Her er vi igjen!
Eg hekla desse forrige veke, men har ikkje fått somla meg til å feste trådar før i går kveld. I dag låg lua og veska framme, klare til fotografering. Og så kjem ein fotomodell og melder seg svært frivillig;) Ho måtte ha veske ho også, sjølvsagt!


Veska er ein kombinasjon av fleire teknikkar: Botnen er hakka, for då vert alt så stødig og stabilt. Så hekla eg opp på sidene, med luftmasker og fastmasker.
Dessverre gjekk eg tomt for Tuva garn, så då eg fann ein butikk med garn, måtte eg sjå etter noko som kunne brukast. Eg plukka med meg to nøster Idena Bamboo, og har jo brukt dei. Men eg er ikkje veldig begeistra for garnet. Det er mjukt og godt, men ekkelt å hekle med. Og enda verre var det å feste trådane.

Kombinasjonen brunt og blått er ikkje så dum:)

Neste søndag skal vi vere vertskap på eit matutsalg ved enden av eit vatn her:) Då må vi stille med 6-7 kaker pluss eit fat med sveler. I går laga eg to av dei, dvs eg laga fire, så eg har to sjølv... Nøttebotn med pærer og krem på, det er enkelt og snaddergodt. Og suksessterte er nesten det beste eg veit. Mandelbotn med smør/eggekrem på toppen, nam!!

Den eine av desse vert donert til kafegjestane, den andre skal eg ha i reserve sjølv! Det beste er at begge dei to typene er glutenfrie! Då kan svigerfar få kake neste gong han kjem;)