Det er eigentleg den enklaste ting i verda, men å forklare slik at eg er sikker på at den andre forstår, det kan vere verre.
Så no tok eg eit par bilete. Sidan eg er på jobb, vart strikkepinnane litt rare...
Eg brukar å plukke opp tråden mellom maskene med høgre pinne, frå baksida.
Så stikk eg venstre pinne inn framfor den høgre, slik som på bildet under.
Deretter er det berre å legge tråden over høgre pinne og strikke som normalt:)
Så er det gjort:)
Og eg skal skrive opp handkrem på handlelista mi. Eller helst ein manikyr? Det hadde gjort susen for tørre ullgarn-fingrar;)