Viser innlegg sortert etter relevans for søket fantastica. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket fantastica. Sorter etter dato Vis alle innlegg

mandag 29. juni 2015

Rhododendron Fantastica


Det er fleire ulike Rhododendron i hagen.
Alle er flotte,
men denne synest eg er av dei
finaste. 
Den har stått i blomst i fleire veker,
der den står lunt og relativt tørt
i skogen bak huset.

 Tidleg i juni

- veka etter,
den har fått meir rosa i seg,

- etter andre veka er
den lys rosa.

Slik har den stått eit par veker.

Etter mitt syn ber den namnet sitt med rette,
Rhododendron Fantastica.


Eg set umåteleg pris på alle som vitjar bloggen min,
og tusen takk for alle fine kommentarane.
Takk.

God sommar !

Anne-Mari






lørdag 6. juni 2015

Laurdagsmorgon

Det regna kraftig ute,
 med solgløtt inni mellom.
Eg sprang mellom bygene og
tok bilde av den nydelege
Rhododendron Fantastica.


Den kviler inn til 
den gamle furuleggen.

Eg var tidleg oppe i dag,
mannen min reiste til songarstemne.
Hivde meg rundt og laga
tre brett knekkebrød ferdig før
klokka var ti :)

Frå klokka 06 og utover høyrde eg på radio,
eit svært interessant program.
Her kan du høyre

Det skaper mange refleksjonar å 
høyre på slike fantastiske
menneske.

I ettermiddag skal eg kle meg i
regnklede og heie på barnebarna 
Celina Marie og Leah Sofie som skal på
Fotballcup.

God helg !

Anne-Mari




onsdag 12. juni 2013

Må berre...


vise nye bilde av 
Rhododendron Fantastica
som eg viste forrige veke
HER 

Den blir finare og finare for kvar dag.

 Ubeskriveleg vakker !

Den står inneklemt mellom ei gamal furu
og den kvite rhododendronen i skogen bak huset.
Den har blomstra lite i mange år,
men no har den verkeleg vist seg i all si
prakt.


Ynskjer deg ein strålande dag !

Anne-Mari






 

søndag 3. juni 2018

Rhododendronblomstring i hagen


Eg kjenner lukke når eg spasera i hagen
og nyt synet av blomstringa
til Rhododendronane.

Nokre av dei er gamle,
foreldra mine planta fleire av dei for mange mange år sidan.
Den gamle hagen og vår heng i hop.







Eg hugsar ikkje namna på alle,
men denne er
Rhododendron Fantastica
som eg har skrive om før.

 Denne sto i mange år utan å blomstre, 
men siste åra har den hatt vakre blomster.
Rette fargen er vanskeleg å få fram på bilde.


Mange ser like ut, men eg trur ikkje
dei har same namn.

Denne er to år og blomstrar for første gong.
Sart og lekker.

I dag er det søndag, 
finever framleis.
Denne helga har me dei tre jentene
på overnatting.
Snart skal me på fotballkamp,
Leah Sofie skal spele.
Kjekt !









torsdag 30. mai 2019

I hagen



Dei raude Rhododendronae som eg har vist bilde av tidlegare
er avblomstra etter å ha gjennomgått
mykje storm og uver.
No blomstrar andre i tur og orden.

Eg er glad for at den to år gamle
Rhododendronen trivst og viser sine nydelege 
blomster med løvtynne kronblad.

Rhododendronen "Fantastica" skuffar aldri, 
den er nydeleg.
Eg har vist den fram før
her og her

Azalea
Denne har me flytta fleire gongar så den
har ikkje funne seg heilt til rette enno.
men den er nydeleg.


Den gamle store Rhododendronen
var tidleg ute i år også.

I dag, 30. mai snøar det og
temperaturen er 6 grader.
Ingen sommar enno.





torsdag 6. juni 2013

Ein liten tur i hagen



Majestetisk har tulipanane stått lenge
 i år. 

Pinselilje kallar me denne.
Eg syns den er vakker og har god lukt
som passar best utandørs.
Rhododendron Fantastica ....

Eg hugsar ikkje namnet på denne Rhododendronen.
Den blomstrar trufast kvart år med 
meir og meir roser.

Det er fint i juni.
Her på Sunnmøre vekslar det mellom solrike dagar
 og regn som høljar ned.
Men det ER sommar
Eg bada i sjøen, 30 mai ! 
Seier det same no som eg sa då eg var lita:
Sjøen var " kolvarm "
 

Nyt dagane !

Anne-Mari