilete eg limte inn i fotoalbum, det hadde kanskje sett rart ut? Bilete av bilete, og alt det der.
Derimot tok eg bilete av vottane eg strikka i går. Oppskrifta er ca omtrent blånissevottar, henta frå Månetoppen-heftet. Garnet er ikkje heilt blått... Det vart for fristande å bruke Noro Kureyon som eg fekk i kalendergåve. Det er stilige fargar, og to heilt unike vottar:) Litt små til meg, eg strikka i størrelse 10-14 år. Så då er dei førebels plasserte i gåvekassa.
Eg har handla garn til ei jakke i dag. Den oppskrifta fann eg i boka Norsk strikk, der allslags gamle og nye oppskrifter er samla. Det er litt kjedeleg at ei så ny bok har så gamle oppskrifter at garnfargar er utgått... Denne jakka skal strikkast i Sisu og Kitten Mohair, og den eine fargen i Kitten fins ikkje lenger. Så då må ein gjere endringar utan å eigentleg ville det. Litt surt. Men eg trur jakka blir fin etterkvart;) Har ikkje fått starta enno, men snart, snart!!

Elles er det no på tide å brenne opp alle raude lys:) Det er så koseleg med jul, eg vil helst ha den her ei stund til. Men om nokre dagar går nok juletreet på hovudet ut verandadøra, og då blir resten med på kjøpet. Fram til det er det berre å nyte alt av lys og kos i fulle drag.
Ingen minimalisme her!
Nyt januardagane!

Posted by Picasa

lørdag 1. januar 2011

Årsmelding 2010


Godt nytt år!

No er det på tide å sjå kjapt tilbake på året som er omme, før vi vender snuten mot det nye;)

Eg syns det er litt morsomt å telle over kva eg har laga i løpet av året som gjekk.

Det er ikkje så rart at det er flest luer på lista, kanskje?

21 luer og eit panneband....
8 kjolar/tunika
8 par sokkar
3 skjerf
3 sjal
1 skjørt
3 par tova tøfler
1 tova katteseng
1 klut
2 halsar
1 sett nisseklede

Kva skal ein lese ut av dette?
Kanskje er det ikkje behov for å strikke 20 luer kvart år, men det er så greitt å ha slike småprosjekt i veska... Eg har tenkt på at eg snart må strikke ein gensar eller ei jakke til meg sjølv, det er lenge sidan sist. Og eg trur det er kapasitet til å ta imot fleire strikkasokkar i nærmiljøet.

Forresten ser eg ein ting til: Ikkje eit einaste vottepar har forlete strikkepinnane mine sist år! Det er for gale! Så passar det jo utmerket at det fyrste prosjektet i Topp til tå-alongen på hobbyboden skal vere vottar. Det er berre å gå til verket:)

fredag 10. september 2010

Kloke ord på ein fredag

Fredag er ein fin ting. Fredag med zumba-trening, frisør og litt småplukk er ein veldig fin ting. Helgevask, planlegging, rydding, klesvask... Jaja...

Det blir ei hektisk helg: Laurdag skal vi i kyrkja for å øve til søndagens utdeling av kyrkjebok til 4-åringen:) Deretter skal vi i kyrkja eit par timar etter for å sjå brudepar! Klokka 20 er vi invitert til kaffi i bryllup, men innimellom der har vi nokre timar ledig. Då er vi invitert i selskap til to syskenbarn. Det syns sjølvsagt jentene er stas.

Søndagen reknar eg med at vi er trøytte etter bryllupsfeiring, men vi skal som sagt i kyrkja for å sjå at minstemor får kyrkjeboka si. Og deretter skal vi i selskap til gubben si mormor, som fyller 93 år.

I dag passar det godt med eit sitat av Ole Henrik Magga:
En ting er å legge planer. Noe ganske annet er å vite hvor man har lagt dem!

Lykke til med planlegginga di;)

tirsdag 3. august 2010

Kven har laga den store haugen i strikkehjørnet mitt?

Nokon har laga kaos i hjørnet mitt! Det er eit perfekt strikkeprosjekthjørne, eit slikt ope rom som du får når to sofaer står side ved side... Omtrent ein kvadratmeter, som vanlegvis er greitt å finne ut av. Men jammen har nokon laga rot her no!

Det er posar overalt. Ulike strikkeprosjekt i ulike posar, eller garn til dei ulike prosjekta... Strikkepinnane er omtrent på plass i permen sin, men dei er litt vidløftige dei også. Hjelpe og trøyste!

Opptelling?

Eg har ein halvstrikka kjole, den potensielt lekre flettekjolen frå Maskepi.
Elles har eg ein pose med garn til den, sjølvsagt.
Vidare:
Tunika i Paris, det er den eg strikkar mest på no for tida. Og sjølvsagt har eg litt garn til den også.
Ein pose med to "nissar" som svigermor vil ha klede til. Så då har eg litt halvstrikka klede og garn til dette formålet.
Ein haug med oppskrifter.
Ein pose med ein nesten ferdig tjukkelest, og garn til den andre.
Ein lett rotete haug med restar/halve og heile nøste som eg har vage planar for.
Og så bur visst pc-en med to (!) pc-vesker i same hjørne, og ledninga til Prinsessa sin Nintendo dsi ligg i ein floke innimellom pc-ledning og tråd.

Dessutan har eg lyst til å strikke sjal av Wollmeisehespa mi. No har eg lyst til å strikke Little Shells. Men det kan jo alltids endre seg...

No trur eg at eg må strikke litt:)

onsdag 10. mars 2010

Planar igjen?

Eg har ikkje langtidsplanar for strikkinga for tida. Det er kos å vurdere litt kva eg har lyst til å lage, og veldig ofte blir det tilfeldig. Sokkegarn ligg nær, og så strikkar eg sokkar. Eller nytt garn blir til ei lue. Eller ei av jentene har veldig lyst på noko i rooosa, og dermed blir det enda ein ting til jentene...

No har eg tenkt ei stund på å strikke gensar til meg sjølv. Eg har mange gensarar, men det er berre to eg brukar ein del. Og dei er gamle! Med godt ullgarn blir dei jo ikkje utslitne... No har eg lyst på ein ny gensar, men eg veit ikkje kva. Ein dag har eg lyst på gensar, neste dag har eg meir lyst på tunika. Og så har eg litt lyst på ein kjole til, og i alle fall har eg lyst til å strikke den søte gensaren til tantebarnet.

Eg er nok litt vinglete.

Så det blir gjerne ei stund til eg kjem i mål!

I helga skal vi på hyttetur, og yr.no melder snø heile helga! Det betyr korte økter ute, lange økter inne:) Då må strikkepinnane vere med. Så no har eg pakka strikkesaker, til eit par tøfler og ei jentelue. I tillegg må vel sjalet i Wollmeise bli med...

fredag 1. januar 2010

Godt nytt år, med sjølvmelding


Rakettene er ferdige, 2010 har kome i siget. Det ser lovande ut enno! Vi har hatt fint ver, og nytta dagen til sparktur med kanina på fanget:)

I slike tider er det visst vanleg å sjå litt tilbake på året som gjekk. Kva fekk vi ut av 2009? Det er ikkje alt som er like lett å telle opp, men på hobbysida går det i alle fall an å få ei viss oversikt.

I året som gjekk har eg brukt opp 7621 gram garn. Det er litt meir enn året før!

Dersom eg tel prosjekta, har eg laga 77 ulike ting!

Det har blitt klart mest til å ha på toppen:) Heile 25 luer/ panneband, i tillegg til 6 vottepar, 9 par sokkar, 6 kjolar/tunikaer, og så har eg laga siteunderlag, fleire par tøfler, kjøkenklutar, shorts og topp, puff daddy, vesker, skjerf, hals og diverse slikt.

No er det blanke ark og nye muligheiter. Eg har ein kjole til meg sjølv på pinnane, det garnet kjøpte eg 28.des, etter å ha sikla litt på det rett før jul. Fyrste dag med open butikk måtte eg berre stille opp;)


tirsdag 22. desember 2009

Juleferie!

Vi har ferie! I alle fall 4 av 5 husstandsmedlemer... Borna og mor har ferie, pappa må på jobb i morgon også.

I dag hadde vi ein fin dag på jobb, det må eg innrømme. Fyrst var eg med på å dekke bord og planlegge middag for alle tilsette, så var eg med ei klasse i kyrkja på skulegudsteneste. Deretter var det ein snartur innom klasseromet for å sende elevane heim, før vi kunne sette oss til bords og ete god julemiddag med alt som skal vere med. Det var ei fin stund!

Eg har ikkje gjort så mykje som eg skulle ønske før jul, men det har vi vel sjeldan... Både i går og i dag hadde vi besøk, og det gjer at det ikkje vert vaska den stunda! Derimot er det mykje koseligare å ha nokon å skravle med... I morgon har eg ei lang liste: Juletreet skal inn og det skal pyntast, eg må gjere klar den siste julegåva, handle blomster, stova og kjøkenet må ha ein grundig vask, eg skal tøme oske i omnen, vaske litt klede, legge på nokre raude dukar og henge opp litt julepynt. Hmmm, rekkefølga vart faktisk nesten så feil som den kan bli her... Men eg skal i alle fall ha ting gjort!!

Dagen er lang, ja? Ikkje når du har ei farmor som fyller 96 år og skal ha bursdagsselskap klokka halv seks:) Men eg må vel berre kome meg opp om morgonen slik at eg klarer å få unna ein del av det eg har tenkt! Og så vert det nok vasking og herjing etter leggetid for jentene i morgon, ja.

Burde gjerne levert borna på barnehage og SFO, men det har eg sagt at dei ikkje skal. Dei vil også ha ferie no... Så no er det best å legge seg, så eg har litt energi til i morgon. Forresten er det som oftast ikkje energien som er problemet, men tida...

torsdag 5. november 2009

Planlegging er halve moroa

Eg er glad i å planlegge det meste. Eg er sikkert påverka av mamma, eller er det genene som gjer det? Uansett er det stor stas å lage lister over det meste. Kva som skal handlast er sjølvsagt. Men eg må ha lister over kva eg skal gjere, lage, langtidshandleliste...
Og så ei liste over kva eg skal lage på hobbyfronten:) Det er lenge sidan sist, så eg hadde ei økt for noko sidan då eg rett og slett ikkje hadde eit einaste prosjekt på pinnane. Eg visste heller ikkje kva eg skulle sette i gang med!

No har eg ikkje tenkt så lenge, men eg kan jo starte på ei liste, og oppdatere den av og til?

På pinnane no:

Jakke til prinsessa, typen som vert strikka rundt
Novemberlua i alongen på Hobbyboden

Planlagt:

Fikse på den blå tunikaen min
Eit par sokkar til gubben
Eit par sokkar til meg
Babyplagg - når eg veit kva farge det skal vere...
Tova vottar i Finull, til meg og fleire?
Kjole til meg sjølv er på ønskelista. Kanskje?


Elles er det snart jul. Eg skal prøve å handle julegåver i god tid. Og så skal eg prøve å starte tidleg med vasking og denslags.

I går vaska eg inni badeskapa mine! Det er godt med alt som er gjort, ikkje sant?

søndag 14. juni 2009

Arbeidsledig...

Dette er litt rart, og litt kjedeleg. Eg har ikkje funne ut kva eg skal lage no! Eg har ingen prosjekt som ventar på meg, og har i dag surra rundt på nett og i oppskriftbunkar på leit etter noko fristande.

Baby på vei i slekta gjer at eg er mykje innom slike sider, men så veit eg ikkje kjønn, og syns det er kjedeleg å strikke mange av dei nøytrale plagga.

Dermed har eg ikkje kontroll på kva eg skal ta fatt på.

No trur eg at eg tek alpakkaen og strikkepinnane fatt, så får vi sjå kvar vi endar;)

tirsdag 17. februar 2009

Planlegging er halve moroa!

Planlegging er ein fin ting. Det gjeld både husarbeid, ferie og andre syslar. Eg har nok lært av mora mi å lage lister over alt mogleg. Eller kanskje det ligg i genene? Eg likar i alle fall å planlegge. Og dersom listene er detaljerte nok, ser eg at eg har gjort noko! Så enkelte dagar kan lista mi innehalde bittesmå ting, til dømes å tøme oppvaskmaskina, sette på 3 vaskemaskiner, rydde i aviskorga og vatne blomster. (Pussig at klesvask ALLTID er med på lista....) Dette er den eine lista, ikkje sant? På den andre lista har eg det som eg ikkje må gjere i dag, men i løpet av ei veke eller to. Som å lime inn 300 bilde i fotoalbumane. Eller rydde i skapa på loftet.

Her i bloggen har eg av og til hatt lister over kva eg skal lage, enten strikke eller på andre måtar. Det er jo litt greitt å vite kva eg har tenkt, så eg ikkje går og stussar når eg har felt av eit prosjekt. Då blir det så skrekkelig tomt nokre timar!



Undervegs:
Strikka bukse til prinsessa
Sokkar til prinsessa

Planar:
Luer kvar mnd
Nye tova tøfler til mannen
Nye sokkar til meg sjølv
Støype stearinlys
Makramesmykke
Andre smykke?

onsdag 1. oktober 2008

Eg vil lage såååå mykje!

Eg blir litt stressa av alt eg vil lage, men ikkje får gjort!

Berre noko av det eg har tenkt dei siste dagane:

leggvarmarar til prinsessa, i mørk rosa (etter ynskje)
lue til eit par svogerar
tova vottar til minstemor
hals og panneband i alpakka til meg sjølv
mønsterstrikka tøfler
barnehagegenser til minstemor
ullbukse til begge jentene, særlig minstemor.

Lista som er lagra under favoritter (i mappa for hobbyoppskrifter) vert lengre og lengre...

Og når skal eg få satt noko av dette ut i livet??

onsdag 11. juni 2008

Planar, ja....

Eg er litt i feriemodus, trur eg. Eg veit ikkje heilt kva eg skal lage eller gjere, og har funne ut at eg må legge inn ein plan igjen. Det har fungert før, og eg har hatt stor nytte av den. Så her er nokre tankar om kva eg skal gjere...

Sy små posar til strikketøy, småting mm
Strikke pulsvarmarar (kvar mnd)
Det stoooore garnmysteriet
Kjole til gullungen
Tjukkelestar
Msskemarkørar

søndag 27. april 2008

Kva skjer her, da?

Det vert visst lenger og lenger mellom oppdateringane? Eg har hatt hendene fulle den siste veka, gullungen har vore sjuk og klengete. Det er ikkje behageleg å ha 40 i feber mange dagar i strekk, og det krev at mamma er tilgjengeleg med eit fang... I alle fall ganske ofte!

Men eg har strikka litt innimellom. Gensaren til prinsessa er undervegs. No er eg ferdig med bolen, men har brått møtt problem... Det er jo berre eit nøste igjen av det grå garnet! Og eg som skal strikke 2 ermer, med grå botnfarge! Så då vart det ei lita endring. Bolen er grå med rosa mønster (lus og setesdalsmønster), men ermene vert rosa med grå lus. Det må bli bra!

onsdag 26. mars 2008

Grå og rosa jentegensar på pinnane

OK, eg vart lei av å strikke lappar. Kvar lapp er på skarve 4 gram, så det monnar lite og inkje på garnlageret mitt også... No har eg litt over 20 lappar, og legg vekk det prosjektet ei stund.

Så kva no? Jau, ein gensar i grått og rosa, til prinsessa. Eg har leita og leita, men enda til slutt på ein setesdalsliknande variant i eit gammalt strikkehefte frå loftet. Eg strikka ein gensar i det samme heftet til musikanten då han var ca 6-7 år, så då er det 10-11 år gammalt!

I helga skal eg og gubben på kjærestetur. Det har ikkje skjedd på ca 15 år. Den gongen var vi på hytta åleine ei helg. No skeiar vi ut: Låner bort jentene til mormor og morfar, tek Hurtigruta til Trondheim og kosar oss der. Mellom anna skal vi på Ikea... Så fyller vi bilen og køyrer heim søndag.

Kanskje finn eg ein garnbutikk også? Nei, eg skal ikkje leite!

tirsdag 26. februar 2008

Planar?

For 4 mnd sidan hadde eg planar om å gjere dette:
eit par pulsvarmarar
to par leggvarmarar
tre par tova vottar

strikka vest til prinsessa?
fleire isskrapevottar?
sokkar til både små og store:)
hue til musikanten


No er det ny liste på gang...

Det som står att, er lue til musikanten, det har eg gløymt!
Og sjølvsagt kan eg lage fleire sokkar, det er alltid behov for det.
Forresten vart det berre to par tova vottar, men det var eit bevisst valg:)


Så kva er det eg skal hugse å lage no?

Lue til musikanten (Tychus)
Pulsvarmarar (kvar mnd....)
Vottar til minstejenta
Alpakkaskjerf til meg sjølv

Og så spørs det kor mykje eg kjem på innimellom, ikkje sant?