Viser innlegg med etiketten Himmelsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Himmelsk. Vis alle innlegg

onsdag 11. januar 2017

Himmel

 har ei utfordring i bloggen 
med eit nytt ord kvar veke i 2017
Denne veka er ordet: Himmel
Eg lika slike utfordringar så her er det 
berre å henge på.
Januarhimmel 



Her kan du sjå fleire bilde av Himmel





torsdag 15. august 2013

Himmelsk #150


Dette er førebels siste gong
Petunia utfordrer oss
til å sende inn dei 
himmelske bilda
våre. 
Takk for at eg har 
fått vere med !

I går var det ein strålande
dag, 
og solnedgangen 
var fantastisk.
Eg sprang ned til sjøen for å
få fri sikt, 
men greide ikkje å vente,
eg måtte knipse sola mellom 
naustet og sjøhuset
 Ser du vindauget
på naustveggen ?

Open naustdør gjer at du ser 
både himmelen og sjøen
gjennom vindauget.

Sjå fleire himmelske bilde
HER 




onsdag 7. august 2013

Himmelsk #149

Himmel og hav.


Utsikt frå Flø mot Grasøyane.

Du finn fleire himmelske bilde
Hos Petunia. HER





- Posted using BlogPress from my iPad


lørdag 20. juli 2013

Fredløs


Lysimachia vulgaris
 strekkjer seg mot 
himmelen.

Vakker blomst, 
men kvifor namnet Fredløs ?
Er det fordi den spreier seg både over- 
og under jordflata ?

Med den " fredlause "
ynskjer eg dykk alle ein fin laurdagskveld.

Eg linkar innlegget til 


torsdag 11. juli 2013

Inst i Hjørundfjorden


Sist søndag då me besøkte 
Postkjellaren på Bjørke inst i Hjørundfjorden
 sjå innlegg her ,
køyrde me til Viddal og så langt 
vegen gjekk.

Her er vakre fjell

som strekker seg mot himmelen.

Dette fjellet ligg rett over fjorden for Viddal.
Legg merke til at det er vegetasjon nesten til
toppen av fjellet.

Jakta 1589 m o. h.
 er vel det mest kjende fjellet her inne.

På altanen til Postkjellaren sit
faren til Alva og mannen min og pratar om
felles interesser :)
Bak dei inste del av Bjørke.
Ein idyllisk plass.
 
Tjeld med unge som må passast på.
Han gjekk framfor bilen vår og
heldt på å bli overkøyrd.
 
Kraftig vind krusa vatnet me
køyrde langsmed på veg heim.

Ein skulle tatt mange slike bilturar og
sett på all den vakre naturen me har rundt oss.
Niste er godt å ha med så
ein kan raste der ein vil.
Det er slikt ein kan gjere når
sommardagane kjem...
Me ventar med lengsel på fleire
varme og fine dagar.

Linkar innlegget til



onsdag 3. juli 2013

Solnedgangen


i går kveld.
 
Ein liten halvtime før midnatt var
det eit vedunderleg syn å sjå i himmelranda.


Fleire bilde finn du her:





onsdag 26. juni 2013

Høgåsen

Første gong på Høgåsen i år.
Eigentleg ei skam å ikkje gå dit oftare.
Det er berre å ta på sko i gangen
og gå.
Må vedgå at det var litt nedslåande å 
kjenne på forma, men det er 
 ein liten " feittbrennar " rett opp.

Høgåsen 240 m over havet

Trettenåringen og Bessie gler seg over
utsikta til Ulsteinvik

 Her ser me heimatt nede til høgre.
No forstår dokke sikkert kvifor eg viser så ofte 
bilde frå solnedgangane.

Eg seier til meg sjøl at no må eg bli
flinkare å gå på Høgåsen.
Det er ein ypparleg måte å kome i
betre form på... rett utfor stovedøra, 
 og gratis !

Eg linkar innlegget til 
Himmelsk #143 

Ynskjer deg fine sommardagar !

Anne-Mari



onsdag 19. juni 2013

Himmelsk Eldkvede


Eldkvede

Juni er tida då hagen er på det finaste.
Eldkveda er ein av desse buskane
som spreier mykje glede.

Dette er mitt bidrag til 
Himmelsk #142 
hos Petunia.



torsdag 2. mai 2013

Himmelsk # 135


Kalendaren syner mai,
men her hos oss er det snø i lufta,
kaldt og vindfullt.
Etter slike dagar er kveldshimmelen
prega av sterke blå fargar.

 
 Med vindauge i skyene over
Ulstein verft.

Du kan sjå fleire himmelske bilde
hos Petunia
 

Eg ynskjer deg fine dagar i mai.

Anne-Mari

torsdag 18. april 2013

Vårkveld

I heimkommuna mi er 
store kraner eit vanleg syn.

Majestetiske.

Magisk i synsranda.





 
 
 

torsdag 11. april 2013

Lengt mot vår ?



På turen min i dag såg eg
 gravemaskina
som lengtar etter vår.


Medan ho ventar kan ho nyte
den himmelske utsikta til
 Sunnmørsalpar.


Du kan sjå fleire himmelske bilde:
 



torsdag 21. mars 2013

Himmelsk solnedgong



Etter ein strålande dag kom denne
vakre sorti.


Bildet frå i kveld er mitt
 bidrag til



 


torsdag 28. februar 2013

Solnedgang


I evighetens perspektiv er 
øyeblikket som et liv.

PIET HEIN


Februar er snart omme
med sitt fantastiske ver og
storarta solnedgangar.
Eg er full av forventning til
vårmånaden mars :)

Bildet tok eg forrige laurdagskveld.
Utsikt frå indre Dimna mot Eggesbønes.
Det er mitt bidrag i
 

torsdag 21. februar 2013

Himmelsk # 125




 Hornindalsvatnet

er ein innsjø i Eid og Hornindal kommunar i 
Sogn og Fjordane.
Med sin maksimale djupne på 514 m
er den Europas djupaste innsjø.
Vakker både sommar og vinter.

 
Du kan sjå fleire himmelske bilde
 HER

 


onsdag 30. januar 2013

Eit godt minne

Birgitta gir oss ei ny utfordring kvar onsdag.
I dag er temaet:

" OFÖRGLÖMLIGT "

Mitt bidrag er eit bilde frå 2004 av far min
med eit av oldeborna (vårt barnebarn).
Det er tatt anten før eller etter draging av sildegarn.
Far min var glad i all slags fisk og åt det gjerne
til frukost, middag og kveldsmat....
Me snakka ofte om at viss fisk er livgivande
skulle han leve til han vart hundre år.
Men slik gjekk det ikkje,
arbeidsmiljøpåverknadar frå  yrkeslivet 
vart hans bane.
Asbest.

Ei fin stund som sit i minnet.
Uforgløymeleg.


Fleire uforgløymelege bilde finn du
I Onsdagstema # 146 



Eg vonar at du har ein fin onsdag !

Anne-Mari

Ps. sjå også fine bilde her:
Himmelsk # 122 hos Petunia 
   

torsdag 24. januar 2013

Himmelsk # 121

Bildet tok eg i dag frå Eidet mot Hareid.
På fjorden går ferjene jamt og trutt.
Dei er ein del av riksvegen vår.
(klikk på bildet så det blir større)
Den strålande sola greier ikkje heilt å
skine over fjella 
så store deler av landskapet ligg
framleis i skugge.



Sjå fleire himmelske bilde hos


Ynskjer deg ein fin kveld :)

Anne-Mari

torsdag 17. januar 2013

Himmelsk # 120

Mitt himmelske bilde er frå
Bjørkedalsvatnet ei
veke før jul.


Me må ha god tid på køyreturen til hytta, 
for på Bjørkedalen er det alltid
 flotte motiv å ta bilde av.


Sjå fleire himmelske bilde hos



God torsdag til alle som stikk innom.

Anne-Mari

torsdag 3. januar 2013

Totusenogtretten

Eit nytt år ligg i startgropa.
Ingen kjenner morgondagen...

Hans Børli skriv så vakkert:
- Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden.
- La det ikke stivne
av år og alder. Smør det
med dagenes gule soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fugler
med vingen blå av himmelduft.

I dag vil eg tenkje på dette.

- og ikkje la meg surne i sinnet over den
verdslege tingen at PCen streikar igjen..
Frå iPaden vil eg dele eit bilde av Bjørkedalen
veka før jul.




Bildet kan vere mitt bidrag i
Himmelsk #118



Ynskjer deg som er innom gode dagar i det
nye året !
Anne-Mari

- Posted using BlogPress from my iPad

torsdag 20. desember 2012

Himmelsk # 116

Mitt himmelske bidrag
er frå Hareid med utsikt
mot Sunnmørsalpar

Mannen min er i frå dette området
og meinar her er vakraste stad på jord :)

Sjå fleire himmelske bilder hos


Ynskjer god siste torsdag før jul :)
Klem frå Anne-Mari

torsdag 13. desember 2012

Himmelsk i desember

Petunia 
har utfordringa
Himmelsk # 115
i dag
 I det høve viser eg 
utsikta frå kjøkenglaset
igjen
 Slik var himmelen sist helg.
Fargane skiftar stadig,
det er berre å nyte.

Sjå fleire himmelske bilder
HER