Luegalskap i moderert versjon er i gang. Men eg må vel innrømme at det ikkje er heilt umogleg å klare 10 luer på 10 veker dersom eg skal fortsette med Eskimo-garn og pinnar nr 8;)No kjem eg ikkje til å gjere det....
Men dei to fyrste som er ferdige er i alle fall strikka i Eskimo.

Eg har strikka begge etter hovudet, men den eine har basis i tychus som eg har strikka før.

Tychus-lua vart perfekt til jentene, men dei syns den andre passa best til mamma:) Eg trur det kan stemme at den passar best til eit større hovud, men ikkje mitt....

Eg må berre vise fram lykta mi utanfor døra. Det er litt vakkert med lys i mørket!

Det er godt at det er helg. Det har vore ei hektisk veke, med tillitsvaltarbeid over heile fjøla. Eg er hovudtilitsvalt i FO, og denne veka var det lokale lønsforhandlingar, representantskapsmøte i Molde, kombinert med førebuing til kongress. Og i tillegg eit kurs gjennom jobben, og alt det andre vanlege... Det er godt at ikkje alle veker skal ha så mykje "rart" på ein gong. Eg likar kvardagane ganske godt, kjenner eg.
Og akkurat no likar eg laurdagar veldig godt også.
Gubben har teke med seg Prinsessa på fotballturnering, og eg og minstemor skal kose oss heime. Litt shopping, litt husarbeid, litt kos og matlaging:)
Ha ein fin laurdag!!