Viser innlegg med etiketten kanin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kanin. Vis alle innlegg

fredag 20. januar 2012

Lykke er to kaniner i nytt bur:)

Endeleg har Trampe og Line fått flytte inn i nytt bur! Det har teke litt tid å få det ferdig, men det vart jammen bra også. Buret er høgt under taket, og eg ser at dei hoppar og sprett der inne... Dei har hems med "trapp" opp, og litt meir plass til å leike seg, ete og kose.

Pappa har teke seg av snikringa, men han har hatt god hjelp frå to ivrige jenter. Dei har vore der mykje, særleg minstemor! Og då buret skulle malast, var borna i full aktivitet.

Så får vi tru at kaninene set pris på kvarandre også når dei skal dele bur heile tida.... Vi har sett at dei likar å vere ilag, og eg trur at når buret er nytt, vil det vere lett for dei å dele plassen. Det hadde vore langt verre å sette ei kanin inn i ei anna kanin sitt domene.

tirsdag 6. desember 2011

Kaniner er ålreite dyr


Det er berre å innrømme det: Dei er søte, både Trampe og Line;)

Trampe er no så stor at han klarer å forhalde seg til konseptet do. Men Line er som andre babyar, det kjem berre ramlande noko stadig vekk. Så dei må vere på gangen, for der er det lettast å halde kontroll og plukke kaninperler... Det er jo berre korte økter dei får vere inne, da! Mesteparten av døgnet bur dei ute i bura sine, og har det visst ok der. Eg ventar framleis på at Gubben skal få tid (og rygg) til å snekre eit større bur der dei får vere saman. Det kjem nok etterkvart;)

tirsdag 15. november 2011

Kanindilla


Har du sett noko så inderleg søtt??

Her i heimen er det kanindilla for tida. Trampe har fått selskap. Den nye kanina er på plass, og ho heiter Line. Det er jentene som bestemmer namn, og no har dei funne ut at dersom dei skal rope på kaninene (som om kaniner nokon gong svarer på slikt....) kan dei rope Trampoline:) Enn så lenge bur kaninene i kvar sitt bur, men gubben har innsett at han må snekre eit større bur som dei kan bli sambuarar i. Han skal berre snekre litt anna fyrst!

Eg trur kaninene har gode forutsetningar for å kunne bu ilag. Trampe er kastrert, og den nye Line er så ung at ho ikkje vågar seg på noko form for ypping. Om det skulle vise seg at det blir nødvendig, får vi kastrere ei til...

Jentene er stadig på "jakt" etter litt kos og klapp, og kaninene finn seg i det. Det blir nok roligare etterkvart, men det er i alle fall ingen fare på ei stund;)


tirsdag 11. oktober 2011

Trampe er pappa:)

Ser du kva dette er?
Eg nemnde det forrige veke, men no har eg fotobevis også. Kaninen vår har blitt pappa til 6 små nøste. Mora er sikkert glad og lykkeleg, men faren har ikkje peiling på kva han har stelt i stand;)

No står det fredelige livet som åleine-kanin i fare. Jentene har lagt inn krav om å få ei eller helst to av desse små kaninene hit. Eg overlet det til gubben, for om vi skal ha fleire kaniner, må han nok snekre meir buplass... I kveld var vi på besøk hos dei 8 dagar gamle kaninene, og fekk halde dei. Det er lett å bli forelska i desse nøsta! Faren til kanineigaren er i gang med å snekre eit nytt og stort kaninbur, og eg hevdar at gubben min kan ta ein tur bort og få inspirasjon:) Eg er på gli, etter å ha halde ein av ungane er eg klar til å gje etter...

Men det er klart at det er meir styr å ha fleire kaniner, og dei må gjerne kastrerast for å unngå fleire slike overraskingar.



tirsdag 4. oktober 2011

Gratulerer med overstått, Gullungen:)

Gullungen min har blitt 5 år!
I helga har vi feira stort, både med barneselskap og familieselskap. I dag stilte ho i barnehagen for å bli feira der for aller siste gong. Dei har frukt i store mengder på bursdagane, og krone på hovudet;) I tillegg vert det sjølvsagt gjort litt ekstra ære på bursdagsbarnet den dagen.

Mora sleit med å kome på smarte ting å ønske seg på vegne av jenta, så no var det ho sjølv som kom med innspela til dei som spurte. Det resulterte i ein heil dyrehage... Heldigvis er alle dyra avhengige av batteri for å bevege seg, men vi har no 5 marsvin (av typen Zhu-zhu pets), ei kanin, ein katt og ein hund, som alle kan bevege seg, lage lydar og elles vere sjarmerande og søte.

Kjekt! Gullungen var klar til å gå i barnehagen då ho brått vart nesten overmanna av lyst til å vere heime saman med alle dyra sine. Det var vanskeleg å gå, men det gjekk...

Elles kjem eg til å måtte gå på barselvisitt etterkvart. Kaninen Trampe har blitt far til 5 små kaninungar, og det var litt uventa. Kaninmora bur hos venninna til Prinsessa mi, og dei to jentene har nok planlagt dette godt! No kjem det an på kva dei vaksne vil gjere...

Fotodokumentasjon kjem etterkvart. Kanskje ikkje med den stolte far på samme bilde, eg trur ikkje farsinstinktet er å stole på?

lørdag 13. august 2011

Trampe er tilbake:)

Sidan eg sukka i forrige innlegg;) Trampe er no tilbake på plass i buret sitt! Over ei veke på rømmen, og likevel klarte Prinsessa å fange han då ho endeleg fann han i går kveld. Han var framleis i det same området som han var sist vi såg han, men eg hadde ærleg tala gitt opp... No var eg sikker på at han hadde gått vidare i verda, og at vi ikkje kom til å sjå han igjen. Eg hadde alt lova minstemor at vi kan skaffe ei ny kanin til våren;) Men no slepp eg det!

Dei var lykkelege, begge jentene! Og Trampe verka fornøgd, han også.

I dag vart eg overraska over at Trampe sat stille innanfor døra til buret sitt då eg let opp. Han brukar vanlegvis å stikke inn i den andre halvdelen, slik at eg ikkje får tak i han. I dag sat han og let meg klappe han lenge! Trur det var slitsomt å vere på rømmen:)

Det vart ei god helg!

mandag 8. august 2011

Fillekanin..... Høgt elska og litt hata...


Som mange blogglesarar kanskje har fått med seg, så har vi både katt og kanin og til og med akvariefisk. Fiskane er lette å halde orden på, det er berre å skifte litt vatn og slikt, så er dei fornøgde. (I dag har eg forresten gjort ein stor innsats for akvariet!)

Katten er også lett å glede. Så lenge han får kome inn og ete, og sove i vinduskarmen, er livet godt. Om vi skal vekk, flyttar han berre opp til foreldra mine til vi er tilbake.

Men kanina? Fysj, for eit sjarmerande uvesen... Trampe har passert to år, han er glad i Prinsessa, og er glad for å få mat og drikke. Når han får kome inn i huset, seier han takk for seg med å tisse i stolane. Så då må han vere på gangen (der det ikkje er stolar!) når Prinsessa ikkje styrer med han. For 5 dagar sidan vart døra ståande open, sidan det var så fint og varmt ver. Ikkje så smart... Det var nok ikkje heilt bevisst;)

Vi oppdaga ikkje at kanina var vekk før dagen etter, då det varierer kven som tek Trampe ut i buret sitt igjen etter eit besøk inne.

Men dei siste fire dagane har vi vore på jakt. Det er lett nok å vite kva område vi skal leite i, for han går alltid til same stad. Men å sjå denne vesle krabaten som gøymer seg, det er ikkje så lett. Og no har han blitt ganske vill! I går hadde vi han nesten, men i dag var det mykje vanskelegare å kome nær nok. Han har funne ein ypperleg gøymestad, under og innimellom nokre store stablar med pallar. Det er uråd å sjå kvar han er, og uråd å fange han.

Eg har snart lyst til å la vere å jakte meir.... Ei av damene som bur der han held til, sa i dag han sikkert ikkje likar seg hos oss;) Ho kan kanskje få han! Fillekanin.

søndag 3. april 2011

Fillekanin!


Eg syns av og til kaninen vår er ganske søt. Men han er ikkje søt i det heile når han tissar i stolen, så eg må vaske igjen... Og han er dessverre litt begeistra for å gnage på ledningar og denslags. No har eg stort sett klart å få Prinsessa til å forstå at det er til alles (les: kaninen sitt) beste at han blir passe på når han er inne på besøk.

I går kveld streva eg brått med å strikke på skjerfet eg held på med. Det var noko som ikkje gleid som venta. Så då eg sjekka litt ekstra, fann eg ut at vaieren var nesten heilt av.... Gjett om det var ein kanin som hadde fått gå litt for fritt!

Jammen flaks at det ikkje var ein favorittstrikkepinne. Elles kunne det nok ha sett mørkt ut for Trampe!

Elles minner eg om at eg gir vekk eit påskeegg om ei vekes tid:) Meir info finn du her!

lørdag 11. september 2010

Kaninjakt eller babyjakt??

Det var morsomt å sjå på tantebarnet mitt gå på kaninjakt;) Jaja, gå?? Ho er ikkje heilt der enno, men ho er i ferd med å bli ein racer i kryping.

Det er ikkje så lett å krype på kaninjakt når kanina stadig hoppar fram og tilbake, og det står eit bord med hindringar på bakkeplan i vegen... Men jammen vart jenta flink til å manøvrere! Og det beste var at kanina fann seg i å bli knipen i pelsen og nesten pirka i augene... Utrulig tolmodig kanin vi har:)

Forrige veke var kanina borte i nesten 3 døgn, og vi var veldig letta over å finne Trampe igjen. Ein blir glad i slike små skapningar!

fredag 25. juni 2010

Stakkars pysepus.....

Denne gongen var det faktisk skikkeleg synd på pus! Han har gått og plagast med noko nokre dagar, etterkvart kom vi til at han naus, ikkje berre ein gong, men 10-12 nys tett etter kvarandre. Dette skjedde fleire gongar for dag, og etterkvart kom eg til at dyrlegen måtte konsulterast.

Vi var litt i tvil, men hadde ein magefølelse om at noko kunne irritere han. Dyrlegen dopa han ned, og etterkvart fann ho eit grasstrå på 7-8 cm i nasen hans! Ikkje rart at han ville prøve å nyse det ut....

Eg fekk med meg ein katt i dopa tilstand heim, og han fekk sove ut rusen på eit varmt golv.
Då han vakna var han ustyrteleg komisk! Han var nesten utan kontroll over kroppen, men hadde likevel stor lyst til å flytte seg rundt. Så han sjangla, ramla, låg og kvilte og sjangla seg vidare. Eg bar han på plass i kattesenga på vanleg plass, og måtte dandere katten, han klarte ikkje å stokke beina sjølv.

Etterkvart klarte han å spasere relativt beint, og resten av dagen var han berre litt ekstra kosete.
Han er vanlegvis redd kanina Trampe, og Tigerpus går store omvegar dersom Trampe er inne. Men etter narkosen tok katten kontakt sjølv. Han la seg til og med ned ved sida av Trampe, og det var ikkje fordi han var sliten.... Kanskje ein skikkeleg rus av og til gjer oss meir sosiale?? Eller mindre pysete??


tirsdag 13. april 2010

Vill kanin på ville vegar


Vi har ein kanin. Og no har vi jammen fått ein til. Utan å be om det:)

Denne sjarmerande karen (eller frøkna) er ganske totalt vill. Etter litt undersøkelsar har eg funne ein tidlegare eigar. Dei fekk aldri fanga inn denne kaninen, og den har klart seg veldig godt på eiga hand. Så vidt eg veit, vart den fødd på seinsommaren i fjor. Så den har klart seg gjennom den kaldaste, mest snørike vinteren vi har opplevd på svært lenge, og no oppsøker den nye område. Ikkje at den har flytta seg så veldig langt, men vi har ikkje sett den her før den siste veka.

Sidan vi alt har ein Trampe i bur ute, er det sikkert spennende å vere her. Så nesten kvar gong vi ser ut vindauget, ser vi kaninen der. No er det kos med kanin, men denne et opp vekster eg kanskje kunne tenke meg å ta vare på, og legg frå seg store mengder kaninperler på plenen. Der hadde eg tenkt at jentene skulle springe barbeint i sommar....

I dag kom ei jente i nabolaget glad og fornøgd og fortalde at ho hadde fått lov til å ta kanina med heim, sidan ho har eit tomt kaninbur ved sidan av dei to med kanin i:) Og ei stund trudde eg at vi hadde orden på sakene.

Gubben laga felle, av den klassiske Donald-typen. Mat under ei kasse, pinne med tråd i, og så sat vi klar inne og dro i snora då kaninstakkaren var under kassa for å ete. Fungerte som berre juling!

Dessverre sprella han så skrekkeleg då jenta kom for å hente han, at han kom seg laus. Trass iherdige forsøk frå mange medhjelparar måtte dei til slutt gje seg, i alle fall for i dag.

Lynet spring framleis fritt.



OPPDATERT:

I dag, dagen etter første forsøk, vart kaninen lurt av Prinsessa mi på 7 år:) Ho ringte meg då eg var på butikken i nabokommunen, og var ganske stolt over å ha fanga ein vill kanin. Det var nesten så eg ikkje trudde det!

Men ho hadde fått det til, kaninen sat under ei tung kasse og hadde ikkje sjanse til å stikke av. Det var berre for oss andre å få kaninen over i eit bur, og avlevert til ny eigar. Hurra! No blir det mindre rot utanfor her:)

fredag 5. februar 2010

Dagleglivets små absurditetar

Eg har tidlegare vist bilete av både katt og kanin, i dag har eg ikkje nye bilete.

Derimot kan eg fortelle om kor nydelig kaninen var då eg bar han ut att i uteburet sitt i kveld. Medan eg gjekk, klatra Trampe oppover og slikka meg på halsen:) Han er rett og slett ganske søt. Og så sette eg han inn i buret, gjekk inn att og mata katten. Pus får stort sett Friskies tørrfor, men vi har alltid nokre posar Whiskas våtfor i skapet. I dag tok eg ein pose og serverte Pus, og vart ståande og filosofere over det absurde i at eg serverer Pus kanin....

mandag 11. januar 2010

Søte, ja?

border="0" alt=""id="BLOGGER_PHOTO_ID_5425218657942407570" />

Herleg med litt dyr i heimen... Vi har altså katt og kanin, og dei har ikkje forstått kven som er sjef. Det vil seie at begge er redde for den andre. No har kanina byrja å bli litt modigare, så eg trur nok at kanina snart er sjef. Her har katten ein konkurrent på utsida av døra, og er nok ganske irritert på at den andre katten vågar seg heilt inn til døra vår... Men om vår pysepus hadde vore på utsida, hadde han ikkje våga å ta affære uansett:) Det er greitt å vere tøff på den andre sida av glaset, ja!

I dag er mamma heime med minstemor, som ikkje er heilt frisk. Heldigvis er ho ikkje så dårleg som eg trudde ho kom til å vere, men sidan ho kasta opp i går kveld må ho jo vere heime i dag. Barnehagen har ei spysjuke gåande, og den skal visst vere ganske hard. Men dette er heldigvis ikkje samme type:)

Vi kosar oss heime, og medan minstemor spelar data og ser tv kan mamma legge saman klesvask...

fredag 25. desember 2009

1. juledag

Må berre vise fram nokre små glimt frå den store svigerfamiliedagen:) Vi har alltid familiebrunsj hos svigers 1. juledag. Det er både hyggeleg og godt, og dessuten likar borna alltid å få vere saman med syskenborna sine. I dag har dei kosa seg både inne og ute, vi var på ein spasertur rundt den nye lysløypa på Leikongeidet. Det var litt meir snø der enn hos oss, og kaldt og fint. Målaren viste 5-6 minus, og det er kjøleg på Sunnmøre.

Vi har både katt og kanin, og har trudd at kaniner burde vere redde kattar. Her i huset er det omvendt. Katten er redd kanina, utan at vi veit om at kanina nokon gong har gjort noko som burde gjere han redd. I dag stod dei lenge og hadde stirrekamp, og brått gav katten seg og stakk... Igjen. Pysepus!

tirsdag 20. oktober 2009

Eg er i live;)

Det er visst ikkje så ofte eg er innom her for tida... Livet har det med å sette opp farta av og til. Vi har ikkje noko anna val enn å prøve å henge med i svingane! Den forrige veka var det Hareidsstemne her, det skrytte eg av i fjor også. Heile veka er full av ulike konsertar, kunstutstilling, humoristiske innslag og dugnadsånd. Eg brukte heile laurdagen til dugnadsaktivitet, med ein Musikant som er med i 2 korps vert det nok arbeid slike dagar. Det var jo litt kjekt også, det må eg seie! Om kvelden var vi kulturelle, med stemnefest i 4 timar:) Massevis av program, godt program. Og ein lang matpause, der eg kunne kjøpe kaka mi eller svelene eg hadde steikt. Eller nokon andre sine kaker;)

Kanina får vere inne ganske ofte, og eg kosar meg også med denne krabaten. Han har ikkje prøvd seg på å ete garn enno.


Eg har nokre små og store prosjekt på pinnane, men i dag kan eg vise fram ein klut. Stort. Jaja, det er i alle fall eit ferdig produkt, det er ikkje ille. Denne er rillestrikka på skrå, og med hekla kantar rundt.

Kamera står framleis på ynskjelista, blitsen har nemlig svikta. Derfor blir alle bilda litt rare....

mandag 5. oktober 2009

Fotodokumentasjon;)

I forrige innlegg sukka eg over manglande kamera. No hadde gubben med seg eit kamera frå jobb, så eg knipsa i stor iver. Dessverre mangla eg kabel, så då vart det vanskeleg likevel. Men NO er det bilde å få! Berre ting får ta litt tid, vert det som oftast ei ordning:)

Kva var det eg skulle skryte av?
Tja, eg veit ikkje om eg skal skryte av at kanina et opp potteplantene mine.... Men han er svært målbevisst, og dersom noko er innan rekkevidde er han kjemperask! Denne planta kjøpte eg for å erstatte ei han hadde gjort kål på før, og kva skjer? Han tek kjapt ein stilk med fleire blomster på...
Eg kan skryte litt av bursdagsbarnet: I går hadde vi selskap, og jubilanten bles ut tre lys på kaka. Det var lett!

Denne vil eg skryte meir av: Tunika strikka og hekla av garn frå Tyrkia. Det var eit tilfeldig prosjekt, og eg var ikkje sikker på kva eg skulle lage då eg starta. Eg hekla oldemorruter, sydde dei saman og strikka glattstrikk over. Ettersom eg hadde berre to nøster, 200 gram til saman, vart det behov for å rekne stramt mot slutten. Då eg hadde rekt opp ein gong, bestemte eg meg for å strikke riller som bryststykke. Det vart ganske fint, syns eg. Og det syns minstemor også. Nydelige fargar!!

Garnet er altså kjøpt i Tyrkia, det er mercerisert bomull, Alize Bahar. Dette var eit morsomt prosjekt.

Og så vakte fargane litt merksemd på Ørskogfjellet, det var fleire som måtte bortom for å sjå kva eg strikka. Ille at det tok så lang tid å få prosjektet ferdig....

tirsdag 15. september 2009

Små søte saker:)

Eg trudde ikkje at kanina skulle bli ein så stor suksess... Sist vi hadde kanin, var det ei kanin vi "arva" då den var 1 år. Den vart aldri vant til å kose, og likte oss slett ikkje. No derimot, har vi fått ei kosekanin i huset. Den bur ute, men jentene likar godt å ta den med inn. Her hoppar den opp i sofaen, og vidare opp på sofaryggen. Der kan den godt legge seg ned, eller spasere rundt og sjekke kva som skjer. Katten held god avstand, men han likar godt å ligge i vinduskarmen i den andre enden av stova.

Kaniner er enkle dyr. Glatte golv funkar ikkje, då er den som Bambi på isen... Dermed held vi kontroll på kvar den går:)
Etter ein kjole og ei lue, var det enno litt garn igjen. Så no vart siste rest omdanna til eit panneband. Eg trur eg skal finne noko liknande garn, dette var godt å strikke av og mjukt å bruke.

søndag 30. august 2009

Litt smått og godt:)

Eg har av og til kjole eller skjørt på jobb. Eller tights. Fellesnemnar: Ingen lommer. Det er ein dårleg ide når ein må ha nøklar med seg rundt på skulen. Svaret er oppfunne: Nøkkelsnor. Men eg likar ikkje å gå med dinglande nøklar som skranglar når eg går. Så då måtte eg berre prøve å lage eit anna svar.... Dette er ei bittelita veske, hekla i bambusgarn frå Tyrkia. Reima er lang nok til å bli brukt på skrå over ei skulder. Så då er det berre å sjå om eg likar å bruke denne... Nøkkelen er berre for å vise størrelsen.
Eg har eit lite samanlikningsprosjekt her. Svigermor laga plommesylte, og ho var flittig og skrella plommene og fjerna steinane. Sylta er veldig god, og lys guloransje på farge. Så var det faktisk mykje plommer igjen på treet etterpå, og eg ville teste litt... Mi plommesylte er laga av heile plommer, og så plukka eg ut steinane etter at den hadde kokt ei stund. Ein del skal plukka eg også. Sylta smakar sterkare, men er jammen god likevel. Og sjå forskjellen på fargen!! Plommene er frå det same treet;)


Er vi ikkje heldige som har ei lita kanin å kose med? Trampe likar å vere inne saman med jentene, då vert det mykje kosing. Og dersom det i tillegg vankar litt god mat, er det stas!

onsdag 5. august 2009

Kaninmamma

Vi har fått kaninungen på plass:) I går pussa vi opp litt på det gamle kaninburet, gav det eit strøk maling og handla litt utstyr, og om kvelden henta vi kanina! Vi hadde tenkt å ha to, dersom det var to jenter. Men det viste seg at alle dei aktuelle kaninene var gutar, så då får vi klare oss med ein. Gutar har det med å sloss litt for mykje...
Sjølv om det altså er ein gut, har Prinsessa bestemt at han heiter Lilly.

Han er ikkje så stor, når du veit at hendene som held han er 6 år:)