Viser innlegg med etiketten hagelagsarrangement. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hagelagsarrangement. Vis alle innlegg

søndag 7. november 2010

November-synder i potte

Vi har starta på den andre vinteren alt, og vi er berre i november. Eg meiner altså at nå er det kvitt på bakken andre gong før jul, for nokre dagar. Ofte har vi ikkje hatt noko anna enn klissvått, iskaldt ausregn fram til over nyttår, men truleg varer ikkje denne vinteren heller så lenge. Dette skriv ein person som er født om vinteren, og som dei første leveåra sine trudde "vinter" betydde permanent snødekke frå oktober til april, og som tok på seg skia rett utanfor døra og gjekk skitur fleire gonger i veka, 2,5-kilometern eller 5-kilometern alt ettersom. Når det vart "vår" smelta snøen, og vi fekk sjå att alt det rare som låg på bakken da den kom hausten før. Nå bur eg på vestlandet i 2010, og her er det ikkje slik! Eg, og mange med meg gleder oss over snøen; den er veldig pen, den gjer alt lysare og den gir muligheter til uteaktivitetar som både små og store set pris på.
Likevel klager eg. Eg har nemleg ting ståande i potter og liggande i poser, som skulle vore i jorda... Sist helg var eg og to andre damer frå det lokale hagelaget på fylkesårsmøte på Kviknes hotell i Balestrand. Det var ei triveleg og inspirerande helg, og som tradisjonen tilseier i hagelagssamanheng: utlodning! Underteikna vann følgande planter:

Kvit bekkeblom caltha palustris, alba


Gul lerkespore (corydalis)


Lammeøre (stachys byzantina)


Rød sporeblomst (centrantus ruber)


hosta "Elegans"

Heldige meg! Men dei står nå der i pottene sine:-( Dessutan har eg liggande lauk av diverse slag som vanleg, både slikt eg har greve opp av jorda i sommar og slikt eg har kjøpt og ikkje fått planta enda. Eg er fæl til å ta vare på den minste vesle lauk som dukkar opp i gravinga, men får eg dei i jorda igjen? Nei....

Andre plantesynder som er begått her er bestilling av hippelauk. Den under er ikkje den eg har bestilt, men fargen er litt lik. Det er min kjære "Orange souvereign", som gjekk ut for meg i den store hippemassakren på grunn av middangrep for to år sidan. Hulk.... Nå er interessa på veg tilbake, etter å ha fått seg eit skudd for baugen av massedøden.

Den står på badet på undervarme og godgjer seg, og ein gjeng andre eigne hipper frå i fjor står kjøleg i kjelleren. Gleder meg til blomster!


Den store japanlønnen min på det nederste bildet fekk knekt av seg to store greiner under forrige snøfall dessverre. Det handla om at den stod med masse lauv på seg, og at snøen som vanleg var tung og våt. Ja ja, eg får stusse og frisere så godt eg kan, og håpe at det fine vesle treet får ein brukbar fasong likevel. Eg planta den for sikkert tretten år sidan, så den hadde vokse seg ganske stor.



Måneskinnslønnen min som er er så glad i, (acer shirasawanum) er veldig pen uansett om det er sommar etller haust. Berre sjå!
Ellers meinte eg at eg såg det var veldig rimelege hipper hos Lille gartner nå? Hmm, skal skal ikke?!

søndag 22. november 2009

Hippeforedrag i boks!

Bilder av nyinnkjøpte hipper: Razzle Dazzle, Intokazi og Blushing Bride.



Det tidlegare omtalte hippeforedraget på Power Point er nå ferdig. Jo da, har jobba med det i heile dag. Er trøtt og sliten, men ganske fornøgd. Tida går fort når ein er oppslukt av noko som er moro! Hentelapp for nyleg bestilte laukar hos Zimtrade ligg og ventar, og to skjønnheter står på kjøkkenbordet og gjer alt dei kan for å muntre meg opp. Skal slett ikkje klage...

Tusen takk for både støtte, trøst, oppmuntringslinkar samt tilbud om å låne bilder i kommentarane på forrige innlegg. De er så snille alle saman! Helsa er i orden igjen, skal ikkje klage når det er forbigåande helseplager ein har.
Nå blir det spennande om det kjem folk på julemøtet til Eid Hagelag på tirsdag. Håper da det, har vore litt labert i det siste. Eg velger å tolke det som at vi har eit generasjonsskifte på gang her. Tenker at det vil gjere oss godt på litt lengre sikt....;-)

tirsdag 17. november 2009

Sjuk Cherie treng trøst....

Er sjuk i dag, og sit heime og glor. Da er ikkje vegen lang til hippene hos Zimtrade.....

har bestilt:


Ellers har eg fått ein ubehageleg følelse av at Eid Hagelag sitt julemøte om ei veke kanskje har litt lite program. I år fekk vi ikkje tak i nokon til å lage/demonstrere juledekorasjonar. Det har brukt å vere populært, og mange vil nok sakne det. Vi skal ha bildekavalkade frå alle hagevandringane siste året, og det trur eg blir bra, men skulle vi hatt litt meir?

Ideen som kom til meg i grålysinga i dag var å lage power-point-foredrag om - ja du kan vel gjette det?

HIPPEASTRUM!

At det ikkje "berre er ein juleblomst, raud eller kvit", korleis stelle den for å få blomst på nytt og ikkje minst: mange fiiiine bilder! Akkurat det har eg litt av liggande, så nå er det berre om å gjere å få det til.

Ellers har eg det stort sett berre bra;-)



lørdag 28. mars 2009

Grøne gleder i overflod

Har litt dårlig samvittighet for at eg har vore så dårleg til å legge ut hippebilder i år. Det handlar mest om at eg fekk ein skikkeleg nedtur da eg oppdaga midd (trur eg) på ca. ein tredjedel av hippene mine i vinter. Eg kasta dei angrepne rett på dør, og nå ser det ut til at resten er friske. Dei veks og trivst i alle fall, og det gjorde slett ikkje dei som var sjuke. Nokre har blomstra, sjølv om eg nok kasta ut i minusgradene mange med knuppar som ikkje hadde kome fram enda. Sukk... Nyttar ikkje å gråte over spilt melk, heiter det. Får heller glede meg over at dei som er att ser friske ut, og at det nå neeesten er plass til alle i kjellerstua.... Denne raude var fin, og er ein eg fekk frå Eurobulb i fjor, men navnet har eg visst gløymt.
Ellers har det vore pilflettekurs i regi av Eid hagelag i dag, og det fortsetter i morra. Eg tok nokre bilder, men dei vart ikkje så bra. Det viste seg at det sat ein liten papirbit på linsa! Uansett får de eit visst inntrykk av prosessen. Eg deltok berre som kaffekokar denne gongen, men muleg det blir fleire kurs? Kunne heller tenkt meg eit støypekurs. Å lage ting i betong til å ha ute, verkar meir nyttig synest eg... Muleg er er litt kjedeleg av meg?




Så tok eg meg ein tur på planterommet for å prikle litt: Som de ser kjem det til å bli nok Tagetes tenuifolia og Nicotiana "Lime Green" på meg i år... Har frå før prikla 55 Nemesia, og alle overlever?! Merkeleg at eg sleit så vanvittig med desse i fjor, da daua alle saman. Verkar som om det er kvalitetsforskjell på frøa?








Her ser de den voldsomme spiringa i Nicotiana-pottene:
Nicotiana "Lime Green" står for tur for prikling.... Det er sjølvhausta frø, og spireprosenten må ha vore nær 120%. Har aldri sett på maken til grønn, kompakt "plen". Sådde jo litt tett, da eg ikkje var sikker på spireevna.... (ha ha).

Eg har tenkt å prakke på nokre av kursdeltakarane overskuddsplanter i morra, har heldigvis fått signal om at fleire er interessert. Da slepp eg å kaste dei, eller kanskje måtte flytte på hotell...?
Tomat "Silvery fir tree" og Tomat "Sub arctic plenty" fekk også kvar sine potter. Her hadde eg gamle frø, og sådde fire frø av kvar sort. Trur du ikkje samtlige spirte, og eg har fire kraftige planter av kvar sort! Litt i meste laget for meg som ikkje har drivhus, og i grunnen ikkje nokon egna plass å ha dei. Kanskje mannen min skal få snekre eit enkelt plasthus ute. Det hadde jo vore styggeleg moro å fått til tomatar for aller første gong i sitt liv.

Akkurat nå er det snø ute, men det har vore bart lenge og truleg forsvinn snøen att raskt. Heldigvis tåler alle laukvekstene litt kulde. Eg hugsa heldigvis på å sette kassene med staudefrø ut under åpen himmel, for dei var temmeleg tørre.
Da må alle ha ein fin laurdagskveld!

Etiketter