Minstemor har fått ny kjole. Denne er dels eigenkomponert, dels strikka etter oppskrift. Eg fekk noko spennande garn frå Molde for noko sidan, og bakgrunnen for det blogga eg om
i dette innlegget. New Zealand lammeull var eit nytt bekjentskap for meg, og eg leita ei stund etter eit prosjekt å bruke det på. I leitinga kom eg over
Non-stop-top. Denne linken til ravelry er til det engelske mønsteret, men det er der også på norsk. Og så er det jo noko med minstemor i heimen, ho er veldig glad i kjolar....
Og eg likar å strikke kjolar:)
Så dermed vart det ein nonstop-kjole! Denne oppskrifta er super, eg kjem til å strikke fleire plagg med utgangspunkt i den. Den er strikka frå toppen og ned, og eg måtte feste ytterst få trådar då eg var ferdig. Ingen saumar, ingen plager. Og ikkje behov for den forhatte symaskina.

No heldt eg på å gløyme at eg brukte dobbelt garn. Eg fann eit anna nytt bekjentskap, Sandnes Silk Mohair. Tilsaman vart dette mjukt, varmt og deilig. Og fargekombinasjonen vart også lekker, med det lyse rosa saman med det raudlilla. Prikken over i-en vart at minstemor fann ein knapp som passa perfekt:)
Fargen er vanskeleg å gjengi, men bileta med den grå bakgrunnen stemmer best.
Om du er nysgjerrig på kva eg gjorde, kan eg jo fortelle at eg var flink jente og fulgte oppskrifta ned til livet, og så gjekk eg over til glattstrikking. Eg sette inn 4 markørar, og auka på begge sider av desse, omtrent kvar 5. omgong. Eg veit ikkje kor mange masker eg hadde til slutt. Denne oppskrifta er visst på linje med besta sin "mjøl til passe deig". Det er litt opp til kvar enkelt kva som er passe;)