Viser innlegg med etiketten Pulsvarmaralong 2008. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pulsvarmaralong 2008. Vis alle innlegg

torsdag 25. september 2008

Jepp

Dette låg brått på pauseromet på jobben:) Eg syns det var litt herlig!

Elles har eg gjort ferdig pulsvarmarane for september. Frk.badegakk har mønsteret på kabelvantar her.Dette mønsteret er både lett og fint, kanskje eg skal bruke det til meir...
Eg har brukt dobbel alpakka. Deilig! Eg har ikkje bestemt meg for kva skjebne dei skal få enno: Reservegåvekassa eller til meg sjølv?

tirsdag 26. august 2008

Pulsvarmarar og panneband


Eg har tatt meg litt friheiter igjen... Eg sleit litt med å finne motivasjonen til å strikke pulsvarmarar denne månaden. Ingen av oppskriftene var heilt "meg", men etter å ha strikka eit panneband i eigenkomponert flettemønster, kom eg på at det kunne bli eit par pulsvarmarar av det samme.
Mønsteret liknar kanskje mest på pretty pretty pretty gloves, men dei er litt mindre sukkersøte i fargane, får ein vel seie. Og så har eg funne ut at eg gjer noko rart med dei vrange maskene, så dei er litt vridde på pinnen neste omgang. Altså må eg strikke dei i bakre maskeledd for at dei skal vere ordentlige. Då vert det nesten uuthaldeleg å skulle strikke maskene vridd rett på neste omgang, for då må eg snu kvar maske før eg vrir den. Det gadd eg ikkje å bale med, så derfor vart det ein eigen personleg vri.

Eg har brukt ein tråd sokkegarn (Fagstrikk) og ein tråd Daletta. Varmt og godt:)

onsdag 16. juli 2008

Noko har vi vel produsert den siste veka?

Dette garnet har no vore brukt til tre ulike ting. Og den tredje gongen gadd eg ikkje å rekke opp att. Det var fyrst ei lue, så ei lue strikka sidelengs, men ingen av dei vart heilt som eg ville.

Så no er det eit teppe til dokkene til jentene. Dei treng nok litt å pakke seg inn i. Dei har nemlig ikkje klede på seg alltid....
Og så er det jo praktisk å bruke det samme garnet tre gongar, så slepp ein å ta med så mykje garn på ferie!
Tanken var å lage eit lite sjal til ei av jentene, men med restegarn frå Tyrkia er det liksom ikkje så lett å kjøpe meir når det vart litt for lite...

Eg har strikka pulsvarmarar denne månaden også. Desse er strikka av Falk. Oppskrifta finn du her!

På turen hadde eg med litt lestegarn, og det vart to par tjukkelestar til jentene mine i tillegg til ein barbiekjole. Det eine paret er strikka i ein tråd Regia og ein tråd tynn alpakka.

tirsdag 10. juni 2008

Pulsvarmarar igjen...


No har eg strikka på det store strikkemysteriet ei stund, men det er så digert å ta med seg at eg må ha noko mindre i veska av og til. Så juni-pulsvarmarane er ferdige. Dei vart ganske små, eg strikka dei i pt5, på pinnar nr 3. Eg klarte å ta dei på, men dei passa mykje betre til prinsessa. Ho var dessverre ikkje interessert i å vere fotomodell. Oppskrifta finn du her!


Eg har brukt opp litt garn i tillegg til garnmysteriet også.

Her er eit tova siteunderlag, i midten har eg brukt opp ein rest av Noro Kureyon, og rundt har eg brukt Vamsegarn. Noro har så herlege fargar!!

torsdag 22. mai 2008

Siste småplukk frå Sunnmøre

Og kva er det vi fyller dagane med på Sunnmøre? Litt ymse:) No har eg prøvd å lage maskemarkørar, men eg er ganske klønete enno. Eg går ut frå at det vil rette seg etterkvart. Øving gjer meister. I alle fall ofte....

Og eg har strikka ein kjøkenklut til! Garnet er Tuva.

I pulsvarmar-alongen kunne vi velge mellom tre mønster denne månaden. Eg var ikkje gira på å strikke holmønster, så då vart det sjakkruter. Dei viser nesten ikkje på bildet, men dei er der... og viser litt betre in natura. Desse er strikka i Juvel.

Dersom du vil lage liknande, kan du finne mønsteret her!

Mammaen min har ganske nyleg fylt 60 år! Det er ein god grunn til å lage til litt selskapeligheit. Denne veka var alle syskena med ektefeller på besøk til treretters middag med "litt kaker" etterpå. Slik ser "litt kaker" ut...
Min kjære påstod at mora mi lagar fire kaker på den tida eg lagar ei. Og det er kanskje sant. Eller så er ho flinkare enn meg til å planlegge korleis dette kan gjerast. Og om nokon skulle vere i tvil: Dei smakar SÅÅÅ godt også!

søndag 13. april 2008

April-pulsvarmarar


No er det vel eigentleg vår, så det er litt feil å strikke varme pulsvarmarar i tjukk Alfa. Men dei vart fine, og fekk plass i kassa med alt anna rart. Det kan vel bli ei gåve ein gong, kanskje? Oppskrifta var enkel å forstå, dei engelske oppskriftene er som oftast veldig detaljerte! Her er oppskrifta, om du har lyst til å prøve:)

torsdag 6. mars 2008

Mars-pulsvarmarane er rosa:)

Eg har strikka rosa pulsvarmarar med perler, kan det bli søtare? Ja, det kunne det nok dersom eg hadde hatt nok perler... No måtte eg moderere oppskrifta kraftig, for eg hadde ikkje 180 perler! Dermed vart det ei rad perler i kvar ende, og rundt tommelen. Men dette var stas, så no må eg strikke meir med perler. For eksempel ei lue til prinsessa, som vart ivrig over perler og rosa stas.

Resultatet vart ikke så verst likevel, og dei vart ganske fine:) Enkel oppskrift, og det er fyrste gong eg har strikka med perler. Eg måtte gå på besøk til farmora mi og låne eit par heklekrokar i ørsmå størrelsar -ikkje fattar eg at det går an hekle med slike!!

Garnet er tynn alpakka, og dei er mjuke og varme.


Her kan du finne oppskrifta!

lørdag 9. februar 2008

Februar-pulsvarmarar



Her er mitt februarbidrag i pulsvarmer-alongen. Dei er strikka i Rauma Vamsegarn. Eg måtte strikke dei eit par gongar før eg vart fornøgd... Eg enda med å korte ned på lengda, Vamsegarnet er så tjukt at dei nesten rakk til albogen!

No er dei i alle fall ferdige, og eg trur det vert Musikanten som får varme seg med desse. Han treng litt varme når han skal spele ute vinterstid, og det er greitt å ha nokre fingrar ledige.

lørdag 12. januar 2008

Årets fyrste pulsvarmarar!



For fyrste gong er eg med på ein Knit-along. For dei som ikkje har prøvd dette, kan eg jo prøve å forklare: Maaaange hyggelege damer strikkar det same prosjektet på ca same tid. Eg er med på pulsvarmar-along, og då skal vi kvar månad strikke eit par pulsvarmarar. I januar kunne vi velge mellom to ulike mønster, og eg valde det norske. Det passa bra med garn eg hadde liggande:) Dette er pt2.


My very first knit-along! This year will bring 12 pairs, do I need all those wrist warmers?? Time will show! I guess some of them will end up as presents:) Mønsteret finn du her: mønster