Viser innlegg med etiketten ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ferie. Vis alle innlegg

søndag 29. juli 2012

Sommarferie-resyme:)

Det er jammen fint med litt ferie! No har vi enno ei veke att av ferien, så det kan vel skje fine ting også etter i dag, men eg kan skryte litt av det vi har fått med oss til no. Som oppvarming kan eg vise at vi har hatt sol her heime også, dette biletet er frå slutten av juni. Det var ikkje badetemperatur, men det er nydeleg på stranda her likevel! Jentene likar å grave i sanden, erte bølgjene og leite etter minikrabber.
             
Så måtte vi ut og farte. Vi har sett Danmark, i fleire konstellasjonar.
Vi starta åleine i Frederikshavn, og etter eit par dagar der dro vi vidare til Vejle. Der kom systra mi og familien hennar og var ilag med oss. Kjekt for alle partar å ha selskap, ikkje minst i Legoland. Der var det forresten så mykje folk at det hadde vore like greitt å vere heilt åleine. Det er jammen ikkje lett å halde saman når det er tusenvis av andre menneske alle plasar. Lange køer for det meste, og ikkje heilt fantastisk ver. Men det var kjekt likevel! Eg var godt fornøgd med å gå ilag med minstemor, vi kosa oss med dei små karusellane og rolege aktivitetar. Ho likar ikkje dei som går fort og bratt:) Prinsessa fekk halde seg ilag med syskenborna og køyre full fart, og det passa henne bra. Flott å kunne dele seg! 


Om du er i nærleiken av Hirtshals, bør du vurdere å legge inn eit besøk i ørnereservatet. Det var stilig å kome så nær ørner og falkar! Denne sat på ein stolpe rett ved sida av meg. Kult, eller?

Frå den eine ytterligheita til den andre:) Vi besøkte Givskud Zoo. Absolutt ein park verd eit besøk. Der vekslar ein mellom å gå og å køyre bil inne i parken, og ein får sett mange dyr på nært hald. Løvene er kanskje mest imponerende, men denne krabaten på ca 6 veker er ikkje så dum heller!
Vi avslutta turneen i København. Flott utsikt frå toppen av Vår Frelser Kirke. Litt nifst å gå opp til toppen, vi møtte ei som var nesten vill i blikket og ba alle om å snu ned att. Vi gjorde ikkje som ho sa... Eg var ikkje redd, men det kilar jo litt i magen når du går i utvendige trapper på veg opp til toppen av tårnet.

søndag 8. juli 2012

Sommar er ein fin ting!

Det er jammen deilig med sommarferie!
Forrige veke hadde eg ein lekker kombinasjon av jobb og fri, då eg avspaserte nokre dagar og hadde med nokre "nye-i-Norge-born" på aktivitetar andre dagar. Og når eg kan velge, tek eg noko som er kjekt for meg også;)
Ein dag var vi på Barnas Lekeland i Spjelkavik, Ålesund. Det er eit fantastisk konsept! Borna leikar seg i vilden sky, i sikre omgjevnader, og eg kan site roleg og sjå på:) Eg hadde tilfeldigvis med meg strikkesaker....

Ein annan dag var vi på tur på eit ørlite fjell, og steikte pannekaker på primus. Deretter besøkte vi ei badestrand, såpass at borna vart våte og skitne:)

Men det beste var sjølvsagt at eg hadde lagt avspaseringsdagane mine til dei dagane det var finast ver. Så mot slutten av veka var det avslapping i sola!
Sidan pc-en har teke kveld, og kameraet ikkje heilt vil vere på lag med reserveløysinga, blir det dårleg med bilete. Synd, for eg skulle gjerne dokumentert kor fint det var fredagen, då det var "Opplev Hareid" her. Tivoli og boder i sentrum, sol og godt humør, gode tilbod i butikkane, det er ikkje så verst her då!

Minstemor gjorde seg ferdig med barnehagelivet forrige veke. Frå hausten er ho skulejente. Vi håper at brevet med klasseinndeling og slikt ligg i postkassa i morgon, så vi får sjå det før vi legg ut på ferie.
Tysdag morgon reiser vi i retning Danmark og Legoland. Det høyrer med, når ein har born i rett alder!
Men det er lettare å pakke klede til to veker i Tyrkia, gitt... På ferie i Norge og omkringliggande strøk kan vi jo risikere både det eine og det andre på verfronten!

Det er ikkje umogleg at det kjem livsteikn frå meg seinare i sommar:) Nyt sommaren der du er!!

søndag 3. juni 2012

Svigermors drøm;)

Eg må vise fram det nyaste tilskotet i familien! Medan eg var i Trondheim forrige helg, kom Musikanten heim ein tur, og for fyrste gong hadde han med seg Julia. Heldigvis var dei her eit par dagar etter at eg kom heim også! Eg har ikkje heilt tenkt å titulere meg som svigermor, men det nærmar seg vel definisjonen?? Hmm, eg syns det høyrest gammalt ut.... Men samtidig er det heilt ok å vere svigermor til ei så søt jente! Perfekt:) Her er nokre bilete frå Lundeura på Runde, der gjengen fekk sjå store mengder lundefugl på veg inn for natta.
Eg har ikkje vist bilete frå helga før heller, det har ikkje vore tid til å styre så mykje med blogging. Men her kjem eit utsnitt av ei fin helg på Skei, inkludert besøk i Fjærland. Kan absolutt anbefalast! Det var koseleg å vandre i bokbyen Fjærland, der det er antikvariat i annakvart hus:)

torsdag 31. mai 2012

Oppdatering, kanskje?

Hei! Det er visst ikkje så ofte eg er innom og oppdaterer. Men det er jo fordi det skjer så mykje IRL.

Forrige innlegg avslutta eg med å fortelle at kronprinsparet skulle kome på besøk dagen etter. Det vart ein kjempedag! Eg var svært stolt av Musikanten min, som spelte nydeleg på trompet, heilt åleine på scena. I tillegg var begge jentene med, den eldste med skulen, den yngste saman med dei eldste i barnehagen. Det var rett og slett ei fin stund.
Bildeserie i Vikebladet.

Etter at eg hadde fått av bunaden og rydda vekk bunadsølvet, måtte eg pakke for kortur til Trondheim. For rett etter jobb fredag gjekk vi i Hareid kammerkor ombord i ferja, og på andre sida stod bussen klar og venta. Det er kos å køyre buss ilag med andre, og dei tre yngste damene i koret sat heilt bak i bussen og strikka mesteparten av vegen:) Kjekt!

Trondheim er ein fin by, heldigvis hadde vi sol og varme:) Den store streiken i kommune og stat var ganske ny enno, så det var ikkje mykje søppel å sjå heller. Det vart verre etter at vi reiste...


Vi budde på Rica Nidelven, som fleire gongar har fått pris for Norges beste frukost. Det er nok med rette, for vi kosa oss med eit enormt utval og svært høg service. Trur at eg kjem tilbake, ja.


Hareid kammerkor song i gudstenesta i Nidarosdomen 1.pinsedag. Det var ei flott oppleving. Men det var kanskje enda flottare å synge i Vår Frue kirke søndag kveld. Det er fantastisk klang i slike gamle steinkirker!
Her er bilete frå Nidarosdomen etter gudstenesta, og under frå konserten om kvelden. Det var faktisk ein god del menneske der, og vi sette sjølvsagt stor pris på å ha publikum:) Ikkje alle var kjenningar heller...

Det var fint å reise heim att også. For Musikanten min kom heim medan eg var borte, og han hadde med kjærasten sin også. Det aller fyrste besøket hos "svigerforeldra" var sikkert skummelt. Men for ei flott jente! Både på utsida og innsida:) Jentene vart glade i henne med ein gong, det var tydeleg.

Håper du kjem att snart, Julia!!


onsdag 23. mai 2012

Bursdag igjen!

Tenke seg til, eg har blitt eit år eldre:)
Heilt greitt, alternativet er langt verre!! Faktisk tenker eg at det er litt "kokettering" å sukke og stønne over kor gammal ein har blitt. Det er klart at vi blir eldre, det er vel ein konsekvens av å leve?

Eg har hatt ein flott dag, i alle fall. Etter å ha venta lenge på vår, sol og varme, har det skjedd noko merkeleg her på Sunnmøre: Det er nesten full sommar! Det kom så brått at vi nesten ikkje forstod kva som skjedde. Den eine dagen gjekk borna med ullunderskjorter i barnehagen, den neste var det t-skjorte;)

Så i dag har vi hatt kaffigjestar på verandaen. Dei fekk servert mykje godt, utan at eg har gjort så mykje for å få det på plass. Heldig med mor og svigermor som tek med karamellpudding, riskrem og anna godt, og eg kjøpte ei marsipankake. Sjølvsagt burde eg ha laga til meir sjølv, men akkurat denne veka er det heilt fullt i timeplanen.

Sist helg var vi på hotelltur i Skei, Jølster. Det var ikkje nokon spesiell grunn til turen, anna enn at det er kjekt å få litt luftforandring. Jentene kosa seg inderleg i eit varmt basseng, og vi besøkte ein isbre og bremuseum i Fjærland. Flott!

I morgon kjem kronprinsparet til Hareid! Alle mine tre born skal vere med i program: Musikanten skal spele trompet åleine. Prinsessa skal synge ilag med 400 andre barneskuleelevar. Og Minstemor skal synge ilag med dei eldste barnehageborna. Min jobb blir å stille i bunad og hjelpe til med ei av klassene på skulen. Og så skal eg nok synge litt ilag med dei:)
Dette biletet har eg henta frå VG. Kanskje kan vi ta bilete av dei sjølv i morgon?

mandag 9. april 2012

Påska 2012 i bilete

Vips er påska fryktelig nær slutt... Det er rart med slike feriedagar, sjølv om ein har mange, er det altfor få;) Neida, det er ok å kome tilbake til kvardagen også, men eg trur det blir slitsomt å få opp både meg og jentene i morgon tidleg! No har vi kosa oss heime i heile påska, med små turar hit og dit, og mykje leik og kos utover kveldane. Då er det vanskeleg å snu, sånn heilt utan vidare. Kva har vi gjort i ferien?

Eg tok ikkje bilete av dei fyrste kveldane i påskeferien, då spela vi Dominion fleire gongar ilag med systra mi og den komande ektemannen:) Eg hadde lyst til å skrive "brettspelet Dominion", men det er ikkje heilt rett. Kortspel på bordet, kanskje?

Musikanten min kom heim og hadde lyst til å lage middag til resten av oss! Hurra, sa eg, og vi handla inn nødvendige ingrediensar til mozzarellafylt kylling, pakka inn i baconskiver, med potetbåtar og salat. Til og med salaten var ny for meg: Paprika, avocado og cashewnøtter. Enkelt, og nydeleg godt!

Eg hadde ikkje med kamera i badeland heller, så de får berre tru meg når eg seier at det var rett godt å få bade skjærtorsdag, sjøl om det var mange andre som også hadde tenkt det samme....

Langfredag tok vi turen til Bondalseidet. Minstemor og eg tok stolheis for fyrste gong. Vi overlevde;) På toppen gjekk vi ein tur på langrennski medan dei fleste andre i flokken sto på slalomski. Vi rakk også ein matpause før vi to tok stolheisa ned att:) Dei andre brukte skiene på veg ned, men så langt strekk ikkje minstemor sine skiferdigheiter....
I dag avslutta vi ferien med ein tur til Flø. Om du ikkje har vore på desse kantar, er det på tide:) Og er du på Sunnmøre, er det svært fint med ein tur til Flø, enten i sommarsol eller i storm og styggever. Der er naturen nær, storhavet er rett utanfor! Og du kan finne Moods of Norway sin kule butikk, og eit skikkeleg ambisiøst kunstgalleri. Jentene digga den rosa traktoren til Moods, og vi lurer no på om vi skal male den gamle raude traktoren her på garden rooosa:)

onsdag 4. april 2012

Skogstur med grilling!


Stormen Dagmar tok ansvar for ein del "skogrydding" i jula. Det vart ein god del arbeid til gubben og svogeren vår, i skogen som høyrer til garden. Dei har vore der mange laurdagar, og i dag tok vi ein heil storfamiliepiknikk der:) Det har jo kome ein heil del snø dei siste par dagane, og det var tildels fint ver i dag. Nokre snøbyger har det jo vore, men det var kjempekoseleg i skogkanten!

Vi hadde med oss appelsiner og Kvikk Lunsj, grillpølser og marsmallows, vi kokte kaffe på bålet, og minstejenta som var med, eit tantebarn på 2, sov ei økt under granene. Ho hadde det ganske fint, på liggeunderlag og med teppe over seg:) Nesten så ein skulle ha prøvd sjølv!

I dag var vi: mormora og morfaren, tre store døtre, to ektemenn, og 5 born i alderen 2 til 21... Rett nok hadde vi lånt ei jente, men ho passa fint inn i flokken.
Jammen er det fint å vere heime i påskeferien!

tirsdag 27. september 2011

London!

Eg er salig:) Vi har hatt ei herleg langhelg i London, minstesystra mi og eg ilag med mennene våre. Jentene fekk vere heime, eit par overnattingar hos farmor/farfar og eit par hos mormor/morfar. Dei har hatt det supert her, og vi har hatt det supert der. Kan det bli betre?

Norwegian flyg direkte frå Ålesund til London (Gatwick), og turen var akkurat passe lang. Avreise tiiidleg laurdag morgon, slik at vi hadde heile dagen i London, og så heimreise i dag, tirsdag formiddag, slik at vi kom heim i tide til middag:)

Skal eg ta ei kjapp oppsummering, kanskje? Vi opna med Madame Tussauds, og det var vel verdt pengane:) Vi betalte oss forbi køa, det angra vi ikkje verken eit øre eller minutt på. Det var lang kø både på "vanleg" inngang og for dei som hadde kjøpt billett på førehand. Vi hadde fått eit tips, og spurte ei av vaktene om råd. Jauda, det var berre å runde hjørnet, betale 5 pund ekstra, og gå rett inn. Gubben min kommenterte tørt at det er lite fristande å stå i kø i to timar for ein timepris på 25 kroner...

Mange kjendisar å sjå her, og nokre eg ikkje hadde peiling på... Og så avslutta seansen med ein kul 4D-film.


Vi budde på eit fint hotell, Melia White House, og vi vart veldig gode på å ta oss fram på undergrunnen. Men det er jo finare over bakken, da...

Det vart fleire runder med vandring i byen, i ulike strøk. Vi kom til at vi må ha meir til til Camden Market neste gong vi besøker London. Det var eit område vi berre rakk å snuse på, og det var fristande å sjå meir der! Og kanalbåtane til Camden prioriterte vi ikkje, men det kan eg gjerne tenke meg ein annan gong.

London er synonymt med musical for mange, og vi bestilte billettar til Løvenes Konge. Det var ei fantastisk oppleving! Musikken, kostymene, scenen, det var ei imponerende framsyning.
Der var det naturlegvis ikkje lov å ta bilete, så du får heller bestille sjølv;)


Når ein er turist i London er det greitt å sjå litt av byen, og vi tok ei runde med sightseeing-buss for å dekke det viktigaste. Det er mogleg å hoppe av og på slik ein vil, men vi sat roleg mesteparten av turen. Og så delte vi oss. Gutta gjekk på krigsmuseum og jentene gjekk på shopping. Hamley`s er verdas største leikebutikk, 7 etasjer! I kvar etasje finn ein ulike typer leiker, ein etasje er stort sett fylt med bamsar, ein har ulike spel, ein har "jenteleiker" og ein har "guteleiker", og så heldigvis nokre etasjer til....

Og ein fin tur inneheld helst også god mat:) Det vart det mykje av. Vi åt på libanesisk restaurant i Soho, kinesisk i Chinatown (ja, det er også i Soho...) og på karibisk restaurant nær Waterloo station. Det er morsomt å prøve nye ting, og det gjorde vi!
Eg håper at det blir fleire turar til London, for det er mykje å sjå og gjere i den byen;)

mandag 1. august 2011

Hyttefrelst:)


Eg har funne ut at eg har lyst på hytte. Eg har ikkje sååå lyst til å betale for den, men tenk så nydeleg å ha ei hytte å reise til. Og ein ekstra bonus hadde vore at eg hadde fått god plass i kjøkenskapa mine. Det er jo praktisk slik, å skulle utstyre eit ekstra kjøken må vel nødvendigvis gjere at det er mogleg å ta med ein del av det som fyller skapa her?

Vi har hatt ei herleg helg på ei hytte som foreldra til svogeren min eig. Flaks for oss:)
Eg har aldri vore på Nerskogen før. Det er kanskje i lengste laget å køyre dit frå Ytre Sunnmøre, vi brukte 5 timar på turen. Men når ein er der, er det jo fantastisk!

Om eg ikkje får råd til å kjøpe hytte, kan eg kanskje ønske meg grillhytte i hagen. Det er også kjekt å ha:) Med ei slik kan ein jo ha hageselskap i allslags ver!

Søndag gjekk vi på tur til eit fiskevatn, passe kort å gå for små bein. Og for dei større beina som var slitne etter ein lang tur laurdag.... Vi grilla og kosa oss i fint ver, og fekk til og med fisk! Dei vart grilla seinare på kvelden. Ypperleg! Prinsessa var veldig tolmodig med fiskestonga, og var stolt over at ho fekk den største fisken. Den smakte godt etterpå!

onsdag 27. juli 2011

Glimt frå Tyrkia:)

Eg kunne sjølvsagt ha lagt ut 200 bilete frå ferien i Tyrkia. Men eg skal spare deg for så store mengder informasjon:)
Eg kan likevel nemne at vi i år leigde bil ein dag, og køyrde til Dim-elva, der vi åt lunsj, faktisk på elva. Dei har bygd opp restaurantar langs elvekanten, og gjestane sit i båsar ute i elva. Vi sit tørt, på puter rundt lave bord, men det er fort gjort å vasse ein tur i det kalde elvevatnet om ein ynskjer det. Det var for kaldt til at eg ville ha bada der!
Etter lunsjen besøkte vi Dim-grotta. Den er stor! 350 meter innover i fjellet, og eit flott skue med dryppsteinsformasjonar. Elles er tyrkisk mat noko av det eg gler meg til kvar gong eg skal til Tyrkia. Sjå den søte gamle dama som står og steiker pannekaketynne brød ved vegkanten. Ho gliste stort til alle, med fire tenner, og hadde lært seg å seie CHEESE til fotografen:)
Ved bassenget veks bananpalmer, men bananane var knallgrøne no...

tirsdag 12. juli 2011

Endeleg varme!

I dag har vi funne varmen. Rett nok måtte vi reise ei lang natt for å finne den, men det er det jammen meg verdt. I dag har vi hatt den fyrste dagen i Oba, Tyrkia. Jentene har stort sett vore i bassenget store delar av dagen:) Det ser ikkje så ille ut, gjer det vel?
 

Eg og Musikanten stakk ein tur på tyrkisk bad, og det skal ikkje bli siste gong! Eg kan anbefale å sjekke nettsida tilEuropean Beauty. Eg har ikkje prøvd andre plassar, så eg kan ta alvorleg feil, men eg opplevde denne staden som veldig proff. Du kan bestille tid på førehand, via nettsida, og dei hentar og bringar gratis.

No har eg rigga meg til på verandaen utanfor leiligheita, med eit glas kvitvin, for det er jo viktig å fylle på med væske.... Og det var nok ikkje lite eg sveitta ut i løpet av den to timars lange behandlinga:)

Vi har sjølvsagt vore på restaurant og ete middag også, det var noko jentene har gleda seg til. Dei hugsar også den uvante følelsen av å gå ut og surre i gatene etter at det har blitt mørkt. Men i dag var vi ikkje så seine, det er travelt å reise med fly og buss heile natta!


Posted by Picasa

onsdag 29. juni 2011

Eg gler meg til sooool!!


Eg er så glad fordi vi skal til Tyrkia i sommar! I år har vel sommaren vore rekord-dårleg på Sunnmøre, kanskje i store delar av landet? Eg trur eg hadde vore skikkeleg sur og grinete om eg ikkje hadde sikra meg to veker sol og varme:) No tel vi ned, og gler oss til å bade, sole oss og berre nyte livet.

Vi er heldige, sidan foreldra mine eig ei leiligheit som vi kan låne. Der er det flott både inne og ute, og så slepp vi å lure på kva hotell som er bra nok og kva by eller land vi skal velge;)

Men eg har litt behov for assistanse. Vi er ikkje så fryktelig kreative, så vi kjem gjerne ikkje på alle dei smarte reisemåla før vi høyrer om andre som har gjort noko morsomt. Då tenker vi ofte at det skal vi jammen også prøve ein gong... Så no utfordrar eg lesarane: Fortel kva du skal gjere i ferien! Eller kva du skal gjere neste år, eller året etter, om det er meir fristande å fortelle om det:)

søndag 20. mars 2011

Perfekt!

Dette var ei perfekt helg:) Vi kosa oss på hotell med leiligheit, og hadde ein god kombinasjon av sjølvstyre og hotell-liv. Innebaka i weekendpakken var det frukost på hotellet, og minstemor fekk springe i korridorane med stor iver. Ho skrudde på sjarmen, klatra opp på ein barkrakk og spurde høfleg om å få isbitar. Det fekk ho sjølvsagt, ingen kan vel seie nei til så søte ynskje... Og så strena ho til romet og fekk fylt opp glaset med cola. God økonomi;)
Laurdagen baud på strålande sol, og Prinsessa fekk herje i bakken ilag med pappaen. Eg og minstemor gjekk ein bitteliten tur på langrennski, og la inn pause i Vetlegrenda. Laurdag ettermiddag var vi på omvisning inne i Bjorli snøhotell. Der er det mogleg å overnatte, for den som ynskjer det, og roma er opplyste med led-lys i ulike fargar. Ok, ein kald fornøyelse er det sikkert, innetemperaturen ligg jamnt på minus 4. Men dei stiller med tjukke madrasser og ekstremsoveposar til gjestane.

I tillegg til soverom er det kapell og bar i snøhotellet, og denne sesongen har dei fleire barnedåpar og bryllup. Kanskje er det ikkje plass til 150 gjestar i kapellet, men tenk så stilig å ha ei slik ramme rundt den store dagen! Eg reknar med at middagen vert servert i varmare strøk;)
Bjorli er snøsikkert, og snø er vakkert!

mandag 27. desember 2010

Juledagar er fine dagar

Eg er her:) Men det er litt feriemodus i heimen, og dermed i bloggen også. Rart, det der.

I dag kom systra mi frå Sandvika heim på ferie, med mann og to eigne og eit lånt barn i bilen. Vi var inviterte på middag hos foreldra mine, saman med den yngste systra mi, sambuaren hennar og foreldra hans. Hjortesteik er ikkje feil.

Yngstemor er litt på halv åtte, ho likar seg best heime for tida. Kvar gong vi er på besøk hos familien, blir ho sutrete og vil heim. Ho er litt halvsjuk, så ho må vel få lov til det. Kanskje.

Uansett er vi stort sett inne, for det er kaldt ute (veldig kaldt til Sunnmøre å vere: Ca 11-12 minus er ikkje normalt her) og vi treng ikkje å provosere såre halsar.

Eg strikkar på ein tunika til Prinsessa, den har nesten blitt gløymt i alt anna dei siste månadane. Eg starta på den i haustferien, andre veka i oktober, så det er nok på tide å fullføre den...

Ha ein fin juleferie, for dei av lesarane som har det:)

tirsdag 12. oktober 2010

Oslohelg!

Det er så deilig å ta ein tur ein sjeldan gong! Det var ein god grunn til besøket, 40-årsfeiring er alvorlege saker. Line hadde invitert ca 30 venninner frå alle slags ulike perioder, og vi hadde ein fin kveld på Heimen i Rælingen:) Vertinna stilte med nydeleg tapas, og gode kaker etterpå. Det var så kjekt at timane flaug frå oss:)

Med berre mobilkamera vart det dårleg med bilete frå kvelden. Då får eg heller fortelle litt meir om kva eg gjorde:)
Eg tok ingen bilete fredag, då eg var på shoppingtur i Oslo ilag med Judit. Tre garnbutikkar fekk vi med oss:) Og litt anna, men ikkje så mykje....
Elles var eg på spasertur ilag med systra mi og familien både laurdag og søndag. Det er mange fine perler rundt Sandvika.

Eg likar fine haustdagar! Det er så nydeleg med alle dei sterke fargane og den kalde, klare lufta. Vi gjekk over til Brønnøya søndag, og der fann vi ekstra sterke fargar... Minstemor lurer på korleis ein kan plante blå tre, ho forstår ikkje heilt at nokon kan vere sprø nok til å male eit heilt tre:) Men eg syns det vart ganske stilig. Kanskje skulle eg hatt eit liknande i hagen?
Brønnøya er forresten ei lita perle. Det er ikkje bilveg dit, alle må gå over gangbrua for å kome dit. Så då er det veldig fredeleg der! Men rett nok ganske mange hytter. Og nokre fastbuande også.

Kanskje er det like vakkert med flammande oransje tre??



Vi var også på kunstutstilling på Henie-Onstad senteret, det var ei spennnande utstilling av Joan Miró Denne går det an å besøke for dei fleste!

søndag 26. september 2010

Nydeleg Romsdalshelg:)

Alle burde feriere litt i sitt eige land av og til. No har vi ikkje lenger tilgang til hytte på Lesjaskog, som vi har kosa oss med i 19 år. Då vart vi nøydde til å leite etter alternativ. Denne helga hadde vi ledig plass på timeplanen, så vi brukte litt tid på å leite etter moglege reisemål. Eg fann mange fristande plassar å besøke, og kjem til å besøke nokre av dei seinare! Men denne helga enda vi på Skaret ved Molde, eigentleg er det vel Fræna kommune. Der leigde vi eit gammalt stabbur, og jentene kosa seg med hestar, høner og kaniner.

Molde har nytt badeland, og der var vi sjølvsagt ein tur laurdag. Nesten for fint ver til å vere inne, men det er så kjekt å kose seg i vatn uansett:)

Det var også koseleg å kombinere med å vere ilag med mitt søskenbarn som bur i Molde, og hans to born. Hyggeleg for alle:)
 

I dag køyrde vi ein omveg heim;) Vi hadde lyst til å besøke Bud og Atlanterhavsvegen. Nydeleg ver gjer alle stadar vakre, men Bud hadde nok vore flott i skikkeleg ruskever også. Vi fann mange fristande overnattingsstadar på vegen:)

Det er nok ikkje så dumt å vere turist i eige fylke! Korte avstandar, eigentleg er det rart at vi ikkje tek slike turar oftare? Men no vert det sjølvsagt nokre slike av og til.... Kanskje!

Posted by Picasa