Viser innlegg med etiketten kjøkkenhage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkkenhage. Vis alle innlegg

søndag 5. juni 2016

Travle tider i hagen

Mykje som skjer i hagen for tida. 5. juni i dag, og vi har eit vær som gjerne kunne gitt seg ut for å vere juli. Eg har flytta kjøkkenhagen min i år, og som vanleg ligg eg litt etter med det meste, så fekk ikkje tak i settepoteter... Har laga til fire pallekarmar på eit ubrukt område, men som trengte litt rydding først. Fekk også planta rotskudd av den gamle Besta-syrinen. Den opprinnelege buska måtte fjernast da vi planta hekk i april. (Hemlokk). Rotskuddet står nå ved den nye kjøkkenhagen, og kan kanskje glede den som jobbar der (meg!😂) på rette tida, med nydeleg blomsterlukt. Så legg eg ut eit bilde av noko eg ønskar meg, nemleg utepeis! Kanskje ein gong🤗
Duppesoleia måtte også flyttast, men ser ut til å trivast ved salixen. Skal dele den når den blir større, så eg kan ha denne nydelege stauda fleire plassar. 

Under: superpetunia raspberry blast. 

Rhododendron luteum, blomstrar for første gong. Flott plante! Luktar aldeles nydeleg.....


Nye bed i kjøkkenhagen. Dei to fremste laga i dag, og delvis fylt med kompost frå den gamle varmkompostbingen. Den eine skal eg ha squash i når plantene blir større. Ellers har eg sådd plukksalat, bondebønner og sukkererter i dag. Planta ut to plantar med brekkbønner, og har seks grønnkål frå før. Så spørs det på gartneren nå da... 

mandag 11. juni 2012

Trepeon og asparges

Her er den fantastiske trepeonen min, som trass i at den ikkje er så veldig mange år ville blomstre med ein blomst i år. Her ser du knuppen, som nå endeleg er nesten åpen - den er stor! Det har teke laaang tid i denne kjølege forsommaren vi har hatt. Nå er det like før, i morra kanskje?

I dag har eg endeleg fått planta ut aspargesplantene mine. Det er sorten "Mary Washington", av frø frå frøboksen (Impecta). Dei spirte veldig bra, og har stått der og venta til i dag. Det var ein del å gjere med bedet deira, men endeleg vart det ferdig. Under ser du bedet, med jord som er forbedra med kompost, skjellsand og sand frå sandkassa. Kattane brukar sandkassa som utedo, så eg er glad det er eit par-tre år til vi skal hauste... Nå er det berre å håpe at ikkje alt for mange av plantane er hanplanter. Eg oppdaga i dag (!) at ein blir anbefalt å sortere vekk hoplantane etter to år, for hanplantane gir best avling. Da får eg berre håpe at minst seks av tolv er av hankjønn, og at dei vil vekse og trivast i bedet sitt alle saman.

søndag 13. mai 2012

På tide å så ringblomster...?

JAAA, det er verkeleg på tide. Eg er nok litt seint ute som vanleg, men sår inne og håper at varmen kjem snart, for nå føles det som om det er mars/april, sjølv om vi er langt uti mai. Frøa ligg nå i vatn, og det er fire sortar i år:
Calendula "Honeymoon" 
                 "Pacific Beauty"
                 "Apricot Daisy"
                 "Peach Sherbet"
Skal verkeleg prøve å halde dei frå kvarandre, så eg får sjekka korleis dei ser ut og oppfører seg med tanke på nye frøkjøp. Lengtar etter lukta av ringblomster. Det er sommar!

Ellers har eg sådd asparges i år ("Mary Washington"), og dei står i jordbærkorga si som eit grønt slør, og seier tydeleg ifrå om at nå vil dei ha meir plass! Skal prøve å prikle, men dei er jo så tynne så tynne! Dei skal plantast i ein pallekarm, og eg er verkeleg spent på korleis det vil fungere. Tenker jo på rotugras og sånt, for dette er jo som ein slags kjøkkenhagestauder som kjem att frå rota år etter år. Må prøve å skjerpe meg på lukinga... Gleder meg til å kunne ete nokre ferske skudd om ein to-tre år:-)


søndag 15. november 2009

Rødbetesuppe (borsjtsj) med produkt frå hagen

I går laga eg ei vanvittig god rødbetesuppe. At eg kunne putte oppi diverse saker frå eigen hage, gjorde at den kvalifiserer til publisering på hagebloggen. Russisk rødbetesuppe heiter "borsjtsj", men uttalen er eg noko usikker på. "Bortsj" eller noko slikt? Eg brukar altså den rutete kokeboka til Ingrid Espelid som inspirasjonskjelde. Den er best, i dei fleste samanhengar. Beste kokeboka eg har i huset i alle fall.

Det står om suppa at "Dette er en russisk suppe som også blir brukt mye i Polen". At eg hadde ståande eit glas med noko flytande, raudt oppi som truleg var (berre polsk tekst) konsentrert rødbetesuppebasis, kjøpt i Polen tidlegare i haust, gjorde nok til at suppa fekk ein ekstra schwung.

BORSJTSJ
Basisen er kjøttkraft kokt på storfe. 2 liter?

Du kuttar opp litt kvitkål, sellerirot og purre og freser det i smør i ei gryte. Rødbetene skal skrellast og skjærast i små terningar. Eg måtte kjøpe, da dei eg sådde ikkje vart noko av, men kanskje det går betre neste år? Eg hadde ikkje i poteter, lauk og knuste hermetiske tomatar, men det står det at ein skal i Espelid-boka. Hadde rikeleg med (eigenprodusert) purre i staden.

Kok opp krafta med dei freste, mjuke grønnsakene og rødbetene. Rødbetene treng litt tid på å bli møre, ca. 20 minutt kanskje? Smak til med ørlitt eddik, timian, heimelaga urtesalt og pepper.

Server med brød, og ha ein klatt creme fraiche i tallerkenen. Eg hadde også oppi kokte kjøttbitar.

søndag 18. oktober 2009

Litt haging igjen omsider

Endeleg fekk eg rota meg ut i hagen igjen. Ser at det forrige innlegget er frå midten av juli. Nei og nei for ein sløv hage- og bloggeigar. HUFF!!

Rett etter det siste innlegget var skreve reiste vi på ferie. Da hadde det vore tørke ei lang stund, kjempevarmt (slik at underteikna vart sittande dehydrert og slapp i ein krok), samt at eg hadde pådrege meg ALT for mange sommarblomster og andre "ute om sommaren"-planter, og heldt på å jobbe meg i hel med alt som måtte ordnast før vi kunne reise vekk. Neste år skal eg og må eg få til vatning i kjøkkenhagen, og eg skal ikkje ha så mange plantar i potter ute. Er jo muleg å drepe seg på vatning i tørkeperiodar, det er ikkje det mest morosame eg veit i 30 graders varme altså....

I dag har eg pusla litt i kjøkkenhagen, og har teke inn nokre purrar samt alle "gulerøttene" mine. Stor skuffelse at dei ikkje vart noko av, dei fleste var små og kulerunde, såg ut som om dei hadde slutta å vekse nedover ganske tidleg. Kanskje heng det saman med at det var så tørt på våren/forsommaren. Eg vatna ikkje godt nok, det er eg klar over. Rødbetene vart det heller ikkje noko av, men der trur eg ein diger lønn rett ved har skulda. Den skal vekk så fort det blir ei lita skorpe med tele i bakken. Ser for meg at eit av valnøtt-trea kan få stå der i staden.

Den grusomme hausten vi har hatt må også nevnast, for etter at vi kom heim frå sommarferie uti august har det regna i eitt.

I dag har det faktisk vore fint, sol på stueveggen nå. Fårikålgryta står og putrar, og snart får vi middagsbesøk. Håper hagegløden tek seg oppatt, for eit liv utan hagegalskap er knapt noko liv.

Ha ein fin søndag!

fredag 15. mai 2009

Kjøkkenhage-innsats

I dag har eg sådd følgande i kjøkkenhagen:
Spinat
Rødbeter
Ruccola

Til snitt:
Calendula mørk orange, fylt. (Seemnemaailm)
Calendula "Triangle flashback"
Calendula "Pink surprise"
Godetia "Rembrandt"
Lupinus aridus "Summer spires"
Gilia "Twilight"

Inne har eg broccoli, salat og mais til spiring, men anar at det skal bli vanskeleg å finne plass til alt. Går det an å selge maisplanter på planteloppemarkedet tru??

Ellers er eg så smått i gang med å dekke med aviser og bork i gangane i kjøkkenhagen. Er eit stort arbeid å kome rundt, men da er det gjort for nokre år framover. Eg er impulsiv og kjem derfor ofte på at eg skulle ha gjort ting på ein annan måte, eller vil endre litt, utvide etc. Da kan eg berre omorganisere bed og senger utan at eg grev meg på duk, faste kantar eller andre hindringar. Aviser med borkdekke fungerer veldig bra for meg. Det går sakte i oppløysing, men nokre år greier det å halde ugraset i sjakk. Eg lagar juksebed på den måten også, når eg ikkje orkar å spa seig torv. Meitemarken hjelper meg, og etter eit par år er det laus, fin jord under. Sjølvsagt berre der det er steinfritt, dei må fjernast på gamlemåten sjølvsagt.

Ha ei fin helg, og ein flott 17. mai!!

torsdag 14. mai 2009

Har sådd og planta i kjøkkenhagen

Må lage ei lita liste her, ellers går det i gløymeboka:

Gulrot "Nantes 2" (midterste rad)
Gulrot "Samurai" (øvste rad)
Gulrot "Dragon" (nederste rad)
Sukkerert "Oregon Sugar Pod"

Planta ut:
Purre "Blaugrüner Winther" (sådd inne)
Purre frå Seemnemaailm (sådd inne)
Kepalauk (sådd inne)
"Stor lauk" frå Seemnemaailm (sådd inne)

Samt nokre ufo-potter med diverse laukvekster: vårlauk og allium fistulosum? Mista lappane sine da plastdrivhuset for med vinden.....

søndag 10. mai 2009

Møkkhenting og andre oppløftande hendingar

Har denne helga henta eit hengarlass med den finaste, svarte og formulda hestemøkk du kan tenke deg. Eg hadde fått lovnad på møkk hos ei eg kjenner i Hennebygda, og fekk i går med meg mannen på den betingelsen at han skulle sleppe å ha nærkontakt med materien. Han stilte opp som sjåfør, løftemannskap og sekkeleverandør (sekker bereikna på brukte ventilasjonsfilter er perfekte til å frakte møkk i!) Møkka var truleg eit år gamal, og hadde vore oppbevart under tak. Eg fekk også med meg ein sekk med hønemøkk. Den er fersk, og bør vel brukast med måte, da den sikkert er sterk? Hestemøkka var luktaus omtrent, og hadde same konsistens som sånn kukompost du kjøper i sekker. Nå skal det da bli fart på grønnsaksdyrkinga mi tenker eg!

Ellers har eg endeleg fått somla meg til å plante om agurkplantene mine, og ei av tomatplantene. Mannen min monterte eit lysrør under det dørbladet eg har som benk på eine veggen i planterommet. Nå blir det lys i to etasjer der inne, og plass til litt meir. Eg slit med plassmangel for tida, og blir nesten motlaus over kor mange slag sommarblomster og grønnsaker eg hadde tenkt å forkultivere, men som eg ikkje har plass til! I morra må eg få tak i rør, og så er det klart for ompotting av dei siste tomatane også. Agurkplantene mine er ganske små, for dei har stått for lenge i 7 cm. potter, likevel blomstrar dei! Nå skal dei få betre stell, eg lovar.

I dag har eg endeleg byrja på den møysommeleg prosessen å spa opp, dele, flytte og ikkje minst SORTERE stauder! Med sortere meiner eg ta stilling til kven som skal stå i lag, kva som blir fint, kva som blomstrar når og med kva slags farge etc. Til nå har eg berre stappa ting i jorda for å sjå korleis dei vart..... Å du og du for ein jobb for meg som ikkje er så planmessig av meg, og som likar alle slags plantar i alle slags fargar... Må vere enklare for dei som konsekvent ikkje skaffar seg noko anna enn rosa/burgunder/kvitt, og resolutt lar alt gult og orange vandre til det hinsidige (=komposten). (eeehhhhm; eg dristar meg også til å seie: kjedelegare......hysssj...).

Det eg gjekk laus på aller først var to store røtter med hagemarikåpe (Alchemilla mollis). Alt i fjor såg eg at dei var nær ved å kvele den eine peonen min. Peon likar ikkje andre vekster over seg. Røttene var store, og begge vart delt i fire med sag! Eg planta fem langs den komande hagegangen min, under rododendronen. Dei tre siste også langs hagegangen, men litt lenger bort. Det løsna også fleire rosettar med rotanlegg, og dei planta eg i potter til bruk på planteloppemarknaden til hagelaget. Dette er i alle fall ei plante eg ville ønska meg til hagen min om eg hadde ny hage, eller berre ikkje hadde den frå før. Fortrenger elegant skvallerkål og innpåslitne grasrøtter!

Eg har også starta anlegginga av eit "kvitt bed" under syrinen, i den våte delen av hagen. Hit flytta eg nokre kvite kuleprimula (Primula denticulata), to kvite japanprimula (Primula japonica), ein hosta med kvite kantar på blada (vart delt, viste seg at den var direkte enorm under jorda, kjemperot!!), ein nusseleg sak som eg trur heiter "knollhestehavre"?? (Arrhenatherum bulbosum variegatum). Den skal like skygge, men eg er usikker på kor fuktig den vil ha det. Vel, vi får sjå. Det går som oftast betre enn ein trur, mange planter som har ord på seg for å ville ha det slik eller slik, kan også klare seg fint om dei ikkje har det heilt optimalt. Så gauv eg laus på ein sjølvsådd fjellflokk (Polemonium). Den stod håplaus feilplassert i fjor sommar, men blomstra og blomstra og blomstra så fint! Eg orka ikkje gå laus på det stoooore puslespelet da, så nå tok eg altså sjansen på å spa den opp sjølv om den stod med knuppar. Da ser eg i det minste forskjell på dei blå og dei kvite, for eg ville ha berre kvite i det kvite bedet mitt sjølvsagt! Følte meg ein smule brutal, for den var slett ikkje lett å dele på ein "human" måte. Til slutt fekk eg laus tre kvite og sette i det som sagt fuktige bedet. At eg innbiller meg at Fjellflokk vil ha det litt tørt lot eg som eg gløymte. Den blir fin der, om den berre ikkje tok skade av herjinga mi i dag. Dei "kvite duppene" skal også dit, men den tør eg ikkje røre før den er avblomstra. Nå står den så fin i ein ventekarm og blomstrar. Søt!

Så kom eg på at eg skal flytte Brunnera "Looking glass" ned dit, Den blir nå litt svidd av sola der den står, og eg ser for meg at den blir kjempefin med reint kvite-og-grønne omgivnader. Dessverre trur eg nok at eg får litt lappeteppe-effekt i dette bedet også, som vanleg. Trur nå eg har forstått at fleire plantar av same sort er lurt.... men det er så vanskeleg å velge vekk nokon!! Plasskrevande å vere estetikar dessverre.

Eg har også omnsider fått dekt med aviser under den tredje søtmispelen oppe ved kjøkkenhagen, og dekt med bork. Nå ser det ryddig og fint ut, og eg håper veldig at dei skyt i været i år. Dei skal bli 2-3 meter står det på lappen, men til nå har dei berre kome seg om lag ein meter over bakken. Dei står rett nok på ein litt skrinn plass, men eg trur ikkje dette er busker som stiller så store krav. Den som har stått med kveke heilt innpå seg var uansett minst, men han fekk ei nistepakke av hestemøkk med seg under avisdekket. Sommaren 2009 kan berre kome.

Neste punkt på "hastelista" er å ordne kjøkkenhagen, og så grave ned slange så eg får vatna der oppe. Det er ein stooor jobb, for eg skal grave opp ein del torv, få ned møkka, og lage gangar med aviser/bork. Heldigvis er det meldt fint vær uti veka. Berre så fortærande med 17. mai midt oppi alt saman, og så ein søndag!

Uansett: ønsker dei få som har orka å lese heilt hit ei flott veke...

fredag 20. februar 2009

Staudeinspirasjon!

Magnar var i Stryn kulturhus i går og snakka om stauder. Det var eit inspirerande foredrag han holdt, og eg innsåg at staudene hans ikkje berre er "raritetar", men også veldig vakre... mange av dei da. Eg er av det slaget som ikkje greier å opparbeide stor entusiasme berre fordi ei plante er skjelden, den MÅ vere pen og. Han viste veldig mange bilder av fantastiske skjønnheter, hardføre, og mange lette å så! Trur eg må prøve meg på litt spesielle staudefrø etter kvart. I år er det nok for seint, men neste år kanskje? Eg håper eg får ein betre staudesesong i år enn eg hadde i fjor, merkeleg at eg lykkast så bra første året eg sådde, men ikkje året etter. Eg trur eg må melde meg inn i STA og.... Høres ut til at ein kan få tak i mykje spennande der. Nye hagevyer dukkar opp!

Inspirert av Magnar har eg sådd meir stauder i dag. Eg trur ikkje dette er sånne som må ha ein lang kuldeperiode for å spire. Her er lista:

STAUDER
Campanula alliarifolia
Campanula lactiflora
Coreopsis grandiflora "Early sunrise" (Harryford, frøboksen i fjor)
Iris, låg (sjølvhausta frø 07, etter blomstring...)
Liatris spicata "Floristan white" (prøver igjen)
Liatris scariosa "Gracious"
Primula florindae
Salvia glutinosa (sådd i lauvjord frå lundhagen, etter anvisning på pakka)
Sedum "Turkish delight" (Th&M)

ANDRE
Anthriscus sylvestris "Rawenswing" (skal ut, treng stratifisering)
Basilicum (Seemnemaailm)
Gaura lindheimerii
Kepaløk "Stuttgarter riesen"
Purre (Seemnemaailm)

Eg har ikkje heilt peiling på lauk og purresåing, men meiner å hugse at folk sår dei inne tidleg? Ikkje veit eg om lauk kan priklast heller. Det får gå som det går, dette har eg aldr gjort før. Planen er at kjøkkenhagen skal utvidast i år, og eg vil prøve nye slag. Har fått lovnad på noko møkk frå eit småbruk, så eg håper energien held seg oppe så eg får gjort alt eg har lyst til!

I dag skal vi feire barnebarnet til mannen min som er 1 år, og her i området er det starten på vinterferien nå. Eg skal jobbe mandag og tirsdag, så skal eg ha fri. Det er litt synd at det fine vinterværet har forsvunne. Vi hadde sol og snø aldri så lenge, og eg kom inn i ein illusjon om at når var det "vinter", og at den skulle vare til "våren" - ha ha!!

Vestlandsnaturen mixar årstider som det høver, og det uforutsigbare er det forutsigbare;-) Dermed er det nå "vår", med snøklokkeblomstring, gåsungar og hasselblomstring som snart er over. Eg har blanda følelsar, der er jo godt med vår også. Samtidig kjenner eg at eg har ikkje fått gått nok på ski.

Må til slutt nevne at Charisma (hippeastrum) blomstrar, men berre med to klokker på stengelen. Litt ergeleg. I fjor var den ny, og blomstra sååå fint. Eg har også fått blomst på Exotic Star, den liknar veldig på Papilio, som ikkje har teikn til knupp enda. Calimero og Rozetta er nesten i farta, Rozetta hadde kvileår i fjor, men eg hugsar den som ein av dei finaste fylte. Den har faktisk fire klokker, men det skulle berre mangle. Eg må skjerpe meg på hippestellet utover sommaren, i fjor vart dei ståande inne for lenge, og da fekk dei ikkje nok gjødsel. Skal legge ut bilder av dei som blomstrar seinare.
Ha ein fin fredag, og helg, alle saman!

tirsdag 13. januar 2009

Frøbestilling

Driv og puslar med litt frøbestilling for tida..... Blir svenske navn her da, orkar ikkje oversette akkurat nå. Irriterande at dei ikkje kan bruke latin i tillegg, da hadde det liksom ikkje vore tvil.

Odla.nu
Aklejruta (rosa)
Atlasblomma 'Rembrandt'
Fingerborgsblomma 'Pams Choice'
Luktärt 'Collection'
Ringblomma 'Triangle Flashback'
Sommarflox 'Tapestry'
Törnrosas kjortel 'Purple Bell Vine'

Impecta
Daucus carota L. 'Nantes 2'
Portulaca oleracea v. sativa 'Gul'
Portulaca oleracea v. sativa 'Grön'
Pisum sativum L. 'Oregon Sugar Pod'
Brassica oleracea L. 'Pentland Brig'
Capsicum baccatum 'Peri Peri'
Nerium oleander
Luzula nivea
Linaria purpurea 'Canon J. Went'
Lavatera thuringiaca
Tagetes patula 'Favourite Red'
Petunia hybrida milliflora F1 'Fantasy Pink Morn'
Lupinus aridus 'Summer Spires'
Bonusfrø: Convolvulus tricolor 'Blue Ensign'

Eg har skumle planar om å forandre og utvide kjøkkenhagen min i år. Eg grublar og tenker, og veg fram og tilbake på om eg kjem til å greie å halde eit større område enn eg har i dag i orden. Ein faktor som MÅ på plass for at dette skal bli vellykka er vatn. Eg må rett og slett grave ned ein solid vasslange frå krana og opp i kjøkkenhagen, som ligg "på toppen" av min bratte hage. Er eit slit å bære vatn i kanner opp dit som eg har gjort til nå, eller rettare sagt så har eg ståande ei murarbalje der oppe som eg fyller med hageslangen, og så vatnar eg med kanne frå den. Den står akkurat der som slangen ikkje rekk lenger, sjølvsagt ikkje heilt oppe.... Eg har og tenkt å fjerne eller kanskje flytte pallekarmane mine litt, og så lage til eit så stort område som muleg med åpen jord, der eg kan organisere beda akkurat som eg vil kvar sesong. Det krever berre at eg får disiplinert meg til å skyfle over kantar og gangar ofte nok til å halde ugraset nokolunde i sjakk. Greier eg det da tru?? Har lyst til å prøve, og kanskje blir det meir moro når eg slepp å sjå på at plantane tørkar vekk. Til og med her på vestlandet kan det bli tørke, faktisk. Har også tilgang på møkk, fekk eit tilbod seinast i dag. Eg trur det kan trengast ein del av det slaget, har tru på at litt gjødsel og jordforbetring vil gjere susen! "Drømmen om kjøkkenhagen" svever som de forstår rundt i hovudet på meg om dagen....

Her er den store steinen og benken ved kjøkkenhagen, som i dag består av fire pallekarmar og ei lita bot i tillegg der eg har hatt sånne sukkerertstativ av bambus som de ser på bildet. Bak steinen er det ein smal sti, og eit langt "karmbed" langs gjerdet. Det har vore brukt mest til ventebed til nå, men når eg får gjort alvor av planane om nye bed lenger ned i hagen, går eg ut frå at eg får plassert det meste der. Da tenkte eg det kanskje kunne høve med kryddervekster og snittblomster i dette bedet. Fint å sitte på benken og nyte synet av ein velstelt kjøkkenhage, det er berre ikkje så ofte eg har hatt gleda av det til nå dessverre. Men til sommaren, DA!