Sider

Viser innlegg med etiketten pickles. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pickles. Vis alle innlegg

onsdag 26. mars 2014

Vimpelgenser

 
Endelig vart gensaren ferdig, det var ikkje ein dag for tidlig. Vart ganske så fornøgd tilslutt også, heldigvis, gensaren er nemlig strikka nesten tre ganga. Første gangen strikka eg feil mønster og størrelse, andre gangen bomma eg på størrelsen igjen, men alle veit at alle gode ting er tre og gensaren er ferdig forhåpentligvis i rett størrelse.
 
 

 
Mange ser nok at genseren ligner på Pickles sin vimpelgenser, og har heilt rett. Det var her problemet starta, eg har funne ut (etter å ha prøvd to av pickles sine oppskrifter) at eg ikkje kan strikke etter deira oppskrifter. Dei strikker så laust at størrelsen aldri blir som den skal for min del, og kun kan brukast som inspirasjon.
På gensaren her har eg brukt mønsteret til vimplane, men ellers så har eg rekna meg fram til masketall og korleis eg skulle strikke gensaren sjølv. 




Eg har strikka gensaren i drops sitt limagarn, som er ull og alpakka, i fargane brunt og rosa, med pinne nr 4,5.



 
Gleder meg til å levere gensaren til eigaren, som har måtte vente alt for lenge, og håpar at gensaren passer i størrelse (ca str 2 år). 

lørdag 19. oktober 2013

Strikkagenser i ull og alpakka

Endelig ferdig med ein strikkagenser i ull og alpakka, satser på at den vil holde mottakeren god og varm gjennom barnehagevinteren. For ei tid tilbake gjorde eg nemlig ein byttehandel, fikk masse fine jakker og kle til prinsessa, mot to strikkagensara til to barnehageprinsesser. No er den eine ferdig og nr to er på pinnane :-)
 
Gensaren er strikka i Drops Lima eit garn som består av 65 % ull og 35 % alpakka, så satser på at det skal bli godt og varmt. Har til og med vaska den i maskinen på ullprogram, for å sjekke om det går. Var litt nærvøs når eg skulle hente ut gensaren, siden det står handvask på den, heldigvis kom den ut like stor som før :-)
 
 
Fargane er brun og rosa, tenkte det var greit med litt mørke fargar siden det skal være en barnehagegenser, samtidig som eg er veldig glad i den fargekombinasjonen.

 
Prinsen fikk være modell, i tillegg fikk eg då sjekka om størrelsen var ok. Siden ho som skal ha genseren er omtrent like stor som prinsen min. Mønsteret er fra http://www.pickles.no/
Eg har brukt størrelse 6 år, fordi eg veit at eg strikker mykje fastare enn oppskriftene tilseier på Pickles.

 
Baksiden.
Gensaren er også strikka med rundfelling, noko eg er veldig glad i, så slipper en å montere armer :-)

 
Gensaren skal også vere med på oktoberutfordringen til Pinnekroken
"Noe som varmer"
 
Ha ein fin lørdag.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...