Sider

Viser innlegg med etiketten Bleiekake. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bleiekake. Vis alle innlegg

torsdag 13. juni 2013

Prinsessekjole

Endelig kan eg legge ut ein strikka prinsessekjole som har vært ferdig ei stund. Kjole var ei barselgave til ei klubbveninne, som akkurat har fått ei lita prinsesse, og i går var det klubbkveld og vi fikk endelig helse på den nydelige jenta.
 
 
 
 For dei som syns kjolen ser kjent ut, så er det riktig, har nemlig strikka denne kjolen fleire ganger. Egentlig så liker eg ikkje så godt å strikke samme ting fleire ganger, men denne kjolen har eg blitt veldig glad i å strikke. Liker formen og fargane. På dei kjolane eg har strikka før har det vært ei bord med hjerter nederst, denne gangen valgte eg prinsessekroner. Mønsteret har eg teikna sjølv, men resten av kjolen er (nesten) ei oppskrift fra dropsdesign. (BabyDROPS 18-9 by DROPS Design)
 
 
 
Overdelen på kjolen er i perlestrikk og så har eg brukt bamseknappar i tre fra stoff og stil.

 
Rundt armane og halsen har eg hekla ein kant.


 
Baksida av kjolen :-)

 
 
 Kjolen vart gitt sammen med ei bleiekake, den skulle ho riktignok egentlig fått i forkant, men det gikk ikkje så då fikk ho få den no :-)
 
 
Ha ein fin kveld :-)



søndag 26. august 2012

Veninnekveld og bleiekaker

Endelig kan eg få vist fram litt bilder fra en koslig veninnekveld der vi hadde bleiekakeverksted :-) Virkelig energigivande å sitte fleire sammen og lage noko kreativt, syns iallefall eg.
 
(Bildene burde såklart blitt tatt i dagslys, men det er no engang sånn at det ikkje alltid er mulig.)
 
Først litt bilder av den flotte bleiekaka som min klubbveninne Hanne laga.
Siden kaka skulle gis vekk til ei jente, valgte ho lillatoner. Nydelig, rett og slett.
 


Den fantastiske babyleiken "Sophie the giraffe", fikk lov å være pynt på kaka.
Heldige mottaker seier eg :-)
 

 
Til slutt vart kaka pakka inn i celofan, prikken over i`en :-)


Måtte lage ei kake eg og, sjølv om eg ikkje hadde nokon å gi til akkurat no. Derfor så laga eg ei i turkis, tenker at det er en kjønnsnøytral farge. Den er heller ikkje 100% ferdig pynta, det vil eg vente med til eg veit kven som får den.

 
Likte fargen veldig godt, så må nok på søstrene grene og få tak i meir band :-)
Dei har kjempe fine band til en ufattelig billig penge.


 
Hanne hadde også med seg nokon utrulig søte rangler, kjøpt på Panduro. Heldige meg fikk en til å pynte kaka mi med :-)


Ellers har eg pynta kaka med litt blomster og perler, samt to tuttar :-)
 

 
En kreativ, bleiekakeverksted veninnekveld kan virkelig anbefalast.
Ha en fin kveld.

torsdag 14. juni 2012

Bleiekake

Har lenge ønska å lage ei bleiekake og i går fikk eg endelig muligheten.
(Mannen i huset vart så glad når han hørte eg skulle lage kake og sååå skuffa når han skjønte at den ikkje var mulig å ete.)
Kaka er laga av bleier str 2 (3 til 5 kg), pynte med lilla og kvite band, lilla blomster, lilla tuttar, ein tannkost og ein liten bamse.





Kakefatet er av papp, med aluminiumsfolie rundt. I midten (for å gjere kaka meir stabil) er det ein papprunding fra ein tørkerull. Bleiene er rulla sammen og fått kvar sin gummistrikk rundt seg. For deretter å få ein strikk rundt alle bleiene på sin etasje.




Bleiekaka ferdig pynta. 




"Kaka" innpakka i cellofan og klar til levering.


Var ei utruleg kjekk kake å lage og det blir garantert ikkje siste kaka eg lagar :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...