Viser innlegg med etiketten Nordmøre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nordmøre. Vis alle innlegg

fredag 9. juni 2017

Svinviks Arboret 2


Den spennande botaniske hagen har mykje å by på
Trapper i bratte skråningar,
fører oss gjennom skogen av
 Rhododendron, tre og buskar
av ulike slag.




Stien enda ved Todalsfjorden
der skodda låg.

Spennande å fotografere


den trolske speglinga.

Toalettet er i eige hus

fint pynta utfor dodøra

Ein må ned på kne
skal ein få fine bilde av 
små blomster på enga

 Forglemmegei - Myosotis

Du kan sjå fleire innlegg frå turen
på Nordmøre: 

her






tirsdag 6. juni 2017

Svinviks Arboret


Eit av måla med turen til
Sunndalsøra var å køyre
til Todalen og besøke
Svinvik Arboret
som blant anna er kjent for
si store samling av 
Rhododendron


Det var ein fuktig dag med skodde
og duskregn,
men det gjorde ingen ting

Lang vegen inn til området.

Under ser du nærbilde av ein blome
i den vakre "hekken"



Husa på garden

Det er mange trapper mellom
nivåa i hagen

Her kan ein kvile medan ein bruka sansane


Eit knippe av kvite Rhododendron






Vakre med vassdropar






Namn på dei ulike Rhododendron 
ga eg opp å finne,
hadde nok med å halde styr på kamera med ulike linser
og mobiltelefon hehehe..

Teppe av  avblomstra kronblad i
trappene og terrenget



Ved løa sto denne Rhododendronen
med dei vakre blomane



Vandring i Svinvik Arboret vil eg
anbefale på det varmaste.
Det angar og lyser mot deg frå alle kantar.
Men du må skunde deg visst du vil nå 
Rhododendronsesongen
den er berre mai, juni...

NB. Det blir fleire innlegg frå turen til
Sunndalsøra på Nordmøre,
Desse har eg skrive hittil:

HerHerHer



mandag 5. juni 2017

Gammal


er ordet i 
utfordringa denne veke

I Svinvik Arboret på Nordmøre
(som eg skal skrive meir om etterkvart)
hadde me ein liten pause
 i hovudhuset.


Nydeleg 
eplekake med heimelaga vaniljeis
på gamle asjettar


På veggane var to gamle
plansjar 


I gamle dagar var
det vanleg å bruke slike i
undervisninga i barneskulen

Det er svensk tekst på plansjane så
kanskje kjem dei frå eit
svensk klasserom ?









torsdag 1. juni 2017

Vangsgutane



Turen på Nordmøre hadde mange
opplevingar.
For mannen min var turen gjennom
Todalen spesiell.
Han sikrar seg juleheftet Vangsgutane kvart år
og var spent på om han kunne finne 
spor etter dei og garden Breiset
sjølv om han veit at alt er oppdikta.
Det var stort for han då han
fann statua over
Steinar og Kåre 
og forfattaren Leif Halse
som står ved skulen.



Steinar Vangen


Kåre Vangen


Leif Halse, forfattaren


Vel heimattkomen har han leita fram
eitt av dei mange julehefta.
Her ser me Larris med hunden Troll, Kåre og Steinar
med mor Sigrid, oksen Peik og katten Mons








tirsdag 30. mai 2017

Langhelg på Nordmøre


Ei langhelg med base på Sunndalsøra
opna for mange fine turar
i områda rundt.
I tillegg til å få med fotballkampane
som barnebarnet Hans-Petter var med på i 
 Hydro Cup
nytta me høvet til å utforske nye stadar.

Første dagen var det lavt skydekke
og regn.
Men det hindra ikkje å få fine opplevingar.
Me køyrde inn gjennom
Todalen og enda i 
Kårvatn
Her var eit gammalt tun med mange 
eldgamle bygningar.
Tydelegvis eit utgangspunkt for 
turar i fjella.
Der sto fleire skilt om merka turstiar.



I tunet sto statua "Undervegs" laga av
Ole Mauseth


Gode, kloke ord på
trefjøla under statua.

Ein godt vedlikehaldt 
slipestein i tunet

Stor vart overraskinga då me såg at i 
låven er det ei stor forretning med stort utval
av sportsutstyr, mest fjellutstyr.


Det var ein fin tur med grøne markar
høge fjell og elvesus.