Viser innlegg med etiketten Nyttår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nyttår. Vis alle innlegg

søndag 31. desember 2017

Takk for i år.



Bror, barn og barnebarn
på aketur siste dagen i 2017

Med dette vil eg ynskje alle som er 
innom bloggen

GODT NYTT ÅR !
og takke for den gode kontakta i året som
snart er omme.

KLEM frå Anne-Mari





tirsdag 10. januar 2017

Sein Hippeastrum

eller kanskje eg skal seie
tidleg, sidan me er
i starten av eit år.
Eg kjøpte fleire knollar tidleg i desember,
nokre tok eg vare på heime
og ga vekk til jul.
Dei to eg skulle ha på hytta i jula
sette eg kjøleg der.
Men stakkarane fekk for kort tid
med vatn og varm stove så dei
 opna seg ikkje før det nye året var på plass.


Hippeastrum, ridderstjerne
er det eigentleg namnet på planten som
i daglegtale blir kalla
 Amaryllis

Namnet  kjem frå det 
greske ordet hippos som tyder hest
og det latinske ordet astrum som tyder stjerne


Ein kan kanskje sjå at blomen
likna på hesteøyre når
 den opnar seg...


Bilde lånt frå Internett

No skal eg nyte synet av dei fine
raude blomane nokre
 dagar til.




GemsofmyLife v. 3: Rød






lørdag 31. desember 2016

Godt Nytt År !


 På årets siste dag vil eg
 TAKKE
 mine bloggvenner
og alle andre som er innom og les bloggen min.
Det er inspirerande og gledeleg
å ha besøk av dykk.
 Tusen takk !
Med bilde frå inngangen til hytta vår
vil eg ynskje alle eit

Godt Nytt År !




lørdag 2. januar 2016

Jula er pakka vekk

Vel overstått jule- og nyttårsfeiring !

Snøen me hadde i jula fòr med vinden
og varmegradene.
I dag er det 2. januar 2016.
Eg er av dei som er snar til å pakke vekk
julepynten når det nye året er
godt i gang.

Dette opphenget fekk me av 
gode venner i Førde
ein gong på 1970-80 talet.
Kvar jul heng dei i vindauget og fyl
med på kva som skjer både ute og inne.

No undrar dei seg over at 
jula gjekk så fort,
er det allereie tid for å flytte
på mørkeloftet ...?
------

Heimattkomne frå hytta 
 føle me nesten at det er vår i lufta.
Primulaen kjenner det også slik,
der den blomstrar i hagen.
------

Det skal ikke stort til

Det skal ikke stort til:
en mildværsdag om vinteren bare,
sønnadrag i lufta, dråper
som vandrer blankt skinnende
langs fiolette bjørkegreiner. Og straks
blir rovdyrsporene i snøen
utydelige og uten klør.

Hans Børli
i boka:
Lys i vindall natt





torsdag 31. desember 2015

Godt nytt år !



ynskjer eg med den fine pynten me fekk
i julegåve

Tusen takk til alle
som vitjar bloggen min.
Eg set pris på kvar einaste ein !
Og det er overveldande å få så fine
kommentarar og god kontakt med
bloggvenner.

Godt nytt år !

Helsing Anne-Mari





onsdag 31. desember 2014

Takk for laget i 2014


Takk
til alle mine bloggvenner og alle som vitjar
bloggen min.
Eg set stor pris på dykk alle og 
 vonar me får halde kontakta også i det
nye året.

Med eit bilde frå ein skitur i jula
ynskjer eg

Godt nytt år !

 Anne-Mari


torsdag 2. januar 2014

Totusenogfjorten


DEN ANNSAME
av Jan Magnus Bruheim

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes på dagen.
Han står der, studd over stav 
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av ?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen,
men nådde han aldri att.


Ord å tenkje over !


Eg ynskjer deg gode dagar i det nye året,
og takkar fordi du er innom
her hos meg.

Helsing Anne-Mari





tirsdag 31. desember 2013

Vinter

og snø 
er det enkle og kortsiktige 
nyttårs-ynskje til
 barn og vaksne her på
hytta.


Regnet tok all den fine snøen som låg
før jul.
Ski og vinterutstyr står klart og ventar.

Eg vil takke mine bloggvener og alle andre for fin kontakt
gjennom året som no snart er omme.

Og ynskje alle som besøkje bloggen min

Godt nytt år !




Helsing Anne-Mari




søndag 30. desember 2012

Takk for i år !

Då er året 2012 snart omme.
Eg vil takke alle som har besøkt bloggen min dette året.
Eg er overvelda og audmjuk over å få så mange positive reaksjonar.
Det er inspirerande og kjekt å treffe så
mange hyggelege bloggvener,
kjenner det nesten som me 
er i familie.

Kvar og ein skal få ei
blomsterhelsing
i bilde.

 Amaryllisen blomstra fint i jula



Eg vonar me får halde kontakta også i det
nye året.

Godt nytt år !

God klem frå Anne-Mari