Sider

Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

onsdag 18. februar 2015

DIY karnevalskostyme

For nokon år tilbake strikka eg sauen timmy kostyme til prinsen, når det var karneval i openbarnehage, fikk prinsessa låne kostymet av sin bror :-)
Kostymet er fort å strikke og ser så søtt ut på, kan anbefalast :-)


Oppskrifta på kostymet finner du gratis her.


Eg hadde ikkje riktig garn, men brukte garn fra drops design som heiter Polar og pinne nr 15, det gikk veldig bra :-)


Prinsessa syns det var storstas å få kle seg ut :-)
Om du ønsker kan du sjå det opprinnelige innlegget, når kostymet vart strikka til min sønn her.


Måtte ta en liten selfie også ;-)


Beklager litt dårlige bilder, men vi var litt seint ute så hadde ikkje tid til å finne kamera, og mobilen tar ikkje alltid beste bildene om ikkje lysforholda er heilt opptimale. 

Ha en fin kveld. 

mandag 12. januar 2015

Cupcake hue


Har lenge tenkt at eg ville prøve å strikke ei cupcake hue, og før jul fikk eg endelig somla meg til det. Oppskrifta var enkel, men sjølv om eg gikk opp en heil pinnestr vart hua alt for liten til prinsessa. Så kjedelig, for det var mykje puttel på hua. Den kvite heklekanten rundt tok forbausande lang tid å lage. 

Denne hua har fått ny eigar, så får vi sjå om eg orker lage ei til til prinsessa :-)
Då vil eg iallefall sjå om eg finner ei anna oppskrift, evt lager min egen.
Til hua brukte eg garnet drops merino ekstra fine, så hua vart iallefall meget mjuk og god. 



Ha en fin kveld :-)

fredag 9. januar 2015

Strikka nøstebarnhals

Etter en runde i restegarnkorga fann eg ein rest med drops babymerino, og det var nok til ein liten nøstebarnhals. Har meir rester av akkurat denne fargen, men ikkje med samme innfarging, så då må en finne prosjekter som passer akkurat.
 Denne halsen var rask å strikke og kommer til å bli veldig god til neste høst, når prinsessa skal i barnehage. 


Drops babymerino er et veldig mjukt og godt garn som ikkje klør. Itillegg kan det vaskast på 40 grader, noko som kan være greit om det skal brukast i barnehagen. 
Til denne halsen gikk det med nøyaktig 40 gram :-)


Oppskrifta fann eg i boka Strikk til nøstebarn. Ei veldig kjekk strikkebok eg absolutt kan anbefale, har strikka ein del fra den :-)


Neste prosjekt består av en lampeskjerm og 14 nøster i turkis ;-) Forhåpentligvis blir resultatet bra og bloggbart ;-)


Ha en fin kveld :-)

søndag 21. desember 2014

4 søndag i advent

Då var alle lysa tent og julekvelden er rett rundt hjørnet. Dvs eg syns det, men spør du 4 åringen her i huset så syns han at det er evigheter til jul ;-)


Huset er julepynta og treet har fått ein lite hekla engel :-) Kjekt med litt personlig pynt på treet. 


Har laga mange av dei tidligare og brukt dei til blant anna å pynte julegaver med, men i år laga eg en til meg sjølv til å ha på treet. 


Tilde har fått sin egen blånissehue og var meget fornøgd med det. Den var et resultat av at eg ville bruke opp rester etter at eg strikka hua til Theo, men gløymde å vege restene og kom litt over halvveis før eg gikk tom for garn. Då var det berre å kjøpe to nye nøster, og gjett kven som no sitter med enda meir rester enn før ho begynte å strikke opp restene :-/ Hahaha...skal ikkje være greit :-)


I dag var det også skitnesøndag og då er det viktig å ha smalahover til middag. Det er ein tradisjon eg har vokse opp med og må til for å få den rette julefølelsen. Etter mi meining årets beste middag. 


Ellers har vi også fått tid til litt juleverksted.



En konsentrert liten prins :-)



Tre søte snømenn vart laga, og har fått plass i nisselandsbyen vår :-) Den skal eg heller vise bilder av en annen dag.


Ha en fin dag og god jul :-)



mandag 8. desember 2014

Hekla panneband og hue


Eit hekla panneband til ei lita prinsessa i 100% alpakka. 


Prinsessa måtte nok en gang stille som modell ;-) Pannebandet vart veldig mjukt, varmt og ikkje minst søtt til ei lita jente. Om dette ikkje blir solgt på julemessa til helga, skal eg beholde det til prinsessa mi. 


Ellers har eg og hekla ei hue i 100 % ull. Fargane er litt finare i virkligheten, men kom på dagen før eg skulle på julebord og ha med pakke til pakkelek, at eg ville hekle ei hue. Vart ferdig akkurat i tide, men dagslyset var borte vekk før eg fikk tatt bildet og måtte bruke blits. Vinteren er virkelig ei vanskelig tid å ta bilder på. 


I tillegg til hua brente eg litt mandler som eg putta i en liten snømannpose. Gaven falt i smak hos mottakeren og då er eg fornøgd.


Ha en fin kveld.

søndag 30. november 2014

Strikkahue i ull


Enda ei strikkahue i ca str 2 år. 
Hua er strikka etter samme oppskrift som huene på sist innlegg, berre at eg har droppa dusk og band. Har brukt garnet drops merino ekstra fine, som er 100% ull, men tåler å bli vaska på 40 grader. 



Har pynta hua med to hjertetreknapper. 


Hua skal få være med meg på julemarked neste helg, så eg satser på at hua skal få holde øyrene til ei lita prinsesse varm i vinter. 


Ha en fin kveld. 

lørdag 29. november 2014

Strikkahuer til barn

Ei tid tilbake fikk eg i oppdrag å strikke to huer som skulle være lyse, enkle, med rett/vrang kant, dusk, band og en liten detalj. Siden eg ikkje fann ei oppskrift som eg syntes passa heilt, laga eg oppskrift sjølv. 
Første hua vart litt liten, og vart Tilde sin, men hue to og tre vart perfekte i størrelsen :-)



Veit ikkje om det er lov å seie det sjølv, men vart veldig fornøgd med huene. Sitter veldig godt på, samtidig som dei er varme og mjuke. Strikka i drops merino ekstra fine på pinne nr 4. 


Sydde også på ein liten bamseknapp på kvar av huene.


Banda er strikka på pinne nr 3 og er strikka fast i sjølve hua.





Garnet er 100% ull, men tåler 40 grader i vask, noko som er veldig greit om en vil ha kvite huer til barn :-)


Ha en fin kveld.


mandag 17. november 2014

Hekla panneband


Då eg har som mål å ikkje ha for mykje restegarn liggande, så måtte eg lage at panneband av det garnet som var igjen fra dei to reflekshuene. Pannebandet passer fint til en liten gutt på ca 4 til 7 år og lyser fint i høstmørket pga refleksen i garnet :-)



To blå striper på framsida og heilt grått på baksida. 
Vekta på pannebandet er 36 gram, då er det kun 8 gram igjen av dei 200 grams nøsta eg kjøpte, noko eg kaller godkjent. 


Neste prosjekt er allerede på pinnane, ha en fin kveld. 

lørdag 15. november 2014

Strikkahue til prinsessa

Prinsessa har fått seg ny strikkahue :-) 
Var ikkje heilt meiningen, då ho egentlig har meir enn nok huer, men sånn går det når en strikker feil str. Det er fordeler og ulemper med å strikke uten oppskrift.  



Litt fornøgd likvel, for hua satt veldig godt på og blir nok god og varm i vinter. Prinsesser kan vel egentlig aldri få nok kle, kan dei vel? ;-)



Hua er strikka på pinne nr 4 og i drops merino ekstra fine. Har også strikka band, ellers så er hua av før vi kjem oss ut utgangsdøra :-)


Sydde også på ein liten bamseknapp i tre, for å pynte opp hua litt.


Skal jo egentlig ikkje kjøpe garn, men bruke rester, meeeen på bestillinger må det være lov ;-) Så kjøpte derfor 200 gram (trudde nemlig det gikk to nøster pr hue, og eg skulle ha to huer). Denne hua var på 42 gram, dvs at eg har 158 gram igjen, før det er balanse i garnlageret igjen ;-)

Då var det berre å starte på ei hue til, forhåpentligvis i rett str denne gangen :-)


Ha en fin kveld. 

tirsdag 11. november 2014

Strikka reflekshuer



Når en er litt i overkant glad i garn og strikking, kan det til tider være på grensen til farlig å gå på strikkekafe. Sitte omringa av fint garn og spennande oppskrifter.
Eg vart i allefall frista til å prøve ut et nytt garn som var komme, refleksgarn.
Angre ikkje :-) Vart kjekke huer som varmer godt og itillegg er praktiske i høstmørket pga releksen i garnet :-)


 
Kjøpte to nøster, et blått og et grått, hua er strikka fram og tilbake og så sydd sammen. I følge oppskrifta skulle en sy den samme slik at (det eg vil kalle vranga) kom ut. For å gi litt liv og mønster i hua.


 
To nøster holdt til to huer, med dusk, og enda har eg litt rester igjen.
 
Kvart av nøstene var på 100 gram, så garnlageret auka med 200 gram.
Kvar hue var 78 gram, så då har eg kun 44 gram rester igjen.
Greit å holde litt oversikt over garnforbruket og innkjøpet.
Har nemlig som mål å få garnlageret til å minke :-) 

 
Hue nr 2 fikk Tilde være modell for, den skulle nemlig til en liten barselvenn av henne :-)
 
 
Huene måtte få merkelapp :-)

 
 
Theo har i det siste fått for seg at alt klør, så hans hue er fora med fleece. Det gjere at han meir enn gjerne vil bruke hua, fordi den ikkje klør lenger, men det nye problemet er at hua er blitt i overkant varm. Så vi får håpe på en skikkelig kald vinter ;-)
 
 
Ellers så har eg falt for en ny fristelse på sist strikkekafe ;-)
Årets julekalender skal være om blånisser og rødnisser, og itillegg skal trampettgruppa prinsen er med på være blånisser på årets juleforestilling, så då må jo fru strikkemamma berre strikke ei hue til :-)
 
 
 
Ha en kjempefin dag.
 
NB: Både refleksgarnet, blånissegarnet og oppskrifter kan kjøpast på strikkebutikken Sy med oss i Haugesund :-)
 

torsdag 30. oktober 2014

Strikkasokker til prinsessa


Prinsessa har fått nye ullsokker, nok en gang har eg brukt garnet Arwetta classic, et veldig godt garn å strikke med. I tillegg blir sokkane mjuke og gode. Garnet består av 80% merino wool og 20% nylon og er kjøpt hos Sy med oss i Haugesund. 


Måtte ha litt striper med grønt og grått, for det er så kjedelig å strikke einsfarga sokker. Med en gang en har litt striper i et strikketøy, så får en følelsen av at det går mykje fortare å strikke. 


Har brukt pinner nr 2,5 og oppskrift fra Dropsdesign, den finner du her.
Garnlageret har og minka med 22 gram :-)


Då satser vi på at prinsessa holder seg varm gjennom vinteren. Ho hadde iallefall ikkje tid til å sitte i ro for å ta bilde ;-)



Om nokon skulle sitte på ei veldig god sokkeoppskrift for barn, må dei gjerne gi et hint. Oppskrifta eg har brukt her er veldig grei, men kunne tenke meg å prøve å strikke nokon litt meir spennande barnesokker. Har nemlig meir arwettagarn å ta av ;-) 
Ha en fin kveld :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...