Viser innlegg med etiketten Skip. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skip. Vis alle innlegg

tirsdag 9. juli 2019

Myklebustskipet på Nordfjordeid


Ordet i utfordringa til Sanna er
VISE eller SHOW
denne veke.

Eg vil vise bilde frå besøket ombord
i Vikingskipet på Nordfjordeid.
Skipet er bygt av dyktige og erfarne
båtbyggarar frå Bjørkedalen.

" Myklebustskipet er restene av et brent vikingskip som ble funnet i en gravhaug 
på gården Myklebust i Nordfjordeid. 
Bare naglene er intakte, men ut fra antallet kan skipet ha vært minst 25 meter langt, 
kanskje det største vikingskipet som det er funnet spor av hittil i Norge. Wikipedia " 

Ottar vart liten i det enorme skipet.





Det svære roret er fleire meter høgt.




 Det spektakulære skipet vil nok bli eit 
attraktivt festlokale.
Den dagen me var der var det 
duka for bryllaupsfeiring.


Her kan du sjå frå bygginga av









lørdag 2. februar 2019

Februardag


Før eg sto opp i dag låg eg og høyrde på radio,
der sa dei blant anna at månadane
 Februar, Mars og November
startar på same dag.
I år på ein fredag.
Men neste år, i 2020, blir denne regelen broten
fordi då er det skottår.
Kanskje ikkje nyttig å kunne dette,
men greit å vite :)

Eg starta dagen med å bake
Pizzasnurrar.
Med ungdom i hus er det greit å ha noko
enkelt og godt i frysaren til nistemat.


Etterpå tok me på piggsko og gjekk ein tur i nærområdet.
Herleg å sjå kor lyst og fint det er der sola når fram.

 Ulsteinvik bada i februarsol.
Legg du merke til den flotte fargen på 
det nye skipet ved skipsverftet ?

Holmar og skjær med
storhavet attanfor.

Nesten heime.
Blikkstille sjø og nydelege fargar.
Ja, du ser vel det fargerike skipet på alle bilda ?

I morgå blir det middag til
heile familien på 12 
Det blir poteball med mykje godt attåt.

God laurdaskveld !









onsdag 26. juli 2017

Ona


er ei øy langt ut i havet
i Møre og Romsdal



Syster mi med familie har hus der.
Bror min, mannen min og eg besøkte dei
sist helg.
Ona med bru til Husøya er eit levande samfunn
som har mange spennande opplevingar
å by på.
Etter krigen budde det på det meste 
mellom 300 og 400 menneske der.
I dag bur der omlag 30 fastbuande.
Mange hus er kjøpt av folk som har tilknyting til Ona,
eller av andre frå fastlandet.
Husa blir tatt vare på og brukt som fritidshus.

 Ona fyr er eit kjennemerke 

Frå fyret ser me den tette busetnaden
på Ona
til høgre i bildet ser du brua over til Husøya

Her ser me nokre av husa på Husøya.
Kyrkjegarden og forsamlingshuset er på den øya.

Det er eit yrande liv i det vesle
samfunnet
måsar og terner hekkar på glaskarmane

Om natta ligg ferja på Ona,
visst du ser godt etter ser du at på fenderlista 
på ferja er soveplassen for mange måsar...
Der er også måsereir inni
ei opning i skutesida...

Menneska som bur eller besøke Ona 
kan finne spennande ting å kjøpe.
Der er to keramikkverkstadar med fine
gjenstandar,
biletkunstnar/butikk
og der er ein innhaldsrik handarbeidsbutikk 
med bl. a. mange fine strikka ting.

Me hadde ei flott helg på
ein fredens plass på jord.

Takk for oss.







tirsdag 21. februar 2017

Ein dag i vinterferien


Skulefri og Leah Sofie lika å vere hos
farmor og farfar.
Mellom regnbygene ute vart det
bollebaking.

Farmor bruka alltid vekt så alle bollar 
skal bli like store.
Den vanen lærer eg gjerne vekk.
73 gram gir fine bollar.


Litt ulikt steikte,
er det speltmjølet som gjer det
skal tru ?

Etterpå gjekk me ut ein tur
i nærområdet
 Rydding av plast i fjøra
trengs verkeleg !!

Spennande i trollskogen :)

-------

Me prata om kongen og 
opplevinga då kongeskipet ankra opp
rett ut for land her i juni 2016.

Gratulerer hjarteleg til
kong Harald med
80 års dagen !








lørdag 22. oktober 2016

Bilde i Color Fantasy

I kvar trappegang er det ulike utsmykkingar.
Spottane som lyste på bilda 
hindra gode foto.

 Eg likte desse naive motiva

 Fine fargar

 Mosaikk

På lugaren hang dette bildet 
over senga

Bilde på motsett vegg.

Det er flotte skip der det er lagt opp til
at du skal ha fine opplevingar
av ulik art.
Utsmykkingane har mykje å seie
synest eg.


Her heime er hausten framleis
nydeleg.
Eg skal nyte den i helga.





tirsdag 18. oktober 2016

Tepper i Color Fantasy


Eit to døgn cruise Oslo - Kiel gir
mange inntrykk.
Maten, shoppinggata, interiøret
og ikkje minst
dei teppelagde korridorane og
gangane.

Dei vakre fargane i mønstra på teppa
fengsla meg


Ulike fargar i 
etasjene på det store skipet


I dei smale korridorane mellom
lugarane låg desse
fargerike teppa

At fargar betyr mykje 
kan du lese meir om hos Tove i bloggen











fredag 24. juni 2016

Selebert besøk


her i dag.

Kongeskipet Norge

"Kongeskipet Norge ble gitt i gave fra det norske folk til Kong Haakon VII 
etter en landsomfattende innsamlingsaksjon i 1947. 
Skipet eies av Hans Majestet Kongen, men blir drevet av Sjøforsvaret. 
Når Kongen er ombord på K/S Norge,
 vaier Kongeflagget på toppen av skipets aktermast."
(teksta henta frå kongehuset.no)

No er kongefamilien på jubileumsreise
langsmed kysten.

Det låg 
rett utfor fjøresteinane her me bur
i formiddag
Både farfar og barnebarna synest det
var flott å sjå


 Dronninga, prinsesse Ingrid Alexandra,
prinsesse Märtha Louise og døtrene var på
privat besøk her i Ulsteinvik

Me sto på altanen og såg
då dei gjekk ombord i kongeskipet 
etter besøket på land.
Kong Harald sto der i raud gensar
og såg til at alt gjekk
riktig føre seg.

Det var stas å ha 
selebert besøk så nær land.








torsdag 26. mai 2016

Nytt skip


er levert frå
Kleven Verft i Ulsteinvik

Edda Freya
150 m langt og
svært avansert konstruksjonsskip
er levert til 
Østensjø Rederi


Eg er stolt over Kleven verft,
som ligg 1 km frå her eg bur.
Verftet er ein stor arbeidsplass
 og grunnpilar i 
kommuna vår.

Eg tillet meg å låne eit bilde
frå Wikipedia av
verftet
På bildet viser heimstaden min
øverst i høgre kant av bildet.









torsdag 2. juli 2015

2 juli


Etter ein skikkeleg sommardag med
29 grader i skuggen var
solnedgangen vakker.

Eit skip på veg frå Ulstenvik
til oppdrag ein eller annan stad.

Fargane blir endra med ulike objektiv
på kamera.

Skipet er " utom land " og
serverer sola på
" sølvfat "






søndag 28. juni 2015

Midtsommar


I går kveld og natt feira familie og venner
svigerinna mi, Marianne sin  
femtiårsdag.
Feiringa gjekk føre seg i sjøhuset, naustet og
i fjøra 
ved sjøen her me bur.

Rustikt miljø

God mat i solskin 
som varte heile natta...

Bildet tatt omlag kl 03.
Flott skip med kurs mot Ulsteinvik.
Den vakre kvelden og natta 
var til endes.


Deler hos:






fredag 12. juni 2015

Alnes fyr

på Godøy i Giske kommune i
Møre og Romsdal

26 m høgt
I dag er fyret automatisert men er framleis
eit godt hjelpemiddel for
 fiskarar og andre sjøfarande som
i tidlegare tider.
Her er kafè som har heimelaga kaffimat,
og kunstutstilling.
Det er høve til å gå opp i tårnet der 
utsikta utover havet er
fantastisk.
Eg anbefaler ein tur til Alnes fyr.




onsdag 18. september 2013

Onsdagstema #179

er 
SNART HÄNDER DET!  

Medan eg åt frukosten
kom dette slepet i synsranda mi

Skroget kjem frå Polen
eller eit anna land i Europa.
På kort tid vil skipsverft her i Ulstein
bygge det vidare til eit
av dei mest moderne
skip i verda.


Fleire bidrag til 
finn du
HER