Såpekoking er ein fin mogleg hobby. No har vi heimelaga såper ved vasken både oppe og nede. Eg har ergra meg over at desse såpene er så glatte at dei glir ned i vasken, og ikkje vert liggande på kanten. Det er sjølvsagt berre eit problem når såpene er våte, men det er dei jo ganske ofte:)
Såpekopp har eg ikkje, for lenge har vi berre brukt såpedispenserar og tilhøyrande flytande såpe. Men no har eg testa noko nytt. Såpekoppklut. Enkelt og greitt!
Slik ser den ut i bruk. Såpa vert liggande i ro, og eg reknar med at eg lett kan vri opp kluten ved behov og skylle såpa ut av kluten. Dessutan tek denne minimalt med plass i vaskemaskina.... Eg lurer på om eg skal lage eit par til, det gjekk 10 gram tynt bomullsgarn til desse to.