Viser innlegg med etiketten 17 mai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 17 mai. Vis alle innlegg

søndag 26. mai 2019

Frå nedtur til opptur


Hugsa du at eg skreiv at eg skulle til Dublin
og feire 17 mai der ?
Ulstein mannskor med damer,
36 personar
skulle reise med fly frå Ålesund lufthamn/Vigra
16. mai tidleg om morgonen.

Men veret var slik då me starta heimanfrå
og frykta for at tåka/skodda var så tjukk at 
fly ikkje kunne lande og lette til rett tid
slo til.
Omsider kom flyet og tok oss til Gardermoen Oslo,
men for seint til å nå flyet til Dublin.
Ingen fly hadde ledig plass verken 16. eller 17. mai.
Me måtte gjere vendereis til Vigra og
 var heime seint på ettermiddag.
Alle var skuffa.
Me hadde ikkje lyst å vere heime, så
me snudde oss rundt og køyrde til hytta.

17. mai var det strålande ver og me gjekk 
 tur til Naustdalskamben,
eit fjell der me har fin utsikt til
fjord og fjell.
Frå Nordfjordeid høyrde me hornmusikk og såg flagga vaie.

Me feira dagen med kaffi og knekkebrød på terassen til
Dagsturhytta 475 m over havet.



Hytta med mange kanter er mitt bidrag i utfordringa hos Sanna
der ordet denne veke er
Kantig - Edge






onsdag 22. mai 2019

Meir flagg


Ordet er 
Flagga
i utfordringa hos Sanna denne veke.

Det er berre eit par veker sidan eg 
hadde innlegg om 


I dette innlegget har eg funne fram til 
bilder i arkivet.

Me var i Arnhem då
Kongedagen i Holland blei feira 27. april.
Då er det flagging og fest, kanskje likt
slik Norge feirar 17. mai.

Flagget på ferja vaier
framfor Ona fyr.

17. mai i bygda vår i fjor,
med korps og bunadskledde folk.

Ærverdige Volda kyrkje










torsdag 17. mai 2018

17 mai


Me fekk ein strålande dag å 
feire nasjonaldagen på.


Eg har gått i tog i lag med 
Ella Victoria som er rosaruss i år,
siste året i barnehage.


Begge systrene spelar i skulekorpset
Hasund og Dimnøy Skulekorps.
Ella Victoria fann storesyster og fekk
gå i lag med henne eit stykke.

Hos oss blir det tradisjonell middag utpå dagen,
gjorde eg klar i dag tidleg før eg
tok på meg bunaden
Eg veit at mange gler seg til den.


God 17 mai !






onsdag 17. mai 2017

Gratulere med dagen !


Flagget til topps i Tuå.

Raudt, kvitt og blått.


Eg lika desse orda eg fann på internett,
av ukjent skribent:

" Vi  har funnet fram bunadssølvet,
og heiset flagget til topps,
og vi marsjerer jublende langs veien
etter musikk fra et skolekorps
På denne dagen vil vi feire,
hvor heldige vi er som i dette landet bor,
på denne dagen vil vi inkludere alle,
både liten og stor"
God 17. mai til  alle !


tirsdag 17. mai 2016

Favorittar i mai



I dag har me feira nasjonaldagen
på tradisjonelt vis.
Etter å ha gått i tog 
 hadde familien middag heime med 
17. mai dessert etterpå.
(den eg skreiv om her)


Det var kjøleg i veret, men det
regna ikkje.
Faktisk litt solstreif av og til.

Favorittar i hagen blomstrar
 for fullt.
Rhododendron, Tulipaner og Narcisser 
står fine.

Den kvite Rhododendronen
og den småblomstra Azaleaen 
viste også sine blomster
i dag.









søndag 17. mai 2015

Gratulere med dagen !

17. mai

heiser me flagget til topps.
(bilde frå 1. mai)

Tulipanane helsar 
nasjonaldagen velkomen.

Utfor døra står hektoliteren
pynta i
raudt, kvitt og blått.

I ettermiddag kjem dei
 av familien som har høve til brennsnut og
den tradisjonelle 17. mai desserten.
Her

I år skal eg gå i tog med dei to minste barnebarna,
går med barnevogna i lag med
2. klassingane ved Hasund skule.
Storesystra spelar i korpset.
Begge foreldra er med i 17. mai-komitèen. 
Farfar er i sentrumskrinsen der han skal
halde tale ved minnesteinane ved Ulstein kyrkje.
Vidare syng han i Ulstein mannskor.
Så han har programmet fullt.

No kl. åtte skin sola frå skyfri himmel
og 5 grader.
Vona er at det blir slik heile dagen !

Gratulere med dagen !
Ynskjer deg og dine
ei fin feiring !

Helsing Anne-Mari





tirsdag 19. august 2014

Lyd

TirsdagsTema i dag er:
Ljud

Det finns ikkje ein lyd som er finare enn
musikken frå korpsa 
17. mai

I sol og regn,
skulekorps og vaksenkorps
 spelar alltid trufast opp med marsjar
når 17-maitoget skal gå.

Meir lyd finn du


lørdag 17. mai 2014

17 mai 2014

Gratulere med dagen !





Det går et festtog gjennom landet!
1. Det går et festtog gjennom landet!
I by og dal, ved fjell og fjord.
Vi svinger flagget stolt for Norge, 
med hurrarop ifra syd og til nord.

Ref.
Hurra! Vi marsjerer og vi synger
sanger i rødt, hvitt og blått.
Kjenner frihetens rytme i kroppen.
Fylt av glede for landet vårt.

2. Den store dagen vil vi feire.
Nå lyder takkens melodi
som stiger taktfast opp fra folket.
Fra oss som ønsker et demokrati.

3. Syttende mai. Nå jubler våren!
Nasjonen pynter seg til fest.
Gå sammen, elske fram verdier
så alle trives. Da har vi det best.

4. Det går et festtog gjennom tiden
der slekter har satt dype spor.
Med sine valg gav de oss framtid.
Se, våre røtter de spirer og gror.

Tekst: Grethe Myhre Skottene
Mel./Arr.: Carl-Andreas Næss
---------

Vonar dagen blir fin for små og store
over heile landet !

Anne-Mari


fredag 16. mai 2014

Tradisjonsrik dessert til 17 mai


Frå eg var barn laga mamma 
17 mai dessert.
Tradisjonen har eg ført vidare til mi familie,
og kva 16 mai lagar eg eggedosis og gelè.


I morgå 17 mai brukar eg skei og legg lagvis
gelè, eggedosis og piska kremfløyte
i ei skål.

Når det passar inn i 17 maiprogrammet 
 kjem små og store og vil smake desserten.
Nokre vil ha vaniljesaus til.

Gler meg til i morgå !

farmor Anne-Mari


lørdag 18. mai 2013

Bunaden


Bunaden som Celina Marie brukte 17 mai

er den mor mi Marie, altså oldemora, broderte og sydde sjølv
under krigen, då ho var i 18-19 års alderen.
Ho hadde hjelp til å spinne og veve ullstoffet,
og brukte plantefargar til farging av alt
garnet.
Mor mi kalla Sunnmørsbunaden for Märthabunaden,
 fordi Kronprinsesse Märha fekk ein slik i bryllaupsgåve i 1929.

Den gamle bunaden til mor mi er i bra stand.
Den er ikkje så lang som bunadane i dag difor er den er blitt 
brukt av born, borneborn og no oldeborn.


Detaljar

 Gullsmed Stamnæs i Ålesund laga den gamle sølja.
Eg har alltid høyrt at det er den som er den originale sølja som
høyrer til Sunnmørsbunaden.
I dag er det større søljer med lauv som blir brukt.

Bunaden min er frå 1981.
Tilfanget fekk eg av mor mi, og 
svigermor broderte den.
Eit plagg eg er glad i og kan bruke ved mange
ulike anledningar.

17 mai i år var ein varm og fin dag,
så det var ikkje nødvendig å ha bunad for å halde
varmen, men bunad 17 mai er tradisjon.

Det ser ut til at det blir ei varm og solrik pinsehelg.

Eg ynskjer alle mine lesarar ei 
God pinse !

Helsing Anne-Mari



torsdag 16. mai 2013

17 mai


Med blomster i 
raudt, kvitt og blått -


- ynskjer eg at du får ein strålande dag !

 Helsing Anne-Mari