Viser innlegg med etiketten feiring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten feiring. Vis alle innlegg

torsdag 18. februar 2021

Gullbryllaup 18. juli 2020

 

 Når ein har vore gifte i 50 år er det grunn til å feire.
Helst ville me ha feira stort med heile slekta, men dette året
 vart det andre omsyn å ta.
 Smittevern mot Covid 19 virus var viktig.
Me tok difor med barn, svigerbarn og barnebarn til hytta 
 og hadde ei
strålande feiring i fint sommarver.
Anne-Mari og Ottar 

Helsing  i lokalavisa og vidaresendt 
til Facebook 18. juli.

Festbordet dekka med servise, sølvtøy og glas som me fekk i 
bryllaupsgåve for 50 år sidan.
Ved kvar kuvert pynta med 
ei raud rose med kvit pynt i små flasker.

Gullbrudgomen ordna med nydeleg 
rosedekorasjon i hjarteform.
-------
Det vanka varme og
 rørande talar frå dei vaksne.


Barneborna hadde skrive kort med fine ord.
Dei arrangerte også  fleire programinnslag.
Leah Sofie hadde laga speleliste med melodiar frå 1970 og fram til no.
Heile gjengen svinga seg og kosa seg.
Celina Marie hadde laga Kahoot med spørsmål frå 
gullbrudeparets liv og virke i tillegg til allmenne spørsmål.
Profft opplagt der alle brukte sin eigen mobiltelefon til svara.
Utpå kvelden song alle barneborna i lag "Fager kveldssol smiler", alle versa utanåt.
Dette rørte og gledde særleg farmor som har sunge denne for dei, kvar og ein, under
leggerituale frå dei var bittesmå.




Maten bestilte me hos Kraftstasjonen restaurant i Måløy.

  • Nydeleg Bacalao.
    •  
  • Varme og kalde rettar.

  • Kaffimaten laga me sjølve, jordbærkake,
  • karamellpudding, riskrem med bærsaus osv...

Gullbrudeparet var særdeles nøgde med feiringa ! 
Me vona å få mange gode år i lag vidare !





torsdag 4. januar 2018

90 år


er svigermor Judith i dag 4. januar.

Broren Magnulf var 80 år i går.
30. desember var slekt og venner samla til
stor feiring for begge.

Judith las eit handskrive minneord ho skreiv på rim til
gravferda til mor si for over 30 år sidan.
Der fortel ho om oppveksten dei hadde på
fjellgarden Løset.
Det var trange kår, men ein heim fyllt av 
omsut og kjærleik.

I dag bur Judith åleine i omsorgsbustad,
ordnar det meste sjølv.
Ein gong i veka les ho for dei eldre (som ho seier)
på Dagsenteret.
Interessa for familien og 
kva som røre seg i samfunnet
er på topp.

Magnulf hadde sitt yrkesaktive liv ved
Ulstein Verft.
Han var aktiv i Idrettslaget Hødd som keeper
på A-laget då dei på 1960-talet 
spelte seg opp til toppserien.
Seinare var han trenar for fleire 
lokale fotballag.
Etter eit rikhaldig koldtbord hadde
90 + 80 års festen sjølvsagt
eit kakebord i god sunnmørsk ånd.

Underhaldninga var rikhaldig.
Sølvi, datter til Judith hadde skrive
prolog om begge jubilantane.
Det var fleire talar blant anna av 
eldste barnebarnet Andrè.
Martin viste gamle bilde på storskjerm.

Eg gratulerer mi gode svigermor 
hjarteleg med dagen.
Vona ho får mange gode år vidare !

Her , 
og
under etiketten 
Svigerforeldre
kan du lese fleire innlegg
om Judith 






søndag 10. desember 2017

Liten


er ordet i 
utfordringa denne veka hos

I går feira me bursdagane til
svigerinne Siv-Marit 50 år  og 
svoger Terje 60 år.

Dei har fem barneborn i
alderen 6 år og nedover.
Den siste er liten,
født 14 november.
Nydelege Eveline har ei
lita hand








onsdag 13. september 2017

Konfirmasjonen til Celina Marie 9. september 2017


Ei fin helg i september var det konfirmasjon
i Ulstein kyrkje,
102 konfirmantar fordelt på fire gudstenester
over to dagar.
Barnebarnet vårt
Celina Marie sin seremoni var
laurdag kl 12

Det var ei høgtideleg stund
i den vakre kyrkja vår.
Sokneprest Margit Lovise Holte og
kateket Bjørn Losvik
forretta.

Fine Celina Marie !

Med far Andrè og mor Renathe.

Nydelege blomsterdekorasjonar på 
festbordet i Bakargarden
i Ulsteinvik.

Gode kaker og dessertar frå familie og venner var det mykje av,
i god sunnmørsk ånd....

Gåvebordet var pynta med
hardangersaumduken som konfirmanten si oldemor Marie
har brodert.

Celina Marie fekk mange pengegåver.
Av farfar og meg fekk ho bunaden og ei
fotobok med fleire hundre bilde
frå fine stunder i lag med 
alle i familien.

Til lukke med framtida kjære Celina Marie ♥
Helsing farmor og farfar




mandag 13. februar 2017

50-år og heidra


Yngstebroren vår Jon-Ove 
fylte 50 år 9. februar
Som eg skreiv 
 er han 18 år yngre enn meg
som er eldst.
Eg bar han til dåpen og
 me ser mykje til kvarandre
då han bur i barndomsheimen vår
i same tunet.

Dagen feira me i stova vår der
me serverte potetball med godt tilbehør.

Me tok fram kasser med minner frå
barndomen og foreldra våre.
Sysken og svigersysken
kosa seg i fleire timar.

Litt pause med noko søtt 
til kaffi innimellom
praten og mimringa.


------

Dagen etter hadde arbeidsplassen hans 
 tilstelning for personalet 
og der fekk
Jon-Ove utdelt 
Norges Vel medalje for
Lang og tro tjeneste

 Medaljen for lang og tro tjeneste
er tildelt
Jon-Ove Breivik
31 år ved Sunnmøre Reinhaldsverk IKS


Ein stor heider !

Ein ekstra pin til å feste på jakkeslaget.


Gratulerer Jon-Ove !







onsdag 9. november 2016

Blomsterhelsing


Som eg synte
 HER
fekk mannen min
mange fine blomsterhelsingar til
70 årsdagen sin.
Eg er svært glad i blomster og
kjem til å vise ein del bilder av dei
framover.


 Nydeleg















onsdag 5. oktober 2016

Saltmat og søtmat

Først av alt:
Ottar takkar hjarteleg for alle 
gratulasjonane frå bloggvennane mine !

I 70 årsselskapet
her
var det rikeleg med mat til
 gjestane.
Koldtbord levert frå eit lokalt 
cateringfirma.
To varme rettar +
variert utval av kalde rettar.
I tillegg laga systra mi den gode løksalaten sin,
som passar perfekt til
karbonader.

Celina Marie og Leah Sofie laga 
tapasretten dadler med bacon
Veldig godt !!

Gode kaker og dessertar !!!
Dei fleste hadde gjestane med seg.
Me bruka å lage til kvarandre 
når me har selskap.
Ein god skikk som avlasta vertinna.
Takk til Sølvi, Vigdis, Perly, Hege, Torill..

Mor til jubilanten, 88 år,
hadde kjøpt kaka med
gratulasjonshelsinga på.

Denne kaka var ny for mange av oss,
Troikakake laga av
svigerinne Siv Marit.

Kjempegod kake !


Du skulle fått ein bit av ei kake om
du stakk innom :)






mandag 3. oktober 2016

Ottar 70 år


30 september.
Dagen vart feira med familie,
me var 34 små og store.


Ottar har vore aktiv i politikk og fagforeiningsliv
både lokalt og nasjonalt
heile sitt yrkesaktive liv så det blir
gjerne mykje merksemd
når han fyller år.

Vakre blomsterhelsingar frå
kjende og kjære


Største overraskinga var nok 
denne buketten



Laurdag var det 
Intervju i lokalavisa
side 14 og 15
Der kjem det dessverre lite fram
om familiemannen og 
den kjære farfaren.

Eg kjem tilbake med litt
å bite i,
i eit seinare innlegg :)




søndag 19. juni 2016

Bryllaup


I helga var me i bryllaup til
ei av tvillingjentene me er onkel og tante til,
og fadder på.
Christina gifte seg med sin kjære Tor-Even
i Hareid kyrkje

Far Terje førte bruda fram til
mannen som venta

Tvillingsyster Malin las
teksta for dagen

Flott par,
rette ektefolk ♥

Eg fall for den 
fine tatoveringa i ryggen.
(hadde eg berre vore yngre skulle eg fått meg 
ei tatovering.....)

Tusen takk 
Christina og Tor-Even for at me
fekk feire den store dagen
i lag med dykk.