Viser innlegg med etiketten bukse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bukse. Vis alle innlegg

mandag 6. juli 2009

Nytt sommarsett til ei prinsesse

I dag har eg festa dei siste trådane i overdelen også:)

Eg syns dette settet er så søtt, så eg måtte berre prøve. Eg er ganske stolt av meg sjølv, for no har eg klart å følge ei hekleoppskrift og laga klede!

Oppskrifta fann eg i pt design, hefte 92, trur eg det var:) Det var fleire yndige ting der, så det kan hende det blir meir frå same hefte.
Sjå forresten den kreative snøringa i livet. Denne versjonen vart dekorativ! Og med perler i endane vart det akkurat passe søtt til Prinsessa.

No får vi håpe at sola ikkje er ferdig med å vise seg fram:)

fredag 6. mars 2009

Lang strikkebukse og kjøkenutfordring:)

Eg har blitt utfordra av Annika om å vise fram noko eg likar på kjøkenet mitt. Eg er veldig glad i kjøkenet mitt, så eg kan vel vise fram noko av det:) For eksempel er magnet-knivlista kjekk å ha. Det er praktisk og enkelt, og det likar eg! I tillegg ser du her flisene over benken, som eg også er ganske fornøgd med... Syns dei er litt stilige, rett og slett!


Så er eg veldig glad i kjølehjørnet mitt. Det var eit av dei sterkaste krava eg hadde då vi planla hus for 7 år sidan. Det har vore "for lite" eit par-tre gongar, men berre når vi har hatt konfirmasjon og to barnedåpar. Så i det daglege er det rikelig plass der:) Eg har også sansen for skapet med frosta glasdører. Det er litt fint med lys der!

Oppvaskmaskin er stas, særleg når du har budd i ei leiligheit uten oppvaskmaskin i 12 år. Då er det herlig å kunne stappe ting inni maskina og så er du kvitt problemet;) Det blir rett og slett ryddig på benken i løpet av kort tid....

Er det dumt å like golvet sitt? I alle fall er det stilig med skifergrå fliser. Om det er smart? Det er ikkje sikkert. Alt som ramlar ned vert knust, nesten uten unntak. Så det vert litt utskifting av glas i heimen... Men der vi budde før var det grønmønstra belegg på kjøkengolvet. Det viste ikkje om golvet var skite, men det viste heller ikkje om eg hadde vaska og strigla!

Utfordringa om å vise fram kjøkenet ditt vert herved sendt vidare til Ronille og
Solveig Vis fram noko du likar på kjøkenet ditt!

Eg har blitt ferdig med ullbuksa til prinsessa. Det er hovudsakleg eit resteprosjekt, men eg har meir restar, så det kan bli ei bukse til minstemor ved eit seinare høve. Kanskje. Akkurat no er eg lei av å feste trådar!

søndag 21. oktober 2007

Buksa er ferdig!


No er buksa ferdig!
Det er altså buksa som skal passe til gensaren som har vore ferdig ei heil stund:)

Denne er strikka i dobbel alpakka, og det var mest fordi eg ikkje gadd å strikke den i enkel tråd og tynnare pinnar.... Latskapen lenge leve!

Og så er den veldig varm og god, då!

Den er nok litt stor enno, men eg endra litt på oppskrifta og laga vrangbord nederst. Då er det lettare å brette opp! Slik håper eg på å strekke levetida til buksa litt!

fredag 1. juni 2007



Her er siste prosjekt innen garnslanking!

For dei som ikkje er med på terminologien: Garnslanking er noko som foregår på Hobbyboden. Poenget er å bruke opp garn som ligg og samlar støv, heller enn å kjøpe nytt.

No har i alle fall storesøster på 4 fått ullbukse til vinteren. Vi håper at den ikkje kjem i bruk før november! Erfaring tilseier september... Men no er den i alle fall klar;)

Det store spørsmålet er om ho vil godta den, uten prinsessepynt og i feil farge! Rosa er det ypperste, ultimate.