Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

torsdag 28. juli 2011

Boksommar


Det er ei "ny" oppleving å ha god tid til å lese bøker på sommarferie. Eg har alltid vore glad i å lese, og då eg var lita las eg heile tida... Men etter at eg fekk born, og brukar meir ledig tid på strikking, har det blitt lite tid til bøker.

I Tyrkia-kofferten tok eg med meg ei krimbok, og tenkte at det ville halde ei god stund. Men eg las 5 bøker i løpet av dei to vekene i Tyrkia:) Sidan det er foreldra mine si leiligheit, og det stort sett er familie som er der, har vi gjerne sett igjen bøker etter at vi har lese dei. No var eg heldig og fann mange aktuelle bøker i minibiblioteket der.


Det er vel nesten flaut å vere så treg med å lese Hotellet på hjørnet av bitter og søt. Den vart lest kjapt, det var ei bok det var vanskeleg å legge frå seg. Har du ikkje lese den før, kan du gjerne gjere det! I tillegg vil eg reklamere sterkt for Drømmehjerte av Cecilia Samartin. Den er nydeleg, og eg tørka tårene mot slutten. Les denne!!

Siste dagen tok eg med meg Alkymisten til bassengkanten, og den var også verdt å lese.




Posted by Picasa

torsdag 26. mai 2011

Obligatorisk barnebok, også for vaksne

Det er nokre bøker som set seg fast. Nokre fordi dei er triste, nokre fordi dei skaper engasjement, eller av andre grunnar. Eg trur at eg hugsar aller best dei bøkene som får fram tårene. Sannsynlegvis er eg ikkje spesielt sentimental og lettrørt, men bøker og song har god effekt på tårekanalane mine....

Minstejenta har alltid så mange spørsmål. Og alle svar blir møtt med oppfølgingsspørsmål. Men då eg las boka "Farvel, Rune" til henne, hadde ho ikkje så mange spørsmål etterpå. Eg trur den traff henne også.

Boka er skriven av Marit Kaldhol, og den er frå 1986. Eg hugsar godt at eg har lese den mange gongar, men eg er ikkje heilt sikker på når eg las den fyrst. Det eg veit, er at eg knapt klarer å lese den utan å svelge unna tårene no heller.

Rune og Sara er bestevener. Rune døyr i ei drukningsulukke, og vi får bli med i sorga, gravferda og tida etterpå. Det er noko med måten boka er skriven på som er perfekt til temaet. Ikkje overdriven sentimentalitet, men nært, varmt og utruleg trist.

Har du ikkje lese den sjølv, eller for borna dine? Ta ein tur til biblioteket, eller innom Haugen Bok. Dette burde vere ei obligatorisk bok for alle! Og kvifor skal ein vente til borna opplever sorg tett innpå seg? Vi veit at det kjem til å kome...


fredag 2. juli 2010

Ei fantastisk og vond bok


Eg har lest bok i rekordfart. Eg klarte ikkje å legge den frå meg, rett og slett! I går kveld fekk eg låne Idas dans av systra mi, og i dag tidleg leverte eg den vidare til neste syster.

Ord blir fattige målt opp mot denne historien. Det er berre å lese! Eg grein frå side tre. Klumpen i halsen var der nesten heile tida, og tårene måtte tørkast av og til.

Nydeleg. Sørgeleg. Vakkert. Intenst. Altoppslukande. Vondt. Men mest av alt: Ei nydeleg skildring av inderleg kjærleik, mellom mor og dotter, og mellom dei andre i familien og nettverket.


Om du ikkje alt har lest denne, må du faktisk berre gjere det.


Boka er ikkje ny, og i dag såg eg at Haugen Bok sel den til 99 kroner. Det er den absolutt verdt!

tirsdag 23. mars 2010

Rotekopp?

Eg er av og til ein rotekopp. Gubben syns at det er rotete både her og der, og når han ryddar blir eg frustrert over at eg ikkje finn att noko som helst...

Så no har eg kjøpt bok.

Det er vel ikkje magi i å kjøpe ei bok, men eg vert litt inspirert til å rydde:)

Forfattaren har nokre grunnleggande fakta om rot:
1: Dersom du har tenkt å byrje eit nytt og betre liv i morgon, må du byrje å rydde i dag. Det er svært vanskeleg å ta seg saman når ein er omgitt av rot.
2: Profesjonelle reinhaldsbyrå hevdar at husarbeidet i ein gjennomsnittsheim ville minke med 40% dersom ein kvitta seg med overflødig rot.

Forfattaren er ganske fokusert på å kvitte seg med det ein ikkje treng. Og dersom du vil ha eit av dei mange råda: Dersom du har eit rom elle område du ikkje orkar å ta tak i, så ta det i små porsjonar. Legg på plass eller kvitt deg med 5 ting kvar dag.
Det er ikkje så mykje!

fredag 26. februar 2010

Ei bok å anbefale

Ein kollega snakka varmt om denne boka.
Eg tok ein snartur innom Haugen Bok på nett, og bestilte pocketversjonen. I går kveld grein eg meg gjennom den siste halvparten. Rett nok kom smilet fram av og til, og eg var glad for å lese boka. Men tårene dominerte, ja. Dette skal visst vere relativt sjølvbiografisk, forfattaren mista kona si av kreft i ung alder.
Les denne!

tirsdag 2. februar 2010

Tonje Glimmerdal heldt meg våken i natt!


Om du har born, vil eg håpe at du har sett bøkene til Maria Parr: "Vaffelhjarte" og den nye "Tonje Glimmerdal". Om du ikkje har born i rett alder, bør det ikkje hindre deg i å lese og nyte desse bøkene. No må eg innrømme at eg ikkje har lest Vaffelhjarte, men eg klarte ikkje å legge frå meg boka om Glimmerdalens vesle dunder, Tonje Glimmerdal.

Det er som ei moderne Pippi, iblanda litt meir. Boka er morsom, rørande, engasjerende. Og eg kosa meg over godt språk, på nynorsk. Mange av orda er slike eg nesten har gløymt, men som ligg i genene;)

Besøk Samlaget sine sider for å sjå meir!

onsdag 20. januar 2010

Onsdagskveld

Onsdag er House-kveld. Gubben er heldigvis på fotballtrening, for han syns House er ein pompøs dust, noko som for så vidt stemmer. Men i dag er det jo så trist! Unge legar som vi har blitt kjent med skal ikkje døy! Det er liksom imot reglane... Dessutan er det vel litt feil at House sjølv er alvorleg skada, skal han også stryke med??

Uansett har eg rigga meg til godt her. Med godt brød og godt smør er det ikkje behov for meir pålegg. Og god te i koppen, det gjer susen! Blomstrane på bordet er fine å sjå på, eg trur ikkje eg skal smake på dei. Det tek kanina seg av når ho får ein sjanse;)


Elles har eg kome eit godt stykke på Little Sisters Dress, til tantejenta mi;)
Samtidig studerer eg litt i boka Hekleglede, som eg var smart nok til å bestille på biblioteket! Dei har ikkje alt mogleg her, men dei kan skaffe alt! Eg vurderte ei stund å kjøpe nokre av bøkene som frista meg i ei tilbodsblekke som kom i posten. Det er berre det at eg vanlegvis kjøper ei bok fordi eg er nysgjerrig, men sjeldan endar med å finne noko eg MÅ lage. Så no kan eg kose meg med bøkene, og levere dei tilbake når eg er lei...