Viser innlegg med etiketten pelargonium. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pelargonium. Vis alle innlegg

fredag 22. oktober 2010

Trangen til grønt

Som alltid om seinhausten, når det er uigjenkalleleg slutt på dei grønne gledene utadørs, får eg ein sterk trang til å sjå grønne spirer. Det er berre det at dette er ei fullstendig feil årstid å så på... Eg løyser problemet med å så pelargonium, som likar varm inneluft berre dei får nok lys, og pusle med hippeastrumane som snart skal blomstre. Hippene skal gjødslast og vatnast passe mykje heilt til dei skal starte på den kjølege vintersøvnen sin, rett nok med grønne fine blad, men likevel. Dei står i kjellervinduet og er sannsynlegvis opptekne med nokre usynlege, mystiske prosessar inni laukane sine, som handlar om å lage blomsteremner! Der skal dei stå i seks til åtte veker, i ein temperatur på under tretten grader helst. Så kan dei etter kvart takast opp i varmen og få ny jord og litt vatn, for å blomstre. Gleder meg til dette, midt i mørketida:-)))


Pellisfrøa eg har sådd er av to ville artar: pelargonium capitatum og pelargonium alchemilloides Dei har venta eit par år på kome i jorda da, men eg får tru dei vil spire likevel. Gjer dei ikkje det får eg finne noko anna å så......


Dessutan har eg prøvesådd nokre basilicumfrø som havna i ei lomme i haustferien. Spiring etter to dagar. Herleg!

Ynskjer alle ei fin helg!

PS. Etter ei natt på badegolvet er det alt to spirer av alchemilloidesen:-)