Viser innlegg med etiketten krage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten krage. Vis alle innlegg

søndag 30. oktober 2011

Varmekjelder

Eg har strikka jamt i det siste, om ikkje i så store mengder... Men noko blir det jo! No har eg to halsar og ei lue å presentere:)
Lua er frå garnstudio, og du kan finne oppskrifta på Florence der. Eg brukte ikkje rett garn, for eg hadde alt strikka ein slags hals, og ville ha ei lue til. Dermed vart lua litt lita til meg, men så er det jo mange som har mindre hovud enn meg her i verda! Garnet er Drops Extra fine merino, og det gjekk ganske nøyaktig eit nøste til lua.

Under ser du halsane eg har strikka. Dei to er like, men blir ganske ulike i uttrykket når garnet er så ulikt.
Den blå er strikka i Sulka, eit deilig garn! Det brune er altså Extra fine merino, som lua. Eg ser at det er ganske stor fargeforskjell mellom dei ulike bileta, men det er altså eitt brunt og eitt blått eksemplar:)

Eg klarer ikkje å finne igjen kvar eg såg denne "halsen" eller sjalet, eller kva eg skal kalle det. Det er så enkelt at eg ikkje trengde å skrive ut eller lagre oppskrifta, og no har eg ikkje kontroll på opphavet lenger... Det er rett og slett ein firkant, starta med 3 masker, auke ei maske i starten av kvar omgong til du har ca 50 masker, og så felle i starten av kvar omgong. Hekle kant rundt om du vil:) Eg laga knapphol i heklekanten.

Desse er perfekte til kalde dagar med litt for utringa overdel! Kneppinga skal vere i nakken, men det kan ein sjølvsagt variere etter ynskje.

fredag 7. oktober 2011

Misti-hals

Eg har fått ei lita dille, eg strikkar halsar. Eller kragar, om du vil.
Det går nok over etterkvart, men no har eg i alle fall laga ein hals med ribbestrikk og litt element av fletter. Oppskrifta fins ikkje, berre i hovudet mitt. Men det er jo ikkje stor kunst heller...
 

Eg hadde tre nøste med Misti, kjøpt utan konkrete planar. No er det blitt eit varmt og mjukt "plagg" av det. Eg veit ikkje kven som kjem til å ende opp med dette, kanskje skal eg ta med litt småtteri til jobb og sjå om nokon har behov for noko av det eg har liggande? Ein kollega har teke med seg eit par kasser med tjukkelestar og tøfler, og eg kan sjølvsagt ta med litt av det eg har:) Om eg får nokre kroner for det, er det jo hyggeleg, så har eg litt å handle meir garn for;)

Posted by Picasa

torsdag 29. september 2011

Sjå, ho strikkar;)

Det er ikkje all verdens tid til å strikke når ein er på Londontur. Men på flyet, og litt på flyplassen, og kanskje ei halv runde medan ein ventar på andre... I alle fall har eg laga ein hals. Oppskrifta fann eg på nett, her er ei Ravelry-lenke. Eg brukte Drops Extra Fine Merino, og må innrømme at eg la opp litt færre masker enn oppskrifta. Men eg tenker at halsen vert stor nok, eg! Den går to gongar rundt halsen min, men då er den litt vel tettsitande. Etterkvart finn eg nok ein eigar som vil ha den:)

Før Londonturen strikka eg uven-sokkar. Ikkje at sokkane er så uvenlege, men garnet er ei gåve frå ein hemmeleg uven. Og det er litt hat over dette raggegarnet. Det klør i augene når eg strikkar med det! Godt gjort, ikkje sant?

Men no er sokkane ferdige, og eg trur dei er gode å ha på seg. Eg lurer på om eg skal gje dei vekk til Musikanten. Han treng sikkert fleire varme sokkar til vinteren. Dersom eg sender med ei karamell eller to, vert han sikkert glad.

Sist eg sende ein pakke, fekk eg denne tilbakemeldinga på facebook:
Ditt vesen er som fløyel blant gråstein, som silke mellom staur og kongeørn blant småspurv. Din kropp er som ei antilope mellom nashorn. Di oppfinnsomheit som Petter Smart blant Noregs Klodrikforeining. Dine Noregspakkar er som lys i mørkret - og relativt problematiske i forhold til eit sunt kosthald. "Kor fager du er, min hugnad - det fins ikkje lyte hjå deg." -Høgsongen

Skal eg nemne at pakken då inneheldt ein IPad2, ein haug notar og store mengder sjokolade, kjeks og anna kos? Måtte fylle ut all ledig plass i Noregspakken, må vite;)

lørdag 20. november 2010

På kalde dagar treng ein varme!

Det har vore ein nydeleg dag i dag! Strålande sol, 4-5 minusgrader, snøen dekker akkurat bakken. Eg såg born og vaksne leike på isen på Grimstadvatnet i dag, kanskje må vi gå ein tur dit i morgon?
Minstemor har fått seg ny lue, strikka i Frøyagarn til Frøya. Oppskrift er oppskrytt. Eg strikka etter innfallsmetoden;)

Men på dette prosjektet brukte eg oppskrift:
Du kan finne oppskrifta her, hos Strikkespinn. Eg hadde ikkje Sulka, og brukte dobbel Alfa. Det vart nok ikkje på langt nær så mjukt som det kunne ha blitt. Men eg strikka den to gongar, og det hjelpte.... Fyrste gong brukte eg pinne 9, men det vart for fast. Så då rekte eg opp att og brukte pinne 12. Det er nokså nær kosteskaft!


torsdag 25. mars 2010

Frøyakrage;)


Det var att nesten eit nøste av Frøya-garnet etter at lua til minstemor var ferdig. Då vart det ein krage! Jenta er ikkje sikker på om denne er til henne, for ho har alt ein krage, og den likar ho, og dessutan er den roooosa...

Likevel er denne sannsynlegvis til minstemor:) Vi får sjå når det vert kaldt igjen!
Oppskrift er oppskrytt. Men eg kan jo seie korleis eg gjorde dette.
Eg brukte pinnar nr 4, la opp 110 masker og strikka 2 rett, 2 vrang til eg var fornøgd med lengda rundt halsen. Så auka eg til 3 rett,2 vrang, strikka 5 omgongar til. Deretter auka eg til 4 rette, og neste gong til 5 rette, og 6 rette. Heile tida med 2 vrange mellom, og auking på kvar 6. omgong. Fell av, fest trådane og ta i bruk!


No er det heldigvis regn og 5 grader ute. Vi ventar veldig på å sjå grøne marker rundt oss. Det er snøfritt på vegane no, og gradvis ser vi at snøen smeltar. Men så store mengder snø som vi har hatt no, tek det tid å smelte! I lokalavisa såg eg nyleg at snøen no har lege her i 88 dagar. Det er minst 93 no... Og det er ganske ekstremt på ytre sunnmøre:)

tirsdag 16. juni 2009

Eit "arbeidslaus-kva skal eg finne på no-prosjekt" er ferdig.

I korger og kasser har eg litt forskjellig garn liggande. For eit par dagar sidan sukka eg over at eg ikkje hadde noko prosjekt på pinnane, og visste ikkje kva eg skulle finne på. Då gjekk eg ein tur til garnlageret mitt;) Der fann eg for eksempel to nøster Løvegarn, ei gåve frå ein hemmeleg ven. Dette måtte kunne brukast til noko!
Så det vart ein krage, og tilhøyrande pulsvarmarar. Begge deler er strikka i kabelmønster, altså det enkle flettemønsteret eg har brukt i fleire luer i det siste.

Dette kan verte dekorativt til ein av mine mange svarte gensarar, når det vert litt meir haust på kalenderen. No er det tidvis ganske haustleg ute, men eg nektar å tru at dette skal vere sommaren vår i år!

søndag 23. november 2008

Strikka hals i solskin:)

Det er ikkje kvar dag det er sol. I alle fall ikkje på Sunnmøre i november. Men i dag er det nydelig ute! Vi har hatt mykje ruskever, så vi vert jo desto meir fornøgde over å sjå lyset... Berre sjå kor fint vi har det! Dette er utsikta frå min posisjon i verda.


Dette er utsikta rett fram... Då ser vi eit fjell, ca 600 meter høgt, og det har ein lei tendens til å gøyme sola midt på dag om vinteren. I dag såg eg på klokka då sola kom fram på sida av Melshornet. Kl. 13.05 hadde eg sol i heile huset:)

Midt i februar kjem sola til å "trille" over kanten på Melshornet, men fram til då må vi klare oss med litt sol om morgonen og litt om ettermiddagen. Det er jo ikkje langt å gå på tur til sola, så det er mange som går tur fine vintersøndagar!


Når no sola var framme, kunne eg ta bilde av den nye halsen til jentene. Eg veit ikkje kven av dei som vinn kampen om denne, men den kan brukast av begge, alt etter kven som treng den mest.


I går kveld var eldstemor glad for å leike seg ute ei stund ilag med pappa:) Det vart ei stilig snølykt utanfor altandøra!

søndag 16. november 2008

Tova hals



Finull er eit godt garn! No har eg strikka ein hals til gullungen, og tova den lett. Eg hadde ikkje oppskrift, denne har blitt til ettersom eg strikka:) Det er ofte slik. Og av og til er det vellukka...



I loftsoppryddinga mi fann eg mange klesplagg som fekk nye sjansar til eit nytt og betre liv. Eller dårlegare, kanskje. Her er tre strikka gensarar som eg ikkje ville ta vare på. To andre fekk lov til å bli i heimen, men desse tre enda i containeren. Det er ikkje noko gale med dei, men dei er ikkje fine nok! Og så kan det ha noko med at eg likar å strikke nye;) Alle gensarane vart mykje brukte av musikanten då han var 6-7-8 år.


Dette monsteret er litt større enn in real life, heldigvis. Men etter den flotte turen vi hadde i skogen sist helg, då vi også helste på alle dyra, fekk vi med oss uønska gjestar heim. Denne plukka eg av ryggen til gullungen nokre dagar etterpå. Irriterende at det skal vere flått no, midt i november! Eg hadde ikkje tenkt på å sjekke eingong! Det har rett nok vore ein veldig mild haust, så dei har vel klart seg betre enn for eksempel i fjor. Jaja, snart er vel juletreet ei kjelde til all slags spennende husdyr, så det er berre å glede seg!

onsdag 19. mars 2008

Småplukk frå påskefjellet

No er vi heime i lavlandet att:) Det har vore nok snø for laaange tider for min del... Ikkje er eg så veldig glad i å gå på ski heller, så det er egentlig berre fint å kome heim. Hytta har ikkje innlagt vatn, så ein dusj står høgt oppe på ønskelista etter å ha kome heim!

Pappaen og prinsessa var ute på små skiturar, medan eg og gullungen måtte halde oss litt nærare basen. Eg tok henne med på spasertur i beremeis, men ein blir jo så trøytt av det!

Her er det bevist: Prinsessa slo hovudet i takrenna då ho var ute og leika rundt hytta:) Meir enn nok snø....

Det fine med snøver og litt lite fristande utever, er at det vert meir tid til å slappe av med strikkepinnane. Eg har strikka eit par tjukkelestar av restegarn. Her har eg brukt ein tråd tynn Regia/ Opal, og ein tråd tynn alpakka. Dei er til prinsessa!

Og så ein hals i tynn alpakka, strikka uten mønster eller særleg mykje planlegging... Men den fungerer!