Viser innlegg med etiketten dokkeklede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dokkeklede. Vis alle innlegg

mandag 6. august 2012

Syklubben Strikkepinnens Hvile;)

Nei, eg har ikkje slutta å strikke... Men det er ikkje så mange innlegg om strikking den siste tida, ser eg! Likevel har eg gjort litt! Eg har no knabba pc-en til Musikanten, for eg må ha ein pc for å få til å blogge med bilete. Det er nokre fordelar med å feriere i Norden. Nei, eg blir ikkje brun, og eg får ikkje lest så mange bøker ved bassengkanten. Men sidan vi må tilbringe nokre timar i bil, blir det tid til å strikke innimellom! Då må det vere enkelt, helst glattstrikk på rundpinne. På den måten kan eg strikke utan å sjå for mykje ned, og då går alt så fint og flott:)

Rett før vi reiste på tur, hadde Trådkråa 20% på alt garn, og det er ei god unnskyldning for å handle! Etter å ha surra rundt i butikken på måfå ganske lenge, konkluderte eg med at eg måtte ha med meg nokre nøste Fin, ei deilig blanding av alpakka og silke, litt blank og veldig mjuk. Det vart både blå til meg og melerte til ei av jentene. Eg strikka ein enkel vest, som minstemor undervegs bestemte at storesøstera skulle få. Det var nemleg verken rett farge eller fasong til sjefen... Jaja, storesøstera tek villig imot:)

Oppskrift har eg ikkje. Her er det berre strikka etter innfallsmetoden, felt nokre masker i sida her og der oppover, og så hekla eg litt øverst, berre fordi eg hadde lyst til det. Kjekt å gjere det slik av og til:) 

Elles rydda vi på romet til Minstemor, det er spennande prosessar. Dersom eg gjer det åleine, er det lett for å miste enkelte ting i søppelposen, utan at nokon oppdagar det. Men denne gongen ville Minstemor hjelpe til, og då vert den effektive ryddeprosessen ødelagt annleis. Vi oppdaga at dokkene ikkje likar å ligge i sengene sine, for dei har ikkje madrasser. Så då strikkar mor kjapt nokre tjukke teppe som kan vere madrasser, og nokre små som kan vere dyner etc. Kjekt å bruke opp litt restar på slikt!


fredag 24. juni 2011

Småproduksjon:)

Det er kos med småprosjekt, for dei blir fort ferdige:) Her er eit par nye sokkar til Prinsessa på 8 år, ho vart så forelska i garnet at ho MÅTTE ha slike. Så då fekk ho sjølvsagt det. Resten vart ein kjole til ei lita dokke, som har vore naken i altfor mange år. Etter at eg tok dette bildet har dokka også fått tøfler, så no har ho det ganske supert!


Såpekoking er ein fin mogleg hobby. No har vi heimelaga såper ved vasken både oppe og nede. Eg har ergra meg over at desse såpene er så glatte at dei glir ned i vasken, og ikkje vert liggande på kanten. Det er sjølvsagt berre eit problem når såpene er våte, men det er dei jo ganske ofte:)


Såpekopp har eg ikkje, for lenge har vi berre brukt såpedispenserar og tilhøyrande flytande såpe. Men no har eg testa noko nytt.
Såpekoppklut. Enkelt og greitt!
Slik ser den ut i bruk. Såpa vert liggande i ro, og eg reknar med at eg lett kan vri opp kluten ved behov og skylle såpa ut av kluten. Dessutan tek denne minimalt med plass i vaskemaskina.... Eg lurer på om eg skal lage eit par til, det gjekk 10 gram tynt bomullsgarn til desse to.

onsdag 23. mars 2011

Ny sovepose;)

Barbie var litt kald, så ho måtte rett og slett få ein sovepose. Fint å bruke litt restar på slikt;) Faktisk er soveposen akkurat stor nok til å få plass til gubben si nye leike, Ipad-en.... Men det var dokka som vann! Eigentleg er det nok ein dobbel-sovepose, det er plass til meir enn ei radmager Barbie om dei er gode vener. Det er dei kanskje?



Posted by Picasa

torsdag 23. september 2010

Tadaa! Ferdig!

Det tok litt tid, men no er nissane påkledde. Eg syns ikkje resultatet vart så verst heller:) Svigermor trengde strikkehjelp for å kle på desse to nissane, dei skal vere gevinstar på ein basar seinare i haust.

Eg fekk utdelt nissar, og kom fort til at det var tryggast å kjøpe oppskrift. Fagstrikk-nissar har sjølvsagt fagstrikk-oppskriftshefte. Det vart litt ymse garn, for eg kom til at det måtte vere flott å bruke opp litt restar på dette. Og det gjorde at eg måtte lage grå gensar i staden for lusegensar til guten. Den gensaren fekk raglanfelling også. Det klarte eg utan oppskrift;)
 


Posted by Picasa

fredag 1. juni 2007

Garnslanking


Barbiekjolar og babylestar;)