Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg

tirsdag 11. oktober 2011

Frøbestilling og dundyne

Dette bildet er av modne fersknar i ein bakhage i Kristiansand. Om nokre år har kanskje eg også slike i hagen, har nemleg planta ein ferskentre i haust. Amsden, kjøpt på Torheim gartneri.

Ja, så har eg bestilt første sending med frø, nei den andre var det kanskje. Har også rydda inn pellisar, fuchsia og diverse andre overvintringskandidatar i dag. Så fann eg fram dundyna mi og skifta på senga. Nå er det haust!

Første bestilling var frå Magnar Aspaker:
Allium insubricum
Meconopsis aff Lingholm purple flowers
Meconopsis integrifolia
Trollius altaicus
Swertia kingii
Caltha palustris
Verathrum album
Delphinium brunonianum

Magnar bur i Harstad, og dyrkar for det meste skjeldne fjellhagestauder. Kvart år samlar han frø i hagen sin som han legg ut for sal eller bytte på heimesida si. Den inneheld utruleg mange bilder og beskrivingar av plantar, gjerne av ting du ikkje finn info om andre stader. Han har også såtabellar over kva sortar som må ha kuldebehandling og ikkje.

I dag rauk eg utpå igjen, med ei bestilling til Impecta:

Helenium autumnale "New hybrids"
Verbena bonariensis
Heliotropum arborescens "Marine"
Cobaea scandens
Cobaea scandens "Alba"
Browallia speciosa "Blue bells"
Pinus wallichiana
Paulownia tomentosa
Gingko biloba
Amorpha fruticosa
Enkiantus campanulatus

Her er det mykje tre og busker, nokre av desse slaga har eg sådd før utan å lykkast i å få fram noko brukbart. Det handlar litt om manglande spiring, og litt om manglande stell... (huff). Prøver nå igjen eg da, i og med at eg har bestemt meg for at den to mål store tomta mi ein dag skal bli full av fine vekster av alle slag. Tre, busker og stauder er fint i lag, og det finst så utruleg mykje spennande. Må innrømme at besøket mitt i fleire hagar i sommar, men ikkje minst til Gunnhild Humborstad på 1000 åpne hager har inspirert meg veldig. Litt galskap må ein dyrke i livet, og hagegalskap er ein undervurdert tilstand. Nå skal eg prøve å finne eit bilde å legge ut her, det er rot på maskina mi. Nokon må visst rydde der og.

Må seie frå om at bildet under ikkje er frå hagen til Gunnhild, men frå ein park i Kristiansand.

søndag 7. november 2010

November-synder i potte

Vi har starta på den andre vinteren alt, og vi er berre i november. Eg meiner altså at nå er det kvitt på bakken andre gong før jul, for nokre dagar. Ofte har vi ikkje hatt noko anna enn klissvått, iskaldt ausregn fram til over nyttår, men truleg varer ikkje denne vinteren heller så lenge. Dette skriv ein person som er født om vinteren, og som dei første leveåra sine trudde "vinter" betydde permanent snødekke frå oktober til april, og som tok på seg skia rett utanfor døra og gjekk skitur fleire gonger i veka, 2,5-kilometern eller 5-kilometern alt ettersom. Når det vart "vår" smelta snøen, og vi fekk sjå att alt det rare som låg på bakken da den kom hausten før. Nå bur eg på vestlandet i 2010, og her er det ikkje slik! Eg, og mange med meg gleder oss over snøen; den er veldig pen, den gjer alt lysare og den gir muligheter til uteaktivitetar som både små og store set pris på.
Likevel klager eg. Eg har nemleg ting ståande i potter og liggande i poser, som skulle vore i jorda... Sist helg var eg og to andre damer frå det lokale hagelaget på fylkesårsmøte på Kviknes hotell i Balestrand. Det var ei triveleg og inspirerande helg, og som tradisjonen tilseier i hagelagssamanheng: utlodning! Underteikna vann følgande planter:

Kvit bekkeblom caltha palustris, alba


Gul lerkespore (corydalis)


Lammeøre (stachys byzantina)


Rød sporeblomst (centrantus ruber)


hosta "Elegans"

Heldige meg! Men dei står nå der i pottene sine:-( Dessutan har eg liggande lauk av diverse slag som vanleg, både slikt eg har greve opp av jorda i sommar og slikt eg har kjøpt og ikkje fått planta enda. Eg er fæl til å ta vare på den minste vesle lauk som dukkar opp i gravinga, men får eg dei i jorda igjen? Nei....

Andre plantesynder som er begått her er bestilling av hippelauk. Den under er ikkje den eg har bestilt, men fargen er litt lik. Det er min kjære "Orange souvereign", som gjekk ut for meg i den store hippemassakren på grunn av middangrep for to år sidan. Hulk.... Nå er interessa på veg tilbake, etter å ha fått seg eit skudd for baugen av massedøden.

Den står på badet på undervarme og godgjer seg, og ein gjeng andre eigne hipper frå i fjor står kjøleg i kjelleren. Gleder meg til blomster!


Den store japanlønnen min på det nederste bildet fekk knekt av seg to store greiner under forrige snøfall dessverre. Det handla om at den stod med masse lauv på seg, og at snøen som vanleg var tung og våt. Ja ja, eg får stusse og frisere så godt eg kan, og håpe at det fine vesle treet får ein brukbar fasong likevel. Eg planta den for sikkert tretten år sidan, så den hadde vokse seg ganske stor.



Måneskinnslønnen min som er er så glad i, (acer shirasawanum) er veldig pen uansett om det er sommar etller haust. Berre sjå!
Ellers meinte eg at eg såg det var veldig rimelege hipper hos Lille gartner nå? Hmm, skal skal ikke?!

fredag 8. oktober 2010

Haustsol og haustanemoner, men først tulipanar...

Princess Irene
Purple Prince

Ollioules, frå Zimtrade. Darwinhybrid.

Sidan eg ikkje får til å flytte bilda lenger, blir alt litt hulter til bulter her.
Kerengeshoma palmata er nydeleg nå
Måtte berre vise fram dei fine haustanemonene mine. Dei ser ut til å trivast i den litt rufsete lundhagen, og der kan dei berre få stå. Eg ser dei lurer seg til å sende ut litt rotskudd her og der, men det er faktisk heilt greit med den plasseringa dei har. Om eg så fekk lys rosa anemoner i hele lundhagen skulle eg vel tålt det og.... Berre dei ikkje er slemme med den nyyydeleg Kerengeshoma palmata da, som står rett ved. Den er så fin, med nyyydelege lysegule knuppar, og fint bladverk, altså bildet over. I grunnen greit at begge desse som er så seine står rett ved kvarandre. Dessutan veldig fint at eg ser dette bedet frå kjøkkenvinduet. Ofte må jo dei aller siste haustblomstene nytast gjennom eit vindu.

I dag er det ein strålande vær, og eg som egentleg skulle pakke for reisa til Lopud, Kroatia i morra tidleg, har i staden dreve ute og planta lauk og kost meg....

Har planta desse, i fire ulike bed da altså! Sjølv eg ser at dei har best av litt fargesortering...:
Purple Prince, 25
Princess Irene, 10
Ollioules, 30
Allium purple sensation, 15 (liljebedet)
Allium afflatunense, 10 (liljebedet)
Narcissus Thalia, 10
Narcissus Irene Copeland, 10 (dobbel sommarfuglnarciss)
Tulipa Corona ligg pent i posen sin og ventar...
Det var alt eg rakk for i dag. Må altså få pakka litt snart...

søndag 18. oktober 2009

Litt haging igjen omsider

Endeleg fekk eg rota meg ut i hagen igjen. Ser at det forrige innlegget er frå midten av juli. Nei og nei for ein sløv hage- og bloggeigar. HUFF!!

Rett etter det siste innlegget var skreve reiste vi på ferie. Da hadde det vore tørke ei lang stund, kjempevarmt (slik at underteikna vart sittande dehydrert og slapp i ein krok), samt at eg hadde pådrege meg ALT for mange sommarblomster og andre "ute om sommaren"-planter, og heldt på å jobbe meg i hel med alt som måtte ordnast før vi kunne reise vekk. Neste år skal eg og må eg få til vatning i kjøkkenhagen, og eg skal ikkje ha så mange plantar i potter ute. Er jo muleg å drepe seg på vatning i tørkeperiodar, det er ikkje det mest morosame eg veit i 30 graders varme altså....

I dag har eg pusla litt i kjøkkenhagen, og har teke inn nokre purrar samt alle "gulerøttene" mine. Stor skuffelse at dei ikkje vart noko av, dei fleste var små og kulerunde, såg ut som om dei hadde slutta å vekse nedover ganske tidleg. Kanskje heng det saman med at det var så tørt på våren/forsommaren. Eg vatna ikkje godt nok, det er eg klar over. Rødbetene vart det heller ikkje noko av, men der trur eg ein diger lønn rett ved har skulda. Den skal vekk så fort det blir ei lita skorpe med tele i bakken. Ser for meg at eit av valnøtt-trea kan få stå der i staden.

Den grusomme hausten vi har hatt må også nevnast, for etter at vi kom heim frå sommarferie uti august har det regna i eitt.

I dag har det faktisk vore fint, sol på stueveggen nå. Fårikålgryta står og putrar, og snart får vi middagsbesøk. Håper hagegløden tek seg oppatt, for eit liv utan hagegalskap er knapt noko liv.

Ha ein fin søndag!

lørdag 1. november 2008

Halloween og lauvraking

Nå er det Halloween-tider, og her er trappepynten vår! Eg må innrømme at eg blir litt oppgitt over alle foreldre som er så skeptiske til halloween. Eg har ein barnsleg glede av å kle ut ungar som monster og lage skumle gresskarlykter og sette på trappa! Muleg det er meg det er noko gale med, men kva er det som er så ille med å lage litt moro og fjas av og til? Vi er da ikkje nødt til å kjøpe heile den kommersielle delen av det for det? Ungane kan kle seg ut med det du har i huset frå før, og godteri et da moderne ungar likevel - halloween eller ikkje! Eg synest og det er bra å banke på døra til naboane - kor ofte gjer vi det i våre dagar? Å vandre rundt i skummelt kostyme og true med "knask eller knep" fører i alle fall med seg både meir kreativitet, sosial aktivitet og frisk luft enn å sitte og spele dataspel.

I dag har eg og raka lauv - endeleg! Har lenge tenkt at eg skulle prøve å ta vare på noko av alt det fine kompostmaterialet som vanlegvis bles over til naboen i løpet av vinteren... Ikkje mykje kosmetisk raking her i huset, vi har da naturtomt...? I alle fall når det passar oss.
Å rake lauv var og ein fin aktivitet i sola i dag, og eg hadde eit påskudd for å vere ute i hagen. Det er like fint med ein hageformiddag som med ein tur i skogen, og lettare tilgjengeleg! Er jo fint i skogen og, da. Det vart fylt godt opp i bingane som de ser. (det er ein trådbinge bakerst som ikkje synest så godt, pluss at eg fylte ein til). Til våren må eg gjere alvor av å skaffe meg eit par ekstra. Har så bratt hage at eg må ha "gjenvinningsanlegg" på ulike stader, i alle fall to.
Ha ein fin laurdagskveld!

torsdag 30. oktober 2008

Ingen veg tilbake

Nå er det haust, nesten vinter. Dei siste solstrålene i hagen vår før den forsvinn bak fjellet vart foreviga i dag.



Dette er "isbenken" under kristtornen. Lite innbydande å sitte her med kroneisen sin nå for tida.

Her har det skjedd noko dramatisk. Restar etter den store hippemassakren i går....
Bladlaus i vintersola. Drøymer sikkert om vårsol og fuglesang, tenker eg;-)