Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinter. Vis alle innlegg

lørdag 21. desember 2019

Is

Is
er siste ordet hos Sanna 
dette året.

Takk til Sanna for alle fine utfordringane
ho har gitt oss.
Ikkje alltid enkelt å finne tydinga av alle orda
då me har ulike språk i  denne
bloggverda.
Men spennande å vere med.
Eg er litt kry over at eg har laga innlegg til
kvart ord i 2019.

Det er lite vinterver her hos oss,
så bilda er frå arkivet.
Om vinteren blir naturen pynta med
iskrystaller.

 Hytta vår pleie å vere pynta om vinteren.
Isjuklane heng frå torvtaket.

Is som heng over terrenget.

Sommarminner.
Iskrem og kaffi.







fredag 18. januar 2019

Värme

Dette er oversikta over den kjekke utfordringa til Sanna der
me skal tolke, på vår eigen måte,
eit nytt ord kvar veke.

Som du ser er ordet denne veke
Värme.

I dag kom Ottar og eg til hytta og fekk sjå at det hadde lagt ned mykje snø.
 Det var berre å brette opp ermene,
problemet er at det er berre Ottar som kan gjere det,
eg skal ikkje gjere tungt arbeid pga stæroperasjonen 
som eg skreiv om i forrige innlegg...

Eg fyrte i omnen for å få varme i stova.


Sette meg godt til rette med strikketøyet.

Deilig Varme frå skinnfellen.

Men eg likte ikkje situasjonen,
her skulle eg sitte på baken og sjå på
han som sleit og moka snø ute.
Det positive var at han fekk varmen i seg,
og eg fekk bilde til blogginnlegget :)
God helg !







fredag 16. februar 2018

Snø, sol og vind


Når me køyrer tre fire kilometer heimanfrå
 kan landskapet vere dekt med snø.
Denne veka har det vore fleire dagar med
sol og vind.
Ein dag tok me turen til fots opp gjennom
Fjellsbrekkene,
ein veg over fjellet mellom 
Hareid og Ulstein
Den blir ikkje pløgt om vinteren,
men har spor etter store køyretøy.

Til lenger oppover me gjekk
dess meir bles vinden snøen saman.

Nesten på høgda av bakken
tok vinden godt tak.

Ikkje godt å sjå kvar vegen ligg,
snøen har lagt seg i skavlar.
Me snudde her.

På veg nedatt såg me fotspora våre
på isen under snøen me gjekk på oppover.
---vinden har ikkje greidd å fjerne alle spor--- :)
Morsomt.

Det var ei frisk tur  !








søndag 4. februar 2018

Silhuett


" Blå var dagen,
bjørki ute
risa rim på
himlens rute "

Olav H. Hauge



Januarbilde 
frå Furuhogane
Harpefossen.






tirsdag 23. januar 2018

Helleborus

eller Julerose som me kalla den.

Eigentleg er namnet Julerose litt misvisende for
den blomstra vel så gjerne i perioden
januar til april.
Helleborus er ei plante i soleiefamilien der
bl a kjente og kjære planter som
kvitveis, blåveis og mange mange fleire høyre til.
Wikipedia

Planta på bildet står utfor enden av huset,
eg tok den frå grava til foreldra mine
då den hadde visna i fjor vår.
Det var systra mi som hadde planta den, 
og ho sa eg kunne ta den med heim :)
Eg la den berre i ei krukke i lag med andre
planter og vart overraska då eg fekk sjå kor 
fint den blomstra no.
Det har vore kuldegrader i fleire veker så det
er tydeleg at den lika det.



Sjå fleire fine blomster hos: Floral-Bliss







søndag 21. januar 2018

Leonardo


lika seg i snøvêr

" hvis et snøfnugg var en klem ville jeg gitt deg 
en hel snøstorm "
ukjent forfattar


Fleire innlegg om hunden til Roger med familie
finn du blant anna

herherher







mandag 15. januar 2018

Vinterhelg på hytta


Det er mykje snø på Harpefossen der me
har hytte.
Med gradestokken på godt under 0
er det klare og fine dagar.

Ettermiddagar med fin
solnedgang

og vakkert i fjellet

Innandørs er det godt å vere 
med fyr i omnen,
lesing og strikking.
-------
Her heime i morgontimane mandag er det 
kraftige vindkast og elektrisiteten
truar med å bli borte.
Litt utriveleg !
Men det går mot lysare tider.

Eg ynskjer deg ei fin ny januarveke.






tirsdag 9. januar 2018

Helse


er ordet i utfordringa denne veka.

Som sjukepleiar og lærar i helsefag for
ungdom i vidaregåande skule i årevis
burde dette vere lett sak..
Problemet er å avgrense alt ein har lyst til å formidle.

Eg deler difor nokre regler om
Helsevett som Peter F. Hjort har skrive:

1. Ta ansvar for di eiga helse
(etter mitt syn det viktigaste punktet,
dette inneber alt)
2. Bruk kroppen
3. Stump røyken
4. Maten er halve helsa
5. Sov deg frisk
6. Stress med vett
7. Hald fred med familien din
8. Unngå ulykker
9. Vis respekt for alkohol
10. Bruk ikkje pille for alt som er ille


Ein frisk skitur kan vere bra for helsa

Å vakne til ein slik morgon er også
livgivande

Eg ynskjer deg ein god og 
helsefremjande dag !








torsdag 21. desember 2017

Gnistra

er nest siste ord i 
utfordringa 2017

Ein gammal færing står i
Ulsteinvik sentrum.
Om sommaren er den fylt av blomster.
I desember er den pynta slik:
Dei blå lysa gnistra i
skumringa.

Eg ber om årsaking for at det har blitt
lite besøk hos mine kjære
bloggvenner.
Energilageret gir meg ikkje nok til
gjere alt eg har lyst til,
men eg håpe å kome sterkare i gjen neste år :)

Eg ynskjer God Jul til alle mine venner.

Helsing Anne-Mari

tirsdag 5. desember 2017

Fridag frå barnehagen


Ein av dei tre dagane me hadde snø 
var barnebarnet Ella Victoria 5 år
og grandtanteguten Theo 4 år
i lag med oss her i
Tuå

Starta dagen med første del av ein film på Netflix,
forresten ein fin film som
me gamle også likte.

Nydeleg vinterver,
Spennande konglar på trea,
blå himmel og litt sol.

Appelsin høyre med når ein er
ute på tur.

Etterkvart full fart heimatt til
andre aktiviteter

Trampolina må ryddast,
Theo har utstyret for han bur her.

Etterkvart trekte me innandørs,
såg resten av den spennande filmen og
etterpå leik med Lego
frå lageret me har samla gjennom åra
 sidan første barnebarn i 2000 og fram til no.
Tidlause leiker.

Takk for ein kjekk dag ilag !






onsdag 1. mars 2017

Lengt mot vår


Tenk at om eit par månader 
får me sjå att desse
trufaste blomstrane
i hagen






Ååå, 
kor eg gled meg til 
vår og lysare
 dagar.







torsdag 23. februar 2017

Det spirer og gror



På rundturen i lag med
Leah Sofie 
fann eg overraskande teikn til vår
i hagen.
Når ein tenkjer på at me ikkje hadde sol før
30. januar er det fantastisk at
vårblomstrane 
tittar fram.

Snøklokka er alltid velkomen ♥

Krokus i blomst er uvanleg hos oss i februar.

 Primulaen blomstrar lenge utover hausten
og startar tidleg.
Ein trufast gledespreiar i hagen.

I dag har det snøa her hos oss.
Det måtte kome no skal me bli ferdig
med snøridene til våren kjem
for alvor.







fredag 17. februar 2017

Skugge rundt Løsetvatnet


Det bruka å vere nokså vått i råsa rundt Løsetvatnet.
Denne fine februardagen fekk me lyst til 
å gå tur i det frosne terrenget
sjølv om me gjekk i skugge 
nesten heile tida.


Med blikket retta nedover


er det mykje fint å få auge på


Rim og is kan føre til små kunstverk.









onsdag 8. februar 2017

Perleblomster




Muscari botryoides
har lange slanke stilkar og små
blå eller kvite blomster.

Perleblomster passa godt i det gamle
såpesettet i emalje,
 som står på dynamittkassa i vindfanget.

Ha ein fin februardag !



torsdag 2. februar 2017

Ugle


i toppen av ei gran
er mitt bidrag
i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge:

v. 5: ovan (above)

 For eit tid sidan fekk me sjå den 
flotte ugla på Løset.

Me kom heilt nær treet, men ugla
let seg ikkje distrahere der den
naut fineveret.



sjå andre sine tolkningar her:




tirsdag 31. januar 2017

Sol inn i stova


Den etterlengta sola 
lyste inn i stova i dag.
Hurra !

Me er utan sol 6 veker før-
og 6 veker etter solsnu.
Eg tenkje ikkje så mykje på det
midt i perioda,
men når tida nærma seg for at ho skal
kome igjen lengtar eg etter den.

Det er rett og slett livgivande 
å få den tilbake :)




mandag 30. januar 2017

Blogger`s Sunday Walk

Bloggaren 

si utfordring er
at mange bloggarar går 
tur på same søndag. 
Deretter skrive eit innlegg og
dele turen med andre.
Eg er svak for utfordringar og vil
sjølvsagt prøve å 
gjennomføre dette.

Denne helga var me på hytta.
Eg visste der var snø, men ikkje at den 
hadde minka så mykje..
Ski var ikkje aktuelt så me leita fram 
gode tursko.
Snøen som låg att i turvegane
var knallhard og isete.

Mannen min og eg gjekk tur i nærområdet,
ein fin tur sjølv om det
til tider var vanskeleg å
halde seg på beina.

Trygt og godt å finne snøfrie soner.


Idyllisk på gamle sætertun.



Naturelementa  i 
fin harmoni...




Her finn du finn fleire 
Blogger`s Sunday Walk