Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Påska 2012 i bilete

Vips er påska fryktelig nær slutt... Det er rart med slike feriedagar, sjølv om ein har mange, er det altfor få;) Neida, det er ok å kome tilbake til kvardagen også, men eg trur det blir slitsomt å få opp både meg og jentene i morgon tidleg! No har vi kosa oss heime i heile påska, med små turar hit og dit, og mykje leik og kos utover kveldane. Då er det vanskeleg å snu, sånn heilt utan vidare. Kva har vi gjort i ferien?

Eg tok ikkje bilete av dei fyrste kveldane i påskeferien, då spela vi Dominion fleire gongar ilag med systra mi og den komande ektemannen:) Eg hadde lyst til å skrive "brettspelet Dominion", men det er ikkje heilt rett. Kortspel på bordet, kanskje?

Musikanten min kom heim og hadde lyst til å lage middag til resten av oss! Hurra, sa eg, og vi handla inn nødvendige ingrediensar til mozzarellafylt kylling, pakka inn i baconskiver, med potetbåtar og salat. Til og med salaten var ny for meg: Paprika, avocado og cashewnøtter. Enkelt, og nydeleg godt!

Eg hadde ikkje med kamera i badeland heller, så de får berre tru meg når eg seier at det var rett godt å få bade skjærtorsdag, sjøl om det var mange andre som også hadde tenkt det samme....

Langfredag tok vi turen til Bondalseidet. Minstemor og eg tok stolheis for fyrste gong. Vi overlevde;) På toppen gjekk vi ein tur på langrennski medan dei fleste andre i flokken sto på slalomski. Vi rakk også ein matpause før vi to tok stolheisa ned att:) Dei andre brukte skiene på veg ned, men så langt strekk ikkje minstemor sine skiferdigheiter....
I dag avslutta vi ferien med ein tur til Flø. Om du ikkje har vore på desse kantar, er det på tide:) Og er du på Sunnmøre, er det svært fint med ein tur til Flø, enten i sommarsol eller i storm og styggever. Der er naturen nær, storhavet er rett utanfor! Og du kan finne Moods of Norway sin kule butikk, og eit skikkeleg ambisiøst kunstgalleri. Jentene digga den rosa traktoren til Moods, og vi lurer no på om vi skal male den gamle raude traktoren her på garden rooosa:)

onsdag 4. april 2012

Skogstur med grilling!


Stormen Dagmar tok ansvar for ein del "skogrydding" i jula. Det vart ein god del arbeid til gubben og svogeren vår, i skogen som høyrer til garden. Dei har vore der mange laurdagar, og i dag tok vi ein heil storfamiliepiknikk der:) Det har jo kome ein heil del snø dei siste par dagane, og det var tildels fint ver i dag. Nokre snøbyger har det jo vore, men det var kjempekoseleg i skogkanten!

Vi hadde med oss appelsiner og Kvikk Lunsj, grillpølser og marsmallows, vi kokte kaffe på bålet, og minstejenta som var med, eit tantebarn på 2, sov ei økt under granene. Ho hadde det ganske fint, på liggeunderlag og med teppe over seg:) Nesten så ein skulle ha prøvd sjølv!

I dag var vi: mormora og morfaren, tre store døtre, to ektemenn, og 5 born i alderen 2 til 21... Rett nok hadde vi lånt ei jente, men ho passa fint inn i flokken.
Jammen er det fint å vere heime i påskeferien!

torsdag 29. mars 2012

Påskekyllingar IRL




Hareid barnehage er ein god barnehage, der gullungen min no er inne i sine siste månadar. Vi er så heldige at vi har dyktige, kjekke vaksne damer som arbeider der, og eit par foreldre med høner:) No har barnehagen fått låne nokre egg, og ei rugemaskin, "tilfeldig" plassert ut rett før påske. Borna har lært at egga skal rugast på i 21 dagar, og så kjem det forhåpentlegvis ut ein kylling av egget. I går hadde dei to fyrste kyllingane streva seg ut av egga, og i dag har dei fire neste blitt klekt. Borna er yre av begeistring, og eg må inn og sjå dei små mirakela kvar dag;)

Det er vel kanskje ein liten auke av større sysken som blir med for å hente barnehagesyskena også.... Ikkje så rart, for dei er såååå søte, desse små!

søndag 12. april 2009

Påske i fjellheimen

Det er ein litt rar ting, dette med påskeferie og hyttetur. Kvifor skal vi oppsøke vinteren når det endeleg går mot vår her heime? No har eg innfunne meg med at slik er det, og det er jo eigentleg ganske fint, da. Vi brukar å tilbringe delar av påska på hytta til svigers på Lesjaskog. Ein av dei tinga som er populært, er å skyte med luftgevær....
Gullungen (som forresten er stor nok til å kreve å bli kalt prinsesse) har ikkje prøvd å gå på ski før, men no fekk ho prøve. Det var ikkje mange meter, men ho gjekk i alle fall på ski. Det var viktig å gjere sjølv:)


Nedanfor hytta er det ein flott bakke som skulen og barnehagen i bygda brukar ein god del. Det er mellom anna laga til ei fin grue. Det ligg til og med nokre vedkubbar der, men vi tok med oss nokre kubbar frå hytta:)Ingeting er så godt som grilla pølser med litt røyk og bålsmak!


Yngstemor prøvde ski for fyrste gong. Men også storesystera fekk prøve noko nytt: Slalomski! Ho har aldri hatt lyst til å prøve, men no tok vi med slalomskia til bakken og prøvde i ro og mak. Det var litt nifst, og litt sure miner då det ikkje var så lett som ho hadde håpa... Det var likevel ein suksess, og fleire økter vart brukte i bakken. Ei herlig blanding av langrennski, slalomski og akebrett i ulike fasongar gjorde at det var kjekt å vere ute.


Eg har strikka ein del, og lovar å kome med oppdateringar om dette i morgon;)

mandag 6. april 2009

Litt påskeaktivitet

Jentene her i heimen er heldige nok til å ha ei mormor og ein morfar i nabohuset. Og i tillegg har mormora ei skikkelig stilig dokkevogn som jentene elskar å leike med. Det var min morfar som snekra denne vogna då mamma var liten.

Vi har ei nydelig strand her i kommunen. Det er litt for kaldt vatn for meg, stort sett heile året, men det er flott å dra dit på strandtur! Vi tek av og til ein tur for å grave i sanden, leite etter småkrabber og denslags. Det er ganske koselig.
Eg har ikkje pynta så mykje til påske, men bittelitt må det jo vere:) Her er ein vase med syrinkvistar, pynta med store mengder små påskeegg.


Gubben kan av og til finne på å lage mat. Det skjer ikkje så ofte, men det er stort sett alltid etter at han har sett ei oppskrift ein eller annan plass som han må teste ut. I kveld laga han bakte poteter etter ei oppskrift som han fann hos VG . Gratinerte, bakte poteter:) Det vart godt!

lørdag 4. april 2009

Påskeferie er ei fin oppfinning

Eg har sans for ferie og fridagar. Kven har vel ikkje det? No har vi nokre dagar heime før vi skal på hyttetur midt i påskeveka.

I natt hadde vi ei ekstra prinsesse på overnattingsbesøk, og det var veldig kjekt:) Jentene kosa seg, og dei sov nokre timar også:)

I dag har vi sett opp trampolina i hagen, til stor glede for både liten og stor.

Elles har eg eit nytt makramesmykke. Store treperler, mangekanta, litt rustikke. Det vart kult, ikkje sant?

onsdag 1. april 2009

Påska er redda:)



Gule lys, egg, kyllingar, kryssord, krim, godteri i påskeegg... Jada, det høyrer med. Men no ligg det til rette for ei staselig påske! Vi har to nye spel i heimen, Alias og Ticket to Ride. Eg er ikkje sikker på kva som kjem til å bli spelt mest, men eg veit at begge kjem til å bli brukt! Det er ei lita ulempe at Alias må spelast med minst 4 spelarar, så det er greitt å kunne ty til Ticket to Ride dersom vi er berre 2 eller 3.

Alias er eit spel der du har to eller fleire lag. Ein på laget trekkjer kort, der det står ulike ord. Du skal forklare til den andre på ditt lag kva ditt ord er, men sjølvsagt utan å seie ordet. Det er om å gjere å få flest mogleg ord på den tida du har til rådigheit.

Ticket to Ride er kjekt. Hovudelementet er å trekke kort, og ut frå korta du har på handa skal du bygge togbaner i Europa. Det er ein kombinasjon av litt flaks og litt strategi. Du får ekstra poeng for lange togstrekningar, og du kan øydelegge for motspelarane dersom fleire treng same togstrekning. Eg likar at flaks er eit element, då har eg ein sjanse mot dei som er dyktige strategar....

Begge spela er meinte for dei store, "aldersgrensa" er sett til 7 og 8 år.
Eg såg begge på ein Libris bokhandel i nærleiken i dag:)
No vert det påskekos!

onsdag 19. mars 2008

Småplukk frå påskefjellet

No er vi heime i lavlandet att:) Det har vore nok snø for laaange tider for min del... Ikkje er eg så veldig glad i å gå på ski heller, så det er egentlig berre fint å kome heim. Hytta har ikkje innlagt vatn, så ein dusj står høgt oppe på ønskelista etter å ha kome heim!

Pappaen og prinsessa var ute på små skiturar, medan eg og gullungen måtte halde oss litt nærare basen. Eg tok henne med på spasertur i beremeis, men ein blir jo så trøytt av det!

Her er det bevist: Prinsessa slo hovudet i takrenna då ho var ute og leika rundt hytta:) Meir enn nok snø....

Det fine med snøver og litt lite fristande utever, er at det vert meir tid til å slappe av med strikkepinnane. Eg har strikka eit par tjukkelestar av restegarn. Her har eg brukt ein tråd tynn Regia/ Opal, og ein tråd tynn alpakka. Dei er til prinsessa!

Og så ein hals i tynn alpakka, strikka uten mønster eller særleg mykje planlegging... Men den fungerer!

tirsdag 18. mars 2008

Helsing frå påskefjellet

Eg har ikkje med kabel til kameraet, men må seie hei likevel! Vi er no på Bjorli, og fann ut at vi kunne ta ein tur til Bjorli Apartment Hotel for å kjøpe is. Her er det trådlaust nettverk, så så kan vi surfe litt samtidig:)

Det er nok snø ute for mange års forbruk, og det kjem stadig meir. Dermed vert det ikkje allverdens tid brukt ute, desto meir tid til å slappe av inne!

Eg har strikka og kosa meg, er no snart ferdig med lue nr 3. Bilde kjem når eg kjem heim til kabelen min:)

Vi har av og til fått opp eit usikra trådlaust nettverk på hytta, men det er veldg tregt og ustadig. Dei siste dagane har vi ikkje kome inn i det heile. Så då vert det meir tid til å strikke!

Ha ei god påske!